SHISHA PANGMA  (8027)

APRIL - MAI 2006
 

Utdrag frå boka mi: Livet i fjella
Sjå fleire bilete nederst på sida


Shisha Pangma 2006 1

 

Shisha Pangma reiser seg einsamt opp frå det tibetanske høglandet. På nord- og austsida er det berre eit par mindre fjell framfor det 8027 meter høge fjellet, før det flatar meir eller mindre ut på den enorme tibetanske høgsletta. Dette gjer at Shisha Pangma får ein heilt spesiell majestetisk framtoning. Det er det lågaste av dei 14 fjella i verda over 8000 meter, og står som det einaste i sin heilskap i Tibet.

På Cho Oyu i 2004 blei eg kjend med Christian Eide frå Oslo. Christian var med i den store norske ekspedisjonen, leidd av Harald Kippenes. Me heldt kontakten i tida etterpå. Me snakka saman om Shisha Pangma allereie under opphaldet på Cho Oyu, og etter kvart blei planane meir og meir konkrete. Me planla å samarbeida om det meste, men å vera uavhengige av kvarandre på sjølve fjellet. Hovudutfordringa på Shisha Pangma er den lange og vanskelege ryggtraversen frå fortoppen opp til toppen. Det skil berre om lag 25 meter i høgd, men det er ein halv kilometer i luftlinje og om lag halvannan times utsett klatring. Faktisk er det her dei einaste klatretekniske vanskane ligg på dette fjellet.

Me har sjølvsagt som mål å nå toppen, men me veit at det er yttarst få av dei som prøver seg, som klarer det. Det er også fleire nordmenn som har forsøkt seg på dette fjellet tidlegare, men ingen har nådd toppen. På førehand bruker me derfor ein del tid til å studera dei forskjellige rutene. Sørsida er utelukka for oss, då me ikkje kjenner oss kompetente nok til å ta fatt på den enorme sørveggen. Alternativet for oss er på nordsida, enten å gå den utsette ryggtraversen eller å traversera inn i austsida av fjellet lenger nede for så å ta oss opp gjennom det bratte brefallet til toppen. Ryggtraversen er spesielt utsett dersom det er mykje nysnø. Me vil vera avhengige av betre teknisk utstyr enn på Cho Oyu og Mount Everest. Superlette stegjern og breøkser duger ikkje på dette fjellet. Me tar med oss skikkeleg isklatreutstyr fordi me kanskje må traversera bratt is i stor høgd. Dei siste vêrrapportane frå Himalaya før me reiser, tyder på lite snø denne sesongen, og det er gode nyhende for oss.

I januar 2006 var ei sprek jente med på ein av dei arrangerte Kilimanjaroturane mine. Marthe og eg heldt kontakten etterpå, og etter kvart blei me eit par. Marthe var ei eventyrlysten jente som alltid var klar for nye utfordringar. Det var derfor ikkje mykje overtaling som skulle til for å få henne med til Nepal. Eg og Christian hadde uansett planlagt å akklimatisera i over to veker ved å vandra Khumbu-dalen opp til Everest Base Camp på sørsida av Mount Everest. Dette passa perfekt for Marthe. Det er mykje meir spennande å vandra gjennom ein av Himalaya sine mange spektakulære dalar enn å vera vekevis i ein Base Camp ved foten av ein 8000-metring. Etter Cho Oyu var nemleg ei av erfaringane eg gjorde meg, at eg ikkje ville akklimatisera på same måten att. Ikkje fordi eg gjorde det på feil måte, akklimatiseringa til Cho Oyu var optimal. Men det blir rett og slett litt lenge å vera fire–fem veker på eit fjell, der du på grunn av klatrelisensen stort sett berre kan akklimatisera på det fjellet som du skal klatra. Eg fann fort ut at eg ville gjera det på ein annan måte på neste ekspedisjon. Det viktige er å halda seg i høgare og høgare terreng etter kvart som akklimatiseringa skrid fram. Dette kan ein gjera heilt andre stader i verda enn der det endelege målet ligg. Om det blir nokre dagar i låglandet på veg til Tibet, så betyr det ingenting. Akklimatiseringsgevinsten som du har oppnådd, held seg uansett minst ei veke før han vil byrja å minka. Planen vår var altså å vera over to veker i Khumbu-området, mellom 3500 og 5600 meter, for deretter å forflytta oss opp til foten av Shisha Pangma, som me dermed kunne håpa å nå toppen av rundt to veker etter at me kom fram til foten av fjellet.

Me satsar på at den politiske situasjonen i Nepal er under kontroll, og at me ikkje blir hindra i å komma oss ut av hovudstaden. Krigen blussar vanlegvis opp utover våren, og det er alltid umogeleg å vita kva følgjer dette vil få for ekspedisjonar i området. Me håper at ikkje krigshandlingar fører til stengde vegar og streikar, sidan me skal akklimatisera i Nepal for så å ta oss over grensa til Tibet.

Eg tjuvstartar akklimatiseringa ved å dra saman med ein gjeng med kameratar til Alpane. Me kosar oss på ski i flotte snøforhold i Chamonix i Frankrike. Etter kvart flyttar me oss til Grindelwald i Sveits og etablerer ein leir på Aletschgletscher, 2800 meter over havet. Me bruker dette som base mens me går toppturar i det fantastiske terrenget som omgir oss, med mange toppar som stikk godt over 4000 meter. Snøskredfaren er slik at me ikkje torer å prøva oss på dei aller høgaste, men me har flotte dagar og fantastisk vêr. Temperaturen kryp ned mot –30 grader om natta, men me har heldigvis varme soveposar.

Etter ein kort tur attende i gamlelandet flyr Marthe, Christian og eg i retning Katmandu. Me møter Aurora frå Noreg på flyplassen i Katmandu, og dermed er me fire nordmenn på resten av turen. Loben Sherpa møter oss på flyplassen, og det er alltid godt å sjå han att. Loben har etter kvart blitt ein god venn, og eg veit eg kan stola på at han tar seg av alle detaljane på ein framifrå måte. Han har no starta sitt eige firma. Han har klatrelisensar og visum klart, og han har ordna med alle detaljane når det gjeld transport og logistikk. Men bagasjen min dukkar ikkje opp på rullebandet. Irritasjonen min er stor over at ekspedisjonen får ein dårleg start. No er det berre å håpa at han dukkar opp i løpet av eit døgn eller to, slik at me ikkje må utsetta flyturen til Lukla, utgangspunktet for vår to vekers akklimatiseringstur på sørsida av Mount Everest.

Etter ein dag er det framleis ingen garanti frå flyselskapet om at bagasjen min er på veg. Eg må derfor kjøpa inn nytt utstyr. Førebels kjøper eg berre med meg det eg treng til vandringa i Khumbu-dalen. Dersom ein ikkje kjenner til korleis det fungerer her, må ein vera forsiktig så ein ikkje kjøper falske varer. Dei fleste butikkane fører berre falske varer, men heldigvis byrjar det no å komma brand-stores i Katmandu, både Mountain Hardwear og The North Face har eigne butikkar.

Eg håper inderleg at bagasjen kjem før me drar vidare til Tibet. Sjølv om eg har mesteparten av ekspedisjonsutstyret mitt lagra hjå Loben i Katmandu, er det mykje som er vanskeleg å erstatta blant det eg har med frå Noreg.

I tillegg til problemet med bagasjen min er me også uroa over meldingar om streik og blokadar. Konflikten i Nepal gir seg ikkje berre utslag i krigsliknande tilstandar, men det blir også organisert mange streikar og vegstengingar. Men det går heldigvis bra i fyrste omgang, og optimistiske blir me frakta ut til flyplassen grytidleg ein morgon. Men om ikkje manglande bagasje eller konflikten klarte å stoppa oss, så klarer i alle fall vêret å stikka kjeppar i hjula. Etter sju timars venting er det berre å returnera til hotellet. Flyturen går mellom skarpe tindar og fjellrygger, og det er avgjerande at vêret er bra. På flyplassen i Lukla er det ikkje mogeleg å landa utan at forholda er perfekte. Den verdskjende flyplassen ligg på tvers på ei stor fjellhylle. Sjølve rullebana er ti grader bratt, og der asfalten sluttar, stuper terrenget mange hundre høgdemeter rett ned i elva. I den andre enden av flystripa reiser fjellet seg rett opp mot himmelen. Dette er derfor ikkje ein flyplass for dei med svakt hjarte og i alle fall ikkje for dei med flyskrekk. Men på andre forsøket går det bra, og etter ein av dei mest fantastiske flyturane eg har opplevd, landar me i Lukla. Piloten står på bremsane i same sekund som hjula tar asfalten, og etter ei hard oppbremsing trillar me inn på den einaste flata på heile flyplassen.

Noko av det som er så spesielt med Khumbu-dalen, er det at det ikkje eksisterer bilvegar og annan infrastruktur her. Stiar blir brukte til å transportera alt frå mat til bygningsartiklar. Berarar, oksar og jakoksar tar seg av absolutt all godsfrakt innover dalen, som er kjend som sherpaenes dal. Ordet sherpa betyr eigentleg «folket frå aust». Dei kom frå austlege delar av Tibet for lenge sidan. Dei levde tradisjonelt av handel og jordbruk. Turisme og fjellføring har no blitt ei viktig næring i områda der sherpaene bur. Ved folketeljinga i 2001 var det om lag 130 000 sherpaer i Nepal. Mange av dei bur i områda Khumbu, Solu og Rolwaling. Også i India bur det sherpaer. Så mange som 20 000 har busett seg i Darjeeling, der min venn Loben bur, sjøl om han stadig er i Katmandu i samband med firmaet sitt.

Å vandra frå landsby til landsby innover dalen mellom fantastiske tindar på 6000–7000 meter er noko heilt spesielt. Og heilt innarst står det aller høgaste, Mount Everest, nesten 9000 meter høgt. Me overnattar på små, lokale gjestehus. Når kulda kjem krypande om kvelden, samlast me framfor omnen i opphaldsrommet. Tørka jakmøkk er vanleg brensel, og lukta i rommet er ofte prega av dette. Prisnivået i Khumbu-dalen er litt merkeleg. Nokre stader betaler me under ti kroner for ei overnatting, mens ei flaske vatn kostar tretti kroner lengst inne i dalen. På ein av dei mange familiedrivne overnattingsstadene møter me Sven Gangdal. Han skal saman med to andre nordmenn forsøka seg på Lhotse, Mount Everest sin veslebror. Sven har med seg Dawa Chhiri Sherpa, som har vore med på på dei fleste ekspedisjonane både til Sven og Jon Gangdal. Det er fyrste gongen eg møter Dawa, og me sit lenge og pratar saman.

Me tref­fer tilfeldigvis nokre av polakkane som eg blei kjend med på Cho Oyu året før. Dei er på veg til Mount Everest, og sidan eg har lese på førehand at dei har med seg ein av Polens mest kjende kvinnelege fotomodellar i ekspedisjonen, blir det sjølvsagt ein del humoristiske kommentarer rundt dette.

Til slutt er me innarst i dalen, og det er ikkje lenger mogeleg å komma seg vidare, i alle fall ikkje utan klatreutstyr. Og det som stenger vegen, er sjølvaste Mount Everest, verdas høgaste fjell. Å sitta på den vesle toppen Kala Pattar (5545 moh.) over Everest Base Camp og nyta det som blir kalla verdas finaste utsikt, er ubeskriveleg. Mount Everest, Lhotse, Nuptse, Changtse og Pumori ragar opp mot himmelen, og det er vanskeleg å fatta at du sjølv sit på eit fjell som faktisk er 5545 meter høgt. Alle andre stader i verda ville Kala Pattar ha vore ein gigant, men her er han berre ein liten haug.

Eg møtte tilfeldigvis Simone Moro då me dagen etter besøkte Everest BC. Italienaren er ein av dei mest kjende alpine klatrarane gjennom tidene. Han skal no prøva å klatra ei heilt ny rute solo på vestveggen av Lhotse. Simone er ein veldig hyggeleg fyr, og delte villig tips og bilete frå ekspedisjonen sin til Shisha Pangma som han gjennomførte i 2005. Det har vore svært vanskeleg å få tak i informasjon om ruta sidan det er så få som har klatra ho, derfor blei desse bileta svært viktige for oss. Eg heldt kontakten med Simone etterpå, og det var ei dramatisk historie han kunne fortelja om det som skjedde etter møtet vårt, på slutten av ekspedisjonen. På toppstøyten oppdaga han at alt utstyret hans var stole, og han måtte avbryta og klatra heilt ned igjen til BC. Simone har opplevd dette før på andre fjell i Himalaya, og var derfor ekstremt frustrert og oppgitt. Men motivasjonen kom tydelegvis tilbake, og etter at han fekk tak i nytt utstyr, traverserte han Everest, opp sørsida frå Nepal og ned igjen nordsida til Tibet. Han hadde ikkje ordna lisens for å klatra i Tibet og blei derfor bøtelagd med 50 000 dollar.

Få dagar etter at me besøkte BC, skjer det ei tragisk ulykke. Tre sherpaer blir drepne i isfallet mellom BC og Camp 1. Eit stort istårn kollapsar over dei.

Me har hatt ein utruleg flott tur oppover Khumbu-dalen, med Kala Pattar og Everest BC som høgdepunkt. Vêret har vore strålande, i alle fall fram til dei siste to dagane, då ein snøstorm ramma området. Det var ikkje noko problem for oss, me var uansett på veg nedover, men fleire grupper måtte flygast ut med helikopter frå område lenger inne i dalen. Me går til Lukla, men reknar ikkje med å få fly ut før tidlegast om eit par dagar. Hovudgrunnen til dette er ikkje vêret, men den politiske situasjonen i Nepal, som har utvikla seg mykje sidan me forlét Katmandu. Det er rett og slett umogeleg å fly til Katmandu, flyplassen er stengd.

Dei neste dagane skjer det historiske politiske omveltingar i Nepal. Dei sju partia som står i opposisjon til regjeringa, har danna ein allianse for å bli kvitt kongen. Store menneskemassar demonstrerer i gatene. Vanligvis dør desse demonstrasjonane stille ut etter nokre dagar, få torer å demonstrera openlyst i frykt for kva kongen kan setja i gang av represaliar. Men denne gongen er det annleis, det verkar som den vanlege nepalar no augnar eit håp om at dette kan vera sjansen dei har til å få eit betre liv. Fleire og fleire, både studentar og folk frå middelklassen, sluttar seg til demonstrasjonane, og det er vanskeleg å tenka seg at kongen kan komma seg gjennom dette, slik han har gjort kvar einaste vår før. Mange blir drepne av regjeringsstyrkane, som eigentleg ikkje er veldig lojale mot kongen. Det skal lite til før dei går over til demonstrantane. Vårt håp er at kongen innser at hans tid er forbi, og abdiserer. Men problema i Nepal er ikkje over med dette. Maoistane står i buskane, bokstaveleg talt, og håper at sjupartialliansen klarer å kasta kongen. Dei vil garantert prøva å utnytta kaoset etter kongens fall. Det som er sikkert, er at maoistane ikkje vil gi nepalarane nokon betre kvardag enn dei har no. Det er derfor spennande dagar for Nepal, og det er veldig spesielt for oss å sitta oppe i ein liten fjell-landsby mens dette dramaet om landets framtid utspelar seg rundt oss.

Det er også eit stort militært nærvær i Lukla. Dei militære er openbart redde for at maoistane vil prøva å ta kontroll over flyplassen, som er svært viktig for fjellturismen i Nepal. Dess lenger dette varer, dess meir kaos blir det når flya att kan byrja å fly. Det samlar seg mange fotturistar i Lukla som er meir eller mindre desperate etter å komma seg til Katmandu fordi dei har flybillettar vidare. Dette problemet har ikkje me. Vårt verste scenario er at me blir verande i hovudstaden i mange dagar fordi me ikkje kjem oss over til Tibet. Då blir me heller her i Lukla, der me kan behalda ein del av akklimatiseringa som me har opparbeidd oss.

Omsider får me beskjed om at flyginga er i gang, og me hastar til flyplassen. Fly etter fly landar og lettar, og talet på personar framfor oss i avgangshallen minkar jamt og trutt. Når me er nesten åleine att i rommet, får me beskjed om at dagens siste fly, vårt fly, er kansellert på grunn av fare for turbulens. Det er berre å finna seg eit hotellrom for endå ei natt. Neste dag får me att beskjed om at me kan stilla oss i kø på flyplassen. Vêret er nydeleg, og flyturen ned til Katmandu går unna på ein halvtime. Idet me kjem ut av flyplassbygningen, er me spente på kva som ventar oss. Kongen hadde i ein tale kvelden før lovd demokratiske reformer. Men demonstrantane er ikkje nøgde. Me kom oss til hotellet utan problem. Då me nokre timar seinare var ute på ein restaurant, høyrde me demonstrantane rett i nærleiken, og militærhelikopter sirkla over for å overvaka det som skjedde. Seinare høyrde me at fem demonstrantar var drepne denne dagen.

Trass i åtvaringar frå ambassadar verda over føler me oss heilt trygge i Katmandu. Det einaste problemet me personleg opplever, er av reint logistisk art. Me veit lite om kva som skjer. Korleis me skal komma oss ut av byen og til Tibet, blir berre ei større og større utfordring for kvar dag som går. Det er etter alt å dømma risikabelt å køyra bil, og dersom flyplassen stenger att, kan me heller ikkje fly til Lhasa for så å køyra til Mount Everest Base Camp. Loben sjekkar alle alternativ og forklarer oss til slutt at den einaste mogelegheita er å leiga eit stort russisk Mi-17-helikopter opp til grensa. Ein tsjekkisk ekspedisjon vurderer det same, og me bestemmer oss for å slå oss i lag.

Turen til Marthe og Aurora avlutter me med eit betre måltid på restaurant. Marthe skal fly heim att til Noreg neste dag. Me vel ein av dei beste stadene å eta i Thamel, men likevel blir Marthe sjuk etter måltidet. Grytidleg om morgonen er ho så dårleg at eg ringer Loben for å få tak i ein lege. Eg står brått i ein situasjon der kjærasten min er verkeleg sjuk, mens eg har eit helikopter som ventar på meg. Dersom eg ikkje blir med det helikopteret, må eg avbryta heile ekspedisjonen. Eg bestemmer meg for å reisa og snakkar fleire gonger med Loben. Han lover meg å ta seg av alt det praktiske. Han køyrer ho til sjukehuset etter at legen har sett på ho. Det viser seg at ho har fått ei salmonellaforgifting. Ho flyr heim att ein dag seinare enn planlagt. Eg sit i helikopteret på veg mot Tibet med verdas dårlegaste samvit.

Piloten ser ut som om han har levd eit tøft liv. Helikopteret ristar meir enn eg nokosinne har opplevd. Tanken slår meg der eg sit på toppen av utallige propanflasker, at dette kanskje er farlegare enn sjølve klatringa me snart skal i gang med. Eg lurer på kvar i Kodari han har tenkt å landa. Eg kan knapt nok hugsa nokon flat plass som er stor nok til eit slikt helikopter. Denne maskina er 32 meter mellom vengespissane. Men han siktar seg inn på ein plass nokre kilometer lenger ned i dalen. Han manøvrerer den store fuglen imponerande varsamt ned på plassen.

I Kodari står det ein firehjulstrekkar klar til å køyra oss over grensa til Tibet og vidare oppover den spektakulære vegen til Nyalam. Planen er å berre vera ei natt her før me køyrer direkte vidare til Base Camp neste dag. Dette kan me gjera fordi me no er så godt akklimatiserte. Nyalam er framleis «staden Gud gløymde», og det er forholdsvis brei konsensus blant ekspedisjonen sine to deltakarar om å vera her kortast mogeleg tid.

Neste dag, etter mange ristande timar, stoppar bilen midt på ei enorm slette temmeleg nøyaktig 5000 meter over havet. Berre nokre mindre åsar nordaust for oss bryt kjensla av å stå midt i ein ørken. 26 kilometer rett mot sør er det likevel noko som til dei grader bryt med det flate og tørre landskapet. Eit snøkledd Shisha Pangma reiser seg i all si prakt. Men før me byrjar marsjen inn mot foten av fjellet, er me nokre dagar i denne leiren for å vera sikre på at me att er akklimatiserte til denne høgda etter eit par dagar i Katmandu.

Me har med oss ein kokk, Buddhi, som har kjøpt inn ein del jakkjøtt, kylling og grønsaker i Nyalam. Buddhi er eit einaste stort smil, og han ler uansett kva me seier til han. Han bidrar til at stemninga og humøret i ekspedisjonen alltid er bra. I denne leiren gjer me ingenting, me ruslar ein liten tur opp på haugen bak leiren, men elles slappar eg berre av i teltet. Eg trur denne enorme kontrasten frå dag til dag er ein av grunnane til at eg likar ekspedisjonslivet så godt. Hard fysisk jobbing den eine dagen og fullstendig kvile den neste.

Etter ein svært lang dagsetappe er me framme i Advanced Base Camp på om lag 5600 meter. På same måten som Cho Oyu ligg Advanced Base Camp også på dette fjellet svært høgt. Me er no nesten ved foten av fjellet, og det er her alvoret byrjar. Etter koseturen i Khumbu-dalen er både eg og Christian motiverte for endeleg å klatra høgt. Det er nokre andre ekspedisjonar i leiren, men ikkje mange. I forhold til på Mount Everest og Cho Oyu er det svært få klatrarar på dette fjellet.

Etter ein kviledag satsar me på å gå ein dagstur opp til Camp 1. Men det er alltid tøft fyrste gongen ein kryssar 6000 meter. Christian slit med hals- og pusteproblem og avgjer å snu når me kjem fram til brefallet. Eg har ein god dag og fortset opp til Camp 1 på 6400 meter. Brefallet var mykje enklare teknisk enn eg hadde rekna med, det største problemet var faktisk strålevarmen frå sola. Nett som i lågare høgdar blir alt tyngre i varmen, og ein sveittar meir når gradestokken kryp forbi 25 varmegrader. Eg kjem til å satsa på å bruka berre to leirar på veg mot toppen. Det er vanleg å ha tre leirar, men eg vil helst unngå Camp 2 dersom eg klarer det. Eg slår opp teltet mitt og blir her ein del timar. Det går fort ned att, men eg starta så seint at det er berre så vidt eg rekk ned att til leiren før mørket kjem.

Me bruker kikkerten flittig for å forsøka å finna ei rute opp til hovudtoppen. Det verkar overkommeleg å traversera inn i austveggen om lag 150 høgdemeter under fortoppen. Dersom snøforholda er trygge, kan ein traversera 300 meter sørover for så å klatra rett opp i skaret før toppen. Frå skaret ser det ut til å vera greitt vidare til toppen. Men det er ikkje få gonger ein har blitt lurt når ein studerer fjella frå langt hald. Derfor er me usikre og spente på kva som ventar oss der oppe.

Før neste støyt oppover fjellet startar, blir det klart at Christian ikkje har noko anna val enn å avbryta. Halsen har blitt verre og verre, og han er tom for krefter. Det er trist at han må dra. For meg er det tøft å tenka på at han snart er attende i Noreg og kan nyta den fine norske våren, mens eg må rekna med å vera lang tid her oppe, stort sett åleine. Det er ingenting i vegen med motivasjonen, men det er alltid kjekt å vera to.

På veg oppover langs breen merkar eg at eg definitivt er sterkare enn på fyrste turen oppover. Det er sjølvsagt ei god kjensle, og eg kosar meg verkeleg i dei storslåtte omgivnadene. Det er heller ikkje så varmt som det var førre gong, det blir kaldare og kaldare etter kvart som vinden aukar. Når eg kjem til Camp 1, har det utvikla seg til ein veritabel snøstorm. Eg må grava fram teltet under fleire hundre kilo med snø. Heldigvis har det berre bøygt seg, slik at ingenting er øydelagt. Utover kvelden og natta aukar vinden ytterlegare. Det som uroar meg mest med vêret, er neste dags støyt opp mot 7000 meter. At teltet vil tole belastninga, er eg ikkje i tvil om. Akkurat idet sola står opp, losnar eit kjemperas i brefallet over meg. Det er aldri fare for leiren, men snøføyka slår innover leiren i stor fart.

Når eg står opp, har vêret blitt litt betre, men framleis er det så kaldt at eg går med dunjakke heile dagen. Eg ser omtrent ingen spor etter menneske, alt har føykt att i løpet av natta. Eg må derfor trakka mine eigne spor. Eg passerer Camp 2 på 6900 meter og kjenner for alvor at luf­ta er tynn. Eg prøver å smelta meg meir drikke, men det er ikkje lett i den knallharde vinden. Målet mitt er å opphalda meg nokre timar her oppe før eg går ned att. Eg set derfor kursen mot den legendariske vestryggen på Shisha Pangma. Legendarisk fordi polakken Jerzy Kucuscka klatra han åleine ein gong tidleg i 1980-åra. Mange av dei leiande klatrarane på den tida var frå Aust-Europa, pluss nokre eksentriske engelskmenn, til dømes Doug Scott, Dougal Haston og Chris Bonington, som ville prøva å omdefinera uttrykket «engelsk ekspedisjonsstil». Trass i engelskmennene sin litt mindre suksessrike historie i dei polare strøka gjennomførte dei ein del spektakulære og suksessfulle ekspedisjonar til dei høgaste fjella i verda.

På ryggen var vinden så kraf­tig at eg fleire gonger måtte legga meg ned for ikkje å bli feia over kanten. Eg snudde på 7100 meter, det var ikkje forsvarleg å fortsetta. Vel nede att i leiren min må eg grava fram teltet mitt att. Etter ein minimal middag er det berre å krypa i posen. Det blir ei ny vindnatt.

Eg står tidleg opp fordi det overraskande nok er nesten vindstille. Mens eg lagar mat og pakkar sekken, bygger vinden seg att opp til gamle høgder. Nedover brefallet ser eg ingenting til sporet frå to dagar tidlegare. Store ras har gått nedover fjellsidene, så det gjeld å halda seg på trygg grunn. Eg finn heldigvis inngangen til labyrinten, ein heilt spesiell del av brefallet der ein går opp og ned, fram og attende mellom fem meter høge istårn. Vakkert! Idet eg når morenekanten på andre sida, blir vêret endeleg betre. Herifrå er det eit par timar på dårleg sti opp og ned morenehaugar før ein er attende i Advanced Base Camp.

Eg ser fram til eit par dagar med fullstendig kvile før toppstøyten. Men eg uroar meg litt for vêret. Eg må ha betre vêr enn det som herjar på fjellet no. Ingen har nådd toppen på dette tidspunktet, men eit par ekspedisjonar startar toppstøyten sin i desse dagar.

Trass i ein irriterande hoste kjenner eg at kroppen er klar når eg går innover morenehaugane mot brefallet. Det er heilt klart at det var riktig strategi å starta akklimatiseringa i Khumbu-dalen. Dette gav ein mykje rolegare start. Også mentalt har dette vore ein bra måte å gjera det på. Eg merkar at eg no er endå meir motivert framfor toppstøyten enn på tidlegare ekspedisjonar. Dei to siste kviledagane har gjort meg godt, og eg har ei kjempegod kjensle i kroppen oppover brefallet. Vêret er flott når eg kjem til Camp 1. Temperaturen kan bli svært høg på grunn av strålinga, men så fort sola går bak ei sky, fell han kanskje 25 grader i løpet av få sekund.

Dagen etter står eg opp idet solstrålane treffer teltet, om lag klokka 05.30. Eg tar meg god tid til å laga mat og smelta vatn. Eg veit det blir ein tøff dag, så eg førebur meg maksimalt. Det tar litt tid å ta ned teltet. Alle teltpluggane er frosne fast i isen på grunn av sola som har varma på dagtid. I dag fungerer kroppen om mogeleg endå betre, og hosten er omtrent heilt borte. Optimismen blir høgare og høgare i takt med talet på høgdemeter. Eg bruker berre fem–seks timar opp til staden der eg har bestemt meg for å ha min andre camp. Det er nede på den flate breen rett under den nesten 1000 meter høge ryggen som leier opp til toppen.

Eg har ikkje sett eit menneske heile dagen, og eg må trakkamine eigne spor heile vegen. Berre eit lite, einsleg telt er å sjå. Etter å ha jobba lenge med å sikra teltet mitt ser eg at det kjem ein person gåande mot det vesle teltet. Eg ser av sponsorlogoane at det er ein italiensk klatrar, og eg får umiddelbart ein mistanke om at det er Silvio Mondinelli, som eg veit skal vera på fjellet. Den kjende italienske klatraren har på dette tidspunktet klatra 10 av dei 14 fjella over 8000 meter, men hovudtoppen på Shisha Pangma har vist seg å bli ei hard nøtt for han. Dette er fjerde gongen han forsøker seg, han har alltid måtta snu på fortoppen på grunn av farlege snøforhold. Me prøver å kommunisera, men han snakkar nesten ikkje eit ord engelsk, så det er ikkje så enkelt. Han verkar svært sliten, og han må nesten kviskra på grunn av problem med halsen. Dette er nok også grunnen til at me misforstår kvarandre. Eg spør han om han skal klatra mot toppen i natt, og eg oppfattar svaret som ja. Eg forstår seinare at han har vore på toppen same dag. Etter fire forsøk nådde han endeleg toppen av Shisha Pangma, hans ellevte fjell over 8000 meter.

Same natt klokka 02.45 startar eg frå teltet mitt. Temperaturen er om lag –30, men det er heldigvis vindstille. Eg klatrar i lyset frå hovudlykta og merkar umiddelbart at kroppen ikkje er like sterk som dei to førre dagane. Dette er sjølvsagt naturleg når ein har overnatta på over 7000 meter. Dei fyrste to timane går opp eit veldig bratt snø- og isfelt til «gamle» Camp 3 på 7400 meter. Mellom 7200 og 7400 meter har sherpaene til ein japansk ekspedisjon som måtte snu dagen før, lagt ut 400–500 meter med faste tau. Eg vel å ikkje bruka desse, fordi eg synest sikringane i snøen ser svært suspekte ut. Det er nesten betre å ikkje sikra i det heile dersom ein er usikker på sikringane.

Etter å ha passert 7400 meter kjem eg inn på ei stor hylle fram til det att blir bratt. Vidare følgjer eg den bratte ryggen oppover. Fleire stader må eg klatra meg gjennom klippeparti, og det er ikkje mykje faste tau oppover. Men det er heldigvis ikkje spesielt vanskeleg. Eg ser ingen spor etter Silvio, alt er viska vekk av vinden. På rundt 7600 meter står sola opp. Soloppgangen er ein av dei finaste eg har sett nokon gong. Med sola kryp etter kvart også temperaturen oppover.

Det store spenningsmomentet etter kvart som eg kjem høgare, er kor bratt snøflanken og renna på fjellet si nordaustside frå om lag 7850 meter er. Eg veit at skal eg ha ein sjanse til å nå toppen, må eg traversera ut på denne flanken og klatra opp renna. Det er som regel altfor utsett og farleg å følgja ryggen heilt til toppen. Det er for så vidt ingen tekniske problem med å klatra ein skarp iseller snøegg som ligg nesten horisontalt, slik som denne gjer. Men problemet er at heile snøeggen kan gli ut i eit gigantisk snøskred. På rundt 7700 meter aukar vinden brått, og det byrjar å snø lett. Eg fryktar ei vêrforandring. Til no har vêret vore bra, og eg bestemmer meg for å ta ein pause for å sjå ting litt an. Eg går med dunjakke og dunbukse slik at det å ta pause går forholdsvis greitt. Etter ein halvtime verkar det heldigvis som at vêret blir betre. Eg fortset oppover, og snart er eg på staden som eg har studert utallige gonger i kikkerten frå Base Camp. Staden der eg må starta traversen over mot renna som leier opp til toppen. Det er ei rar kjensle å skulla avvika frå «normalruta» for å legga sine eigne spor utover flanken. Flanken er bratt, brattare enn eg hadde rekna med, og brattare enn eg likar. Eg er litt overraska og litt skuf­fa. Det er kanskje 300 meter horisontalt over til der renna byrjar, deretter må eg følgja renna om lag 100 høgdemeter oppover. Eg blir litt oppgitt og merkar at magekjensla ikkje er heilt god. Magekjensla har eg lært meg å stola på, og eg avgjer å avbryta. Kanskje er forholda slik at eg kan følgja ryggen til topps likevel.

Eg har berre gått eit kort stykke vidare oppover ryggen mot fortoppen før eg att blir usikker. Gav eg opp for lett? Var det verkeleg så ille? Kanskje eg kan grava ein snøprofil med isøksa for å prøva å finna ut kor farleg det eigentleg er. Eg må vita om snøen er stabil og trygg. Eg går ned att til punktet som eg forlét eit par minutt tidlegare. Snøflanken er om lag 45 grader bratt. Det er altfor bratt dersom snøen er ustabil. Flanken er enormt stor. Over meg er det omkring 150 meter opp til fortoppen, og under meg er det 2000 meter ned før det flatar ut. Eg tenker at dette må bli verdas største snøskred dersom alt losnar. Dermed byrjar eg å grava min høgaste snøprofil nokosinne. Snølaga nedover ser fine ut, men på om lag 50 centimeter finn eg det eg frykta, nemleg eit lag med hard skare. Dette er eigentleg eit verst mogeleg-scenario. Snø oppå hard skare betyr som regel lite friksjon og dermed stor utglidingsfare. Men då eg prøver å brekka av eit parti snø for å sjå kor lett det vil gli ut, blir eg overraska. Det ser nesten ut som om det er våt snø som har lagt seg umiddelbart over skaren. Snøen har bunde seg ekstremt godt fast, og det er nesten umogeleg å få han til å sleppa. Eg blir att optimist og byrjar å traversera horisontalt utover snøflanken.

Eitt av problema er at både over og under det partiet som eg går på no, er snøen endå brattare, rundt 55 grader. Dermed blir det spenningar i snøen. Eg grev derfor ein snøprofil til halvvegs ut i traversen og er glad for å sjå at det er dei same forholda her. Etter kvart nærmar eg meg den vide, bratte snørenna som leier opp mot skaret mellom dei to toppane. Her er det brattare, men det er mindre truande snøfelt som ligg over meg. Heldigvis valde eg å ta med meg to isøkser. Det brenn godt i leggmusklane fordi eg stort sett heile tida må bruka fronttaggane på stegjerna, det er vanskeleg å finna feste til å tverrstilla føtene.

Som på Cho Oyu skjer det noko spesielt med tida i slike høgder. Av og til blir ein svært overraska over kor sakte klokka går, og av og til går ho fortare enn ein reknar med. Det er akkurat som om ein kjem inn i ei «sone» der ting ikkje fungerer slik ein er van med. Uansett har eg god tid. Eg veit ikkje kor lang tid eg brukte på traversen og renna, men snart ser eg skaret framfor meg. No er eg hundre prosent sikker på å nå toppen. Gleda er stor, men eg bestemmer meg for å ikkje ta noko på førehand. Hadde dette vore på havnivå, hadde eg no hatt få minutt att opp til toppunktet, men no vil det nok ta minst 20 minutt. Her oppe går ein ikkje så veldig mange skritt mellom kvar gong ein må stoppa og ta seg inn att. Men eg må kryssa eit par store bresprekkar som krev at eg er konsentrert. Dei siste 50 metrane bortover den smale ryggen mot toppen går eg berre to–tre skritt mellom kvar gong eg må kvila. Då eg klokka 11.15 endeleg står på toppen, er eg nesten for utsliten til å feira. Gleda er overveldande. Det er ei spesiell kjensle å stå på ein 8000-metring der det berre står nokre få klatrarar kvart år. Ofte kan ein heil klatresesong passera utan at nokon når toppen. Men av erfaring slepper eg ikkje gleda heilt laus, det er langt ned att.

Utsikta er formidabel. Rundt 100 kilometer mot sørvest ser eg Mount Everest, Cho Oyu, Lhotse og Makalu, og rundt 140 kilometer bak desse fjella skal det i alle fall teoretisk vera mogeleg å sjå Kanchenjunga. Rundt 200 kilometer mot vest ser eg Annapurna og Dhaulagiri, og litt framfor dei ligg Manaslu. Kanskje finst det ikkje nokon andre stader i verda der du kan sjå så mange av dei 14 fjella over 8000 meter som akkurat her, på toppen av Shisha Pangma. Eg tar fram kamera og tar nokre bilete. Deretter tar eg fram satellitt-telefonen. Eg har lovd å ringa heim frå toppen. Eg slår fyrst feil nummer, og ein eller annan trøtt fyr svarar meg heilt i ørska, det er grytidleg morgon heime i Noreg. Han skulle berre ha visst kvar den feiloppringinga kom frå. Etter at eg klarer å stokka fingrane riktig, ringer eg Nettavisen sin telefonsvarar og legg att ei melding. Dei legg ho ut på nettsida rett etterpå.

Eg tar den siste slurken av vassflaska mi. Sjokoladen ser eg lenge på, men det er heilt umogeleg å tenka seg at han skal ned i magen min. Eg innser at dette ikkje er ein plass å bli verande lenge på, så etter om lag 20 minutt på toppen startar eg nedover mot skaret att. Eg har fullt fokus, eg veit kva som ventar meg over kanten. Men dei 20 minutta på toppen har gjort meg godt, og eg føler meg sterkare enn eg hadde frykta. Renna og traversen går raskt og greitt, men vidare nedover ryggen blir eg etter kvart skikkeleg sliten. Eg set meg ofte ned i snøen for å kvila. Eg har god tid, så eg ser ikkje nokon grunn til å stressa med å komma meg ned. Betre å bruka ein time eller to ekstra ned til teltet enn å gjera ein tabbe på den bratte ryggen. Eg bruker rundt tre timar ned att til leiren min. Den siste bratte snøflanken er verkeleg tøff, lårmusklane brenn som dei aldri har gjort før. Når eg endeleg kjem ned til teltet, veit eg likevel at det dummaste eg gjer no, er å hiva meg i soveposen for å sova. Fyrst må eg få i meg nok væske og mat. Eg har ikkje mykje mat att, men eg smeltar litervis av vatn, slik at eg i alle fall ikkje skal bli dehydrert. Når eg legg meg i soveposen, sovnar eg umiddelbart.

Dagen etter ligg eg lenge og søv før sola blir så varm på teltduken at eg ikkje klarer å ligga i soveposen. Det er heilt vindstille utanfor. Eg er svært svolten, og eg veit at eg har ein lang, tøff dag framfor meg. Men likevel er det berre kos å ligga utanfor soveposen og nyta temperaturen og tanken på at eg har vore på toppen. Etter kvart aukar vinden, og det byrjar å snø. Eg får det travelt, eg vil helst ikkje brøyta veg i nysnø ned gjennom brefallet. Det tar meg seks timar å gå ned att til Advanced Base Camp. På veg ned møter eg mange som er på veg oppover på toppstøyten sin. Dei er ikkje så heldige som meg med vêret. Den neste veka må alle som forsøker seg snu lenge før toppen. Vêret er svært ustabilt, og det kjem store snømengder. Av og til skal ein ha litt flaks. Berre fire klatrarar til nådde toppen dette året.

Vel nede i Katmandu slappar eg av ved bassengkanten og et tre middagar for dagen, stort sett alle beståande av biff og pommes frites. Det er mange andre ekspedisjonar med folk eg kjenner, på andre fjell i Himalaya, så eg er innom ein internettkafé fleire gonger om dagen for å halda meg oppdatert. Den 16. mai, same dagen som eg drar frå Katmandu, gjennomfører Tormod og Tomas toppstøyten sin på Mount Everest. Dei når toppen på føremiddagen og startar umiddelbart nedkøyringa på ski. Den siste oppdateringa på nettsida kjem litt seinare, då dei er i ferd med å nærma seg den 30 meter høge hammaren som blokkerer renna på rundt 8450 meter. Dette er eit av dei vanskelegaste partia av nedkøyringa. Så kjem det ikkje fleire oppdateringar på veldig mange timar. Til slutt må eg berre komma meg til flyplassen, men eg er uroleg.

Under mellomlandinga på Heathrow finn eg fram til ein internettkafé. Sjølv om eg er uroleg, er sjokket stort då eg les at Tomas er sakna. Sikringa svikta då han skulle rappellera ned hammaren, og han fall vidare nedover nordsida. Eg forstår umiddelbart at han er død. Detaljane kjem ikkje fram før seinare, men alle som har sett nordsida av Mount Everest, forstår at ein som fell og blir sakna der, umogeleg kan overleva. Tomas blir funnen nokre dagar seinare av sherpaene til Tormod og Tomas. Han har falle over 2000 meter, heilt ned til foten av fjellet.

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 3

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 15

Shisha Pangma 2006 15

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 22

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27

Shisha Pangma 2006 27 

Shisha Pangma 2006 40

Shisha Pangma 2006 39

Shisha Pangma 2006 39

Shisha Pangma 2006 39

Shisha Pangma 2006 39

Shisha Pangma 2006 39

Shisha Pangma 2006 39

Shisha Pangma 2006 39

Shisha Pangma 2006 39

Shisha Pangma 2006 39

Shisha Pangma 2006 39

Shisha Pangma 2006 39

Shisha Pangma 2006 40

Shisha Pangma 2006 55

Shisha Pangma 2006 55

Shisha Pangma 2006 55

Shisha Pangma 2006 55

Shisha Pangma 2006 55

Shisha Pangma 2006 55

Shisha Pangma 2006 55

Shisha Pangma 2006 55

Shisha Pangma 2006 55

Shisha Pangma 2006 55

Shisha Pangma 2006 55

Shisha Pangma 2006 55

Shisha Pangma 2006 55

Shisha Pangma 2006 55

Shisha Pangma 2006 55