AUGUST 2021

 

TYSDAG 31. AUGUST
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) frå Hjelle
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1063

0831 

 

MÅNDAG 30. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 556
Bjarte og eg. Me var på veg til Helgaset, men så punkterte eg på Kvitno. Og det var tydelegvis ikkje min dag, for både pumpa og boksen med "guffe" (tetningsmasse og luft under trykk, som tettar punkteringar og blåser opp dekket på sekundar) tok kvelden, og dermed var det berre å trille roleg heim att på eit dekk med tilnærma 0 bar.

 

LAURDAG 28. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1847
Asfalt til Granvin og på gamlevegen over Angerskleiv og ned til Ulvik. Opp via Vestrheim og Oppheim og på skogsveg over til Aurdal. Så opp Lødalen og over til Lomtjørn. Skogsveg opp til Skitnaset  og sti over til Vatnaset, og dermed heim att samme veg som me kom.

 

FREDAG 27. JULI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Lønahorgi (1410m) frå Bavallen
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1156

 

TORSDAG 26. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 860
Bjarte og eg. Opp nyevegen til Tverrberg og vidare opp Budalen til Øvraset. Litt att og fram på sti i Bømoen på veg heim att.

0826

 

TYSDAG 24. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 1144
Frå Tinnhølen på traktorslepe til Sandhaug og vidare til Hansbu. Dette er den nest lengste traktorslepa på Hardangervidda, det er kun den som går frå Solheimstulen til Lågaros som er lenger. Hansbu ligg omtrent så midt på Hardangervidda som det er mogeleg å komme. Traktorslepene på Hardangervidda er grove, med mykje stein og vading over elvar og bekkar. Fulldempar er eit must, og det er ein fordel å ha solid vandring på demparane. Sjølv traktorar må køyre svært sakte, som regel saktare enn vanleg gangfart. Gjennomsnittsfarten på stisykkel vert og låg, og berre unntaksvis går det an å halda litt fart.

0824 7

0824 7

0824 7

0824 7

0824 7

Flott utsikt i fullmåneskin. Hardangerjøkulen i bakgrunnen.

 

MÅNDAG 23. AUGUST
Aktivitet: Packrafting (MRS Microraft L)
Vatn: Langavatnet, Hardangervidda
Totaltid: 6 timar
Først på stisykkel sørover på traktorslepa frå Tinnhølen til Langavatnet. Så packraft over Langavatnet til Langavassmyrane, eit svært elvedelta på fleire kvardatkilometer der elva Eitro buktar seg gjennom landskapet. 

0823 7

0823 7

I det eg runda ein sving i elva stod det plutseleg tre elgar framfor meg. Dette er altså langt inne på Hardangervidda, ca. 1230 moh. Eg var ikkje klar over at det er elg så langt oppe i høgfjellet på Vestvidda. Dei er ikkje vant med å sjå menneske her, sidan det er umogeleg å komme inn i området til fots, eller med vanleg båt, så dei stod heilt i ro og såg på meg i fleire minuttar.

0823 7

0823 7

0823 7

0823 7

0823 7

 

SUNDAG 22. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 5t 40min
Akk. høgdemeter: 880
Frå Tinnhølen på traktorslepe vestover på Hardangervidda. Då slepa tok slutt ved Lægreidshallet fortsatte eg på sti nesten til Hallaskar, som ligg aust for turisthytta Hadlaskard.

0822 5

0822 5

0822 5

0822 5

 

LAURDAG 21. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 2039
Bjarte og eg. Først til Granvin og på gamlevegen over Angerskleiv og ned til Ulvik. Så opp via Vestrheim og Oppheim på skogsveg over til Aurdal. Vidare på skogsveg opp til skianlegget i Drevtjørn. Så over Espeland og vidare mot Voss, der me tok ein siste klatring opp via Skutle og skianlegget over til Bordalen.

0821 2

0821 1

 

FREDAG 20. AUGUST
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Rute: Mølster - Hanguren - Finnesdemma -  Heggjavad - Mølster
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 571
Brynjulv og eg.

 

TORSDAG 19. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Rute: Voss - Bavallen - Hangurstoppen - Hanguren - Kiseldur - Raugstad - Voss
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 861
Bjarte og eg. 

 

TYSDAG 17. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Rute: Voss - Granvin - Ulvik - Osa - Osafjellet - Hallingskeid - Myrdal
Totaltid: 8t 50min
Akk. høgdemeter: 2763
I mange år har eg hatt planar om å sykla frå Osafjellet over til Hallingskeid og Rallarvegen, og i dag fekk eg endeleg gjort det. Først på Asfalt frå Voss opp på Osafjellet. Så nordover på høgfjellet til eg kom til DNT-stien som kjem opp frå Osa. Denne fulgte eg til Hallingskeid, og så på Rallarvegen vidare til Myrdal. Det vart ei god mil i terrenget frå eg forlot vegen på Osafjellet til eg kom til Hallingskeid. Det meste var fjellsykling av beste kvalitet, men det er også nokre områder med røft terreng.

0817 9

0817 9

0817 9

0817 9

0817 9

0817 9

Det var ikkje flytsykling heile vegen. Bergensbanen og Hallingskeid i bakgrunnen.

 

MÅNDAG 16. AUGUST
Aktivitet:Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Rute: Bømoen - Fyrjo - Bømoen
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 861
Rune, Bjarte og eg. 

 

LAURDAG 14. AUGUST
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Rute: Mølster - Hanguren - Finnesdemma -  Heggjavad - Mølster
Totaltid: 1t 12min
Akk. høgdemeter: 562

 

FREDAG 13. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 1082
Vikafjellsrunden. Topp forhold på stiane. Begynte å regne akkurat i det eg kom attende til bilen. Flaks igjen.

Bilete frå juli 2019 då eg og Hans-Inge tok samme turen

0714 Vikafjellet 21

0714 Vikafjellet 21

0714 Vikafjellet 21

0714 Vikafjellet 21

0714 Vikafjellet 21

0714 Vikafjellet 21

0714 Vikafjellet 21

0714 Vikafjellet 21

0714 Vikafjellet 21

 

TORSDAG 12. AUGUST
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Vidmesnosi (1281m) frå Flåm sentrum
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 1362
Vidmesnosi er det karakteristiske fjellet som ser veldig bratt ut når ein kjem køyrande innover Flåmsdalen. Men ved å runda inn i Stokkadalen og så gå rett opp er det ingen problem å komma seg til topps.

0812 3

0812 3

0812 3

 

ONSDAG 11. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 7t 15min
Akk. høgdemeter: 2296
Frå Øvre Årdal opp 30 hårnålssvingar til 1000 moh. Dette er den spektakulære gamlevegen mellom Årdal og Tyin som vart opna i 1934.  Vidare mot Tyinosen ligg vegen på ei hylle langt over dalbotnen. Nesten framme ved Tyinosen snudde eg og tok samme veg attende, men tok så opp anleggsvegen som går opp Rasdalen og over til Berdalsvatnet. Tok også den svært grove kjerrevegen som går til Viervatnet, og der var eg glad for å ha stisykkelen for denne framstår i dag meir som ein sti.

0811 12

0811 12

0811 12

0811 12

0811 12

0811 12

0811 12

0811 12

0811 12

0811 12

0811 12

0811 12

 

TYSDAG 10. AUGUST
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Botnanosi (1387m)
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1465
Frå Øvre Årdal går det ein bratt men fin sti frå sentrum rett opp langs ryggen til Sprekisnosi (1000m). Navnet har utsiktspunktet fått av lokalbefolkninga i løpet av dei siste åra, og det står dermed ikkje på kartet. Vidare innover i litt mindre bratt terreng til Botnanosi (1387m).

0810 3

0810 3

0810 3

 

MÅNDAG 9 AUGUST
Aktivitet: Packrafting (MRS Microraft L)
Vatn: Styggevatnet i Jostedalen
Totaltid: 4t 40min
Brearmen Austdalsbreen fløymer frå Jostedalsbreen ned i Styggevatnet, og skapar dramatisk natur. Fleire mindre kalvingar skjedde mens eg var der.

0809 6 Header

0809 15

0809 15

0809 15

0809 15

0809 15

0809 15

0809 15

0809 15

 

For dei som aldri har sett ein brekalving - dette er ein kalving av ørlite større dimensjonar enn dei eg fekk sjå i Styggevatnet.
Faktisk er dette verdas største kalving fanga på film:

 

SUNDAG 8. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 1836
Starta i Fortun i Skjolden. På anleggsveg opp hårnålssvingane og vidare inn til Nørdstedalseter. Så inn Middalen til Breidalen der vegen endar (1300 moh). Ned att til Nørdstedalseter, der tre dalar møtes. Det går anleggsveg innover fjellet i dei to andre dalane også, men ikkje så langt som Middalen/Breidalen. Så eg måtte inn Nørdstedalen og Vetledalen også når eg først var her oppe. Dette området har eg aldri vore i før, der det ligg mellom Jotunheimen og Breheimen. Det er fleire 2000-meters toppar i dette området, og eg hadde god utsikt til fleire av dei i dag.

0808 4

0808 4

0808 4

0808 4

 

ONSDAG 4. - FREDAG 6. AUGUST
Aktivitet: Packrafting (MRS Microraft L)
Rute: Käringsjøen (Sverige) - Rogen - Røavassdraget - Femunden - Feragen
Tre dagars langtur frå Sverige til Noreg gjennom fantastisk "padle-villmark". Små vatn og store innsjøar ligg som perler på ei snor, med artige stryk mellom - perfekt for packraft. Nokre få korte bæringar her og der, og ei lang frå Røvollen til Røa ved Femunden. Dette er verkeleg villmark, og det er lite spor etter menneske. Turen vart avslutta med ein 94 kilometers sykkel-etappe på asfalt og grusveg attende til Käringsjøen.

0804 19 Header

0804 1

0804 1

0804 1

0804 1

Eg hadde fint vær heile tida, unntatt ei skikkeleg byge som kom i det eg starta på den store insjøen Rogen den første dagen. I det eg runda neset (sjå under) gjekk det kvitt og store bølger gjorde det utfordrande å padle.

0804 1

0804 1

0804 1

0804 1

0804 1

0804 1

0804 1

0804 1

0804 1

0804 1

0804 1

0804 1

0804 1

0804 1

0804 1

Dette er den einaste av dei gamle tømmerennene mellom Femunden og Feragen som er brei nok til at eg kunne padla ned.

0804 21

0804 1

0804 1

0804 1

 

TYSDAG 3. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Stad: Røros
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 794

0803 3

0803 3

 

MÅNDAG 2. AUGUST
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Rute: Gjendebu til Gjendesheim via Bukkelægret, Memurubu og Besseggen
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 1872

0802 12

0802 12

0802 12

0802 12

0802 12

0802 12

0802 12

0802 12

0802 12

0802 12

 

SUNDAG 1. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Stad: Golsfjellet
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 422
Bjarte og eg.

0801 2

0801 2