JUNI 2023

 

FREDAG 30. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube Stereo 160)
Stad: Rallavegen frå Flåm til Hallingskeid t/r
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1410



 

ONSDAG 28. - TORSDAG 29. JUNI
Aktivitet: Packrafting (MRS Microraft L) / Stisykling (Cube Stereo 160)
Sølen rundt med stisykkel og packraft. I serien "kombinasjonsturar" er dette ein av dei meir spesielle. Sykkel og packraft er normalt ikkje så enkelt å kombinere. Frå utgangspunktet sør for Sølenmassivet sykla eg sti på austsida opp til Øvre Mistsjøen, og deretter, etter ei overnatting der, packraft ned att Mistdalen på vestsida. Sølen var i blikkfanget heile tida, og det er vanskeleg å sei kva som var best - både stisyklinga og elvepadlinga var heilt i toppklasse. Totalt: 35 km stisykling, 4 km vandring og 35 km elvepadling

 

TYSDAG 27. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) / Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Fjell: Storsølnkletten (1827m)
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 1535
På Storsølnkletten kan ein sykle flott sti inn til sjølve fjellet, for deretter å knyte på joggeskoene og bestige sjølve toppen - altså eit perfekt fjell i mine auge! Giganten Storsølnkletten er Hedmarks (Innlandets) svar på Gaustatoppen, med ei enorm utsikt frå toppen, og ein flott og majestetisk profil uansett kva himmelretning du ser det frå. Dette er fjellet som fekk Aasmund Olavsson Vinje til å skrive "No ser eg atter slike fjell og dalar", fordi det minna han sånn om Gaustatoppen heime i Telemark.

 

MÅNDAG 26. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Dovrefjell
Totaltid: 5t 30min
Akk. høgdemeter: 983

 

SUNDAG 25. JUNI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Fjell: Snøhetta (2286m)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1419
Sykkel inn til Snøheim, på joggesko resten. Varmt sjølv på toppen.

Rondane 

 

FREDAG 23. - LAURDAG 24. JUNI
Aktivitet: Fjelltur (Hoka Sky Kaha GTX)
Område: Dovrefjell
To dagar på tur i indre delar av moskusområdet, i motsetning til torsdagens tur då eg heldt meg nærmare E6. Såg totalt 36 dyr, blant anna fleire årskalvar.

Denne vesle årskalven torde ikkje å krysse elva saman med mora. Han vart ståande fortvila igjen mens mora beita på den andre sida. Han skreik høgt for å prøve å få mora til å komme tilbake. Mora vart etterkvart også litt stressa, men ga ikkje etter for "presset". Her er det ein del av livets harde skule, å bli tøff og uredd er ein forutsetning for å overleve på sikt. Eg observerte dei i eit par timar og heldigvis gjorde han ingen forsøk på å krysse. Det ville nok endt dårleg.

For å komme inn i området der det er mest moskus må ein gå i svært ulendt terreng, utan sti. Fleire gonger møtte eg på moskus inne i den bratte og tette skogen, utan sjanse til å sjå den før eg var 30-40 meter unna. Det får pulsen til å stige litt når ein plutseleg står ansikt til ansikt med ein storokse i slikt terreng.

Villreinen på Dovrefjell er, saman med villreinen i Rondane, siste rest av den opprinnelege ville fjellreinen i Skandinavia.

Flott "teltplass", sjølv om eg denne gongen ikkje hadde telt, men kun eit soveposetrekk. Sidan eg skulle gå i kronglete terreng valgte eg så lett utstyr som mogeleg. Ryggsekk, "telt", sovepose, og liggeunderlag vog totalt kun 1,9 kilo.

På slutten av turen kom eg inn på stien frå Reinheim til Kongsvold. Men her var ikkje brua lagt ut endå, og det vart derfor ein kald, uventa og litt risky elvekryssing med dyrt fotoutstyr hengande rundt halsen.

 

TORSDAG 22. JUNI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Område: Dovrefjell
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 583
Moskusjakt med kamera på Dovrefjell. Eg var her ein del i ungdommen for å fotografere den store uroksen. På den tida var stamma lita, kanskje rundt 50 dyr, og det var ikkje alltid så enkelt å finna dei. No er stamma sannsynlegvis godt over 250 dyr, og det er derfor ikkje fullt så vanskeleg å møte på den eksotiske skapningen lenger. Moskusen kan bli opp til 650 kg. og er nærmare beslekta med sau og geit enn med storfe. Den likar ikkje at ein kjem for nær, og sjølv om den i utgangspunktet er fredeleg dersom du respekterer "reglane", er det mange som har hatt skumle opplevelsar med moskus, og det har også vore dødsfall. Den kan framstå som treg pga. størrelsen, men den akselererer fort opp i 60 km/t og du har ikkje sjanse til å komme deg unna viss den først angriper. Det er alltid mennesket sin feil dersom det går galt, moskusen har eit tydeleg kroppsspråk når den meiner du bør komme deg vekk.

 

SUNDAG 18. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 895
Frode og eg. Snudde litt forbi vestenden på Hamlagrøvatnet.

 

LAURDAG 17. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Rute: Voss - Bordalen - Rong - Almenningane - Folkedal - Granvin - over Djupåsen - Bordalen - Voss
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 1493
Bjarte og eg. Nydeleg tur på stien frå Amenningane over til Folkedal.

 

FREDAG 16. JUNI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Fjell: Oksen (1241m) frå Tjoflot
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 1024

 

TORSDAG 15. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Rute: Dyrvedalen - Dale - Ukvitno - Nesthus - Hjelle - Bordalen - Voss
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1211
Bjarte og eg.

 

TYSDAG 13. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Rute: Bømoen - Møn - Opeland - Djupåsen - Bordalen
Totaltid: 2t 27min
Akk. høgdemeter: 653
Bjarte og eg.

 

MÅNDAG 12. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Område: Storåsen
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 567
Bjarte og eg. Nydelege forhold i Storåsen.

 

SUNDAG 11. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 990
Har sykla Kongevegen på Sognesida av Filefjell fleire gonger, men dette var fyrste gongen på Valdressida. Delte turen opp i to for å sleppe den lange transportetappen på E16 langs Vangsmjøse (der europavegen dessverre er lagt over traséen til Kongevegen). Først Kvamskleivi, den mest spektakulære delen av Kongevegen på austsida. Deretter frå Øye til Kyrkjestølane på Filefjell.

 

LAURDAG 10. JUNI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Stad: Gravskardet
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 619
På veg opp på Gravskardhøgda (1767m) nord for Atnsjøen, men råtten snø gjorde at eg snudde godt under toppen.

 

ONSDAG 7. - FREDAG 9. JUNI
Aktivitet: Packrafting (MRS Microraft L)
Ein lang tur med packraft i eit fantastisk villmarksområde vest for Femunden, frå Brydalen i nord til Sølenstua i sør. Frå Brydalen må ein først gå opp dalen mot vannskillet, padle over ein del fjellvatn, for deretter å ta seg ned Speke- og Sølenvassdraget. Såg blant anna to elgar, to beverar og ein rev. Spesielt reven var ein fin opplevelse då den kom luskande langs elvekanten, og eigentleg ikkje la merke til meg før eg var 15 meter frå den. Me berre såg på kvarandre ei stund, mens eg dreiv sakte i retning mot den. Men i det eg greip etter kameraet forsvant den. Det er ein fin ting med packraft, ein kjem nær innpå dyrelivet på ein måte ein som regel ikkje klarar når ein går i fjellet. Ved ankomst Sølenstua var det berre å legge i veg på sykkel nordover att til Brydalen. Totalt: 54 km padling (35 elv/19 flatt vatn), 29 km vandring og 121 km sykkel.

 

TYSDAG 6. JUNI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Område: Jutulhogget
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 422
Jutulhogget oppsto då Rendalsjutulen brukte øksa si for å lede vatn frå Østerdalen over til kvernhjulet sitt i Rendalen. Glåmdalsjutulen vart forbanna fordi vatnet hans forsvant, og kasta øksa si i skallen på Rendalsjutulen slik at han døydde. Dette er sjølvsagt den vitenskapelege forklaringa, mens sagnet skal ha det skuldast ein enorm bredemt innsjø under siste istid for 9000 år sidan. Nedre Glåmsjø, som var 14 mil lang, var demt opp av ein kolossal isdemning. Denne brast plutseleg og vatnet fossa over i Rendalen og forårsaka ein av dei største naturkatastrofane gjennom tidene i Noreg og Sverige. I fleire dagar var dette verdas desidert største foss. Flaumvatnet rann ut over store deler av Austlandet og Sør-Sverige. Fjorden som i dag er kjent som Oslofjorden - den gjekk mykje lenger inn i landet på den tida og vert omtala som Romeriksfjorden - steig 30 meter mens innsjøen tømte seg. Ein historie så utruleg at slagsmålet mellom jutulane høyres mykje meir sannsynleg ut.

 

FREDAG 2. - MÅNDAG 5. JUNI
Aktivitet: Packrafting (MRS Microraft L)
Elv: Numedalslågen frå Veggli til Larvik
Frå foten av Hardangervidda til Skagerak på flaumstore Numedalslågen. Tre dagar og 175 kilometer med variert padling, alt frå heftige stryk til stilleflytande, buktande elv. Me padla opp mot 60 km for dagen, kun mogeleg fordi det var bra med straum i elva også der den var "stille". Me såg to beverar og ein stålorm, og eit talrikt fugleliv. Grytidleg den fjerde dagen padla me dei siste kilometrane i havdisen ut til Larvik, og etter ein betre frukost med utsikt ut over havet, tok me til på den lange returen til Veggli med tog og taxi.