SEPTEMBER 2014

 

MÅNDAG 29. SEPTEMBER
Aktivitet: Landevegssykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 1175
Alpe d'Huez er alle syklistars våte drøm. 13,2 kilometer, 1071 høgdemeter og 8,2% gjennomsnittleg stigning. Atmosfæren er til å ta og føle på opp dei 21 serpentinarsvingane. Her har dei største stjernene gjennom historien gitt sykkelinteresserte fantastisk underholdning og spenning, og Tour de France har ofte blitt avgjort i denne bakken. Sjølv no i slutten av september var der mange syklistar her. Heldigvis var det litt skyer i dag slik at det ikkje var så varmt oppover den sørvendte lia. Kom meg opp på 55 minutt etter å ha gitt bra gass, i alle fall siste halvdel. Marco Pantani toppar lista over bestetider gjennom tidene, med 36'40 i 1995. Men er sannsynlegvis få av dei som har vunne Alpe d'Huez som kun åt havregraut for å sei det slik...

 

SUNDAG 28. SEPTEMBER
Aktivitet: Landevegssykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1850
I dag stod to Tour de France-pass på programmet. Col du Glandon (1924 moh.) og Col de la Croix de Fer (2067 moh.). Dei ligg berre eit par kilometer frå kvarandre, så det er ikkje mange høgdemeter ekstra å ta begge på ein dag. Litt stisykling vart det også på Col du Glandon. Sykla frå Le Bourg-d'Oisans på sørsida. Dette området er eit av dei flottaste i Alpane, med det enorme fjellmassivet Massif de Ecrins på sørsida av dalen. Her er det mange fjell over 3500 meter, og det aller høgaste, Barre des Ecrins, ragar heile 4102 moh. Dette fjellet er den einaste 4000-metringen i dette området, og ein skal langt nordaustover før ein treff på andre fjell over 4000 meter i Alpane. Le Bourg-d'Oisans er også kjent for ein annan ting, vegen opp til Alpe d'Huez startar her. Dermed er det vel opplagt kva eg skal i morgon...

0928 5

0928 5

0928 5

0928 5

 

LAURDAG 27. SEPTEMBER
Aktivitet: Landevegssykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1560
Sykla Col de la Madeleine (2000 moh.) i dag, 27 kilometer med stor sett jevn stigning. Col de la Madeleine er eit av dei mest myteomspunne passa "utanfor kategori" i Tour de France (dvs. at det er så høgt at det overgår dei ordinære kategoriane). Alpane opplever i slutten av september ei varmebølge som førte til at siste del av dei 1560 høgdemetrane vart tunge, kroppen min er ikkje rask på å omstille seg til sterk varme når det er ei stund sidan sist. Flott utsikt frå toppen. Mont Blanc trona i nord, og eg såg også Matterhorn i det fjerne.

0927 4

0927 4

0927 4

0927 4

 

FREDAG 26. SEPTEMBER
Aktivitet: Landevegssykling med terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 5t 30min
Akk. høgdemeter: 2275
I dag var det eit av dei verkeleg store fjellpassa i Alpane som stod for tur. Col de L'iseran er heile 2770 moh. og dermed eit av dei aller høgaste passa i Alpane. Dette passet har vorte sykla mykje gjennom Tour de France-historien. Starta heilt nede i Bourg St. Maurice, dermed vart det over 2000 høgdemeter til topps, og 94 km t/r gjennom flott alpelandskap. Tok ein kjapp lunsj i Val d'Isere før dei siste 1000 høgdemetrane vart unnagjort.

0926 2

0926 2

 

TORSDAG 25. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: ca. 800
Er i Alpane igjen - den årlege haustturen er i gang. Starta med ein bratt motbakke på nordsida av dalen frå Vallorcine. Etter 6-700 meter stigning traverserer det ein fin sti i retning Lac d'Emosson. Sykla den nesten til endes, men snudde og sykla tilbake samme vegen sidan solnedgangen nærma seg med stormskritt. Såg potensialet for stisykling i dette området for to år sidan då Njål, Øyvind og eg gjekk toppturar her.

0925 3

0925 3

0925 3

 

MÅNDAG 22. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: ca. 1350
Starta på Eensmidja og sykla først opp til Flatekvål. Deretter gjekk eg via Klondyke opp på Lønahorgi.

0922

 

FREDAG 19. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 6t 50min
Akk. høgdemeter: 1480
Fjellsykling er ikkje det samme som stisykling. Fjellsykling er f.eks. å starta på Vikafjellet og ta turen over fjellet via Svelgavatnet til Fresvikjordalen, for så å sykla ned denne og over i Brekkedalen. Så ein ny fjellovergang over Viksetskardet til Grungen. Vidare på anleggsvegen attende til Vikafjellet. Øyvind og eg tok denne lange turen i spennande og til dels krevande terreng i dag.

0919 yvind 8

0919 yvind 8

0919 yvind 8

0919 yvind 8

0919 yvind 8

0919 yvind 8

0919 yvind 8

0919 yvind 8

0919 yvind 8

0919 15

0919 15

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Øyvind Birkeland)

0919 yvind 8

0919 yvind 8

0919 yvind 8

0919 yvind 8

0919 yvind 8

0919 yvind 8

0919 yvind 8

  

TORSDAG 18. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: ca. 200
Skulle berre ha meg ein roleg tur på fine stiar i Bømoen, men klarte likevel å få årets karamell i låret då pedalen slo i ein stein i ein sving og gjorde at eg fekk solid nærkontakt med diverse andre steinar i samme familie. Vart sittande ei stund og fundere over livet generelt, mens eg sjekka kor mange språk eg kunne banne på. Til slutt kunne eg fastslå at låret heldigvis var like heilt, det var berre skamslått. Merkeleg korleis slike ting skjer på "snille" turar, mens når ein verkeleg drar på i krevande terreng går det som regel bra.

 

ONSDAG 17. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 955
Brynjulv og eg tok rundturen inn Bordalen, over Almenningane til Bulko og attende til Voss. Tørt og fint også på dei dryge myrane som ein må over for å komma inn på vegen att ved Grønlivatnet. Varmt og godt i sola sjølv oppe på fjellet.

 

MÅNDAG 15. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjelløping
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1295
Martin, Øyvind og eg på kveldstur på Horgje. Gjekk opp via Klondyke og fekk solnedangen når me nærma oss toppen. Haustens første tur med hodelykt.

0915 9

0915 9

0915 9

0915 9

0915 9

0915 9

0915 9

0915 9

0915 9

  

SUNDAG 14. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 825
Ny, lang dag på Golsfjellet. Takk til Agi, Øystein, Aron, Selma og Anna for ei koseleg helg på Golsfjellets kanskje finaste leirplass. Dei tre siste dagane har det blitt nesten 15 mil på sti.

(Film: Øystein Bjørke) 

 

LAURDAG 13. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 50min
Akk. høgdemeter: 1040
Øystein og gjengen ankom i går kveld i gnistrande nordlys og måne som akkurat kraup over fjella. Bra start på ei fin helg. I dag tok me for oss av kremen av stiar på Golsfjellet. To lange økter med ein lang lunsjpause mellom - der Øystein lagde vafler...

0914

0913 5

0913 5

0913 5

0913 5

0913 5

 

FREDAG 12. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 760
Golsfjellet på langs og tvers. Eg finn stadig nye stiar i dette området. I kveld kjem Øystein og Øyvind med familiar, så no blir det folksomt her. Skal i løpet av dei neste to dagane visa dei mine favorittstiar.

 

TORSDAG 11. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 410
Fin kveldstur på flotte stiar på Storefjell på Golsfjellet.

 

LAURDAG 6. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1075
Brynjulv og eg tok turen inn Raundalen til Mjølfjell, og vidare inn Rjoandalen og opp i Såtedalen. Flott tur, og no begynner haustfargane så smått å visa seg i fjellet.

0906 3

0906 3

0906 3

 

FREDAG 5. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjelløping
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 1275
Brynjulv, Taro og eg gjekk/sprang på Horgje frå Flatekvål via Klondyke. Taro må vera verdas sprekaste hund, og jaggu kan han klatre også!

 

TORSDAG 4. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 420
Intervallar i Tjukkebygdi.

 

TYSDAG 2. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: ca. 700
Brynjulv og eg la kursen innover Raundalen og tok blant anna skogsvegen så langt den går opp mot Horndalsbotnen.

 

MÅNDAG 1. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjelløping
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 615
Starta på Mølster. Sprang/gjekk motsatt veg av normalt, opp via Raugstad, over Hanguren og ned att Hangurslia.