JANUAR 2020
FREDAG 31. JANUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen - Tverrberg - Sollii
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 919
Bjarte og eg. Me kom oss heilt opp til 500 moh. i Budalen før snøen stoppa oss.
ONSDAG 29. JANUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 344
Bjarte og eg.
TYSDAG 28. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1657
Frå Fennastølane over Byrseteggi (1025m) til Horndalsnuten (1461m). Samme rute heimatt, dermed får ein totalt tre flotte nedkøyringar. Vindstille og 10 cm. perfekt pudder. Spesielt var den store renna frå Horndalsnuten ned til Modalsvatnet i praktslag. Det er ein heilt spesiell stemning å køyre denne med hodelykt, med lyset frå Voss i det fjerne.
MÅNDAG 27. JANUAR
Aktivitet: Stispringing
Rute: Svartediket - Ulriken - Vidden - Rundemannen - Blåmannen - Søre Midtfjellet - Svartediket
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1068
Det er mange år sidan sist eg sprang den lange rundturen over Vidden i Bergen. Ikkje ein snøflekk i januar er eigentleg litt trist, sjølv om det gir fantastisk fine forhold for å springe. Mesteparten av stien går på sva, stein og sandgrunn, slik at det ikkje gjer så mykje at det er gjennomvått i terrenget.
SUNDAG 26. JANUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 391
LAURDAG 25. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Stad: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1472
Pudder over tregrensa. Litt våt snø nedover skogen, men heldigvis ikkje av den sugande typen.
TORSDAG 23. JANUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 282
Martin og eg.
ONSDAG 22. JANUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Storåsen og Bømoen
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 517
Bjarte og eg. Til og med Storåsen er snøfri no. Ikkje ofte det skjer i slutten av januar.
TYSDAG 21. JANUAR
Aktivitet: Stispringing
Område: Mølster - Raugstad
Totaltid: 1t 22min
Akk. høgdemeter: 380
MÅNDAG 20. JANUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 246
Bjarte og eg.
SUNDAG 19. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 1819
Synnøve, Even, Frode og eg. Frå Fennastølane over Byrseteggi (1025m) til Horndalsnuten (1461m). Ned sørsida til Latebakken før me gjekk opp att via Byrseteggi. Vindstille og stort sett nydeleg pudderføre nesten heilt til topps.
LAURDAG 18. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Horgaletten (947m)
Totaltid: ca. 1t 20min
Akk. høgdemeter: 676
Frode og eg. Varierande føre utanfor, men flotte forhold ned att løypa.
FREDAG 17. JANUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 444
Bjarte og eg. Eg hadde ikkje rekna med å komme heim til snøfrie stiar i Bømoen i januar.
25. DESEMBER - 16. JANUAR
Er på Kilimanjaro. Følg med oss på dagbøkene: Kilimanjaro 25. desember og Kilimanjaro 5. januar