inka trail - verdas flottaste fottur
Å gå Inka Trail fram til Machu Picchu er ein av dei flottaste og mest berømte vandreturane i verda. Men Peru-turen vår inneheld så mykje meir: Amazonasjungelen, Titicacasjøen, Nazcaørkenen og Ballestasøyane - også kalla Peru sitt svar på Galapagosøyane.
det beste av sør-amerika
Dei fleste av oss ønsker ein eller annan gong i livet å oppleve Sør-Amerika. Naturen og kulturen er fascinerande og heilt annleis enn det me er vant med. Men dette kontinentet er langt vekke og for mange vil ein tur dit vera noko ein kun gjennomfører ein gong i livet. Derfor gjeld det å oppleva det mest karakteristiske, spesielle og spektakulære når ein først er der.
Dersom ein fekk valget om kva attraksjonar i Sør-Amerika ein ville oppleva, ville nok dei fleste svart Inka Trail, Machu Picchu, Amazonas-jungelen og Titicaca-sjøen. Eg har derfor satt sammen ein tur som inneheld blant anna desse attraksjonane.
Peru er kanskje verdas mest varierte land når det gjeld natur. Snøkledte fjell over 6000 meter (Andesfjella), ørken med nokre av verdas største sanddyner (Nazcaørkenen), verdas største og mest artsmangfaldige jungel (Amazonasjungelen), høgfjellssletter over 4000 meter (Altiplano), verdas høgaste navigerbare innsjø (Titicacasjøen) og Peru sin versjon av Galapagosøyene (Ballestasøyane). På denne turen får du oppleva alt sammen! Tilbakemeldingane frå dei som har deltatt er eintydige - dette er ein tur der ein får utruleg mange inntrykk og opplevelsar i løpet av litt over to veker.
Men sjølv om høgdepunkta står i kø dei 16 dagane turen varer, er det vandreturen langs Inka Trail fram til Machu Picchu som vil vera den største opplevelsen for dei fleste. Dette er ein 4-dagers tur (3 overnattingar i telt) der du går i dei fantastisk flotte Andesfjella på høgder opp til 4200 meter.
Når ein også får besøke Inka-hovedstaden Cusco og fleire andre viktige historiske kulturminner, samt ein av verdas største byar Lima, seier det seg sjølv at det er lite tid til å kjeda seg på denne turen!
NB! Viktig å melde seg på tidleg - f.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir
Reisemål | Inka Trail / Machu Picchu / Amazonas / Titicaca |
---|---|
Land | Peru |
Max. høgde | Ca. 4200 moh. |
Antall dagar | 16 |
Datoar | Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus |
Min. antal | 10 |
Max antal | 20 |
Påmelding | Sjå påmeldingsskjema |
Påmeldingsfrist |
Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler tidleg påmelding. Ved sein påmelding kan det bli eit tillegg for flybilletten. F.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir |
Pris 2023 | 48 900 |
Pris 2024 | 53 900 (NB! 1000 i rabatt ved tidleg påmelding) |
Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.
viktig!
På grunn av at det kun er 500 personer som får lov til å starte på sjølve Inka Trail kvar dag (inkludert bærarar og guidar), anbefaler eg at du melder deg på tidleg på denne turen. Det er ikkje mogeleg å reservera plassar på Inka Trail. Det varierer kor tidleg det blir fullt, men eg anbefaler at du melder deg på minimum 6 månader før turen startar. Nokre periodar er det mindre pågang, så du må gjerne ta kontakt om det nærmar seg avreise også, så kan eg sjekke om det er ledige lisensar tilgjengeleg.
Prisen inkluderer
- Fly tur/retur frå Norge - Peru (Lima)
- Alle innenriksfly i Peru
- All transport i Peru
- Alle hotellovernattingar i delt dobbeltrom
- Alle måltid på Inka Trail og i Amazonas
- Alle frukostar
- Alle tillatelsar og parkavgifter
- Alle utflukter og severdigheiter med engelsktalande guide
- Norsk eller lokal turleiar (sjå turkalendaren)
PRISEN INKLUDERER IKKJE
- Tips til lokale guidar, kokkar og bærarar (130 - 190 dollar, avhengig av gruppestørrelse)
- Flytur over Nasca-linjene (ca. 200 dollar + 5 dollar i flyplasskatt pr. 2015)
- Lunsjar og middagar i Lima, Ica, Puno og Cusco
- Drikkevarer
- Evt. enkeltrom
TRANSPORT
Fly (KLM) frå Norge via Amsterdam til Lima, hovedstaden i Peru. Dersom du flyr frå andre flyplassar enn Flesland (Bergen), Gardermoen (Oslo), Værnes (Trondheim), Sola (Stavanger), Kjevik (Kristiansand), Torp (Sandefjord) eller Vigra (Ålesund) blir det eit tillegg for tilslutningsfly. Nokre av desse flyplassane har ikkje avgangar kvar dag. Me flyr med innanriksfly av høg standard mellom Lima og Puno, Cusco og Puerto Maldonado og attende til Lima frå Puerto Maldonado. Privatbuss frå Puno til Cusco. Motorisert kano innover i Amazonas-jungelen.
OVERNATTING
I Lima og Ica bur me på hotell av relativt høg standard, i Puno og Cusco er standarden litt enklare. I Amazonas-jungelen bur me i enkle bungalowar. På Inka Trail bur me i moderne to-mannstelt (3 netter).
Mat
Maten på hotella er omtrent som du er vant med her heime. Frukosten er typisk litt enklare enn kva me nordmenn er vant med. Når me går Inka Trail har me med eigen kokk. I Amazonas-jungelen er maten av god hotell-standard. Når me er på bussen, får me servert lunsj undervegs.
FYSISK FORUTSETNING
Du må vera i bra fysisk form for å gå Inka Trail, dvs. at du ikkje har problem med å gå ein roleg tur på mange timar i norske fjell. Dag to og tre er lange og det er ein del høgdemeter opp og ned. Stien er svært god, men terrenget er kupért. Bærarane våre tar seg av bagasjen, du sjølv bærer kun det du treng under sjølve marsjen. Temperaturen er stort sett behageleg på dagtid, men sjølvsagt kan været slå om her som på alle andre fjell. Temperaturen er sjeldan under 0 grader om natta.
AVSLUTT FERIEN PÅ C0PACABANA?
Har du lyst til å avslutta turen til Sør-Amerika med badeferie på ei av dei flottaste strendene i verda? Opplev Rio de Janeiros fantastiske og intense atmosfære, eller slapp av på ei av dei to verdensberømte strendene Copacabana eller Ipanema. Ta kontakt for pris.