MAI 2018

 

TORSDAG 31. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 1t 28min
Akk. høgdemeter: 673
Vart med Frode på ei intervall-kveldsøkt i Bavallen. Tunge bein! Kom heim att til Voss i dag, for ein gongs skuld til høgare temperaturar enn der eg kom frå.

 

MÅNDAG 28. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 685

 

SUNDAG 27. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 800
Område: Ventimiglia - Monaco
Fin kombinasjon av langtur på fjellvegar i dei dramatiske fjella over Monaco, og optimal utsikt til Formel 1 Monaco Grand Prix som vart arrangert i dag. Med kikkert frå mitt utsiktspunkt i fjellet 520 meter rett over byen kunne eg følge løpet nesten som på fjernsyn. Heldigvis vart det ein voldsom duell mellom dei aller beste, så det var spenning frå start til mål - nesten to timar. Hastigheiter på opp mot 290 km/t i dei smale gatene gjer at ingen andre Formel 1-løp kan samanliknast. Formel 1 i Monaco må opplevast.

0527 12

0527 12

0527 12

0527 5

0527 12

0527 7

0527 12

0527 9

0527 12

0527 12

 

LAURDAG 26. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3 timar (inkl. sykkel til og frå)
Akk. høgdemeter: 839
Område: Borghetto Santo Spirito

0526 3

0526 3

0526 3

 

FREDAG 25. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1622
I dag fekk eg oppleva ein av dei råaste Giro-etappane gjennom rittets 101 år lange historie – og det som blir ein av dei desidert største dagane i Chris Froome sin karriere. Eg sto på toppen av Colle delle Finestre og såg han langt der nede i svingane rett etter han hadde rykka. Når han passerte der me sto 15 minutt seinare hadde han allereie fått 30 sekund. Men det var fortsatt 80 kilometer til mål. Les alt om kva som skjedde på denne utrulege etappen her.

0525 18

Froome har fått ei solid luke.

0525 18

Han kosta forbi oss i eit uverkeleg tempo på grusvegen (Colle delle Finestre er det einaste fjellpasset med grusveg som blir nytta i nokon av Grand Tourane)

0525 18

Dumoulin hadde nok eit stort håp om å ta den rosa trøya i dag, men han vart sannsynlegvis like sjokkert som alle andre over Froome sitt rykk.

0525 18

0525 18

Den Rosa trøya - Simon Yates - klarer ikkje eingong å følge sine eigne hjelperyttarar som desperat prøver å lose han opp. Total kollaps. Han tapte 38 minutt til Froome i dag...

0525 18

Hjelperyttarane hans er på søndagstur, men Yates er totalt på felgen.

0525 18

20 minutt etter Froome kjem gruppettoen.

0525 18

0525 18

0525 18

Tusenvis av syklistar kjempar seg oppover den endelause motbakken frå Susa i timane før proffane kjem. Colle delle Finestre er eit av dei mest berømte - og frykta - fjellpassa i sykkelverda. 1650 høgdemeter rett opp og nesten halvparten av distansen går på grusveg. Eg sykla det første gongen for nokre år sidan og då eg såg det var på programmet i årets Giro bestemte eg meg for at dette var etappen eg måtte få med meg i år. Dette var kongeetappen og Cima Coppi (det høgaste fjellpasset) på årets Giro, det kan samanliknast med ein kombinasjon av Holmenkollsøndag og 17. mai i Noreg. Italienarane er komplett sykkelgale!

0525 18

Mykje meir snø enn vanleg i Alpane på denne tida av året. Sjølv om det har vore varmt i det siste så tar det tid å smelte så mykje snø. I dag var det spesielt varmt og me trengte ikkje ta på oss ekstra klær sjølv om me sto på nesten 2200 moh.

 

TORSDAG 24. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 5t 35min
Akk. høgdemeter: 1611

0524 3

0524 3

0524 3

 (Bilete tatt for nokre dagar sidan i det samme området som eg var i dag)

 

ONSDAG 23. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1762
Det er ikkje berre fulldempar som gjeld i Finale Ligure. Oppe i fjella langt bak kysten er det eit sammensurium av kjerrevegar og skogsvegar som gir flott terrengsykling. Og dei smale asfaltvegane som slynger seg i hårnålssvingar opp og ned mellom små landsbyar i fjellsida gjer at det er vanskeleg å kjeda seg på langtur. Lite biltrafikk gjer dette området til eit eldorado også for landevegssyklistar. Og sjølv om sør-europearane har ein meir hektisk køyrestil generelt så har dei respekt for syklistar så lenge ein tilpassar seg og forstår "trafikkflyten" som innebærer betrakteleg mindre marginar enn det me er vant med lenger nord på kontinentet.

 

MÅNDAG 21. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 5t 40min
Akk. høgdemeter: 1791

0521 3

0521 3

0521 4 

(Bilete tatt for nokre dagar sidan i det samme området som eg var i dag)

 

SUNDAG 20. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 745
Stad: Spotorno

0520 3

0520 3

 

LAURDAG 19. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 1468

0519 3

0519 3

0519 4

 

FREDAG 18. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 6t 10min
Akk. høgdemeter: 1420
Til no har eg hatt stiane stort sett for meg sjølv, men det er langhelg også i Italia denne helga og dermed møtte eg litt fleire stisyklistar i dag.

0518 20

0518 20

0518 20

0518 20

0518 20

0518 20

0518 18 

 

TORSDAG 17. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1140
Fjell: Monte Ravinet (1061m)

0517 5

0517 5

0517 5 

 

ONSDAG 16. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 948
Heldt meg på asfalten i dag, på smale og svingete vegar i fjella bak "badebyane" som ligg tett i tett langs kysten.

0516

 

TYSDAG 15. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 1479
Område: Orco - Finale di Ligure

0515 2

0515 2 

 

SUNDAG 13. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 20min (inkl. sykkel til og frå)
Akk. høgdemeter: 842
Område: Borghetto Santo Spirito

 

LAURDAG 12. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 912

0509 4

Mange av dei fantastiske stiane her går inne i skogen så det er ikkje så lett å ta bilete, men av og til åpnar det seg opp med utsikt ut over Middelhavet.

0509 4

0509 4

Dette er ein av grunnane til at eg likar Italia så godt. Plutseleg - på dei merkelegaste plassar - dukkar det opp ein serveringsstad langt oppe i fjellet, der du kan få kjøpt deg ein velsmakande lunsj.

 

FREDAG 11. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1025
Har flytta ned til Finale Ligure på Middelhavskysten. Finale Ligure kan tilby noko av den beste stisyklinga i heile Europa. Over 1300 kilometer med stiar av alle kategoriar. Var her for 5-6 år sidan og har alltid hatt planar om å utforske området meir.

 

ONSDAG 9. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1546
På stiar på nordsida av dalen frå Gampel til Naters.

0509 4

0509 4

0509 4

0509 4 

 

TYSDAG 8. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 42min
Akk. høgdemeter: 1176
Område: Alp Tatz

0508 1

 

MANDAG 7. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 633
Område: Sankt German - Raron

 

SUNDAG 6. MAI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1262
Fjell: Wasenhorn (3246m)

0506 8

Utsikta til Wasenhorn frå der eg bur

0506 8

0506 8

0506 8

Monte Leone (3552m) som eg var på sundag for to veker sidan.

0506 8 

 

LAURDAG 5. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 578
Område: Stausee Gibidum

 

FREDAG 4. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 1428
Område: Stiar på nordsida av dalen frå Naters nedover mot Steg.

0504 2

0504 2

0504 5

0504 5

0504 5

 

ONSDAG 2. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1246
Område: Niedergesteln

0502 2

0502 2

 

TYSDAG 1. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2t 29min
Akk. høgdemeter: 1034
Område: Crans Montana