JANUAR 2021
SUNDAG 31. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Horndalsnuten (1461m) og Byrseteggi x 2 (1025m)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1570
Brynjulv, Frode, Øyvind og eg. Horndalsnuten frå Fennastølane, over Byrseteggi begge vegar. Flott føre men dårleg sikt, så me var glad for at det ikkje vart delt ut stilkarakterar i dag.
FREDAG 29. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Engjaland
Totaltid: 6t 20min
Akk. høgdemeter: 2917
Jojo-økt på samme stad som i går. Eventyrlege pudderforhold for tida. Flanken ned i Reppabotnen er ikkje av dei aller lengste (420 høgdemeter), men er ei rask og leiken nedkøyring som gir mykje adrenalin.
TORSDAG 28. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Engjaland
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 2016
Fire nedkøyringar under fullmånen, frå Langeleini til stølen Reppane.
ONSDAG 27. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Område: Skreieggi - Skreiavatnet
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1526
MÅNDAG 25. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Flatafjellet (1012m)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1464
Ole, Borge, Vegard, Even, Guttorm og eg. Puddermoro i måneskin. Fire nedkøyringar (starta 50 høgdemeter under toppen sidan det var avblåst skare over).
SUNDAG 24. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Flatafjellet (1012m)
Totaltid: 5t 40min
Akk. høgdemeter: 2183
Nydelege forhold både på sørsida og nordsida, men litt avblåst på toppen. Traff Alex og Even m/familie.
(Foto: Alex Hillerich)
LAURDAG 23. JANUAR
Aktivitet: Stisykling/fatbike (Surly Moonlander)
Område: Bømoen
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 99
TORSDAG 21. JANUAR
Aktivitet: Stispringing
Område: Storåsen
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 332
ONSDAG 20. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Stad: Horgaletten frå Bavallen
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 658
TYSDAG 19. JANUAR
Aktivitet: Fjelltur
Stad: Ulriken frå Montana
Totaltid: ca. 1 time
Akk. høgdemeter: 436
May-Linn, Oddvar, Lady og eg på tur på Bergens nasjonalfjell. Forberedelsestur for eit litt høgare fjell i februar neste år.
SUNDAG 17. JANUAR
Aktivitet: Stispringing
Område: Bømoen
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 90
LAURDAG 16. JANUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 218
Odd Inge og eg. Stisykling og stirydding i 24 minusgrader.
FREDAG 15. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Fessabotn i Myrkdalen
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1653
Øystein og eg. To nedkøyringar. Sjølv med 21 kalde i dag tidleg, kunne me likevel ta lunsjen i "solsteiken" utan å ta på oss meir klede. Sola har varma overraskande godt dei siste dagane.
TORSDAG 14. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Strutseggi (1138m)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1236
Øystein, Marius og eg. Frå Espelandsdalen. To nedkøyringar.
ONSDAG 13. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Fessabotn i Myrkdalen
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1526
Marius, Even og eg. I dag var det viktig å unngå bratt terreng pga. høg skredfare, og dermed var Fessabotn eit naturleg valg. Flott dag, men det fantastiske føret som har vore i det siste har dessverre vinden jobba hardt med det siste døgnet. Men likevel mogeleg å finne lommer med bra føre, og nede i skogen var det botnalaust. To nedkøyringar.
(Foto: Even Lindseth)
TYSDAG 12. JANUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 310
Odd Inge og eg. Stemningsfull stisykling i Bømoen.
(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Odd Inge Jordalen)
MÅNDAG 11. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Stad: Tverrlia i Jordalen, frå fortoppen på Vardanosi (1294m)
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 2221
30 cm. og eventyrlege forhold i Tverrlia etter helgas voldsomme snøfall. Tre nedkøyringar.
LAURDAG 9. JANUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 271
FREDAG 8. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Skreieggi - Skreiavatnet
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1336
Kveldstur med hodelykt. To nedkøyringar.
Alex på veg ned
TORSDAG 7. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Stad: Skreieggi - Skreiavatnet
Totaltid: 5t 05min
Akk. høgdemeter: 2425
Marius, Even og eg. Fire nedkøyringar.
ONSDAG 6. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Skreieggi - Skreiavatnet
Totaltid: 4t 55min
Akk. høgdemeter: 1996
Mads, Balder og eg. Pudderbonanzaen har ingen ende. Tre nedkøyringar.
Pudderhunden Balder
TYSDAG 5. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Skreieggi - Skreiavatnet
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 2321
Even og eg. Ny kremdag i samme område som i går. Fire nedkøyringar i dag også.
MÅNDAG 4. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Skreieggi - Skreiavatnet
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 2556
Even og eg. Fire nedkøyringar. 15 cm. silkepudder av aller beste kvalitet – superrask og responsiv – i dag kunne ein verkeleg dra på!
SUNDAG 3. JANUAR
Aktivitet: Stispringing
Rute: Sotenos - Tyssedalen - Fessavatnet - Stol (807m) t/r
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 620
Stispringing er fin avveksling frå all skikøyringa for tida. Turen inn Tyssedalen tilbyr dramatisk natur og tilnærma snøfrie stiar, i alle fall fram til stigninga opp mot Tyssedalsstølen. Litt is her og der, men det var berre ein fordel slik at eg fekk testa mine nye Salomon Snowspike piggsko.
LAURDAG 2. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Område: Vådalsbotnen
Totaltid: ca. 3t 30min
Akk. høgdemeter: ca. 1300
Pål, Even, Eilif, Fredrik og eg. Fire nedkøyringar i området frå toppen av Horgaletten ned mot Dalsbotnen.
(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Even Lindseth)
FREDAG 1. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Hestastodnuten, sørtoppen (ca. 1350m) og Brattenuten (1209m)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1422
Gjekk med joggesko opp frå Espelandsfossen. Kunne ta på meg skia eit stykke forbi Botnen.