JANUAR 2013

 

TORSDAG 31. JANUAR
Aktivitet: Ski
Fjell: Svolefjellet (1094m), Myrkdalen
Totaltid: ca. 2t 35min
Akk. høgdemeter: 935
Ove og eg på vinterens flottaste tur - endeleg botnalaust pudder!

 

TYSDAG 29. JANUAR
Aktivitet: Ski
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1185
Njål, Brynjulv og eg på kveldstur på Horgje. Nydeleg føre!

 

SUNDAG 27. JANUAR
Aktivitet: Ski
Fjell: Tuvegga (1181m), Sunnmørsalpane
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 740
Snudde litt før toppen pga. kraftig vind.

 

LAURDAG 26. JANUAR
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 330
Kleivdalsfjellet bak hytta var målet i dag, men Kristina og eg måtte innsjå at utan stegjern var det vanskeleg å nå toppen slik forholda er no. Panserskaren stoppa oss frå å komma opp ei lita renne og det var vanskeleg å finna alternative og trygge ruter akkurat der. Men ein flott kveld var det, fullmånen bada skarpe Sunnmørsalpar i eit utruleg flott lys.

 

FREDAG 25. JANUAR
Aktivitet: Ski
Fjell: Tuvegga (1181m), Sunnmørsalpane
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 830
Samme fjell som i går, men denne gong på ski og start frå hytta. Ein nydeleg tur med fantastisk utsikt og flott køyring ned att.

 

TORSDAG 24. JANUAR
Aktivitet: Fjelltur
Fjell: Tuvegga (1181m), Sunnmørsalpane
Totaltid: ca. 2t 40min
Akk. høgdemeter: 925
Tuvegga frå Engeset på beina - rett og slett for lite snø dei første 200 høgdemetrane til at ski var aktuelt. Fantastisk utsikt mot Slogen og Smørskredtindane frå toppen.

 

SUNDAG 20. JANUAR
Aktivitet: Ski
Fjell: Skjemmehorgi (1350m)
Totaltid: ca. 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1105
Skjemmehorgi frå Tesdal vart raskt ein ny favoritt, i alle fall slik føret er no. Denne gongen i dagslys. Nydeleg tur som inneheld alt - åpne raske flankar, tronge renner og fin skogskøyring.

 

LØRDAG 19. JANUAR
Aktivitet: Snowracer!
Fjell: Hangurstoppen (818m)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: ca. 500
I gnistrande kaldt vær tok Kristina og eg turen opp på Hangurstoppen med snowraceren (skikjelke) på slep og hodelykter på skallen. Ned att gjekk det i overkant raskt, og om me hadde full kontroll kan vel diskuterast. Men moro var det...

 

FREDAG 18. JANUAR
Aktivitet: Ski
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1210
Kveldstur på Horgje. Flott føre, men kaldt!

0207 5

(Foto frå ein annan tur)

 

ONSDAG 16. JANUAR
Aktivitet: Ski
Fjell: Bjørndalskamben (1402m)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 1045
Njål, Brynjulv og eg starta på Årmot og gjekk inn Kvanndalen og opp på Øvstafjellet før me fortsatte den lange ryggen til topps på Bjørndalskamben. Nydeleg puddernedkøyring til Reppabotn og føret var slik at det var artig ut den lange slakke dalen også.

 

MÅNDAG 14. JANUAR
Aktivitet: Ski
Totaltid: ca. 2t 30min
Akk. høgdemeter: 1110
Njål og eg fortsetter utforskinga i området innerst i Roksbotnen i Bordalen. Denne gongen gjekk me opp på austsida av skaret, litt usikker på akkurat kva topp me havna på i mørket, sannsynlegvis den som er angitt med 1279 på kartet (her der mange nesten like høge toppunkt...). Flott og dramatisk område med mange fine linjer ned i Roksbotnen.

 

SUNDAG 13. JANUAR
Aktivitet: Ski
Fjell: Årmidlenutane (1374m) og Kaldafjellet (1411m)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1310
Øyvind, Njål og eg på søndagstur i "solvarmen" på nordsida av Bergensbanen i Raundalen. Me starta på Reime og gjekk først opp på Årmidlenutane. Nedkøyringa i Brekkebotnen var storslagen og dermed var det berre å legga på fellene igjen og traska opp på Kaldafjellet også. Igjen ei nydeleg nedkøyring i lett pudder bada i sollys. Nokre få cm. pudder oppå fin skare gir eit kjempefint føre, spesielt for å dra på i middels bratt terreng.

 

LAURDAG 12. JANUAR
Aktivitet: Sykkel
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 330
Minus 13 grader og sykkel høyres kanskje ut som ein aktivitet for spesielt interesserte. Men med fulldempar og feite dekk med lågt trykk er det faktisk utruleg moro. I dag var det ikkje mogeleg å sykla i terrenget, då måtte eg ha hatt endå breiare dekk. Men i turlangrennsløya i Herresåsen var det perfekt. For ikkje å provosera langrennsløparar var eg der seint om kvelden, men uansett så set ein ikkje spor i løypa i det heile tatt.

 

FREDAG 11. JANUAR
Aktivitet: Ski
Fjell: Skjemmehorgi (1350m)
Totaltid: ca. 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1110
Eg såg på kartet at Skjemmehorgi frå Tesdal måtte vera ein bra tur under dei forholda som er no. Njål vart med for å utforska, og begge var einige om at dette var ein kanontur som gir mykje flott skikøyring ned igjen. Alt frå åpne flankar til tronge og bratte gjel, og flott skogskøyring til slutt.

 

TORSDAG 10. JANUAR
Aktivitet: Ski
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 1185
Brynjulv og eg på kveldstur. Skyfri stjerneklar himmel og til dels gnistrande føre. På grunn av den eksponerte ryggen mot sørvest er det ikkje alltid Lønahorgi byr på den beste nedkøyringa. Men i kveld var det strålande etter at det kom nye 5 cm. med pudder i går. Med dei værmeldingane som er no ser det ut til å bli kanonføre i minst 10 dagar framover...

 

TYSDAG 8. JANUAR
Aktivitet: Ski
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 1175
Njål, Øyvind og eg på hodelykttur til Horgje. Me frykta dårleg føre, men vart positivt overraska over 1000 meter. Eit par cm. pudder på den harde skaren gjorde susen. Frå 1000 meter og ned var det derimot ikkje mykje å jubla over. Men me var likevel svært fornøyd, for det betyr at det er håp om bra føre i den lange kuldeperioden som kjem no. Me forventa knallhard skare sidan det har vore regn heilt til topps.

 

MANDAG 7. JANUAR
Aktivitet: Ski
Totaltid: 55min
Akk. høgdemeter: 545
Øyvind og eg trassa været og kom oss nesten til topps på Slettafjellet. Fine men våte løyper nedatt.