OKTOBER 2013
TORSDAG 31. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 45min
Kort men hard tur oppover i Sierra Tigre.
TYSDAG 29. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 830
Kjempefin tur opp på Volcan de Colima (4339m). Bratt opp mot toppen. Nokre kilometer lenger vest, og nokre hundre høgdemeter lågare, står tvillingen Fuego de Colima, ein av verdas mest aktive vulkanar. Akkurat no stig det berre damp og gassar frå den, men for berre nokre få år sidan hadde den eit kjempestort utbrot.
Røyk stig opp frå Fuego de Colima, ein av verdas mest aktive vulkanar
MÅNDAG 28. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 2380
Vegen som går frå foten av Volcan de Colima (4339 moh.) startar på 1750 moh, og endar på nøyaktig 4000 moh. Grusvegen slynger seg oppover sida av vulkanen i 2250 ubarmhjertige høgdemeter. I starten var det varmen som var utfordringa, nær toppen var det kulden. Utruleg tur frå jungel til høgfjell. I morgon satsar me på å gå opp på toppen.
Volcan de Colima (4339m). Bilete teke frå ca. 3500m. I dag var første gongen eg har vore over 4000 meter med sykkel.
LAURDAG 26. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 1320
Fin tur over Sierra Tigre (Pumafjellet). Kjerrevegar og stiar av kjempefin kvalitet. Var opp på det høgaste punktet, 2838 moh.
FREDAG 25. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 670
Etter nesten 600 kilometer på Mexicanske landevegar kom me i ettermiddag fram til vår neste base, Mazemitla på 2200 moh. 36 grader målte termometeret på bilen tidlegare i dag, men her oppe var det meir levelege 24 grader då me steig ut av kjøleskapet (me har skifta ut Wrangleren med ein Dodge Journey med skikkeleg air-condition, ikkje berre åpent tak...). Måtte sjølvsagt ut å sjekke nærområdet sjølv om det ikkje var så lenge til solnedgang. Dette området er eit av dei finaste fjellområda i Mexico. Meir info og forhåpentlegvis bilete i morgon.
ONSDAG 23. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 340
Me har forflytta oss frå det turistifiserte Mexico på veskysten, til det ekte og øde Mexico i Sierra Madre-fjella. Mascota vart vår første stoppestad, ein liten landsby der me foreløpig ikkje har sett ein einaste turist. Me har leigd oss ei lita men fin hytte i nokre dagar. Landsbyen ligg 1250 moh. men det er likevel rundt 25 grader her. I dag tok eg meg ein rundtur på småvegar og fjellvegar i området.
Sjølvsagt måtte me ha ein Jeep Wrangler når me skulle opp i Sierra Madre-fjella
Slikt skjer på tur med Mads... Hans nye gitarkamerat Jésus underholdt oss på verandaen til langt på natt.
Og Javier overtok grillen vår og diska opp med eit tradisjonelt og fantastisk Mexicansk måltid.
Me trengte kun sørga for at ingen fekk problem med væsketap i den varme natta.
TORSDAG 17. OKTOBER
Aktivitet: Landevegsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 160
Sykla sørover kysten, gjennom Marina Vallarta til Puerto Vallarta. Varmen er så intens at både i går og spesielt i dag følte eg at eg gjekk tom på slutten av turen. Eg har litt erfaring med dette frå før - at kroppen min treng nokre dagar for å tilpassa seg når temperaturen stig over 30 grader. Berre ein ting som hjelper etter ein slik tur, å slenga seg i havet og kjøla seg ned ved å leika seg i dei store bølgene som slår inn mot stranda.
ONSDAG 16. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 315
Puerto Vallarta, Mexicos vestkyst. 30 grader og steikande sol. Tok ein runde nordover langs kysten, fant ein del stiar men mest grusvegar og asfalt. Mads og eg blir i Mexico dei neste 3,5 vekene. Startar her ved Stillehavet og har planar om å bevege oss austover i Sierra Madre-fjellkjeden samt diverse vulkanar.
MÅNDAG 14. OKTOBER
Aktivitet: Fjelløping
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 1000
Njål, Øyvind og eg tok ein tur opp på Gråsidetoppen (1307m) i det perfekte haustværet. Denne hausten har eg for alvor begynt å springa i fjellet igjen. Springinga var eigentleg den einaste av mine mange friluftsaktivitetar eg måtte kutta ut pga. mine manglande tær. Men med nye høge joggesko har det forandra seg fullstendig. I dag sprang me tur/retur Gråsidetoppen på 2 timar og 15 minutt frå saga over Hjelle. Hadde aldri trudd eg skulle sjå slike tider igjen.
SUNDAG 13. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 995
Tok runden inn Bordalen, opp over Almenningane, vidare på sti/myr til Grønlivatnet og Bulko. Fint og varmt - i alle fall til å vera 13. oktober.
FREDAG 11. OKTOBER
Aktivitet: Landevegsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 955
Øyvind og eg tok oss ein tur til Mjølfjell i det perfekte haustværet.
TORSDAG 10. OKTOBER
Aktivitet: Fjelløping
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 540
Martin og eg starta på Liaset (Lemme) rett etter at sola gjekk ned, og sprang over Kolingseggi (941m) til Skorseteggi (972m) og attende. Kanskje det beste sentrumsnære området på Voss for lange springeturar på fine fjellstiar. I alle fall på ein kveld som i kveld.
MÅNDAG 7. OKTOBER
Aktivitet: Fjelløping
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 610
Kveldstur med hodelykt. Starta på Mølster. Først opp til Hanguren, så rundt Hangurstoppen til Raude Kross-hytta. Ned att Raugstad-løypa. Herleg ruskevær!
LAURDAG 5. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1010
Kveldstur med hodelykt til Gråsidetoppen. Skodde på veg oppover, men stjerneklart og fint på toppen. Møtte reinsdyrflokken på Sandfjellet.
TORSDAG 3. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 850
På veg heim frå Oslo stoppa eg i Nesbyen. Sykla opp Rukkedalen og nordover fjellet til Ranten. Nydeleg haustvær!
ONSDAG 2. OKTOBER
Aktivitet: Landevegsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 145
Kort tur i Lillestrøm-området.