APRIL 2023

 

SUNDAG 30. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Kristiansand / Søgne
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 792

 

LAURDAG 29. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Kristiansand
Totaltid: 5t 25min
Akk. høgdemeter: 981
Kristiansand har eit enormt nettverk av fantastiske stiar. Her er det både raske flytstiar og tekniske krevande stiar. Sørlandskysten er blant stisyklistar kanskje mest kjent for dei fine barnålstiane (eller children needle paths på den automatisk oversatte beskrivelsen av GPS-tracket som eg sykla i dag...)

 

FREDAG 28. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Kristiansand
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 664

I Kristiansand er det verkeleg tilrettelagt for stisyklistar. Uansett kva behov du måtte ha.

 

TORSDAG 27. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Område: Bømoen - Opeland
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 511
Ola, Rune og eg.

 

ONSDAG 26. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 417
Øyvind og eg.

 

LAURDAG 22. APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Horndalsnuten (1461m) x 2 og Byrseteggi x 2 (1025m)
Totaltid: 5t 10min
Akk. høgdemeter: 2467
Horndalsnuten frå Fennastølane, over Byrseteggi begge vegar. Køyrte ned nordsida av Horndalsnuten også. Perfekt slushføre på alle fire nedkøyringane.

 

FREDAG 21. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Område: Bømoen, og ein runde på asfalt opp til Kyte og rundt Grauaåsen til Tøn og ned att i Bømoen
Totaltid: 2t 12min
Akk. høgdemeter: 547
Bjarte og eg. Tørre og fine stiar i Bømoen.

 

TORSDAG 20. APRIL
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute: Rundt Vangsvatnet med ein avstikkar opp Dyrvedalen
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 525
Frode og eg. 17 grader på Vangen då me starta...

 

ONSDAG 19. APRIL
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Rasletinden (2105m) i Jotunheimen
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 1833
Frå Valdresflya. Ei nedkøyring i slush til Bygdin, og ei i pudder ned att til Valdresflya.

 

LAURDAG 15. - TYSDAG 18. APRIL
Aktivitet: Turski (Åsnes Nansen) og pulk
Rundtur i Femundsmarka Nasjonalpark. Dette er eit perfekt område for ein langtur med pulk. Kombinasjonen relativt flatt høgfjellsterreng og åpent skogsterreng nede i dalane gjer det enkelt å ta seg fram med pulk. Du vil helst ikkje ha for bratte motbakkar eller for tett skog når du dreg pulk. Eg hadde eigentleg tenkt å ta denne turen i påsken, men finværet heime gjorde at eg "måtte" prioritere toppturar i Vossafjell. Men det viste seg å vera eit sjakktrekk, for no såg eg ikkje eit menneske på heile turen, og pga. det store snøfallet som kom i dagane før turen min starta var det heller ikkje eit skispor å sjå.

 

TORSDAG 13. APRIL
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute: Voss - Granvin - Voss
Totaltid: 2t 11min
Akk. høgdemeter: 579
Første turen med lett terrengsykkel om våren gir alltid ein herleg fartsfølelse etter mykje "gamping" med tung fatbike om vinteren.

 

ONSDAG 12. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Bømoen
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 312

 

MÅNDAG 10. APRIL
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Hanguren frå Raugstad
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 742

 

SUNDAG 9. APRIL
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Hestastodnuten, sørtoppen (ca. 1355m) x 3
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 2265
I morgon er det slutt på finværet, så dette vart påskens siste skitur. Påsken kan ikkje bli stort betre enn den har vore i år, verken når det gjeld vær eller føre. Når påsken kjem i starten av april, og høgtrykket ligg stabilt over Vestlandet, betyr det ein ting - smørslush! Så lenge det er minusgrader om natta i høgfjellet er føret superraskt og ekstremt stabilt, dvs. ingen ubehagelege overraskelsar i stor fart. Dette betyr skikøyring på aller øverste hylle, så lenge ein planlegg nedkøyringane i riktig rekkefølge med tanke på vinkel mot sola. Sola må få jobba litt med skaren før smørslushen oppstår. Sjølv om pudder er favoritten, så ligg ikkje slush langt etter. Og denne påsken har ein faktisk fått begge deler!

Ikkje mange skispor nederst i Sotebotnen, sidan det er umogeleg å komme seg vidare ned i Tyssedalen Du må over fjellet først, og tilbake over fjellet etterpå.

 

FREDAG 7. APRIL
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Nordbotnnuten (1471m), Olsskavlen (1576m) og Stavaskarsnuten (1349m) x 2
Totaltid: 6t 50min
Akk. høgdemeter: 3049
Dei flottaste sørsidene i Vestrebotnen og Trollabotnen-området. "Trollarenna" ned i Trollabotnen er alltid eit høgdepunkt.

 

TORSDAG 6. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Strutseggi (1137m)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 793
Andreas og eg.

 

ONSDAG 5. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Stad: Prestegardsmoen og litt rundt Vangen
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 149

 

TYSDAG 4. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Stavaskarsnuten (1349m) x 2 og Olsskavlen (1576m) x 2
Totaltid: 6t 45min
Akk. høgdemeter: 3160

 

MÅNDAG 3. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Surly Moonlander)
Stad: Bømoen
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 50

 

SUNDAG 2. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Solbjørganipa (1463m) x 3 og Giljabotnnipa (1499m) x 2
Totaltid: 6 timar
Akk. høgdemeter: 2674
Synnøve, Even, Sjur og eg. Samme fjell som i går - ingen vits i å skifte leikegrind når det er så bra. Endå varmare enn i går, og dermed endå meir slush. Og fortsatt urørt pudder på nord- og austsider. Dette kan bli tidenes påske!

 

LAURDAG 1. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Solbjørganipa (1463m) x 2 og Giljabotnnipa (1499m) x 3
Totaltid: 6t 15min
Akk. høgdemeter: 2837
Fantastisk dag i Jordalen. Flott både på sørsider og nordsider!