PATAGONIA
(Denne turen er under planlegging, men det meste begynner no å bli klart. Det kan fortsatt bli små endringar, og de som har meldt dykk på vil i tilfelle bli informert).

Patagonia er rå og uendeleg vakker villmark - med fjell som reiser seg vertikalt på ein måte som saknar sidestykke i heile verda.
Patagonia er eit av dei flottaste fjellområda i verda, med gigantiske brearmar og alpine fjell som overgår det aller meste. Her bur det ikkje mykje folk og villmarksfølelsen er total. No er detaljane klare for denne turen, etter at me var der i februar/mars for å utforske området. Dette blir ein verkeleg stortur der du får oppleve ein lang trekkingtur gjennom Torres del Paine nasjonalpark (O-Trek) og nokre dagar i El Chaltén, der verdskjente fjell som Fitz Roy og Cerro Torre ragar over oss.

Sjå alle bilete (her og her) frå då Siv og eg var der i februar/mars 2026. Me gjennomførte turen nesten nøyaktig på samme måte som denne.
| Reisemål | PATAGONIA |
|---|---|
| Land | Chile og Argentina |
| Max. høgde | Ca. 1200 moh. |
| Antall dagar | 19 |
| Dato | Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus |
| Min. antal | 10 |
| Max antal | 14 |
| Påmelding | Sjå påmeldingsskjema |
| Påmeldingsfrist | Ingen konkret påmeldingsfrist, men gruppa bør vera klar seinast i april året før pga. svært begrensa antal personar som får starte på denne ruta kvar dag. |
| Pris 2027 | 89 900 (+ evt. tilslutning) |
| Pris 2028 | 92 900 (+ evt. tilslutning) |

Viktig ang. påmelding!
På grunn av at det er svært begrensa med plassar tilgjengeleg på leirplassane på O-Trek, anbefaler eg at du melder deg på tidleg på denne turen. Eg må helst ha alt klart seinast i april året før. Det kan vera mogeleg å melde seg på seinare også, men eg kan ikkje garantera det.
Du må nemleg ha ein lisens for å få lov til å gå O-Trek, og antalet er begrensa av kor mange plassar det er på leirplassane. Det er ikkje lov å campe andre stader enn på dei offisielle leirplassane.
Prisen inkluderer
- Fly tur/retur frå Gardermoen
- All transport i Chile og Argentina
- Alle hotellovernattingar i delt dobbeltrom
- Alle overnattingar i romslege fast monterte telt på O-Trek
- Alle måltid på O-Trek
- Lunsjboksar på fjellturane i El Chaltén
- Alle tillatelsar og parkavgifter
- Oppbevaring av bagasje mens me går O-Trek
- Norsk turledar
- Lokale guidar på O-Trek og på dagsturane i El Chaltén
PRISEN INKLUDERER IKKJE
- Evt. tilslutning til Gardermoen (og evt. overnatting i forbindelse med dette)
- Middagar og lunsjar utanom det som er spesifisert over
- Drikkevarer
- Frivillig båttur ved Grey- eller Perito Moreno-breen
- Sjokolade, kjeks og snacks på fjellet (viktig å ha med det du likar best sjølv)
- Evt. uforutsette utgifter når det gjeld transport og logistikk, som følge av vær, naturhendingar osv.
- Evt. einerom
- Tips
- Reiseforsikring
NB! Rabatten på kr. 1000,- for tidleg påmelding som eg har på mange av mine turar gjeld ikkje på denne turen, då det her er obligatorisk med tidleg påmelding pga. at lisensane for å gå O-Trek må kjøpast svært tidleg

TRANSPORT
Fly frå Norge via Santiago (Chile) til Puerto Natales. Privatbussar i Chile og Argentina. Fly frå Calafate via Buenos Aires (Argentina) heim att.
OVERNATTING
På turen bur me på bra lodgar og hotell. I forhold til mange andre fjellområder i verda, er hotella i Patagonia nesten av "normal" standard. Nokre har ein unik atmosfære og flott utsikt.
På O-Trek bur me i romslege fast monterte telt, der skikkelege madrasser og soveposar ligg klar til oss når me ankjem. Også ei god pute ligg klar i dei fleste leirane. Eg anbefaler sjølvsagt å ta med ein lakenpose, men det er ingenting å utsetta på reinhald av soveposar og i teltet generelt. Eg opplevde det som det mest "luksuriøse" eg har opplevd når det gjeld å overnatte i telt, og f.eks. betre enn å bu på lodgar i Nepal.
I dei fleste leirane er det mogeleg å kjøpe wifi (og ein varm dusj...)

MAT
På hotella er maten omtrent som me er vant med frå Europa. God lunsj og middag, frukosten er typisk litt enklare enn me er vant med.
I leirane på O-Trek er det kokkar som lagar alle måltid til oss, og me får med lunsjpakke kvar dag. I alle leirane er det mogeleg å kjøpe snacks og kald drikke, og i dei aller fleste også varm mat som pizza osv. (dersom du fortsatt er svolten etter middagen...)
I Calafate, El Chaltén og Buenos Aires kan me også prøva oss på den verdskjente argentinske biffen dersom me ønsker det. Dei som ikkje har smakt ekte argentinsk biff frå grillen veit ikkje kor godt kjøt kan smake!
FYSISK FORUTSETNING
Du må vera i god fysisk form for å vera med på denne turen. Du må kunne gå lange dagsetappar i fjellterreng mange dagar på rad. Ryggsekken er ikkje spesielt tung, men du må bæra med deg det du treng for heile turen (du treng ikkje sovepose, liggeunderlag eller mat, så vekta på sekken blir ikkje spesielt høg).
Dette er ein trekkingtur der me går dagsetappar på mellom 4 og 9 timar i relativt enkelt terreng. Stiane er stort sett veldig fine. Det er kun to dagsetappar som er lange, og kun den eine innebærer ein del stigning då me skal over Gardner Pass på ca. 1200 moh. Ellers er etappane kuperte, men det er ikkje mange store samanhengande stigningar. Du går med ein dagstursekk på sannsynlegvis under 10 kilo. Du treng kun vanleg dagsturutstyr, pluss litt ekstra klesskifte osv. sidan me skal vera på tur i 8 dagar.
Sidan Gardner Pass er det høgaste me skal, er det ingen høgdeutfordringar på denne turen.
Været kan variere i Patagonia, spesielt er dette området kjent for kraftig vind. Men det er helst på utsatte plassar den merkast. Me må vera forberedt på nedbør, men me bur i gode og relativt nye telt, og me kan tilbringa tid innandørs der me et måltida, så det er ingen krise dersom ein skulle bli litt våt undervegs på dagsmarsjen. Når me gjekk der i år var det ingen nedbør i det heile tatt på heile turen. I mars kan det bli temperaturar som ein haustdag i fjellet i Noreg. Det kan godt hende me går nokre av etappane i shorts, men me må vera forberedt på lågare temperaturar også, og i kombinasjon med vind betyr det at me må ha fokus på varme klær. Ei lett dunjakke kan vera fin å ha med, også på sjølve dagsmarsjen med tanke på pausane.

DAGSPROGRAM
Dag 01: Avreise Noreg
Dag 02: Ankomst Santiago i Chile. Vidare med fly til Puerto Natales.
Dag 03: Me utforskar den spennande byen Puerto Natales, ein av dei sørlegaste byane i verda. Her gjer me også dei siste forberedelsane til trekkingturen startar i morgon.
Dag 04: Me blir køyrt i privatbuss til Torre Central, der vandreturen vår startar. Første dagen går me i lettgått terreng til Camp Seron.
Dag 05: Andre dagen er lang, og går til Camp Dickson. Ein fantastisk etappe der me verkeleg føler at me går inn i den enorme villmarka i Patagonia.

Dag 06: I dag går me opp til Camp Los Perros, gjennom fascinerande skogar og med spektakulær utsikt mot ein bre som kalvar ned i eit fjellvatn.
Dag 07: Me fortsetter over Gardner Pass der me får første gong får sjå den majestetiske og enorme Grey-breen som kalvar ut i innsjøen Lago Grey. Me overnattar i Camp Grey.
Dag 08: Me startar kanskje dagen med ein båttur for å sjå den majestestiske Grey-breen som kalvar ut i innsjøen, eit imponerande skue. Deretter går me ein relativt kort dagsetappe til Camp Paine Grande. (NB! Båtturen til Grey glacier er frivillig og ikkje inkludert. Det er mogeleg me heller tar ein tilsvarande båttur ved Perito Moreno-breen nokre dagar seinare, sidan det sannsynlegvis er enklare logistisk. Opplevelsen av den enorme breen som kalvar ut i vatnet vil vera like imponerande begge stader).
Dag 09: Me går til Camp Cuernes, via den fantastiske French Valley, der me blant anna får utsikt mot Las Torres frå "baksida".
Dag 10: Me går til Camp Chileno, der me tar tidleg kveld for å forbereda oss til grytidleg start neste dag for å gå opp til utsiktspunktet mot Las Torres.

Dag 11: Me startar før sola har stått opp på marsjen opp mot Patagonias mest kjente utsiktspunkt. Dersom været står oss bi ser me dei tre verdskjente "tårna" Las Torres, som har gitt navn til heile nasjonalparken. Ved å starte så tidleg får me sett dette vakre skuet (nesten) åleine, i forhold til seinare på dagen då det er mange dagstur-turistar her (som ikkje har gått heile runden slik som me har gjort). Og i tillegg kan me få oppleve soloppgangen på tårna... Etterpå går me ned til Camp Central der privatbussen står klar for å køyre oss til Calafate i Argentina, som også er ein veldig spennande by. (Mogeleg pga. logistikken at me må ta buss tilbake til Natales denne dagen, og deretter til Calafate neste dag før me besøker til Perito Moreno-breen)
Dag 12: Me besøker Perito Moreno-breen, kanskje verdas mest berømte bre. Breen kalvar ut i den turkise innsjøen rett framfor oss, der me går på kunstige opphøga gangvegar med flott utsikt ned mot innsjøen og breen. Breen kalvar heile tida, og det er verkeleg ein opplevelse å sjå naturkreftene som utfoldar seg rett framfor oss.
Dag 13: I dag køyrer me i privatbuss til El Chaltén ved foten av Fitz Roy og Cerro Torre. Kanskje blir det ein kort ettermiddagstur opp i dei små fjella rett aust for El Chaltén, med fantastisk utsikt mot dei kjente fjella på vestsida.
Dag 14/15/16: Dei tre heile dagane i El Chaltén går me lange dagsturar til stader med god utsikt til dei imponerande fjella og breane i området. Været vil bestemma nøyaktig korleis me legger opp dagane og fjellturane, men sannsynlegvis vil me besøka Laguna de los Tres, Laguna Torres og Pliegue de Tumbada i løpet av desse dagane. Google desse stadene så ser du at dei er verdt eit besøk...

Dag 17: Buss tilbake til Calafate og fly vidare til Buenos Aires. Me tilbringer kvelden i Buenos Aires
Dag 18: Avreise Buenos Aires
Dag 19: Ankomst Noreg
OBS! Myndigheitene (og min samarbeidspartner) i Chile understrekar følgande: Værforholda i Patagonia er variable og kan påvirke dagsprogram og rutevalg. Det kan bli innført midlertidige restriksjonar på O-trek ved ekstreme værforhold, som gjer det nødvendig å endre ruta undervegs.
