FEBRUAR 2013

 

ONSDAG 28. FEBRUAR
Aktivitet: Sykkel
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 410
Første turen med min nye Surly Moonlander, ein såkalt fatbike, altså feitsykkel! Det som skiller ein fatbike frå ein normal sykkel er dei enorme dekka. Dermed må også ramma og mange av komponentane konstruerast på ein heilt annan måte for å få plass til dei store hjula. Moonlanderen har 4,8 tommars dekk, mens ein vanleg terrengsykkel som regel har 2,2. Dette gjer den perfekt til sykling på snø. Første turen gjekk i langrennsløypa i Herresåsen. I dag hadde det nok ikkje gått med vanlege dekk, men med Moonlanderen flaug eg gjennom løypene. Starta rett over Skutle og sykla den lengste turløypa, Juvelen.

0228 2

0228 2

  

TYSDAG 26. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1435
Starta heilt ned på Tvinne, kun 100 meter over havet. Artig rute opp gjennom skogen. Gjekk via Svartahorgi til topps på Lønahorgi. Flott pudderføre nesten heile vegen, men knekkebrødskare nederst gjorde at syrenivået i beina vart rimeleg høgt.

 

SØNDAG 24. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Blåfjellnibba (1487m) / Punkt 1293
Totaltid: 3t 55min
Akk. høgdemeter: 1680
To nye stortoppar i maksimalt vær og føre. Starta i Herdalen mellom Hellesylt og Stranda. Flanken ned frå Blåfjellnibba har eg sett på mange gonger når eg har køyrt vegen nede i dalen. Dekka av 15 cm. pudder frå topp til botn levde den opp til forventningane.

 

LAURDAG 23. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Roaldshornet (1230m)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 860
Kristina og eg. Rett opp frå hytta går det ein nydeleg trasé opp på Roaldshorn. Nedkøyringa inneheld alt. Fin rygg vestover frå toppen med flott utsikt mot resten av Sunnmørsalpane og havet. Kjempefine flankar ned heile Blådalen, her kan ein gi på skikkeleg når føret er maksimalt. Og til slutt artig skogskøyring ned til ein skrensar opp ved dørstokken på hytta. Perfekt! Og når i tillegg solnedgangen på toppen var ein av årets finaste (i følge NRK Møre og Romsdals nettsider) så kan det ikkje bli stort betre.

0223 3

0223 3

 

FREDAG 22. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Brekketind (1578m), snudde 50 meter under toppen
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1570
Brekketind er ein av Sunnmørsalpanes flottaste tindar. Hadde ikkje med klatreutstyr så toppen var for tøff for meg i dag, men for ein topp... og for ein skitur! Gjekk frå Brunstad inn Vellesætredalen.

0222 5

0222 5

0222 5

0222 5

0222 5

 

TORSDAG 21. FEBRUAR
Aktivitet: Truger
Fjell: Kleivdalsfjellet (1154m)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 745
Kristina og eg på kveldstur. Truger er fin avveksling til ski. Starta frå hytta.

0221 2

0221 2

Halvbroren til Knerten dukka opp i ein vedsekk på Strandafjellet, og det var så vidt han vart redda frå å enda sine dagar i peisen

 

ONSDAG 20. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Hammarsettindane (1007m)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 865
Fin tur opp på ein skarp tind rett bak Sykkulven. Klyving utan ski dei siste 45 minuttane til topps.

0220

 

TYSDAG 19. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Sætretindane/Dalmannshornet (1476m), Tinden (1264m) og Tuvegga (1182m)
Totaltid: 6t 05min
Akk. høgdemeter: 2120
Tre fjell i perfekt vær og føre! Sunnmørsalpane på sitt aller beste. Utsikta frå Dalmannshornet er heilt spesiell, omgitt av skarpe tindar og ryggar men likevel så nær havet. Sola varma slik at det var mogeleg å gå kun i ullrøya i motbakkane.

0219 3

0219 3

0219 3

 

SUNDAG 17. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Roaldshornet (1230m)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 860
Kristina på truger og eg på ski. Kveldstur på Roaldshornet. Snøvær og dårleg sikt, men for eit føre... Og dei neste 48 timane skal det komma endå meir pudder, deretter sol og blå himmel i ei veke. Dette blir knall.

 

TORSDAG 14. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Slettefjell (1342m) x 2 (Hemsedal)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 1220
På veg til Oslo er det perfekt å ta ein pause i Hemsedal. Eller pause og pause fru Blom... to turar opp Hemsedals svar på Halvmeterskogen er i alle fall perfekt når forholda er som no. Djupt pudder heilt til topps også på austsida av Langfjella.

 

ONSDAG 13. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1405
Trippeltur ned Halvmeterskogen. Optimale forhold! Takk til Ove og gjengen som var her i går kveld og laga klar oppoverspor til meg...

 

TYSDAG 12. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Hatlekinni (900m) x 4
Totaltid: ca. 4t
Akk. høgdemeter: 1700
Knut , Erlend, Lars og eg hadde planlagt dobbeltur på Hatlekinni i kveld. Eg klarte ikkje venta og tjuvstarta slik at det vart totalt fire nedkøyringar ned den perfekte flanken. Skikøyring vert ikkje betre enn dette!

 

MÅNDAG 11. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Fjell: Hatlekinni (900m), dobbeltur
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 765
Fortsatt fantastiske forhold på Hatlekinni.

 

LAURDAG 9. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Fjell: Storebottseggi (1032m), dobbeltur
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: ca. 935
Pudderlia på nordsida av Storebottseggi er vel og bra, men den ligg alltid i skuggen mens sørsida ligg bada i sol. Sjølvsagt vil det ofte vera betre pudderføre på nordsida, men no er det pudder over alt så då var det på tide å teste sørsida. Nedkøyringa ned til Botnen var rett og slett kjempebra - anbefalast!

 

FREDAG 8. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Brekkenipa (1194m) og Larsfonnberget (1318m)
Totaltid: ca. 4t 45min
Akk. høgdemeter: 1760
Frode og eg på fin trippeltur i strålande sol (varma godt faktisk...) og nydeleg pudderføre heilt frå toppane. Men kulden kom krypande når sola gjekk ned, og den siste nedkøyringa mot Stalheim var kjølig. Målte 22 minusgrader ved Oppheim når me køyrte heim.

 

TORSDAG 7. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Fjell: Langeskrednovi (1043m)
Totaltid: ca. 2t 05min
Akk. høgdemeter: 730
Knut, Erlend, Ove og eg fortset utforskinga av fjella rundt Bolstad. Denne gongen var me på Langeskrednovi. Litt vindpåvirka snø øverst, ellers maksimale forhold.

 

ONSDAG 6. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Fjell: Hatlekinni (900m), dobbeltur
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 775
Knut, Erlend, Njål og eg på oppdagelsestur til Bolstad. Knut og Erlend har meldt om pudderlier som slår det meste der, og no måtte eg og Njål ned å sjekke om dette stemte. Det gjorde det, og kveldens to turar ned frå Hatlekinni kjem til å bli hugsa lenge... Dette var første gongen i vinter eg brukte Kuro-skiene mine. Pudderplank med stor P!

 

MÅNDAG 4. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Storebottseggi (1032m)
Totaltid: ca. 2 timar
Akk. høgdemeter: ca. 550
Knut, Erlend, Njål og eg på årets første tur i Pudderlia. Nesten alle i gjengen køyrer no på Dynafit Stoke, og no kjem dei verkeleg til sin rett. Fantastiske ski i botnalaust pudder!

 

SUNDAG 3. FEBRUAR
Aktivitet: Ski
Totaltid: ca. 3 timar
Akk. høgdemeter: 1000
Knut, Erlend og eg starta på Skjervheim i Myrkdalen og gjekk opp Fessabotn til punkt 1212 ved Rjupeskaret. Litt whiteout øverst, men flottare og flottare forhold dess lenger ned me kom. Og snøen lava ned omtrent heile turen.

 

LAURDAG 2. FEBRUAR
Aktivitet: Ski
Fjell: Svolefjellet (1094m), Myrkdalen
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1210
Dobbeltur på Svolefjellet! Køyrte først ned den flotte "bollen" mot nordaust. Deretter ned via Fossen som på torsdag når eg og Ove var her. Fulgte ein hare eit stykke oppover, men den var litt raskare enn meg... Kjempefine forhold - og dei neste dagane skal det komma ein halvmeter til!

 

FREDAG 1. FEBRUAR
Aktivitet: Ski
Totaltid: ca. 2t 10min
Akk. høgdemeter: 945
Starta på Skjervheim i Myrkdalen og gjekk opp Fessabotnen til toppen utan navn rett aust for Kolbeinstjørnane. Flott nedkøyring når forholda er litt usikre slik som no. Fantastisk pudderforhold!