Kilimanjaro


Tenker du av og til at du ein gong i livet vil kasta deg ut i det ukjente og utfordra deg sjølv, samtidig som du får oppleva noko eksotisk og heilt spesielt? Då er min Kilimanjaro tur noko for deg! Me skal bestiga eit av dei verkeleg store fjella i verda - Afrikas tak - eit av dei såkalla Seven Summits. Soloppgangen på kraterkanten vil du garantert aldri gløyma! Safarien går til Ngorongorokrateret og Tarangire, begge er blant dei mest berømte og fantastiske nasjonalparkane i Afrika. Ngorongorokrateret er kanskje den mest storslåtte og intense safariopplevelsen du kan oppleva nokon stad i verda! Dersom du ønsker det kan du avslutta turen på dei krittkvite strendene på Zanzibar. Afrika er eksotisk, spennande og spektakulært!


Afrika vil gjera inntrykk på deg på mange måtar. Fantastisk natur, utruleg dyreliv, vennlige menneske og ein totalt forskjellig - men fascinerande kultur. Men me skal ikkje berre opp til 5895 meter, det er kanskje det varierte programmet som gjer denne turen så unik. Me skal oppleva mykje av det som gjer Afrika så spesielt: Bestigning av Kilimanjaro og safari i nasjonalparkane Ngorongoro og Lake Manyara, der me får sjå det meste av Afrikas unike dyreliv. Kva med å legga til nokre avslappande dagar på stranda i Zanzibar for verkeleg å la inntrykka frå Kilimanjaro-ekspedisjonen og safarien synka inn.

Afrikas høgaste fjell (5895 meter) er verdas høgaste frittståande fjell, dvs. som ikkje er del av ein kjede. Den (forhåpentlegvis!) utdøydde vulkanen reiser seg temmeleg nøyaktig ei halv vertikal mil over steppelandet rundt. Den vart første gang bestege i 1889 av tyskaren Hans Meyer. Kilimanjaro ligg omtrent på ekvator men det er likevel breer på toppen. Men, breene er i ferd med å forsvinne - så vil du sjå den berømte snøen på Kilimanjaro (som Ernest Hemningway skreiv om) så må du få ut fingeren no.

Dei fleste som bestig Kilimanjaro gjer det via Marangu-ruta. Denne ruta vert kalla Coca-Cola-ruta. Men me går den langt meir spektakulære og varierte Machame-ruta. Denne ruta vert kalla Whiskey-ruta! Dei fleste er einige om at dette er den flottaste ruta på Kilimanjaro. I tillegg traverserer denne ruta rundt mykje av fjellet, så du får sjå fjellet frå fleire sider. 

Det vanlege på Kilimanjaro er ofte å bruka fem eller seks dagar - det er derfor mange vert sjuke og ikkje når toppen. Me brukar sju dagar for å akklimatisera oss betre og dermed aukar sjansane for å nå toppen betrakteleg. Me får også ein langt meir behageleg tur med mindre risiko for hovudverk, kvalme og dei andre typiske utslaga av mild høgdesjuke. Me bringer med oss medisinsk utstyr for å takla det meste som kan oppstå på eit slik fjell. Høgdesjuke må tas på alvor også på dette fjellet. Vår lokale guide Bryson, som ikkje lenger har oversikt over kor mange gonger han har vore på toppen, fører oss sakte men sikkert til topps. Pole, pole - sakte, sakte - lyder det dersom han syns me går for fort. Å gå sakte og å drikka mykje er oppskrifta for å komma seg til topps.

NB!  Viktig å melde seg på tidleg - f.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir

  

Reisemål Kilimanjaro
Land Tanzania
Max. høgde 5895 moh.
Antall dagar 12 (7 på fjellturen) (13 dagar dersom me flyr med andre selskap enn KLM)
Datoar Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal 7
Max antal 16
Påmelding Sjå påmeldingsskjema
Påmeldingsfrist

Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler tidleg påmelding. Ved sein påmelding kan det bli eit tillegg for flybilletten. F.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir

Pris 2024 53 900
Pris 2025 55 900  (+ evt. tilslutning)
  NB! 1000 i rabatt ved tidleg påmelding

Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

PRISEN INKLUDERER

  • Fly tur/retur frå Gardermoen (tilslutningsavgift frå andre flyplassar f.o.m. 2025)
  • All transport i Afrika
  • Alle hotell-overnattingar i delt dobbeltrom
  • 7 dagars Kilimanjaro-ekspedisjon med lokale guidar, kokkar og bærarar
  • 3 dagars safari med lokale guidar
  • Alle måltid
  • Alle tillatelsar og parkavgifter
  • Norsk turledar

 

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • F.o.m. 2025: Evt. tilslutning til Gardermoen 
  • Tips til lokale guidar, kokkar og bærarar på fotturen (ca. 200 dollar)
  • Tips på safari (ca. 15 dollar)
  • Drikkevarer
  • Visum til Tanzania (50 dollar)
  • Evt. enkeltrom
  • Flyplass-skatt for dei som skal til Zanzibar

 

NB! Dersom du berre vil vera med på fjellturen og ikkje safarien, organiserer eg sjølvsagt dette for deg. Om du har familie eller venner som ikkje vil på fjellet, men som har lyst til å bli med på safari og evt. Zanzibar så går det også heilt fint. Alt er mogeleg å få til - be om pris på det programmet som passar deg best.

 

TRANSPORT

Fly frå Norge til Kilimanjaro Airport som ligg ved foten av fjellet. Legg merke til at på mine turar flyr me til og frå Kilimanjaro Airport. På denne måten slepp ein den lange og varme bussturen mellom Nairobi og Kilimanjaro. Å fly til Nairobi er ein del rimelegare, men det vert ein meir slitsom tur totalt sett, og det går ein heil dag ekstra til buss-transport kvar veg. Me nyttar privatbussar til transport til og frå hotell og fjellet, og modifiserte Toyota Landcruiserar på safarien.

NB! Me brukar forskjellige flyselskap på denne turen, litt avhengig av når på året turen går blant anna. Dersom me brukar KLM flyr me heilt ned på ein dag, mens dersom me brukar Ethiopian eller Qatar flyr me ned over natta, altså i løpet av to dagar.

 

OVERNATTING

I Moshi bur me på hotell av forholdsvis høg standard. På Kilimanjaro-ekspedisjonen bur me i moderne tre-mannstelt, to personar i kvart telt. På fjellet har me også med eigne toalett. På safarien bur me på ein eksotisk safarilodge.

 

MAT

Maten på hotella er omtrent som du er vant med her heime. Frukosten er typisk litt enklare enn kva me nordmenn er vant med. Når me er på sjølve fjellturen, har me med eigen kokk, kjøkkenassistentar og servitørar. Dei gjer sitt beste, og du vil bli imponert over kva dei klarer å få til langt oppe på fjellet. Me vil stort sett ha tilgang på kjøtt eller kylling til middag gjennom heile ekspedisjonen. Kokken sender bærarar eins ærend ned igjen for å sikra at kjøttet er ferskast mogeleg. Havregraut er ein av fleire rettar du kan velga til frukost, andre valg er egg, pølser, toast, frukt osv. Frukost og middag blir servert i eit stort spisetelt med stolar og bord, men ofte er det så varmt om morgonen at frukosten vert innteken ute i det fri sjølv på 4000 moh.

 

FYSISK FORUTSETNING

Kilimanjaro er eit stort fjell og må ikkje undervurderast. Du må vera i bra fysisk form, dvs. at du ikkje har problem med å gå ein roleg tur på mange timar i norske fjell. Toppdagen er lang og fysisk krevande, men me går veldig sakte mot toppen. Guidane ropar strengt til oss dersom me går for fort. Dei andre dagane er dagsetappane ein stad mellom 4 - 7 timar. Bærarane våre tar seg av all bagasjen din, du sjølv bærer kun det du treng under sjølve marsjen. Det er vanskeleg å setta opp noko konkret øvre aldersgrense for denne turen, då det som regel ikkje er nokon samanheng mellom alder og korleis ein fungerer på fjellet. 70-åringar kan vera sprekare enn 30-åringar i mange høve. Det kan bli forholdsvis kaldt på toppstøtet, kanskje ned i 5-10 minusgrader. Ellers vil temperaturen stort sett vera behageleg. Eg anbefaler dunjakke på denne turen. Det er spesielt viktig på toppstøtet, men også på kveldstid i leirane kan den vera god å ha.

 

AVSLUTT MED BADEFERIE PÅ ZANZIBAR

Har du lyst til å avslutta Afrika-turen med ein avslappande badeferie på ei kvit sandstrand på Zanzibar? Dumt spørsmål kanskje... men eg kan i alle fall tilby ein Zanzibar-pakke som består av 4 netter i Nungwe på nordspissen av øya. Zanzibar er også eit paradis viss du er interessert i dykking og snorkling. Pakken kostar kr. 8900,- pr. pers. i dobbeltrom og består av:

  • Ei natt ekstra på hotell i Moshi
  • Transport frå hotellet til flyplassen
  • Fly til og frå Stonetown, "hovedstaden" på Zanzibar (flyturen tar ca. 1 time, men kun 20 minutt på returen sidan du då flyr til dar es Salaam).
  • 4 netter på ein resort som ligg rett på stranda
  • Transport mellom hotell og flyplass på Zanzibar (t/r)
  • Frukost

Standarden på romma er heilt ok, men ingen luksus. Dersom du vil ha høgare standard kan du velge suite med havutsikt til kr. 500,- ekstra pr. pers. pr. natt. i dobbeltrom.

Ta kontakt for enkeltromstillegg. Opphaldet kan sjølvsagt gjerast lenger eller kortare. Den norske turledaren drar heim etter safarien og er ikkje med til Zanzibar.

  • Dag 1

    Dag 1

    Me flyr til Kilimanjaro Airport som ligg ved foten av fjellet. Me bur på eit triveleg og landleg hotell ikkje så langt frå der me skal starte fjellturen neste dag.

    NB! På nokon turar er dagsprogrammet ein dag lenger enn det som er spesifisert her. Me flyr då ned kvelden før og landar om morgonen på det som her er spesifisert som dag 1. Dermed får me betre tid til forberedelsar før me startar fjellturen. Dette vil i tilfelle vera klart lang tid før avreise, og deltakarane på dei turane der dette er aktuelt vil få tilsendt nærmare detaljar om dette.
  • Dag 2

    Dag 2

    Etter frukost vert me køyrt opp til Machame Gate (1800 moh). Fyrste etappe går gjennom regnskogen opp til teltleiren vår ved Machame Camp (3000 moh).
    Gangtid: 6 timer
  • Dag 3

    Dag 3

    Det startar bratt i dag, men etterkvart vert det litt flatare. I løpet av dagen vert det mindre og mindre vegetasjon og når me kjem fram til Shira Camp (3850m) er det berre enkelte mindre trær og nokre buskar rundt oss.

    Gangtid: 5 timer
  • Dag 4

    Dag 4

    Dagens etappe går fyrst opp til Lava Tower (4700 moh.) Dei som føler for det kan bestiga sjølve topp-punktet på dette flotte lava-tårnet. Så går me nedover igjen til Barranco Camp (3950 moh.) Frå denne leiren har me ei fantastisk utsikt rett inn i den loddrette Breach Wall - sydvestveggen på Kilimanjaro - ei utsikt som ein aldri får sjå dersom ein går normalruta. Me kan i detalj studera ruta som Reinholdt Messner brukte når han besteig fjellet - ei rute som han sjølv omtalte som sin farligste klatretur.

    Gangtid: 7 timer
  • Dag 5

    Dag 5

    Me startar dagens etappe med å gå opp Barranco Wall, ein 250 meter høg og svært bratt motbakke som ser vanskeleg ut fra campen, men som viser seg å vera lett når ein følger den flotte stien som slyngjer seg oppover. Så går ferda videre opp og ned i mange flotte smådalar før vi til slutt kjem til Karanga Camp (4100 moh). Legg merke til at leirane både på dag 4,5 og 6 ligg omtrent på samme høgda - rundt 4000 meter. Dette gjer at me får ein mykje betre akklimatisering enn dei som går normalruta. Det er svært viktig å vera godt akklimatisert opp til 4000 meter før ein går høgare.

    Gangtid: 4 timer
  • Dag 6

    Dag 6

    I dag er det berre ein motbakke, opp til Barafu (4650 moh.). Men den er lang, og me går veldig sakte. No merkar me for alvor at me verkeleg er høgt over havet. Her er det berre stein og lava, men det er ei heilt utruleg utsikt over det afrikanske steppelandet under oss og me ser også Mawenzi (5149 moh.) rett aust for Kilimanjaro. Me kjem tidleg fram til denne leiren og kan slappe av og sove lenge før me startar toppstøtet grytidleg neste morgon.

    Gangtid: 4 timer
  • Dag 7

    Dag 7

    Me startar grytidleg om morgonen, og me brukar hodelykter dei første timane oppover den jevne stigninga. Etter nokre timar får me oppleve det som mange beskriver som ein magisk opplevelse - soloppgangen på Afrikas tak. I det me nærmar oss toppen kan me oppleva at sola faktisk varmar. Etter 6-7 timar står me på Uhuru Peak - og plutseleg er det ikkje lenger motbakke framfor oss - kun nedoverbakke på alle kantar. Etter å ha feira prestasjonen og fått i oss mat og drikke - og sjølvsagt tatt dei obligatoriske bileta ved skiltet på toppen - legg me kursen nedover att. Etter ein god pause i Barafu går me vidare ned til Millenium Camp (3800 moh.). Dette er ein lang og tøff dag, men pausen i Barafu gjer undervek for slitne kroppar.

    Gangtid opp: 6-7 timar
    Gangtid ned: 2 timar ned til Barafu, så 1,5 timar ned til Millenium etter ein god pause
  • Dag 8

    Dag 8

    Me står tidleg opp og går dei siste høgdemetrane ned til Mweka Gate der me vert henta og køyrt attende til eit hotell i nærleiken av flyplassen. Me har resten av dagen til å slappa av og kvila, evt. med kald drikke på bassengkanten mens me lar inntrykka frå den fantastiske fjellturen synka inn. Etter kvart startar feiringa av at me har besteget Afrikas høgaste fjell.

    Gangtid: 2 - 4 timer (avhengig av kva leir ein har brukt)
  • Dag 9

    Dag 9

    Så er det tid for safari! Den første dagen køyrer me i komfortable Landcruiserar mot Great Rift Valley og til Tarangire Nasjonalpark, som ligg rett sør for Lake Manyara. I Tarangire får du sjå stort sett alle dei karakteristiske dyra som finns i Afrika, men parken er spesielt kjent for store flokkar med elefantar og giraffar. Etter nokre timar køyrer me vidare til Kudu Lodge, ein eksotisk safarilodge som ligg nær Ngorongorokrateret.
  • Dag 10

    Dag 10

    I dag bruker me heile dagen til å utforske Ngorongorokrateret. Krateret er eigentleg ikkje noko krater, men ein kaldera, dvs. ein vulkan som har kollapsa inn i seg sjølv. Ngorongorokrateret er 21 kilometer i diameter og har ein 600 meter høg "kant" rundt. Dette er kanskje den mest spesielle safariopplevelsen i heile Afrika! I dag får me med stor grad av sikkerheit sjå løve, gepard, neshorn, flodhest, bøffel, elefant, sebra, gnu, antilope og mange andre dyr. Ovenatting på Kudu Lodge.
  • Dag 11

    Dag 11

    Dersom de ønsker det (det vil bety grytidleg start...) kan me ta ein uforgløymeleg sykkeltur i utkanten av Lake Manyara. Masaaiane gjetar sine store kvegflokkar blant antilopar, gnu og sebraer ute på steppene. Det er ingen problem om du ikkje har sykla på lenge, me syklar ikkje spesielt fort eller langt. Dersom de ikkje velger sykkelturen blir det likevel tid til å oppleve den lokale kulturen og tradisjonen i området. Etter lunsj drar me etter kvart i retning Arusha. De som skal heim blir køyrt til flyplassen og startar turen heimover, mens de som skal til Zanzibar overnattar ei natt til på hotell før de flyr til Zanzibar neste morgon.
  • Dag 12

    Dag 12

    Ankomst heimlandet.

    Me tek atterhald om endringar på grunn av vêrforhald og liknande.
  • Avslutt med badeferie på Zanzibar

    Avslutt med badeferie på Zanzibar

    Har du lyst til å avslutta Afrika-turen med ein avslappande badeferie på ei av dei mest fantastiske strendene i verda? Sjå lenger opp på sida for meir informasjon.

rgf logo


Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.