FEBRUAR 2024
TYSDAG 27. FEBRUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 598
Opp Raugstadløypa, via Hanguren og Raude Kross-hytta opp på Hangurstoppen (818m). Avslutninga ned Raugstadløypa er alltid eit høgdepunkt.
MÅNDAG 26. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Stavaskarsnuten (1258m) og Strutseggi (1137m)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1381
Fantastisk føre, og varmt i sola i sørsidene - vårfølelse!
SUNDAG 25. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1184
Fullmåne og strålande føre.
LAURDAG 24. FEBRUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 2t 26min
Akk. høgdemeter: 622
Opp Raugstadløypa, så litt rundt omkring i langrennsløypa og opp på Hangurstoppen (818m). Til slutt ned att Raugstadløypa.
TORSDAG 22. FEBRUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Bømoen
Totaltid: 1t 27min
Akk. høgdemeter: 186
ONSDAG 21. FEBRUAR
Aktivitet: Stispringing (Salomon Snowspike)
Rute: Mølster - Hanguren - Mølster
Totaltid: 1t 13min
Akk. høgdemeter: 504
27. JANUAR - 19. FEBRUAR
På Aconcagua med ei stor gruppe. Les dagbok