MAI 2024
FREDAG 31. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Vinstra - Tjønnsæterfjellet - Furusjøen - Vinstra
Totaltid: 6 timar
Akk. høgdemeter: 1554
Fantastisk solnedgang bak Rondane i natt
TORSDAG 30. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Fjellområdet mellom Vinstra og Skeikampen
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1155
TYSDAG 28. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Fjell: Sikkilsdalshøa (1778m) frå Maurvangen
Totaltid: 3t 18min
Akk. høgdemeter: 873
Ein Hercules kom brått på oss på fjellryggen, i det den steig bratt for å komme over passet. Me var 100% på "rett stad til rett tid" og det føltes verkeleg som me kunne ta på vingetippen på den store maskina i det den la seg inn i ein krapp sving mot Sikkilsdalen ned på den andre sida. Dette var nok punktet me hadde maxpuls i dag... Kanskje var den på tur ned for å helse på kongefamilien på Prinsehytta berre nokre få kilometer under oss i Sikkilsdalen?
(Bilete under: Siv)
MÅNDAG 27. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Fjell: Lomseggi (1289m) og Eggjapiken (1524m) frå Lom
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1185
SUNDAG 26. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Sjodalen og Griningsdalen
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 610
LAURDAG 25. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Fjell: Besseggen t/r frå Gjendesheim
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1066
FREDAG 24. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Fjell: Knutshøe (1517m) i Jotunheimen
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 660
Siv og eg. 20 grader, steikande sol og vindstille gjorde at eit isbad i elva var påkrevd etter ein fantastisk tur over "Besseggens tøffe lillebror".
TORSDAG 23. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Nordmarka (Oslo)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 533
ONSDAG 22. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Nordmarka/Lillomarka i Oslo
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 656
Fantastiske stiar rett utanfor storbyen.
MÅNDAG 20. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Område: Bømoen og Prestegardsmoen
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 245
SUNDAG 19. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 1571
Bjarte og eg. Til Granvin på asfalt. Så opp til Velken og på kjerreveg til Vatnasete og sti vidare over Angerskleiv og ned til Ulvik. Opp att via Ljono og bratt opp over Gårhovden til Solsævatnet. Via Espelandsdalen attende til Voss.
LAURDAG 18. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Stad: Rallarvegen frå Aurland
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1228
Kom meg til Klevavatnet, ein god del lenger enn eg hadde rekna med, sidan det var brøyta. Tørre og fine vegar.
FREDAG 17. MAI
Aktivitet: Ski (Trab Ortles 85)
Fjell: Blåskavlen (1809m)
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 2230
Fint slushføre dei øverste 500 metrane på nordsida. To gonger ned nordsida og ein gong ned sørsida.
TORSDAG 16. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Område: Bømoen - Raundalen - Bømoen - Bordalen
Totaltid: 3t 37min
Akk. høgdemeter: 1165
Bjarte og eg. Prøvde oss inn til Fyrjo, Jonsstølen og Helgaset, men vart stoppa av snøen i alle tre dalane.
ONSDAG 15. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Område: Bømoen - Grauaåsen - Øvre Lemme - Bømoen
Totaltid: 2t 24min
Akk. høgdemeter: 689
TYSDAG 14. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 247
Even og eg.
27. APRIL - 13. MAI
Manaslu Circuit i Himalaya. Sjå fleire bilete i dagboka