AUGUST 2018
FREDAG 31. AUGUST - SUNDAG 2. SEPTEMBER
Helge, Øystein og eg på tre dagars sti-maraton. Me håpte det skulle vera mogeleg å sykle over fjella frå Hjerkinn på Dovrefjell til Hunderfossen ved Lillehammer i løpet av tre lange dagar, men den vart kanskje ein endå tøffare tur enn me hadde forventa. Både fredag og laurdag nådde me fram til hyttene akkurat i det det vart bekmørkt og det nesten ikkje lenger var mogeleg å sjå stien framfor seg. Spesielt laurdagens etappe var lang med 62 kilometer fordelt på over 11 timar frå Rondvassbu til Jammerdalsbu. Ein eventyrleg tur!
ONSDAG 29. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 604
Bjarte og eg.
TYSDAG 28. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 632
SUNDAG 26. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 6t 15min
Akk. høgdemeter: 2002
Rute: Rallavegen Flåm - Finse - Flåm (106 km)
Hans-Inge, Brynjulv og eg. Lite slår Rallarvegen når ein vil ha ein skikkeleg langtur, og ein fantastisk naturopplevelse. I dag fekk me i tillegg oppleve det meste av vær i løpet av turen. Stort sett var det fint, og til og med varmt i sola, men me fekk også snø, sludd og regn.
LAURDAG 25. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 256
Stad: Bømoen
TORSDAG 23. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 5t 20min
Akk. høgdemeter: 1559
Kongevegen Lærdal - Filefjell - Lærdal
Eg har sykla "høgfjellsdelen" av Kongevegen på Filefjell fleire gonger før, men dette var fyrste gongen eg sykla heile tur/retur (vest for vannskillet). Strengt tatt går Kongevegen heilt frå Lærdal sentrum, men eg starta ved Saltkjelen sidan dei første kilometrane ligg gøymt under nyare asfaltvegar. Frå Saltkjelen og heilt opp til det høgaste punktet på Filefjell (ca. 1250 moh) er Kongevegen ein fin blanding av grov sti, fin sti, kjerreveg, fin grusveg og asfalt. Nokre parti er verkeleg vegkunst på sitt aller flottaste, bygt heilt attende på 1700-talet.
ONSDAG 22. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 452
Einar, Brynjulv og eg sprang ein rundtur i Storåsen.
TYSDAG 21. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 918
Bjarte og eg. Fyrst i langrennsløypene i Djupåsen og Nonshaugane før me tok ein runde ned i "bygda" gjennom Møn, Bjørke og Bømoen.
MÅNDAG 20. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 731
Arnstein, Brynjulv og eg. Inn Bordalen via Gjelle, over Herresåsen og gjennom Bømoen.
SUNDAG 19. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 6 timar
Akk. høgdemeter: 2002
Rute: Rallavegen Flåm - Finse - Flåm (106 km)
Bjarte og eg. Nydeleg dag på Rallarvegen og ein perfekt test for min nye fulldempa rittsykkel Cube AMS 100.
FREDAG 17. AUGUST
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 670
Fjell: Solhorgi (1015m)
ONSDAG 15. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 287
Stad: Bømoen
TYSDAG 14. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2t 24min
Akk. høgdemeter: 1036
Bjarte og eg. To gonger over Herresåsen, pluss litt stisykling på Opeland og Bjørke.
SUNDAG 12. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 1042
Bjarte, Rune, 4 sogningar og eg. Flott tur i Brekkedalen, Fresvikjordalen og avslutning opp Stalheimskleiva.
(Foto: Rune Herheim)
LAURDAG 11. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 5t 35min
Akk. høgdemeter: 1475
Rute: Vassbygdi - Østerbø Fjellstove - Vassbygdi
Aurlandsdalen tur/retur. Starta i Vassbygdi i Aurland. "Øvstevegen" via Bjørnestigen opp. "Nedstevegen" via Heimrebø ned att. Lang tur på nesten 4 mil.
TORSDAG 9. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 958
Bjarte og eg. Litt her og der, blant anna opp til Fyrjo.
TYSDAG 7. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube Stereo 160)
Totaltid: 5t 50min
Akk. høgdemeter: 2037
Rute: Rallarvegen Flåm - Finse - Flåm
Varmebølga frå sør nådde tydelegvis opp på høgfjellet i Noreg i dag, merkeleg varmt over 1000 moh.
LAURDAG 4. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1267
Opp til Hindartveit og litt "offpist" over til stølen Teigjarapjane. Stupbratt anleggsveg ned til Vannjolo. Ny stigning opp den nye anleggsvegen frå Gosland til Telldalen og på sti vestover til stølsvegen opp til stølen Øyane. Ein tur opp der før eg slapp meg nedatt via Gosland heimatt.
FREDAG 3. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 789
Frå Mølster via Raugstad og Raude Kross-hytta opp på Bavallstoppen.
ONSDAG 1. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 1786
Rute: Rallavegen Flåm - Fagernut - Flåm