MAI 2021

 

MÅNDAG 31. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Rossnos (1403m) frå Sandvinvatnet i Odda
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1448
Kunne gå nesten tørrskodd heilt til topps, kun nokre få snøfenner att rett under toppen. Men våt på skoa vart eg uansett då eg heiv meg ut i isvatnet i elva med sko og kle på, både på veg opp og på veg ned. Det var nesten ein nødvendigheit for at ein ikkje skulle få heiteslag. Bada også i Sandvinvatnet då eg kom ned att. Før var eg ingen badenymfe, spesielt ikkje når vatnet er kaldt, men no badar eg oftare og oftare. Fantastisk utsikt frå denne ruta opp på Rossnos. Eg gjekk fleire gonger i veka på Rossnos då eg budde i Odda for mange år sidan, så dette fjellet betyr noko spesielt for meg. Men stort sett alltid den spektakulære ruta frå Hjøllo via Kinn. Dette var fyrste gongen frå sørsida. 

0531 7

0531 7

0531 7

0531 7

0531 7

 

SUNDAG 30. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 5t 20min
Akk. høgdemeter: 1090
Ny varm dag på Nissedalske kremstiar.

(Bilete frå fredag, laurdag og sundag)

0530 22

0530 22

0530 22

0530 22

0530 22

0530 22

0530 22

0530 22

0530 22

0530 22

0530 22

0530 22

0530 22

0530 22

0530 22

0530 22

0530 22

2

 

LAURDAG 29. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 7t 25min (inkl. fleire badepausar)
Akk. høgdemeter: ca. 900
Me stisykla og bada oss gjennom den varmaste og finaste dagen til no i år. I tillegg vart det ein 5 km lang tur med packraften om kvelden på idylliske Lonvatn og Husvatnet.

 

FREDAG 28. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 396
Møtte Øystein og gjengen i Nissedal i kveld. Helga tilbringes på ein av dei finaste leirplassane eg veit om - midt blant dei fantastiske stiane i Nissedal.

0713 8

(Bilete frå leirplassen i juli i fjor)

 

TORSDAG 27. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1186
Bjarte og eg. Litt att og fram på stiar og kjerrevegar i Dyrvedalen, så opp til Kiseldur og stien ned att via Raugstad.

0527 5

0527 5

0527 5

 

ONSDAG 26. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Rute: Mølster - Hanguren - Finnesdemma -  Heggjavad - Mølster
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 562
Brynjulv, Bjarte, Taro og eg.

 

MÅNDAG 24. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1033
Bjarte og eg. Rundt Lønavatnet og opp via Høyland til Bergsstølen under Lønahorgi. Så nesten opp til Halsteinsberg, men det vart så stupbratt mot slutten at me snudde rett under stølen. Via Nordheim og Bømoen heim att.

0524

 

SUNDAG 23. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 1368
Hans-Inge, Rune og eg. Rundtur inn Bordalen og på sti frå Almenningane over fjellet til Folkedal. Asfalt heim att. Flotte forhold over fjellet.

0523 10

0523 10

0523 10

0523 10

0523 10

0523 10

0523 10

0523 10

0523 10

0523 10

 

LAURDAG 22. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1578
Rune, Bjarte og eg. Langtur stort sett på grusveg. Frå Vangen ned til Nesthus og skogsvegen over til Skjeldal. Vidare over til Nedre Skjervo og bratt rett ned til Saghaugen. Så ein kjapp etappe på E16 ned til Evanger. Opp via Bjørgås til Edal og Steine, og inn Lauvdalen til stølane der. Heim att via Eideshagen og nordsida av Vangsvatnet.

0522 Rune 2

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Rune Herheim)

0522 Rune 2

 

FREDAG 21. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Stad: Bømoen
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: ca. 275
Rune, Øyvind, Martin, Even, Guttorm og eg. Først ei kveldsøkt på stisykkel i Bømoen, deretter ei lang nattøkt med afterbike hjå Martin.

0521

 

FREDAG 21. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 953
Bjarte og eg. Inn Raundalen til Urdland og opp til Fyrjo og Jonsstølen. Litt sti gjennom Bømoen begge vegar.

 

ONSDAG 19. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Høgåsen (840m) frå Aurland sentrum
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 897

0519

 

TYSDAG 18. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Sandane
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 920
Sandane har noko av den finaste stisyklinga på Vestlandet. Mest natursti, både i skog og høgfjell, men også ein artig maskinbygd sti.

0518 3

0518 3

0518 3

 

MÅNDAG 17. MAI
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Stad: Ålfotbreen (1385m) frå Ålfoten
Totaltid: 5t 25min
Akk. høgdemeter: 1993
Starta i fjæresteinane. På joggesko dei fyrste 500 høgdemetrane. Bonustur frå toppen ned til Store Åskoravatnet før eg gjekk opp att på nordvestskuldra. Fantastisk føre i dag - raskt smørslush. 

0517 6

0517 6

0517 6

0517 6

0517 6

.

LAURDAG 15. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Hanekammen (652m) og Skjolmen (598m) frå Måløy
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1080

0515 5

0515 5

0515 5

0515 5

0515 5

 

FREDAG 14. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Veten (527m)
Totaltid: 1t 32min
Akk. høgdemeter: 582
Dagens andre økt var ein flott kveldstur frå Grotle opp på Veten som står heilt ytterst mot Nordsjøen på Bremangerlandet. Når ein får slike omgivelsar og kvalitet på stiane, er stispringing like moro som stisykling og ski.

0514b 3

0514b 3

0514b 3

 

FREDAG 14. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Bremanger
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 1349
Stiar, kjerrevegar og anleggsvegar  på Bremangerlandet.

0514 7

0514 7

0514 7

0514 7

0514 7

 

TORSDAG 13. MAI
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80))
Stad: Grovabreen (1633m) i Jølster
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 2088
Frå Dvergsdalsdalen opp Fagredalen til Grovabreen (1633m). Ned den store flanken mot nord rett aust for Vidunderdalsvatnet så langt ned mot Sægrovstøylen det var snø. Ei nedkøyring som levde opp til navnet på vatnet - vidunderleg! Jevnt bratt , smørslush ned 1100m og med ei fantastisk utsikt ned i Kjøsnesfjorden. Opp att på Sandegga (1209m) og ned dalen mot Sundstøylen. Opp att på Salsegga (1256m) og til slutt ned att til Dvergsdalsdalen.

0513 8

Grovabreen til høgre. Sægrovstøylen ligg nede i den store u-dalen som kjem ned frå breen.

0513 8

0513 8

0513 8

0513 8

 

ONSDAG 12. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Bømoen
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 144
Rune og eg. Stisykling og stirydding.

 

TYSDAG 11. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Bømoen
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 211
Først ein tur med stisykkelen på nye stiar i Bømoen, deretter fisketur til Espelandsvatnet. Men det vart så blank himmel at bittet vart svært dårleg. Det enda med at eg la meg i lyngen og sov i over ein time. Det gjeld å tilpasse seg forholda.

0511

 

MÅNDAG 10. MAI
Aktivitet: Stirydding
Stad: Bømoen
Totaltid: 2t 40min
Rune og eg hadde ei produktiv kveldsøkt med joggesko og sag i Bømoen. Trur me rydda minst ein kilometer med ny sti.


SUNDAG 9. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 807
Pål, Odd Inge, Rune og eg. Først ein runde rundt Vangsvatnet og opp skogsvegen som kjem ned att på Nesthus. Så ei økt på stiar i Bømoen.

0509

 

LAURDAG 8. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 2024
Først på asfalt til Granvin, så grusveg opp til Velkje og på kjerreveg til Vatnasete. Vidare på sti over og ned Angerskleiv til Ulvik sentrum. Så opp lia nord for Ulvik sentrum, men i staden for den "faste" traséen frå Ljono over til Solsævatnet, tok eg ein skogsveg frå Oppheim og fulgte denne opp til stølen Vestrheimskleppe. Ned att til Aurdal, og deretter opp via Bergo til Skitnasete. Her går det også ein kjerreveg/sti over til Angerskleiv og Vatnasete, og sjølv om den ikkje er like artig som stien som går ned Angerskleiv til Furesete, så er det eit greitt alternativ. Vidare heim att til Voss samme veg som eg kom.

0508 2

0508 2

 

FREDAG 7. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Bømoen
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 185
Stisykling og stirydding.

 

ONSDAG 5. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Granvin
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 987
Frå Trå på grov skogsveg frå Øyjordi til Notten og vidare til stølen Hedler. Flott utsikt! Her såg eg til min overraskelse at det var merka sti over til Litlastøl, så den måtte prøvast. Litt teknisk her og der, men det aller meste var bra. Så vidare på kjerreveg til Vatnasete og på sti over til Måvotno (eller Maovatnet som me kallar det lokalt). Her var det spor etter andre stisyklistar også. Litt att og fram på fine stiar og kjerrevegar her, før eg slapp meg ned gamlevegen til Tveito. Opp att nyevegen og over til skianlegget og heim via Velkje.

0505 4

0505 4

 

MÅNDAG 3. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Nissedal
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 1060
Tre dagar med sykling, fjasing og bålkos går fort, og plutseleg var me heime att. Nissedal leverte som alltid stisykling på øverste hylle. 

0503 7

0503 7

0503 7

0503 7

0503 7

0502 5

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Rune Herheim)

0503 Rune 9

0503 Rune 9

0503 Rune 9

 

SUNDAG 2. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Nissedal
Totaltid: 7 timar
Akk. høgdemeter: 1334

0502 2

0502 5

0502 2

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Odd Inge Jordalen)

0502 Rune 8

0502 Rune 8

(Foto under: Rune Herheim)

0502 Rune 8

 

LAURDAG 1. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Nissedal
Totaltid: 4t 55min
Akk. høgdemeter: 950
Rune og Odd Inge er på plass i Nissedal, og dermed er det rekordtidleg start på "Nissedal-sesongen". 

0501 1

0501 2

0501 3

0501 2

0501 2

0501 2

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Odd Inge Jordalen)

 0501 Odd 4

0501 Odd 4

0501 Odd 4