JULI 2015

 

TORSDAG 30. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 520
Bømoen og over Storåsen.

 

TYSDAG 28. JULI
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 930
Bjarte og eg tok for oss av diverse skogsvegar og stølsvegar øverst i Dyrvedalen.

 

MÅNDAG 27. JULI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 830
Starta på Møn. Fine, tørre stiar i området Opelandstølen og Hildestveit.

 

LAURDAG 25. JULI
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1130
Ein strålande sykkeldag. Først ein rask tur på Rallarvegen frå Flåm. Så rett heim for å sjå ein av tidenes Tour de France-etappar. Mange av fjella i Alpane som dei har sykla dei siste fire dagane tok eg i fjor haust. Ekstra artig å følga med når ein kjenner terrenget i detalj.

 

ONSDAG 22. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 300
Eit par rundar i Bømoen.

 

MANDAG 20. JULI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 1235
På veg heim frå Nissedal tok eg meg ein tur opp på Rossnos (1407m) i Odda. Dette fjellet som reiser seg rett opp frå Odda sentrum var favoritt-turen då eg budde i Odda på 90-talet. Eg var på toppen nesten 100 gonger i løpet av to år.

 

SUNDAG 19. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Stad: Nissedal
Totaltid: 5t 35min
Akk. høgdemeter: 1105
Frode reiste vidare på ferie så den siste dagen tilbrakte eg åleine.

0719 2

0719 2

 

LØRDAG 18. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Stad: Nissedal
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 855
Frode og eg.

0718

 

FREDAG 17. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Stad: Nissedal
Totaltid: 5t 50min
Akk. høgdemeter: 1210
Frode og eg.

0717 7

0717 10 

0717 6

0717 8

0717 9

 

TORSDAG 16. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 1100
Frode og eg hadde satt av nokre dagar til å finna på eit eller anna. Men når det er så ustabilt vær som det er no gjeld det å studere værmeldingane nøye. Og den levna ingen tvil – dei neste dagane burde ein tilbringa på Sørlandet. Eller i alle fall i fjella så langt sør som mogeleg. Dermed vart det stisykling i Nissedal. Fire dagar og utalelege mil i Norges beste stisykkel-terreng. Perfekt singletrack av flyt-typen, ispedd parti som er akkurat utfordrande nok til at ein får testa teknikken og eksplosiviteten – og ikkje minst psyken… Og det som Nissedal kanskje er aller mest kjent for – dei fantastisk sva-partia som gir ein heilt spesiell sykkelopplevelse. Her kan ein halda stor fart, og ein kan strekka grensene for kor bratt det er mogeleg å sykla, både opp og ned. Fjellet i dette området gir ein så utruleg friksjon, spesielt når det er så oppvarma av sola som det var desse dagane, at motet som regel sviktar før grepet.

0717 1

0717 5

0717 5

0717 5

0717 5

 

TYSDAG 14. JULI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 730
Starta på Gjelle og gjekk/sprang via Roset opp på nedre del av Sandfjellet.

 

MÅNDAG 13. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 480
Martin og eg tok oss ein runde med fulldemparane i Bømoen og over Storåsen.

 

SUNDAG 12. JULI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 2180
Turen på fredag var så flott at Brynjulv og eg nesten kopierte den i dag, men i motsatt retning. Me starta frå Olavstøl i Granvin og gjekk først opp på Stavaskar. Deretter rett ned i Seldalen og opp via Rastiklov til Seldalsnuten (1548m). Så rett ned nordsida til Mysedalen og Trollabotnen. Etter ein matpause i sola gjekk me opp på Olsskavlen (1576m). Så glei me ned ryggen og opp på Stavaskarsnuten (1349m) og ned att til Olastøl. Stort sett nydeleg føre også i dag.

0703 3

0712 2

0712 2

(Foto: Brynjulv Eide

 

FREDAG 10. JULI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 6t 10min
Akk. høgdemeter: 2460
Frode og eg starta frå Olavstøl i Granvin. Gjekk berre 15 minutt på beina og deretter var me på snø resten av dagen, trengte ikkje ta av ski ein einaste stad på heile turen. Me gjekk først opp på Strutseggi (1137m), deretter ned i Sla i Stavaskar og opp forbi Stavaskarsnuten (1349m) og vidare ryggen opp til Olsskavlen (1576m). Ned på nordsida til Mysedalen og Trollabotnen. Deretter opp på Seldalsnuten (1548m). Så ned via Rastiklov til Seldalen og rett opp att på Stavaskar, før me fekk dagens siste nedkøyring ned til Olastøl. Ein strålande tur, med stort sett veldig bra føre - i alle fall datoen tatt i betraktning.

0710 2

0710 2

 

TORSDAG 9. JULI
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 985
Frå Flatekvål opp via Klondyke til Vådalseggi.

 

TYSDAG 7. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 280
Kveldsøkt på stiar i Bømoen.

 

SUNDAG 5. JULI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: ca. 700
Starta på Møn og sprang over Mønsberget nesten til Hildestveit. Samme veg attende. Stort sett knusktørr sti.

 

LAURDAG 4. JULI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1630
To nedkøyringar frå Blåskavlen (1809m) i Aurland. Den dramatiske nordsida ned i Leimsdalen var kjempeflott, mens i sørsida ned att til bilen var det sugeføre. Ein av dei varmaste toppturane eg har gjennomført nokonsinne. Ein fantastisk dag!

 

FREDAG 3. JULI
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1215
Frode og eg tok oss ein kveldstur til Ulvik. Ein nydeleg sommarkveld, men Herr Krampe var litt ufin mot meg på slutten av turen, så i kveld blir det natriumklorid, magnesium, kalium og kalsium til kvelds. Nam nam...

 

TORSDAG 2. JULI
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: ca. 700
Kveldstur nesten opp til Klondyke på Horgje.

 

ONSDAG 1. JULI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 5t 20min
Akk. høgdemeter: ca. 1950
Frode og eg på juli-topptur på Raundalsryggen. Sykla frå Skiple med skia på ryggen, så ein mellometappe på sko før me kunne ta på oss skia ved stølen i Horndalen, ca. 660 moh. Køyrte først ned nordsida av Horndalsnuten, deretter Superflanken på Skipadalsnuten. Strålande sommarføre ned frå begge to.

0701 3

0701 3

0701 3

0701 4