OKTOBER 2018

 

ONSDAG 31. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 05m
Akk. høgdemeter: 592
Stad: Riva del Garda

1031 9

1031 9

1031 4

1031 9 

 

MÅNDAG 29. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 13min
Akk. høgdemeter: 529


SUNDAG 28. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 22min
Akk. høgdemeter: 368
I går og i natt kom det inn eit voldsomt uvær over Alpane og snøen lava ned i store mengder. 30 cm. vart det utanfor leiligheita mi før det ga seg, og 1000 meter lenger oppe kom det 80 cm. I løpet av dagen i dag sank snøen ein god del sammen så utpå kvelden tok eg meg ein springetur med hodelykt på dei fine stiane i lia over Laax. Trolsk stemning med all snøen, og eg såg både hjort, rådyr og rev i løpet av turen. Snøen er nok kommen for å bli i høgfjellet, så i løpet av eit par dagar flyttar eg lenger sørover.

 

FREDAG 26. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 40m
Akk. høgdemeter: 1100

1026 9

1026 9

1026 9

1026 9

1026 9

Det er kjempefine stiar i høgfjellet i dette området, men eit av dei desiderte høgdepunkta på kvar tur med stisykkelen er dei fantastiske maskinbygde løypene ned att gjennom skogen. Opp mot 1000 høgdemeter med rask berg-og-dal-bane sti som svingar seg mellom trea. Store doseringar i svingane og bruer over dei verste steinane gjer at ein kan sykle fort. Adrenalin-kick!

 

TORSDAG 25. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) / Stispringing
Fjell: Haldensteiner Calanda (2805m)
Totaltid: 4t 35m
Akk. høgdemeter: 2327
Lang motbakke frå Chur opp på Haldensteiner Calanda. Dei første 1300 høgdemetrane på sykkel, deretter 1000 til fots. ca. Vart belønna med ein fantastisk solnedgang på toppryggen.

1025 4

1025 4

1025 4

1025 4 

 

ONSDAG 24. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1170
Luftig stispringing! Med ultralett sikringsutstyr (klatreselen min veg 92 gram) er det artig å legge inn ein spektakulær via ferrata i ein lang springetur. 

1024 12

1024 7

1024 7

1024 7

1024 12

1024 12

 

TYSDAG 23. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 1t 25m
Akk. høgdemeter: 295

1023 2

 

MÅNDAG 22. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 2t 25m
Akk. høgdemeter: 910

 

SUNDAG 21. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 7t 10m
Akk. høgdemeter: 3068
Rundtur over tre store alpepass. Disentis - Airolo - Andermatt - Disentis.

1021 3

1021 4

Gamlevegen frå Airolo opp til Passo del San Gottardo er vegkunst av ypperste klasse, og er lagt med 5 x 5 cm. brustein stort sett heile vegen, i nesten 1000 høgdemeter.

 

FREDAG 19. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 10m
Akk. høgdemeter: 1808

1019 2

1019 2

 

TORSDAG 18. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1036

1018 4

1018 4

5. august i år styrta eit veteranfly på sletta omtrent midt i biletet. 20 mennesker omkom. No er det berre ein stor minnevarde på staden. Om du ser godt etter på biletet over så ser du eit hol i fjellryggen. Det var sannsynlegvis dette holet piloten skulle visa til passasjerane, og så klarte han ikkje svingen for å komma seg ut av dalen att. Dette holet er Martinsloch. To gonger i året kastar sola sine stråler gjennom Martinsloch ned på kyrkjespiret i den vesle landsbyen Elm på nordsida av ryggen (bilete under henta frå nettet).

1018 6

1018 5

1018 4

1018 4

 

ONSDAG 17. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 45m
Akk. høgdemeter: 1886

1017 2

1017 2

 

TYSDAG 16. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 25m
Akk. høgdemeter: 1458

1016 4

1016 4

1016 4

1016 4

 

MÅNDAG 15. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1270
Kveldstur med hodelykt opp lia til Crap Sogn Gion (2216m), med fantastisk kveldsutsikt ut over Surselva.

 

SUNDAG 14. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 5t 05m
Akk. høgdemeter: 1845
Starta frå Chur og sykla først asfalt opp til Lenzerheide, eit stort fjellområde som er kjent for å ha noko av den beste stisyklinga i Alpane - kanskje etter Livigno. Først tok eg ein runde i løypa som årets VM i terrengsykling vart avholdt i for få veker sidan. Eg såg det spennande rittet på fjernsyn, så det var artig å sykle den samme løypa. Deretter var det ein ny lang motbakke på grusveg opp til Alp Charmoin, der det startar ein veldig lang og variert sti som ikkje endar før du er nesten nede i Chur sentrum att.

1014 3

1014 3

1014 4 

 

LAURDAG 13. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 2t 45m
Akk. høgdemeter: 848
I det store skogsområdet rett sør for Flims er det milevis med kjempefine skogsstiar, nokon av dei går på kanten av  det som blir kalla Swiss Grand Canyon.

1013

 

FREDAG 12. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 5t 50m
Akk. høgdemeter: 2195
Dagens første motbakke var 1700 høgdemeter rett opp frå Laax så langt vegen gjekk, til 2809 moh. Fantastisk utsikt ut over Alpane. Sykla kun med kort trøye i heile dag, varmt og godt heilt til topps. Kvar meter nedover gjekk på flytsti av beste kvalitet, med litt tekniske utfordringar her og der. På natursti over gigantiske sva og gjennom morenehaugar høgt oppe, ned åpne og fine graskledde fjellsider i midtpartiet og i skogen var det maskinlaga og doserte løyper med høg smilefaktor. Den siste  nedkøyringa på heile 1150 samanhengande høgdemeter med nesten 100% maskinlaga sti blir kalla The Neverending Trail - og den levde verkeleg opp til navnet. 

1012 4

1012 4

1012 4

1012 4

 

TORSDAG 11. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 840
På plass i Lenzerheide-området i Sveits. Første turen var ein fin springetur frå Flims opp på Tegia Gronda. 

1011 3

1011 2 

1011 1

 

MÅNDAG 8. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 530
Frå Bavallen opp på Bavallstoppen.

 

SUNDAG 7. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 1616
Bjarte og eg på langtur til Ulvik. Først asfalt til Granvin, så gamlevegen og på sti over fjellet til Ulvik. Frå sentrum bratt skogsveg opp og over til til Solsævatnet og til slutt over Espelandsdalen heimatt.

 

LAURDAG 6. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1168
Bjarte og eg. Herresåsen, Djupåsen, Flatlandsmo, Opeland, Bjørke og Bømoen. 

 

TORSDAG 4. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 530
Frå Bavallen opp på Bavallstoppen.

 

ONSDAG 3. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 41m
Akk. høgdemeter: 988
Rune, Bjarte og eg. Nesten samme tur som mandag, men i revers. Mykje flott sti og kjerreveg på denne runden, i terreng som ikkje er det verste sjølv når det er våtare enn våtast.   

 

MÅNDAG 1. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 35m
Akk. høgdemeter: 936
Bjarte og eg. Herresåsen, Opeland, Bjørke og Bømoen. Kjøligt, men fint haustvær.