JANUAR 2023

 

28. JANUAR - 20. FEBRUAR
På Aconcagua. Les dagbok her

(Bilete frå fjorårets ekspedisjon.  Foto: Jarle Trå)

 

LAURDAG 28. JANUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Bømoen
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 65

 

FREDAG 27. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Kaldafjellet (1411m)
Totaltid: 2t 35min timar
Akk. høgdemeter: 967
Overnatta i Brandsetdalen og gjekk på Kaldafjellet. Ein nydeleg tur med det føret som er no. Svært raskt ned att, store svingar i det slakke terrenget.

 

TORSDAG 26. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Horndalsnuten (1461m) og Byrseteggi x 2 (1025m)
Totaltid: 3t 55min timar
Akk. høgdemeter: 1553
Horndalsnuten frå Fennastølane, over Byrseteggi begge vegar. Flott cruisingføre med smale ski, på skare med 3 cm. nysnø. 

Flaum ut av Øvre Modalsvatnet etter all nedbøren dei siste tre dagane. Nesten litt skremmande med tanke på at dette er 1000 moh.

 

SUNDAG 22. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Totaltid: 3t 55min
Akk. høgdemeter: 2098
Martin og eg.

 

LAURDAG 21. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Såta (933m)
Totaltid: 2t 11min
Akk. høgdemeter: 674
Ola, Rune og eg. Pudder og sol på Såta. Blir ikkje betre enn det.

(Foto over: Rune Herheim)

 

FREDAG 20. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 2259
Kan nesten ikkje hugse ein så lang periode med kremføre. Frå 28. des. har det vore eventyrlege pudderforhold i Jordalen. Ikkje berre i skogen, men heilt til topps.  

 

TORSDAG 19. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 2270

 

ONSDAG 18. JANUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 2t 23min
Akk. høgdemeter: 734
Frå Heggjavad opp Raugstadløypa og nokre rundar i langrennsløypene i området rundt Hangurstoppen.

 

TYSDAG 17. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 2191

 

MÅNDAG 16. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1622
Overnatta høgt oppe i Brandsetdalen etter skituren.

 

SUNDAG 15. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1879
Øystein og eg. Fekk litt sol også i dag, til tross for at meldingane ikkje var så bra. Fantastisk føre fortsatt. 

Sjekk korleis skia bøyer seg...

 

LAURDAG 14. JANUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Bømoen
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 54

 

FREDAG 13. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 2090

 

TORSDAG 12. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 2181
Det kom store mengder nedbør det siste døgnet, men eg var veldig usikker på kor langt ned det hadde snødd tørt. Men Jordalen skuffar aldri - fantastisk pudderføre ned til 750 meter. Heilt urørt av vinden sidan det ligg i le for austavinden.

 

ONSDAG 11. JANUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Bømoen
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 59

 

TYSDAG 10. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Lønahorgi (1410m) frå Tråstølen
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 900
Stella, Øyvind og eg. Nydeleg føre over 800 meter.

0110 2

0110 2

 

MÅNDAG 9. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro) 
Fjell: Hangurstoppen (818m) frå Bavallen
Totaltid: 52 min
Akk. høgdemeter: 547
Rett opp Alphaløypa til Hangurstoppen.

 

SUNDAG 8. JANUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Bømoen
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 67

0108

Greitt med breie dekk i dag

 

FREDAG 6. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Fjell: Lia under Vardanosi
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 2055
Store mengder florlett pudder i Jordalen. Holdt meg mest i skogen sidan det har vore mykje vind det siste døgnet, men det var overraskande bra også langt over skogsgrensa.

0106 2

0106 2

 

TORSDAG 5. JANUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Bømoen
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 106

 

ONSDAG 4. JANUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 423
Frå Raugstad opp til Valbergstjørni. Krevande føre, så det vart ein del dytting opp.

0104 1

 

TYSDAG 3. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 2238

0103 6

0103 6

0103 6

 

MÅNDAG 2. JANUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Bømoen
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 72

0102

Målte minus 19 grader på det lågaste i kveld. Bømoen er den kaldaste plassen på Voss.

 

SUNDAG 1. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 2251
Månepudder i Jordalen

0101 5

0101 5

0101 5