JULI 2019

 

KILIMANJARO
Frå 19. juli til 12. august jobba eg og Bryson dobbeltskift på Kilimanjaro...
Les dagbok:  Gruppe 1 og Gruppe 2

190731 Kilimanjaro b 2

P1090596

P1090596

P1090743

190719 Kilimanjaro 127

190719 Kilimanjaro 402

190731 Kilimanjaro b 7

190731 Kilimanjaro b 7

 

TORSDAG 18. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 195
Stad: Bømoen

 

ONSDAG 17. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 2t 42min
Akk. høgdemeter: 813
Håvard, Martin og eg. Morgontur opp Bavallen til Hanguren, så cola-pause i solsteiken på nye restauranten og deretter stien via Kiseldur ned til Mølster.

0717 Hanguren 2

 

TYSDAG 16. JULI
Aktivitet: Stispringing 
Fjell: Volafjellet (1327m) frå Dyrvedalen
Totaltid: 2t 07min
Akk. høgdemeter: 871
Brymjulv, Taro og eg. 

 

MÅNDAG 15. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 757
Stad: Storåsen

 

SUNDAG 14. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 1180
Tok med Hans-Inge på sightseeing på Den store  Vikafjellsrunden. Han vart frelst.

0714 Vikafjellet 21

0714 Vikafjellet 21

0714 Vikafjellet 21

0714 Vikafjellet 21

Hans-Inge meiner han sparar dekka for mykje slitasje ved i størst mogeleg grad å unngå å berøra bakken.

0714 Vikafjellet 21

0714 Vikafjellet 21

0714 Vikafjellet 21

0714 Vikafjellet 21

0714 Vikafjellet 19

0714 Vikafjellet 21

 

LAURDAG 13. JULI
Aktivitet: Stispringing 
Fjell: Breiskrednosi (1189m) frå Bakka
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1533
Frode og eg. Rimstigen frå Bakka opp til Skarsvotni og vidare på lettsprunge fjellterreng til Breiskrednosi.

0713 Breiskrednosi 3

0713 Breiskrednosi 2

0713 Breiskrednosi 2

 

TORSDAG 11. JULI
Aktivitet: Stispringing 
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) frå Gjelle
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1077
Kveldstur på Gråsidetoppen. Perfekte forhold.

 

TYSDAG 9. JULI
Aktivitet: Stispringing/tinderangling
Fjell: Dosso il Filetto (2898m)
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 1338m
Flott tur opp frå Monte som ligg i fjellsida over Bormio. Det optimistiske målet var eigentleg giganten Cima de Piazzi (3439m) som er det høgaste fjellet mellom Ortler- og Bernina-massiva, men me forsto fort når det raga over oss at det ville bli for bratt og røft utan utstyr. Men også Dosso il Filetto gav oss utfordingar, og eg trur ikkje det har vore mange på toppen av dette fjellet (mest fordi det ikkje er ein spesielt prominent topp mellom større nabofjell, men også fordi det var mykje "grums", dvs. laus stein og grus, dei siste 300 høgdemetrane mot toppen).

0709 4

0709 4 

 

MÅNDAG 8. JULI
Aktivitet: Landeveg (Cube AMS 100)
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 3003
Når ein er over gjennomsnittet interessert i motbakkar - slik som Frode og eg er - og ein bur like ved eit av verdas mest berømte fjellpass, då er det berre å begynna å tella hårnålssvingar. For å vera sikker på å få nok tok me Passo di Stelvio opp og ned begge sider: 3003 høgdemeter og ca. 75 hårnålssvingar - og sjølvsagt det samme nedover. Me kjem til å drøyma om hårnålsvingar i natt...

0708 4

0708 4

0708 4

0708 4

 

SUNDAG 7. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 796

0707

 

LAURDAG 6. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 5t 20min
Akk. høgdemeter: 1506
Nok ein lang dag i sti-paradiset.

0706 8

0706 8

0706 8

0706 8

0706 8

0706 8

0706 8

 

FREDAG 5. JULI
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Monte Vago (3059m) og Monte Breva (3103m)
Totaltid: ca. 6 timar
Akk. høgdemeter: ca. 1800m
To 3000-metringar på ein dag.

0705 5

0705 5 

 

TORSDAG 4. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 7t 10min
Akk. høgdemeter: 2052
I dag tok me Val Bernina begge vegar og den lange runden over Passo Suvretta og Val Bever vest for St. Moritz. Dette er ein av dei flottaste og lengste stiturane eg har "oppdaga" i Alpane til no.

0704 11

0704 11

0704 11

0704 11

0704 11

0704 11

0704 11

 

ONSDAG 3. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 762
Ein treng ikkje sykle langt frå sentrum av Livigno for å finna førsteklasses stiar. I dag sa værmeldinga at det skulle regne ein del, men me har knapt nok sett ein dråpe i heile dag.

TYSDAG 2. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Totaltid: 6 timar
Akk. høgdemeter: 1541
Lang og nydeleg dag i fjella aust for Livigno.

0702b 9

0702b 9

0702b 9

0702b 9

0702b 9

0702b 9

0702b 9

0702b 9

0702b 9

 

MÅNDAG 1. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1078
I dag tok me for oss av stiane i fjellsidene rundt Livigno.

0702 3

0702 3

0702 3