JULI 2026

 

TORSDAG 16. JULI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6 GTX) + stisykling
Fjell: Skierffe (1183m) i Sarek Nasjonalpark
Totaltid: 6t 30min (5t joggesko / 1t 30min stisykling)
Akk. høgdemeter: 1313
Nydeleg langtur inn i Sarek Nasjonalpark og opp på Skierffe, som gir fantastisk utsikt innover Rapadalen og elvedeltaet der Rapaelva renner ut i innsjøen Lájtávrre. Sarek og Rapadalen blir omtalt som Europas største og "villaste" villmark med faste bestander av bjørn og jerv, og ulv og gaupe streifar ofte gjennom området. Rapadalen er også kjent for sin bestand av kjempestore elgar. Sidan det ikkje er nokon form for jakt her blir dei svært store. Det er ingen tilrettelegging, hytter, bruer eller merking av stiar i Sarek, så dette er villmark i ordets rette forstand.

Nydeleg plass å sjå semifinalen på i går kveld. No er eg på grensa til midnattssola og teoretisk så er sola under horisonten i halvannan time. Men i praksis er det sol på toppen av 2000-metringane her heile natta.

 

ONSDAG 15. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Område: Tjåmotis
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 882

 

MÅNDAG 13. JULI
Aktivitet: Packrafting (MRS Microraft L)
Elv: Visttasvággi
Totaltid: 5t 30min

 

SUNDAG 12. JULI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6 GTX) + stisykling
Fjell: Kebnekaise, sydtoppen (ca. 2090m)
Totaltid: 9t 37min (6t 37min joggesko / 3t stisykling)
Akk. høgdemeter: 2526
Lang tur på over 6 mil og 2500 høgdemeter. 2,5 mil var stisykling (på sti til terningkast 6) for å komme raskare fram i den flate dalen frå Nikkaluokta innover mot foten av fjellet. Men det var likevel langt att å springe relativt flatt før eg begynte på stigninga for alvor. Sist eg stod på toppen av Kebnekaise var i 1994 då eg gjekk Noreg på langs. Då stod eg på Sveriges høgaste punkt. Men det gjorde eg ikkje i dag... Grunnen til dette merkelege faktumet er at sydtoppen av Kebnekaise var det høgaste fjellet i Sverige fram til for få år sidan, då den gigantiske skavlen på toppen hadde smelta så mykje at nordtoppen vart det høgaste. Den måler 2097 moh. og er fast fjell. Sverige måler altså høgda på fjell på det høgaste punktet, ikkje på det høgaste faste fjellet (under breen/snøen) slik me gjer i Noreg. På litt over 100 år har skavlen på toppen minka ca. 30 meter. Heldigvis for meg var eg i 1994 også over på nordtoppen, slik at eg uansett har vore på Sveriges høgaste fjell. I dag tok eg ikkje sjansen på det med joggesko. Nordtoppen krev som regel stegjern og helst også tau og isøks.

 

LAURDAG 11. JULI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Fjell: Fjell 1160 over Nikkaluokta i Sverige
Totaltid: 2t 47min
Akk. høgdemeter: 795

Kebnekaise (2097m) i vest, Sveriges høgaste fjell

 

FREDAG 10. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Område: Anleggsvegar vest for Helligskogen (nord for Treriksrøysa)
Totaltid: 3t 56min
Akk. høgdemeter: 1084

 

TORSDAG 9. JULI
Aktivitet: Stispringing (Scott Supertrac Ultra RC)
Fjell: Fløya (642m)
Totaltid: 1t 29min
Akk. høgdemeter: 606

 

ONSDAG 8. JULI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6 GTX) + sykkel fram til startpunktet i Tromsdalen
Fjell: Tromsdalstinden (1238m)
Totaltid: 2t 58min (1t 58min joggesko / 1t sykkel)
Akk. høgdemeter: 1427

 

TYSDAG 7. JULI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6 GTX)
Fjell: Blåtinden (1180m)
Totaltid: 2t 41min
Akk. høgdemeter: 1170
August vart med på kveldstur på Den sovende soldat

 

MÅNDAG 6. JULI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6 GTX) + sykkel fram til startpunktet i Tromsdalen
Fjell: Tromsdalstinden (1238m)
Totaltid: 2t 56min (1t 58min joggesko / 58 min sykkel)
Akk. høgdemeter: 1430

 

SUNDAG 5. JULI
Aktivitet: Stispringing (Scott Supertrac Ultra RC)
Fjell: Buren (802m)
Totaltid: 2t 08min
Akk. høgdemeter: 800

 

LAURDAG 4. JULI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Fjell: Fløya (642m)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 629

 

FREDAG 3. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Område: Tønsvikdalen/Tromsdalen
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 731

 

TORSDAG 2. JULI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6 GTX)
Fjell: Durmålstinden (921m) og Synnøvjordtinden (781m)
Totaltid: 4t 21min (Durmålstinden 2t 30min / Synnøvjordtinden 1t 51min)
Akk. høgdemeter: 1683
Dobbeltur på Durmålstinden og Synnøvjordtinden, og deretter ein uforgløymeleg kveld/natt med reinmerking med familien Aleksandersen som har den store reinflokken sin på den sørlege delen av Kvaløya. Takk til Vegard og Tone som lot oss få vera med på denne magiske opplevelsen under midnattsola.

(Foto under: Siv)