DESEMBER 2017
SUNDAG 31. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: ca. 2 timar
Akk. høgdemeter: 784
Fjell: Strutseggi (1137m), me snudde rett under toppen
Andreas og eg på nyttårstur frå Liaset. Pudder heilt opp, men vinden var aukande så det spørs om pudderføret overlever nyttårshelga.
LAURDAG 30. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 5t 10min
Akk. høgdemeter: 2694
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Fortsatt fantastiske pudderforhold heilt til topps. Fire nedkøyringar, tre frå toppen og ein frå rett over tregrensa.
TORSDAG 28. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 2300
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Øystein, Øyvind og eg på puddersafari i Jordalen. Om mogeleg endå betre forhold enn i forgårs. Tre nedkøyringar.
(Film: Øystein Bjørke)
TYSDAG 26. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 2360
Stad: Tverrlia
Kuro-føre i Tverrlia. 5 nedkøyringar frå ca. 1050 moh. Kvelden kan oppsummerast med tre ord - botnalaust, fantastisk og wow!
MÅNDAG 25. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1392
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Øystein og eg. To nedkøyringar. Me var litt usikre kor langt ned varmegradene hadde herja, men vart positivt overraska. 150 høgdemeter over parkeringsplassen var det 15 cm. med pudder av beste kvalitet, og det auka fort til 30 cm. Vindstille og fantastiske forhold heilt frå toppunktet - sjeldan pudderet ligg så jevnt på høgfjellet.
(Film og foto: Øystein Bjørke)
SUNDAG 24. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 57min
Akk. høgdemeter: 1216
Juletur på Horgje for å skjerpa appetitten før pinnakjøtet. Snøen lava ned i Bavallen då eg starta, men det ga seg etter få minutt og det var opphaldsvær til eg kom ned att til bilen då det begynte å snø att. Flotte forhold, vindstille og 10 cm. pudder frå Tråstølen. Flatt ljos og litt avblåst heilt på toppen. Med medbrakt varm julegløgg og julekaker vart det til og med julestemning i "røyret" på toppen.
LAURDAG 23. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 16min
Akk. høgdemeter: 708
Frode og eg satsa på at Yr og Storm hadde rett og at det voldsomme regnet ville gi seg nøyaktig kl. 19. På køyreturen opp til Bavallen hølja det ned, men i det me tok dei første stavtaka ga det seg og i løpet av få minutt var det heilt stjerneklart. Ein liten måne kasta sitt trolske ljos over fjellet og det var ein spesiell stemning, til tross for at vinden tok godt. Me snudde på toppen av Horgaletten.
ONSDAG 20. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 41min
Akk. høgdemeter: 1013
Frå Bavallen opp til andre kvilehytta på Lønahorgi. Skiftande vær - stjerneklart på veg opp, regn som fraus på jakka på veg ned. Som forventa var ikkje føret noko å skryta av.
MÅNDAG 18. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 4t 22min
Akk. høgdemeter: 2319
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Tre nedkøyringar i nydelege forhold heilt frå toppen. Sannsynlegvis siste dagen med pudderføre i denne omgang, no kjem mildværet.
Spanande dag på kontoret! To havørner heldt seg rett utanfor kontorvindauga mitt i dag. Skjorene i området og endene som held til i elva var ikkje spesielt happy med situasjonen, men for meg var det ein opplevelse. Dette er ikkje kvardagskost på Voss.
SUNDAG 17. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 930
Fyrste turen i Halvmeterskogen i Myrkdalen denne vinteren. To nedkøyringar.
LAURDAG 16. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 5t 52min
Akk. høgdemeter: 1988
Fjell: Stavaskar (1258m)
Steinbra tur med Torstein og Øystein. Tre nedkøyringar på sørflanken av Stavaskar. Fantastiske forhold!
(Film: Torstein Greni og Øystein Bjørke)
FREDAG 15. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 741
Fjell: Raudhovden (894m)
To nedkøyringar
TORSDAG 14. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 669
Fjell: Raudhovden (894m) og Såta (933m)
Håvard, Guttorm og eg. To nedkøyringar, fyrst frå Raudhovden, deretter frå Såta. Såg endå fleire stjerneskot i kveld enn for to dagar sidan.
ONSDAG 13. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 2120
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Tre nedkøyringar. Flott føre heilt frå toppen etter at det kom 7-8 cm. til tidlegare i dag.
TYSDAG 12. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 616
Fjell: Såta (933m)
Guttorm, Øyvind, Martin og eg. To nedkøyringar frå Såta under meteorregn og nordljos. Denne lia er ikkje så lang, men gir ei utruleg artig nedkøyring gjennom åpne glenner i skogen. Øyvind skremte opp ein storfugl, dvs. det var vanskeleg å sei kven som skremte kven...
(Foto: Martin Hindenes)
SUNDAG 10. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 52min
Akk. høgdemeter: 1841
Fire nedkøyringar i Tverrlia i Jordalen, frå eit stykke over skogsgrensa. Maksimale pudderforhold for tida!
LAURDAG 9. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1630
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Kveldsøkt i Jordalen. Har fleire gonger skremt ut rypeflokkar (dessverre) i denne lia, men i kveld tok jumbojet-versjonen av rett framfor meg. Det gjekk så fort nedover lia at eg i farten ikkje såg om det var orre eller tiur. Eg er ikkje av den lettskremte typen, men det er temmeleg voldsomt når ein fugl av den dimensjonen eksploderer opp av snøen rett framfor deg. Var ikkje meir enn ein meter frå den i det eg svinga unna i siste liten. Skremte ut ein hare også, så det var mykje liv i lia i kveld. Tre nedkøyringar, ein frå toppen og to frå eit stykke over tregrensa.
ONSDAG 6. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 12min
Akk. høgdemeter: 669
Opp på Horgaletten i ausande regn.
SUNDAG 3. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 1269
Dårleg sikt opp til Horgaletten, men der gjekk eg ut av skyene og eit landskap bada i fullmåneskin møtte meg. I slike stunder gjer det ingenting at føret ikkje er optimalt.
FREDAG 1. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Fjell: Såta (933m)
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 440
Håvard, Martin og eg. Kjapp, men veldig bra nedkøyring frå Såta til Øvre Fenno. Ny klassikar!