Svalbard fottur


Ein fottur på Svalbard vert kanskje den flottaste og mest spesielle fjellturen du nokonsinne deltar på. Svalbard har ein natur og eit dyreliv som er heilt spesielt. Dette er ein tur for deg som har lyst til å oppdage Svalbard langt utanfor "sivilisasjonen".

Dette er ein "nybegynnar-tur" i arktiske strøk. Du må ha litt erfaring i å gå med ryggsekk, men den treng ikkje bli tyngre enn 13-14 kilo dersom du pakkar riktig. Turledarane hjelper deg med dette i Longyearbyen før avreise, slik at du kan legge igjen det du ikkje trenger. Turen går i forholdsvis lett terreng, men naturen på Svalbard er alltid uforutsigbart, her er det ingen T-merka stiar! Me bur i solide telt, og me lagar maten sjølv.

Eg har telt og kokeutstyr til alle på Svalbard. Lån av dette er inkludert i prisen. Du får full opplæring i alt utstyr som me brukar på turen, både oppsetting av telt og bruk av gassbrennar.

Eg arrangerer også to skiturar på Svalbard i april/mai kvart år. Svalbard skitur er for deg som ikkje har så mykje erfaring med lange skiturar vinterstid, og Newtontoppen skiekspedisjon er for deg som er ute etter tøffare utfordringar.

NB!  Viktig å melde seg på tidleg pga. liten hotellkapasitet i Longyearbyen.

 

Reisemål Svalbard fottur
Land Svalbard, Noreg
Antall dagar 9 (4 netter i telt)
Datoar Sjå min fullstendige turkalendar med oversikt over påmeldingsstatus 
NB! Denne turen er ikkje satt opp på turkalendaren, men ta gjerne kontakt dersom de er fleire som er interessert.
Min. antal 8
Max antal 16
Påmelding Sjå påmeldingsskjema

Påmeldingsfrist

Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler alle å melda seg på minimum 8 månadar før avreise pga. liten hotellkapasitet i Longyearbyen i høgsesongen. Om du er seint ute så skal eg gjera mitt beste for å få deg med uansett.
Pris 2026 25 900   (ikkje inkl. flybillett t/r Svalbard)

Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

Prisen inkluderer

  • All transport på Svalbard (unntatt flybuss frå og til flyplassen)
  • Alle overnattingar på enkelt hotell/ gjestehus
  • Alle måltider på Svalbard, unntatt den siste middagen
  • Norske turleiarar
  • Search and rescue forsikring

 

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • Fly frå fastlandet til Svalbard t/r
  • Flybuss frå og til flyplassen
  • Drikkevarer
  • Snacks på skituren
  • Middag den siste kvelden
  • Evt. inngangsbillett på Svalbard Museum
  • Evt. enkeltrom
  • Evt. uforutsette utgifter til transport, overnatting og logistikk generelt, som følge av vær, naturhending, politisk uro, streik osv.

NB! Ikkje kjøp flybillett før etter at du har mottatt informasjon frå meg ang. dette

 

TRANSPORT

SAS flyr frå Gardermoen kvar dag i høgsesongen. Norwegian flyr fleire dagar i veka. Eg kan ordne flybillettar for deg dersom du ønsker det. Vær oppmerksom på at om du har SAS Eurobonus-poeng så trengs det ikkje fleire poeng for ein tur til Longyearbyen enn for ein innanriks tur i Norge.

 

OVERNATTING

Me bur på dobbeltrom på eit enkelt men koseleg gjestehus i Longyearbyen. Felles bad og toalett på gangen, men av bra standard. Forholdsvis høg standard på hotellet i Barentsburg. På fotturen bur du sammen med ein teltkamerat i eit 2-mannstelt.

Undervegs på turen deler deltakarane på å sitte isbjørnvakt om natta, som regel ikkje meir enn 1-2 timar annakvar natt. Å sitte isbjørnvakt i midnattssola er ein flott opplevelse som dei fleste aldri gløymer.

 

Mat

Me lager mat sjølv i kvart telt. Frukost består som regel av havregraut med tilbehør. Lunsj og middag blir stort sett frysetørka mat i ulike smakar og variantar. Snacks til småpausane undervegs på dagsetappane kan du kjøpe i butikken i Longyearbyen.

 

FYSISK FORUTSETNING

Dette er ein fottur utanfor allfarveg. Du bør vera stødig på foten og ta utfordringar på strak arm, enten det er ei kald elv som må vadast eller ei vassrett sluddbyge - det kan skje sjølv midt på den arktiske sommaren. Det er sjølvsagt ein fordel om du har budd i telt før, men ingen forutsetning. Det er viktig at du har ein viss kondisjon og du må vera i stand til å gå lengre fjellturar med litt meir enn dagstur-vekt i ryggsekken. Men vekta på ryggsekken treng ikkje bli meir enn 13-14 kilo. Turledaren går gjennom ryggsekkane der oppe slik at me unngår at nokon har for mykje utstyr med seg. Dagsetappane ligg stort sett på mellom 6 og 9 timar inkludert pausar. Det er ikkje veldig mange høgdemeter totalt på denne turen. Som regel ligg temperaturen på rundt 10-15 grader på dagtid og 3-5 grader om natta.

  • Dag 1

    Dag 1

    Me landar i Longyearbyen og blir transportert til Spitsbergen Guesthouse. Det blir eit møte om kvelden, der me blir kjent med kvarandre og går gjennom ein del praktisk informasjon. Overnatting på Spitsbergen Guesthouse.
  • Dag 2

    Dag 2

    Me pakkar ryggsekken og øver på å sette opp teltet og å bruke brennaren. Moderne telt og brennarar er svært lette å bruke, så du treng ikkje vera bekymra om du ikkje har erfaring med dette. Du får sjølv velge ut den maten du vil ha med, blant alt me har kjøpt inn. Det vil stort sett vera frysetørka til lunsj og middag. Alt av kaffi, te osv. vil også vera tilgjengeleg. Du kan også ta ein tur på butikken dersom det er andre ting du vil ha med når det gjeld mat. Dersom det er ønsker om det, og de har tid, kan de også besøke museumet i Longyearbyen. Der får de oppleve litt av den fascinerande og dramatiske historien til dette spesielle samfunnet. Eller kanskje de heller vil prioritere ein liten fjelltur opp på eit av fjella som omkransar Longyearbyen.
  • Dag 3

    Dag 3

    Om morgonen blir me frakta med hurtiggåande båt ut til Isfjorden Radio ytterst i Isfjorden. Der startar me vår arktiske fottur. Den første dagen går me frå Isfjord Radio til Skardtjørna. (NB! Dagsetappane vil vera avhengig av vær og andre forhold, det kan derfor bli endringar i forhold til det som står i dette programmet).

    NB! Værforhold (vind) kan føra til at ein må gå i land lenger aust enn Isfjorden Radio. Vær- og snøforhold generelt (og vannmengde i bekkane) kan også gjera at ruta vil avvika litt frå det som blir beskrevet under, men terrenget dere går i er uansett like flott!
  • Dag 4

    Dag 4

    Skardtjørna - Orustdalen

    Kort avstand mellom leirane, men me brukar ein del tid og går en runde på vestkysten mot havet dersom finvær. Alternativ er ein liten topptur. Leir inne i Orustdalen. Dei første par dagane vandrar me på forholdsvis flate kystsletter, der dyre- og plantelivet vil gi oss mange fine opplevelsar.
  • Dag 5

    Dag 5

    Orustdalen - Russerhytta

    Me går over Vestre Grønfjordbre og til Russerhytta innerst i Grønfjorden. Me slår leir ved hytta. Her er det også mogelegheit for å gå inn i hytta.
  • Dag 6

    Dag 6

    Dette er ein dag me kan bruka på vestkysten eller i området rundt Barentsburg. Me kan gå en topptur frå leiren eller vi kan gå ein lengre runde der me også forandrar leirplass. Vær- og breforhold avgjer nøyaktig rutevalg.
  • Dag 7

    Dag 7

    Russerhytta - Barentsburg

    Overnatting på hotellet i Barentsburg. Dette blir ei oppleving utanom det vanlege. Mange som har besøkt Barentsburg samanliknar det med å komma tilbake til 50-talet i Noreg.
  • Dag 8

    Dag 8

    Sightseeing i Barentsburg. Båt til Longyearbyen, med innlagt besøk under eit yrande "fuglefjell". Avskjedsmiddag. Overnatting på Spitsbergen Guesthouse.
  • Dag 9

    Dag 9

    Handling av souvernirar/ shopping. Heimreise.

    Me tek atterhald om endringar på grunn av vêrforhald og liknande.

rgf logo


Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.