FEBRUAR 2015

 

LAURDAG 28. FEBRUAR
I dag var det lange motbakkar som stod på programmet igjen. 2890 høgdemeter i fjella vest for Andermatt. Utruleg flotte fjell i dette området.

0228 yv 4

0228 yv 4

0228 yv 4

0228 yv 4

 

FREDAG 27. FEBRUAR  
Dagen vart tilbrakt med pudder til navlen i det fantastiske skianlegget i Engelberg.

 

TORSDAG 26. FEBRUAR
Alpeturen starta optimalt, og Øystein, Øyvind og eg gjekk opp og dundra ned 2045 høgdemeter i perfekt pudder nord for Engelberg i Sveits.

0226 1

0226 1

0226 1

0226 1

0226 1

0226 1

0226 7

(Foto over: Jarle Trå)

(Foto under: Øyvind Birkeland)

0226 yv 1

0226 7

0226 7

0226 7

0226 7

0226 yv 8

0226 yv 8

0226 yv 9

0228 yv 4

0228 yv 4

0228 yv 3

 

MÅNDAG 23. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 2030
Pudderfesten i Jordalen fortset. Endå 10 cm. til sidan i går. Tre nedkøyringar i kveld. Rypene hadde ikkje lært etter gårsdagens drama og hadde gravd seg ned på nøyaktig samme plass, men i dag skremte eg dei ut på veg opp.

 

SUNDAG 22. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 6t 05min
Akk. høgdemeter: 2845
Eit langt kveldsskift med fire perfekte nedkøyringar i Tverrlia i Jordalen. Starta alle nedkøyringane rett under fortoppen på Vardanosi (1294m). Å finne ut kvar pudderforholda er gode kan vera ein omfattande prosess. Diverse nettsider der ein kan sjå vindretning, nysnømengde og temperatur for dei siste dagane vert studert for å finna område, himmelretning på fjellsida og høgde over havet der forholda må vera bra. Sjølvsagt vert også værmeldinga og varsom.no (snøskredfare) nøye studert. I dag peika alle indikatorar på at Jordalen måtte vera bra - og det stemte så til dei grader. 20 cm. pudder låg jevnt frå rett under toppen og heilt ned til bilen. Kanskje min beste kveld i Jordalen til no denne vinteren, sjølv om det eigentleg har vore heilt optimal alle gongene eg har vore her. Dyrelivet var også aktivt i kveld. Ein hjort traverserte lia 100 meter framfor meg på første turen opp, ein annan hjort + ein rev hadde brukt sporet mitt som veg mellom den første og den andre turen opp. Men i kveld skjedde også det som eg har frykta skulle skje snart, det har vore nære på fleire gonger tidlegare i vinter. Eg brasa rett inn i ein rypeflokk som hadde grave seg ned for natta. 6-7 ryper eksploderte opp av nysnøen akkurat på det partiet ein har aller høgast fart. Det skjedde så fort at eg ikkje hadde mogelegheit til å gjera noko, i ein hundredel av eit sekund var det fuglar overalt rundt meg. Ei rype traff meg i låret og ei anna vart knøvla under skia i det eg kasta meg inn i ein panikksving. Eg fekk ikkje stoppa før sikkert 50 meter lenger nede og trakka meg fort opp att for å sjå om det var nokon som trengte førstehjelp (eller avliving...). Heldigvis var det ikkje verken fugl eller blodspor på ulykkestaden, så eg må berre håpa det gjekk bra. Men ikkje noko moro uansett, dei fekk seg nok sitt livs sjokk.

 

LAURDAG 21. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1695
To nedkøyringar frå Nesthustjørni (1128 moh). Fint føre heilt frå toppen, ned til 450 moh. var det pudderføre av beste sort.

 

FREDAG 20. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 665
Gjekk frå Bavallen opp på Horgaletten. Dette var første turen med mine nye Dynafit TLT 6 sko. Dei satt perfekt på foten, akkurat som mine gode gamle TLT 5 (det andre paret eg har slitt ute på 4 vintrar).

 

MÅNDAG 16. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 900
Gjekk frå Liasete i Espelandsdalen opp på Strutseggi (1137m). Hadde tenkt meg vidare på Seldalsnuten, men vinden var så kraftig på toppen at det ikkje var mogeleg å stå oppreist. Eg fekk av fellene i ein fart og evakuerte ned igjen samme veg som eg kom opp. I dag var det skarejern for alle penga, trur ikkje eg hadde komme meg opp utan.

 

FREDAG 13. - SUNDAG 15. FEBRUAR
Martin inviterte til topptur-samling på hytta på Kvamskogen. Lars Kristian, Guttorm, Njål og eg fekk oppleva Martins favoritt-nedkøyringar i perfekte forhold. Strålande sol og 5 cm. pudder heilt til topps. Laurdag tok me Byrkjefjellet (1046m) og Iendafjellet (1260m), mens sundag vart det to turar ned frå Skeisheia (810m). Kjempehelg!

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Martin Hindenes)

 

TYSDAG 10. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 1025
Samme turen som i går, men i dag fann eg ei endå betre linje gjennom skogen. I dag var det drittvær og drittføre, men dette blir ei veldig bra nedkøyring når det er pudderføre.

 

MÅNDAG 9. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1035
Martin og Guttorm vart med på utforskningstur. Frå Nesthus på sørsida av Vangsvatnet går det ein skogsveg nesten opp til stølen Rapjane. Fin og åpen skog går over i ein stor og passeleg bratt flanke heilt opp til Nesthustjørni. Sjølv med våt snø heilt til topps var det stort sett bra føre, bortsett frå nederst i skogen der det var sugeføre. Kjempefin tur når snøen ligg langt ned, i dag starta me 150 moh.

(Foto: Martin Hindenes)

 

FREDAG 6. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1465
To nedkøyringar på sørsida av Espelandsdalen, litt lenger aust enn tidlegare - mange mogelegheiter i denne lia. No går me inn i ein varmare (og meir vindfull) periode, så kanskje blir det nokre dagar til neste puddertur.

 

TORSDAG 5. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 1520
To nedkøyringar på sørsida av Espelandsdalen. Noko av det som er så spesielt i år - bortsett frå det stabile pudderføret som har vart i to månader no - er at det ofte har vore tilnærma vindstille sjølv på toppane. Sjølvsagt har det vore nokre uværsperiodar som har vart nokre dagar, men bortsett frå dei har det vore lite vind. I fjor blas austavinden kontinuerleg gjennom marg og bein på denne tida, og me har sjeldan frose så mykje på toppturar som me gjorde i fjor. I år har det knapt nok vore behov for å ta på dunjakka på toppen før nedkøyringa.

 

ONSDAG 4. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1495
Tre nedkøyringar i Oksli aust for Brandset. Som vanleg perfekt føre...

 

TYSDAG 3. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Totaltid: 6t 15min
Akk. høgdemeter: 2685
Å oppleve strålande sol, ein flott solnedgang og tilnærma fullmåne på ein og samme tur var målet i dag. Fire nedkøyringar frå Horndalsnuten (tre frå toppen, ein frå ca. 1200 moh). Først den store renna som ledar ned til Modalstjørn, litt blanda føre, ikkje heilt optimalt før eg kom langt ned. Så den store flanken litt nord for renna, her var føret stort sett bra. Denne flanken var farga rosa av solnedgangen då eg køyrte ned. Så med hodelykt ned den store renna nordvest for toppen, men denne var ikkje heilt i toppform i dag, eg måtte heilt ned i skogen før det vart halleluja-stemning. Det samme på den siste nedkøyringa ned mot Nedrestølen, så fort eg var i skogen var det kjempebra.

0203 6

0203 6

0203 6

0203 6

0203 6

 

MÅNDAG 2. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1440
Even og Martin var i kveld med for å ta ein kikk på den etter kvart sagnomsuste lia i Granvin. Og dommen var som i går, dette er skileik av aller beste sort. Perfekt føre frå topp til botn. To nedkøyringar.

0202 2

0202 2

 

SUNDAG 1. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 1880
Bjarte og Brynjulv vart med til Espelandsdalen for å testa ut lia som eg fann i går. Og dagen vart ubeskriveleg bra, med perfekt føre, strålande vær og ein type skiterreng som ein ikkje finn så mykje av i Norge. Klippar og "puter" og bratt botnalaust pudder... ein kombinasjon som innbyr til utruleg artig skikøyring. Tre nedkøyringar vart det før me tok kvelden, den eine frå toppen av Kvasshovden (1065m).

0201 7

0201 7

0201 7

0201 7

0201 7

0201 7

0201 7