DESEMBER 2013

 

MÅNDAG 30. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 920
Brynjulv og eg fekk to flotte nedkøyringar i Halvmeterskogen i nær perfekte forhold. Med breie ski treng ein ikkje halvmeteren med pudder for å ha det moro.

 

SUNDAG 29. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1210
Når finværet kun viser seg nattestid må ein tilpassa døgnet etter det og gå på tur om natta. Vinterens flottaste tur på Horgje. 5-10 cm. pudder over 800 moh. som ligg jevnt heilt til topps, og frå Horgaletten og ned var det berre å setta full fart i nypreparerte fløyelsløyper.

 

LAURDAG 28. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 530
Øystein, Øyvind og eg tok sjansen på at Halvmeterskogen var bra i kveld. Det øverste partiet var fint, men det var våt snø nederst.

 

FREDAG 27. DESEMBER
Aktivitet: Fjelløping
Fjell: Hangurstoppen (818m)
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 530
Frå Bavallen opp på Hangurstoppen.

 

TORSDAG 26. DESEMBER (2. JULEDAG)
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Gråsidetoppen (1307m)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 945
Midnattstur frå Tillung. Stjerneklart og nesten vindstille sjølv på toppen. Sjølv om været har vore dårleg stort sett kvar einaste dag sidan eg kom heim frå Mexico, har føret overraskande nok ofte vore svært bra. Men ikkje i dag, knekkebrødskare nede og knallhard skare oppe.

 

ONSDAG 25. DESEMBER (1. JULEDAG)
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Stavaskard (1258m)
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 845
Gjekk frå Liaset i Granvin via Olastøl. Snudde eit stykke under toppen pga. sterk vind. Fint pudderføre over 800 meter, men vått lenger nede.

 

MÅNDAG 23. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 875
Halvmeterskogen viste seg igjen frå si aller beste side, og eg og Øystein tok to turar til topps. I morgon er det meldt 4 grader i Myrkdalen så det spørs om det var med denne eine ettermiddagen også denne gongen.

 

SUNDAG 22. DESEMBER
Aktivitet: Fjelløping
Fjell: Slettafjellet (917m)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 845
Starta heilt nede i Skulstadmoen denne gongen. Regn, men frå Tråstølen kom det ned meir eller mindre tørr snø i store mengder.

 

LAURDAG 21. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 745
Brynjulv og eg. Starta i Bavallen. Først opp på Horgaletten, så ned igjen og opp på Slettafjellet. Gårsdagens pudderføre er redusert til ein våt sugande masse - sånn er det å bu på Vestlandet i desember!

 

FREDAG 20. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 935
Øyvind og eg gjekk to gonger til topps i Halvmeterskogen i kveld. Maksimale forhold. Me gjekk opp lenger aust enn vanleg og slapp dermed den stupbratte oppstigninga i djupt pudder.

 

ONSDAG 18. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Gråsidetoppen (1307m)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 935
Nydeleg tur på Gråsidetoppen frå Tillung. Fullmåne i kveld. Føret er faktisk veldig bra no, i alle fall mellom 600 og 1100 moh. Lite snø totalt sett, men med 10 cm. pudder på ein tynn såle av skare kan ein ikkje klage.

 

SUNDAG 15. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1210
Lønahorgi by night! Av og til er Lønahorgi ein av dei flottaste fjelltoppane, sjølv om ein går gjennom eit skianlegg den første halvdelen av turen og det står ei svær og ruvande fjernsynsmast på toppen. Akkurat dette er også grunnen til at ein ofte velger dette fjellet når været eller føret er dårleg. Preparerte løyper deler av turen fristar når alternativet er knallhard skare eller knekkebrødføre, og det å komma innandørs på toppen fristar veldig når uværet herjar som verst midtvinters. I tillegg er dette eit trygt fjell fordi det er nærast umogeleg å gå seg vill, og det er også enkelt å halda seg unna rasfarleg terreng. Når alt stemmer er det også ein av dei finaste turane eg veit om. I dag var det 5 cm. silkeføre frå Nyestølen, solnedgangen var flott og månen lyste opp heile topplatået. Og nedkøyringa på raskt pudderføre var noko av det beste eg har opplevd på dette fjellet. Alt under Nyestølen treng me ikkje nevne - der er det gjennombruddsskare, ruglete is og masse stein i løypa.

1215 4

1215 4

1215 4

 

LAURDAG 14. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Gråsidetoppen (1307m)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 975
Flott ettermiddagstur til Gråsidetoppen i ljoset frå solnedgangen og etter kvart månen. Gjekk frå Tillung. Knallhard isskare over 1000 moh.

 

FREDAG 13. DESEMBER
Aktivitet: Fjelløping
Fjell: Hangurstoppen (818m)
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 530
Frå Bavallen opp på Hangurstoppen. Dei siste minuttane gjekk eg nesten utelukkande på lyng og gras, nesten all snøen har smelta på toppen. Underkjølt regn fraus på terrenget og på den snøen som var igjen og skapte svært glatte forhold. Får håpe neste snøfall er fuktig og bind seg godt til dette laget, dersom ikkje blir dette eit skummelt lag med tanke på skred resten av vinteren.

 

ONSDAG 11. DESEMBER
Aktivitet: Fjelløping
Fjell: Slettafjellet (917m)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 620
Einar, Brynjulv og eg satsa på joggesko no når vinteren er i ferd med å renna vekk. Frå Bavallen opp på Slettafjellet. Taro og Ronja var med.

 

TYSDAG 10. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1280
Kveldstur. Den milde lufta har omdanna det fantastiske pudderet me hadde til sugande våt snø heilt til topps på Horgje. I kveld var det så mildt at eg gjekk utan skalljakke, hanskar og lue heilt opp til 1300 moh.

1210 2

1210 4

Tunnelen inn til masta på Lønahorgi (1410m) har vore god å ha mange gonger når vinden og kuldegradene herjar på utsida

1210 4

 

SUNDAG 8. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: ca. 2 timar
Akk. høgdemeter: 520
Njål og eg på vinterens første tur i Halvmeterskogen. Fantastiske forhold, botnalaust med pudder - perfekt for Kuro-skia! Utfordrande å komma seg opp den bratte lia, men me fekk betalt for slitet ned att.

 

LAURDAG 7. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Punkt 1212 ved Rjupeskaret nordvest for Skjervheim i Myrkdalen
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 1100
Njål og eg fann pudderhimmelen i Myrkdalen! Litt avblåst oppe mot toppen, men betre og betre nedover lia. Under skogsgrensa var det botnalaust. Strålande sol og heilt vindstille på toppen.

 

MÅNDAG 2. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Finnbunuten (1358m)
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 990
Øyvind og eg tok turen til Myrkdalen for å finne ut om all snøen var blåst vekk. Det var den ikkje, men sikta var lik null frå toppen og ned til toppen av Kari Traa-heisen. Vidare ned var det strålande. 5-10 cm. pudder oppå preparert løype - berre å dra på.