MARS 2023
15. - 26. MARS
KILIMANJARO
Les dagbok
(Bilete frå juli 2022 / Foto: Jarle Trå)
TYSDAG 14. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Totaltid: 3t 08min
Akk. høgdemeter: 1564
MÅNDAG 13. MARS
Aktivitet: Stisykling (Surly Moonlander)
Stad: Bømoen
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 134
SUNDAG 12. MARS
Aktivitet: Stisykling (Surly Moonlander)
Stad: Bømoen
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 98
FREDAG 10. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Solbjørganipa (1463m) x 2
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1535
Øystein og eg. Frå Solbjørganipa ned til Solbjørgastølen på sørsida. To nedkøyringar frå Solbjørganipa i dag, like bra snø både på nordsida og sørsida.
(Foto over: Jarle / Foto under: Øystein)
TORSDAG 9. MARS
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Raugstadløypa og langrennsløypene rundt Hangurstoppen.
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 884
TYSDAG 7. MARS
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1088
Frå Raugstad opp på Hangurstoppen, og ein del rundar i dei flotte langrennsløypene der oppe.
MÅNDAG 6. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Strutseggi (1137m)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1247
Kaldt i skuggen, men vindstille og til dels veldig varmt i sola. Sola klarar likevel ikkje å lage slush i sørsidene pga. lufttemperaturen, så der det er pudder held det seg. To nedkøyringar ned til Olastøl.
SUNDAG 5. MARS
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Hangurstoppen (818m) frå Bavallen
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 547
Også i kveld var det litt nordljos, sjølv om det ikkje kunne måla seg med det som var for nokre dagar sidan. Nesten fullmåne var det også.
LAURDAG 4. MARS
Aktivitet: Stisykling (Surly Moonlander)
Stad: Bømoen
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 118