april 2021

 

FREDAG 30. APRIL
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Stad: Havrefjell (638m)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 365

0430

 

TORSDAG 29. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Kragerø
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 951
Kragerø-området har ein perfekt kombinasjon av barnålsstiar og svasykling.

0429 3

0429 4

0429 3

 

TYSDAG 27. - ONSDAG 28. APRIL
Aktivitet: Packrafting
Stad Kragerø
Totaltid: 9 timar (fordelt på to dagar)
Distanse: 35 km (fordelt på to dagar)
I motsetning til då Mads og eg var på Hardangervidda med packraftane i fjor, og opplevde medvind heile tida, hadde eg denne gongen motvind heile tida - sjølv om eg padla sørover i går og nordover i dag. Men det er litt av sjarmen med padling. Minusgrader om natta heilt ute på det ytterste skjær er heller ikkje vanleg i slutten av april. Men ikkje lenge etter at sola hadde stått opp varma den godt, og ein betre frukost vart inntatt lett henslengt i sanden. Packraften imponerer stadig, den fungerer veldig bra også til langtur på sjø. Gjennomsnittsfarten er ikkje mykje lågare enn med havkajakk. 

0428 9

0428 9

0428 9

0428 9

0428 9

0428 9

0428 9

0428 9

0428 9

 

MÅNDAG 26. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Lundanknatten (514m) og Vedlausfjell (517m)
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 780
Eit par mil sør for det "faste" området i Nissedal, er det også fantastisk stisykling. Lundanknatten og Vedlausfjell er to fjell der deler av ruta kan beskrivast som topptur med stisykkel.

0426 11

0426 11

0426 11

0426 11

0426 11

0426 11

0426 11

Sva er tryggast når det er tørt. Både til fots og på sykkel. I alle fall når dei blir så store og høge som her nede. 

0426 11

0426 11

0426 11

0426 11

Stisykling med havutsikt. Skagerak i det fjerne.

 

SUNDAG 25. APRIL
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Stavsnuten (1661m) på Haukelifjell
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 1070
Først opp på topp 1567, deretter rett ned i Holebudalen og så opp på Stavsnuten som er ein av dei høgaste i området. Begge desse nedkøyringane er sørvendt, og dermed var det fin slush. Det er kaldt i lufta for tida, og dermed må ein velge nedkøyringar rett mot sør for at det skal bli bra.

0425 3

0425 3

0425 3

 

LAURDAG 24. APRIL
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 1659
Bjarte og eg. Først på asfalt til Granvin, så grusveg opp til Velken og på kjerreveg til Vatnasete. Vidare på sti over Angerskleiv der me møtte på snøen. Men heldigvis var det fin skare så det var berre å gi på nedover. Ned til Ulvik sentrum og så bratt oppover lia forbi Ljono og over Gårhovden til Solsævatnet. I vegen langs Solsævatnet var det endå meir snø, men også her kom me oss fram rimeleg greitt - sjølv om det gjekk sakte. Til slutt over Espelandsdalen, opp Skjervet og attende til Voss.

0424 5

0424 5

0424 5

0424 3

0424 5

 

FREDAG 23. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 181
Like mykje stirydding som stisykling i dag.

 

TORSDAG 22. APRIL
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Vindeggi (933m)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 1332
Vindeggi frå Hamlagrøvatnet er ikkje lange turen, men fjellet har ein litt over 300 høgdemeter perfekt flanke mot sør, som stort sett er mellom 25 og 30 grader. Trudde det ville bli slush i dag, men det var faktisk nokre cm. pudder. Fire nedkøyringar i nydeleg "dra på"-føre.

0424

 

ONSDAG 21. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 356
Bjarte og eg. Stisykling og litt stirydding.

 

MÅNDAG 19. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Eilivseggi (1439m) 
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1216
Eilivseggi innerst i Raundalen har eg aldri vore på før, men helling og himmelretning tilsa at det måtte bli eit perfekt fjell med dei værmeldingane som var for dagen. Ikkje altfor bratt, og med nedkøyring mot sørvest, ville det etter all sannsynlegheit bli kjempefin slush-cruising. Og det vart det! To nedkøyringar.

0419

Mjølfjell og Raundalsryggen

 

SUNDAG 18. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen og Prestegardsmoen
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 249

 

FREDAG 16. APRIL - LAURDAG 17. APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Rute: Stalheim - Undredal med overnatting på Grindaflethytta
Totaltid: ca. 15 timar
Akk. høgdemeter: ca. 4900
Distanse: ca. 55 km
Øyvind, Hans-Inge, Even og eg.
Fantastisk langtur der me plukka stortoppar og flotte nedkøyringar langs stupet ned mot Nærøydalen og Nærøyfjorden frå Stalheim til Undredal. Spektakulære fjordutsikter på rekkje og rad. Joikakaker og medbrakt øl gjorde Grindaflethytta til ein luksusresort der me også fekk nyta eit heftig nordljos om kvelden. 

0417 yvind 20

0417 yvind 20

0417 yvind 20

0417 yvind 20

0417 yvind 20

0417 yvind 20

0417 yvind 20

0417 yvind 20

0417 yvind 20

0417 yvind 20

0417 yvind 20

0417 yvind 20

0417 yvind 20

0417 yvind 20

0417 yvind 20

0417 yvind 20

0417 yvind 17

0417 yvind 20

0417 yvind 20

0417 yvind 20

(Foto over: Øyvind Birkeland / Foto under: Jarle Trå)

0417 8

0417 8

0417 8

0417 8

0417 8

0417 8

0417 8

0417 8

0417 8

0417 8

0417 8

0417 8

0417 8

 

TORSDAG 15. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Flatafjellet (1012m)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 1038
To nedkøyringar.

 

ONSDAG 14. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 701
Bjarte og eg tok først ein tur opp til Kyte og Lemme, og deretter ein runde på turre stiar i Bømoen med Rune og Hans-Inge.

0414 2

 

TYSDAG 13. APRIL
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Geilo
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1193
Øystein og eg. Me "overvåka" trakkemaskinane på nettet, og då me såg den eine starta tidleg var det berre å legga seg etter i nypreppa, harde løyper. Inn til Budalsvatnet, over Liabrotet og opp på Oddnakk (1192m). På Oddnakk fekk me også eit par kilometer med nydeleg skaresykling - det er det fatbike eigentleg handlar om. Men harde langrennsløyper er også utruleg moro, og frå Oddnakk gjekk det raskt nedover på sørsida. Så over Liabrotet att litt lenger nord, og deretter inn Budalen og over Snøhovda til Skarvrandhytta. Til slutt ein tur inn til Prestholtstølan og ei rask nedkøyring i medvind attende til Havsdalen.

0413 1

0413 3

0413 3

0413 4

0413 1

0413 1

0413 1

0413 1

0413 9

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Øystein Bjørke)

0413 ystein 1

0413 ystein 3

 

MÅNDAG 12. APRIL
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Geilo
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 455
Øystein og eg. Me bur i ei luksushytte i Havsdalen, rett ved langrennsløypa. Bike in bike out.

0412

 

SUNDAG 11. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Flatafjellet (1012m)
Totaltid: 5t 35min
Akk. høgdemeter: 2389
Fem nedkøyringar, fire på austsida og ein på vestsida. Eventyrleg pudderdag! 

0411 8

0411 8

0411 6

0411 6

0411 8

0411 8

 

LAURDAG 10. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 326
Rune, Odd Inge og eg.

0410

 

FREDAG 9. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Hemsedal
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1477
Endeleg pudder! Etter to månader med usedvanleg få påfyll av pudder, lava det endeleg ned i natt. 15 cm. ga perfekte forhold i dei mange flotte pudderliene i Hemsedal. Der har ein så mange alternativ at ein nesten alltid finn perfekt skogskøyring, uansett kva vindretning det har vore. Fire nedkøyringar.

0409 4

0409 4

0409 4

0409 4

 

TORSDAG 8. APRIL
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Hemsedal
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 646
Fin runde frå Storevatnet rundt Helsingvatnet og opp nord for Såta og Myljofjell til eg såg rett ned i Hemsedal sentrum. Nydeleg skaresykling!

0408 4

Eg passerte rett under Skogshorn, Hemsedals signaturfjell

0408 4

0408 4

Artig møte akkurat då det dukka opp ei lita snøbyge

0408 4

Skogskøyring er like moro med fatbike som med ski

 

ONSDAG 7. APRIL
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Leinenøse x 2 (1675m) og Kyrkjebønøse (1671m) i Hemsedal
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1367
Frå Leinenøse slapp eg meg ned til Vestrebotntjerne på nordsida. Så opp på Kyrkjebønøse. Til slutt ned i det vesle passet mellom dei to toppane og opp att på Leinenøse for å få den fine nedkøyringa ned att til Hulbak.

0407 1

0407 2

 

TYSDAG 6. APRIL
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Hemsedal
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1101
Flott rundtur i fjella nord for Hemsedal. Frå sentrum fulgte eg langrennsløypa opp Mørkedalen til Bjøberg. Så over fjellet på kjempefin skare til Bulie. Vidare på langrennsløyper ned Bulidalen og Grøndalen attende til Hemsedal. Mykje motvind til eg kom til Bjøberg, deretter medvind over fjellet og resten av turen, noko som gjorde at eg kunne halda stor fart ned att til Hemsedal.

0407 1

0407 1

0407 1

 

MÅNDAG 5. APRIL
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Stad: Storåsen
Totaltid: 1t 24min
Akk. høgdemeter: 361


LAURDAG 3. APRIL
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Fjell: Vassfjøra (1633m) frå Mjøfjell Ungdomsherberge
Totaltid: 7t 20min
Akk. høgdemeter: 1451
Rute: Mjølfjell Ungdomsherberge - Uppsete - Kaldavasshytta - Vassfjøra - Kvannjolvatnet - Slondalsvatnet - Mjøfjell Ungdomsherberge
Starta litt over kl. 6 frå Mjølfjell, for å vera sikker på å unngå slush mens eg var langt inne i fjellheimen (det er ein fatbikers mareritt). Men ingen problem i dag, kald nordavind sørga for at skaren var fast og fin. Dvs. det var nydeleg føre på sjølve rundturen, men på den innlagte toppturen opp på Vassfjøra, det karakteristiske fjellet som tronar over Ulvik og Hardanger, var det ein god del nysnø. Dermed var det blytunge forhold dei 400 høgdemetrane frå det siste vatnet opp til toppen, og stort sett dytting av sykkelen. Men artig ned att, sjølv om det er rimeleg ukontrollert når det er pudder og bratt. I slike forhold kan du eigentleg ikkje styre, du må berre akseptere at gravitasjonslova har kontrollen, og stadig korrigere sidan sykkelen heile tida vil ut i tohjulssladd. 

0403 18

0403 18

0403 18

Kaldavasshytta

0403 18

0403 18

0403 18

0403 18

0403 18

0403 18

0403 18

0403 18

 

FREDAG 2. APRIL
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Horndalsnuten (1461m) og Byrseteggi x 2 (1025m)
Totaltid: 3t 55min
Akk. høgdemeter: 1520
Bjarte og eg. Horndalsnuten frå Fennastølane, over Byrseteggi begge vegar. Tendensar til pudderføre i renna ned frå Horndalsnuten, og nydeleg slushføre der sola hadde teke litt. Sidan det er påske, og det var så varmt i sola, fekk me sjølvsagt lagt inn den obligatoriske Kvikk Lunsj- pausen. 

0402 6

0402 6

0402 6

 

TORSDAG 1. APRIL
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Olsskavlen (1576m) frå Espeland
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1281
Å starte ein skitur med å gå opp langs Espelandsfossen kan av og til vera litt komplisert dersom det er for mykje snø igjen i den hengbratte lia ved sida av fossen, og i verste fall også farleg hengande is i fjellet over stien. Men i dag var det perfekte forhold for joggesko heilt opp til flaten rett under stølen, og derifrå kunne eg gå på ski heile vegen vidare. Men lite snø innover dalen, eg måtte heilt opp i Nordrebotnen før det var snøbru over elva. 

0401 6

0401 6

0401 6

0401 6

0401 6