MARS 2017

 

FREDAG 30. MARS
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 165
Stad: Storåsen frå Gudleikstræet

 

ONSDAG 29. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 1900
I dag såg eg på værmeldingane at det ville bli mykje meir sol i Jordalen enn nærmare Voss sentrum. Først opp på Solbjørganipa (1464m). Så ned ned sørsida ned til kanten der det stuper rett ned i Nærøydalen. Fantastisk slush-føre. Så opp på Giljabotnnipa (1499m). På kartet har ikkje dette store fjellet noko navn, til tross for at det er eit av dei høgaste i Voss kommune, men det er oppført som Giljabotnnipa fleire stader på nettet. Ned sørvestflanken til samme stad som etter første nedkøyring. Denne flanken er ein av dei flottaste i området. Så opp att på Solbjørganipa (1464m) og ned nordsida der føret var litt hardare, i alle fall høgt oppe.

 

TYSDAG 28. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: ca. 2t 25min
Akk. høgdemeter: 1135
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Brynjulv og eg. I motsetning til på sundag var det raskt føre i dag , både i høgfjellet og i løypene ned mot Bavallen. Lønahorgi er vanlegvis ikkje det mest spennande topptur-fjellet, men med føre som i dag var det strålande.

Lnahorgi-1

Lnahorgi-2

Lnahorgi-3 

 

MÅNDAG 27. MARS
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 21min
Akk. høgdemeter: 445
Fjell: Lyderhorn (396m) frå Gravdalen

 

SUNDAG 26. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 27min
Akk. høgdemeter: 945
Fjell: Gråsidetoppen (1307m)
Brynjulv og eg starta frå Tillung. Fin tur, men tidenes sugeføre ned att.

 

FREDAG 24. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105 / Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1620
Stad: Tverrlia i Jordalen
Fortsatt fantastiske pudderforhold. Men dette var sannsynlegvis siste kvelden, i morgon kryp plussgradene langt til fjells.

 

ONSDAG 22. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1535
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Eit par cm. til sidan i går. 

 

TYSDAG 21. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1620
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
To nedkøyringar. Fortsatt fantastiske forhold. Til helga kjem våren og mildværet, så nå gjeld det å smi mens pudderet er tørt...

 

SUNDAG 19. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 915
Stad: Tverrlia i Jordalen
10 nye cm. hadde komme sidan i går, og 5 til kom i løpet av tida eg var der. To nedkøyringar frå litt over skoggrensa. For ei pudderhelg dette har vore - vinterens beste så langt!

 

LAURDAG 18. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 2050
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Jordalen er plassen å vera når det er pudderfest. Tre nedkøyringar, to frå toppen og ein frå litt over skoggrensa.

 

FREDAG 17. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1505
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Pudderalarmen gjekk i dag, og dermed vart kursen satt mot Jordalen. Botnalaust og fantastiske forhold. Tre nedkøyringar, ein frå toppen og to frå rett over tregrensa. Mykje storfugl for tida - i går såg eg ei orrhøne, i dag flaug ein tiur og ei røy ut rett framfor meg.

Vardanosi-1

"Kvitebjørn" møter meg med hoppande entusiasme kvar gong eg svingar inn på parkeringsplassen.

Vardanosi-2

 

TORSDAG 16. MARS
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 34min
Akk. høgdemeter: 555
Fjell: Lyderhorn (396m)
Rundtur frå Gravdalen. Opp via Ørnafjellet (329m), ned att vest for Skåleviksvatnet. Fekk nærkontakt med ei orrhøne, enten sjuk eller litt forvirra, for ho satt i ro berre to meter frå meg på stien i ca. 20 sekund før ho tok til vengene.

 

TYSDAG 14. MARS
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 24min
Akk. høgdemeter: 590
Fjell: Ulriken (643m)
Rundtur frå Haukeland, opp Langrinden og ned "normalruta". Hard vind på toppen.

 

SUNDAG 12. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 970
Fjell: Finnbunuten (1358m)
Kveldstur. Fullmånen kikka såvidt fram mellom skyene av og til, og då var det berre å slå av hodelykta og nyta den spesielle stemninga som det er å gå topptur i månelys.

 

FREDAG 10. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1470
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Kveldstur i Jordalen under tilnærma fullmåne. To nedkøyringar. Ein av vinterens beste pudderkveldar. Litt fuktig snø dei første 150 høgdemetrane, ellers perfekte forhold. Denne vinteren har det ikkje vore altfor mange pudderdagar om ein samanliknar med i fjor, og i alle fall ikkje i forhold for to år sidan som var ein av dei beste vintrane i manns minne med enorme snømengder og stadig påfyll. Men me får satse på at vårsesongen blir bra, snart er det smørslush og strålande vårsol.

 

ONSDAG 8. MARS
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 48min
Akk. høgdemeter: 580
Fjell: Løvstakken (477m)

 

MÅNDAG 6. MARS
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 42min
Akk. høgdemeter: 590
Fjell: Ulriken (643m)
Rundtur frå Haukeland, opp Langrinden og ned "normalruta".

Ulriken 1

 

LAURDAG 4. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1405
Fjell: Nyastølseggi (1505m) frå Berge i Fjærland
Fin topp med kjempeflott utsikt ned mot Fjærland og Fjærlandsfjorden. Fantastisk føre ned den lange sørflanken.

Nyastlseggi-1

Nyastlseggi-2

 

FREDAG 3. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1455
Fjell: Lianibba (1500m)
Litt sør for Hellesylt ligg Lianibba med ein flott og jevnt bratt sørflanke som eg rekna med var heilt perfekt i dag. Gjekk frå Tronstad opp på toppen, så ein nydeleg nedkøyring i Tronstaddalen. Deretter opp att på skuldra under toppen og ned samme veg som eg kom opp. Fantastisk tur i sol og 10 cm. pudder.

Lianibba-1

Lianibba-2

Lianibba-3