JANUAR 2018
ONSDAG 31. JANUAR
Aktivitet: Ski (Moonlight All Mountain Carbon Race)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1526
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
To nedkøyringar. Over halvmeteren med pudder!
Fekk låna Evens superlette Moonlight All Mountain Carbon Race. Til og med lomhunden var imponert.
TYSDAG 30. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: ca. 2 timar
Akk. høgdemeter: ca. 670
Kjartan, Jan Olav, Even og eg. Start i Bavallen. To nedkøyringar i skogen på sida av utforløypa. Store mengder pudder.
LAURDAG 27. JANUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 48min
Akk. høgdemeter: 530
Opp Raugstadløypa og til Hanguren. Samme veg attende.
Mykje troll ute og gjekk i skogen i kveld.
FREDAG 26. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 22min
Akk. høgdemeter: 2340
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Tre nedkøyringar i halvmåneljoset. Perfekte forhold, 10 cm. pudder som låg jevnt heilt frå toppen.
TORSDAG 25. JANUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 340
Opp og ned Raugstadløypa. Tungt å sykle opp men Raugstadløypa er ufatteleg artig å sykle ned med fatbike.
ONSDAG 24. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: ca. 55 minutt
Akk. høgdemeter: ca. 520
Martin, Øyvind, Håvard og eg. Frå Bavallen opp på Bavallstoppen. Sugeføre, ausande regn og kraftige vindkast på toppen.
Foto: Øyvind Birkeland
TYSDAG 23. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 967
Fjell: Tverrlia i Jordalen
To nedkøyringar i skogen. Då eg kom ned att til bilen vart det kram snø så eg hadde flaks med forholda - plussgradene er på veg oppover.
MÅNDAG 22. JANUAR
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 475
Flott springetur på "snøsti" over Blindheimsfjellet (450 moh.) med lysa frå Ålesund i bakgrunnen.
LAURDAG 20. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 57min
Akk. høgdemeter: 1628
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Tre nedkøyringar, ein frå toppen og to frå litt over tregrensa. 10 cm. påfyll sidan torsdag, perfekt i skogen men litt vindpåvirka over tregrensa.
TORSDAG 18. JANUAR
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1507
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
To nedkøyringar.
Når ingen andre kan vera med stiller alltid Kvitebjørn opp. Alltid like blid og entusiastisk. Det einaste kravet han stiller for å vera med er litt kake og masse kos.
ONSDAG 17. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 32m
Akk. høgdemeter: 690
Fjell: Såta (933m) og Raudhovden (894m)
Ein ser tydeleg at vinden for to dagar sidan herja ekstremt med snødekket. Reine berg- og dalbanen nedover dei vanlegvis jevne og fine snøflankane på Såta. Heldigvis kom det 15 cm. pudder etter at vinden løya slik at forholda no er bra til tross for dette.
SUNDAG 14. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: ca. 1t 50min
Akk. høgdemeter: ca. 700
Martin, Øyvind, Alex og eg starta på Skutle og gjekk opp den preparerte løypa til Otledalen og vidare oppover mot Grønahorgi, men me snudde eit godt stykke under toppen pga. kraftig vind.
LAURDAG 13. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1810
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Øyvind, Brynjulv og eg. Frå Øvre Fenno over Byrseteggi (1025m) og vidare opp på Horndalsnuten (1461m). Over Byrseteggi på veg heimatt også. Flott vær og til dels fint pudder nede i dalane, men skareføre høgt oppe.
(Foto over: Øyvind Birkeland / Foto under: Jarle Trå)
FREDAG 12. JANUAR
Aktivitet: Sykkel, Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 44min
Akk. høgdemeter: 555
Frå Myrkdalen forbi Revhaugen og opp rundt Tjørnarhovden. Vidare innover Kvanndalen til det høgaste punktet, der det tippar ned att mot Brekkedalen. Artig nedkøyring ned att til Myrkdalen. Stjerneklart og kun eit par kuldegrader høgt oppe, mens det var -11 nede ved Myrkdalsvatnet.
TORSDAG 11. JANUAR
Aktivitet: Sykkel, Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 37min
Akk. høgdemeter: 630
Når forholda er mindre gode for topptur på ski betyr det som regel gode forhold for fatbike. Frå Raugstad opp på Hanguren, via Finnesdemma til Raude Kross-hytta mot Kiseldur og ned att til Raugstad. I kveld var det berre å gi gass nedover også, sidan snøen var slik at dekka satt som limt i svingane.
ONSDAG 10. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 38min
Akk. høgdemeter: 729
Einar, Brynjulv, Ronja, Taro og eg. Frå Bavallen opp på Hangurstoppen, ned til Hanguren, ein runde i langrennsløypa (?) via Finnesdemma attende til Hangurstoppen og så ned att koffertløypa til Bavallen.
SUNDAG 7. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 1020
Fjell: Såta (933m)
Tre nedkøyringar i 15 cm. dagsferskt pudder.
LAURDAG 6. JANUAR
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: ca. 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1290
Fjell: Bjørndalskamben (1402m)
Peter, Brynjulv og eg. Nydeleg vær og flott pudder heilt frå toppen.
TORSDAG 4. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: ca. 1t 50min
Akk. høgdemeter: ca. 750
Fjell: Såta (933m)
Morten, Knut og eg. To nedkøyringar, ein på nordsida ned til Potten og ein på sørsida.
ONSDAG 3. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 21min
Akk. høgdemeter: 1843
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Tre nedkøyringar, ein frå toppen og to frå ca. 1100m.
TYSDAG 2. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: ca. 1t 50min
Akk. høgdemeter: 695
Fjell: Såta (933m)
Martin, Håvard og eg. Flott fullmåneskin og perfekt pudder. To nedkøyringar.