AUGUST 2017

 

TORSDAG 31. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2t 38min
Akk. høgdemeter: 851
Bjarte og eg, gjennom Bømoen, innover Raundalen og opp til Fyrjo og Remlo.

 

ONSDAG 30. AUGUST
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 800
Fjell: Volafjellet aust (ca. 1300m)
Brynjulv, Taro og eg starta i Dyrvedalen. Regnet kom i dag også, sjølv om værmeldingane såg bra ut før me starta. Skodda låg tett rundt toppartiet så me tok ikkje sjansen på vesttoppen som er høgast, men også langt inne. Volafjellet er eit mylder av småtoppar på rundt 1300 moh. på eit stort platå. Ingen problem å rota seg vekk på dette fjellet når sikta er dårleg.

P1010763

 

TYSDAG 29. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 05m
Akk. høgdemeter: 286
Martin og eg. Nokre rundar i Bømoen.

 

SUNDAG 27. AUGUST
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 2t 47min
Akk. høgdemeter: 1340
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Via Klondyke. Tørr og fin sti til ein forandring. Lønahorgi via Klondyke er ein kjempeflott tur når forholda er slik som no.

 

LAURDAG 26. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 12m
Akk. høgdemeter: 557
Stad: Bømoen og Storåsen

 

FREDAG 25. AUGUST
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: ca. 1500
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Frode og eg på lang kveldstur. Rundtur frå Afdal opp Tvinnekleivane og over Storebrekkuna til Lønahorgi. Ned att via Svartahorgi.

Lnahorgi 5

Lnahorgi 5

Lnahorgi 5

Lnahorgi 5

 

ONSDAG 23. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 28min
Akk. høgdemeter: 895
Fjell: Volafjellet (1327m)
Fin tur frå Dyrvedalen på det som må vera den finaste (dvs. tørraste...) fjellstien på Voss.

 

TYSDAG 22. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 769
Even, Øyvind og eg. Opp Bavallen og sti rett ned i Dyrvedalen frå Kiseldur. Heilt ny nedkøyring for min del. Fin trasé.

 

MÅNDAG 21. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2t 13min
Akk. høgdemeter: 939
Bjarte og eg. Bordalen inn til Almenningane og vidare opp Langedalen der me snudde rett før Helgaset.

 

SUNDAG 20. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 48min
Akk. høgdemeter: 1050
Fjell: Gråsidetoppen (1307m)

 

LAURDAG 19. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1285
Rune, Bjarte og eg. Fyrst inn Dyrvedalen til Dale, så skogsvegen frå Ukvitne til Nesthus og til slutt opp Gjelle og runden halvvegs inn Bordalen.

 

FREDAG 18. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 537
Rask tur opp til Hindartveit og Smågiljane.

 

ONSDAG 16. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 650
Mølster - Hanguren - Kiseldur - Raugstad - Mølster. Dette var meir gjørmespringing enn stispringing!

 

MÅNDAG 14. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1275
I dag gjekk/sprang eg ein lang rundtur opp på Pizzo Filone (3133m) mens Bjarte tok ein tur med sykkelen. Opp nordryggen og ned sørryggen, artig småklyving opp til toppen. Dette var dessverre den siste av 10 fantastiske dagar i Livigno i denne omgang. Dersom me kunne ha valgt ville me helst vore her ei veke til - minst. Men me kjem nok snart attende... det er lite som slår Livigno når det gjeld stisykling og stispringing.

Livigno14 9

Livigno14 9

Livigno14 9

Livigno14 9

Livigno14 8

Eit amerikansk fly flaug inn i Pizzo Filone under andre verdenskrig (1943). Alle 13 ombord omkom.

Livigno14 9

 

SUNDAG 13. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1110

Livigno13 7

Livigno13 7

Livigno13 7

Livigno13 7

Livigno13 7

Bjarte framfor løypeprofilen av årets kongeetappe på Giro'en, som står i Bormio ved foten til klatringa opp Stelviopasset. Den dagen (23. mai) stod eg og fekk med meg klatringane opp både Stelviopasset og Umbrailpasset (dei to siste toppane på løypeprofilen).

 

LAURDAG 12. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 6t 16min
Akk. høgdemeter: 2039
Lang rundtur i retning St. Moritz.

Livigno12 6

Livigno12 6

Livigno12 6

Livigno12 6

Livigno12 6

 

FREDAG 11. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1160
Litt variasjon frå stisyklinga skadar ikkje. Livigno har like flotte forhold for stispringing som for stisykling, og stien opp på Cima del Fopel (2928m) er av det spektakulære slaget.

Livigno11 9

Livigno11 9

Livigno11 9

Livigno11 9

Livigno11 9

Livigno11 9

 

TORSDAG 10. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1311
Ny flott sti-rundtur. Me er definitivt ikkje dei einaste som har "treningsleir" i Livigno for tida. I dag møtte me Chris Jespersen på rulleski, og for eit par dagar sidan møtte me proff-syklisten Daniel Oss frå BMC.

Livigno10 2

Livigno10 2

Livigno10 4

 

ONSDAG 9. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 6 timar
Akk. høgdemeter: 1974
6 timar i stiparadis! Lang rundtur i Livignos bakgård - villmark som gjer at du nesten føler du er i Alaska. Trur Bjarte kjem til å kjøpa seg hus her nede snart...

Livigno09 20

Livigno09 20

Livigno09 20

Livigno09 20

Livigno09 20

Livigno09 20

Livigno09 20

Livigno09 20

Livigno09 20

Livigno09 20

Livigno09 20

Livigno09 20

Livigno09 19

 

TYSDAG 8. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1504

Livigno08 7

Livigno08 7

Livigno08 4 

MÅNDAG 7. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 4t 55min
Akk. høgdemeter: 1683
Fantastisk dag på nokre av Livignos beste stiar.

Livigno07 12

Livigno07 12

Livigno07 12

Livigno07 12

Livigno07 12

Livigno07 12

Livigno07 12

Livigno07 12

Livigno07 12

Livigno07 12

Livigno07 12

Livigno07 12

 

SUNDAG 6. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2t 33min
Akk. høgdemeter: 777
I dag hølja det ned til langt ut på ettermiddagen og det vart derfor ein kveldstur på oss då det plutseleg skein opp. Me tok delvis samme sti-trasé som i går, men me fortsatte på grusveg og sti opp til passet Forcola di Livigno (2315m).

 

LAURDAG 5. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 1t 21min
Akk. høgdemeter: 240
Bjarte og eg kom til Livigno i Italia i dag. Fekk oss ein liten tur allereie fyrste kvelden, på artige stiar rundt sentrum. Livigno er eit paradis for stisykling og fjellsykling.

11 Alpane 2015 10

 Livigno (bilete frå hausten 2015)

 

TORSDAG 3. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 170
Stad: Bømoen

 

ONSDAG 2. AUGUST
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 2t 46min
Akk. høgdemeter: 1340
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Brynjulv, Taro og eg. Via Klondyke. Regn heile tida, men noko anna hadde jo vore unaturleg... fin tur likevel.

mms img8545871420