MERA PEAK

Dei små isolerte landsbyane som heng i fjellsidene, dei enorme fjella som tronar over alt, gjestfriheita til Sherpa-folket, Yakoksane - alt er med på å gjera denne turen til noko du aldri vil gløyma. På denne turen går me austover frå Lukla, og er dermed i eit heilt anna dalføre enn Khumbudalen som går inn mot Mount Everest. Her er det langt færre turistar, men fjella og omgjevnadane er minst like spektakulære. Og frå toppen har du ei fantastisk utsikt mot Mount Everest, eller Sagarmatha som det heiter på Nepalsk, og fleire av dei andre største fjella i verda.

Mera Peak er den høgaste toppen i Nepal som du kan klatre med trekkingtillatelse. Det er eit seriøs fjell der du verkeleg får prøvd deg på Himalaya-klatring saman med dyktige og erfarne sherpaer som sikrar deg og sørger for at alt går trygt for seg. Buddhi er med oss som lokal turledar - då kan ingenting gå galt (og ingen kan unngå å smile...)

Du kan sjølvsagt vera med på denne turen sjølv om du ikkje har ambisjonar om å bestige Mera Peak. Vandreturen utgjer mykje av totalopplevinga på denne turen, og det er berre eit par dagar som går med til sjølve toppstøtet.

 

ReisemålMERA PEAK
 Land Nepal
Max. høgde 6476 moh.
Antall dagar 23 (17 på fjellturen)
Datoar Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal 9
Max antal 14
Påmelding Sjå påmeldingsskjema
Påmeldingsfrist

Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler alle å melda seg på minimum 6 månadar før avreise. Om du er seint ute så skal eg gjera mitt beste for å få deg med uansett.

Pris 2021 44 900,-

Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

Prisen inkluderer

  • Fly tur/ retur frå Norge til Kathmandu
  • All transport i Nepal
  • Alle hotell-overnattingar i delt dobbeltrom
  • All overnatting på tehus (lodgar) unntatt to (High Camp)
  • 17 dagers fottur med lokale guidar og bærarar (tar 15 kilo for kvar deltakar)
  • Alle måltider på fotturen
  • Alle tillatelsar og parkavgifter
  • Medisinsk oksygen
  • Sightseeing i Kathmandu
  • Norsk turledar

 

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • Tips til lokale guidar, kokkar og bærarar på fotturen (ca. 170 dollar)
  • Visum til Nepal (ca. 40 dollar, ordnast på flyplassen)
  • Medisinsk evakuering med helikopter (reiseforsikring)
  • Lunsjar og middagar i Kathmandu
  • Drikkevarer til lunsjar og middagar i Khumbudalen
  • Evt. enkeltrom

NB! Du får det drikkevatnet du treng av kokkane undervegs, men dersom du heller vil kjøpe drikkevatn på flasker kan du gjera det heile vegen.

 

TRANSPORT

Fly frå Norge til Kathmandu. Dersom du flyr frå andre flyplassar enn Flesland (Bergen), Gardermoen (Oslo), Værnes (Trondheim) eller Sola (Stavanger) kan det bli eit tillegg for tilslutningsfly. Innanriksfly frå Kathmandu til Lukla i Khumbudalen.

OVERNATTING

I Kathmandu bur me på eit bra hotell. På fotturen bur me på enkle lodgar av varierande standard, men mange av dei har ein eigen sjarm. På toppstøtet bur me ei eller to netter i telt. Soveromma på lodgane er ofte dårleg isolert så ein varm sovepose er obligatorisk. Dei fleste stadene er det to personar på kvart rom, men nokre stader kan det vera tre eller fire. Det er enkle dusjmogelegheiter på nokre av lodgane. Også toalettforholda kan vera enkle, spesielt lengst inne i dalen. 

FYSISK FORUTSETNING

Dette ein lang tur der du skal vera i høgda lenge. Me tar oss god tid slik at me akklimatiserer på optimal måte, dermed unngår me forhåpentlegvis ubehag når me kjem til toppstøtet. Fleire av dagsetappane er lange. Du må klare å gå lange dagsetappar i fleire dagar etter kvarandre. Bærarar eller yakoksar tar mesteparten av bagasjen din (15 kg.) så du bærer kun lett dagstursekk sjølv. Mera Peak er ein bratt topp, og ruta går for det aller meste på bre. Du må ikkje må lida av utprega høgdeskrekk for å vera med på denne turen. Men me har med dyktige sherpaer som hjelper til med å sikre undervegs, i tillegg til den norske turledaren.

For å bestige Mera Peak må du ha stegjern, isøks, klatresele og jumar (tauklemme), men dette kan du leige der nede. Du treng ikkje erfaring med slikt utstyr, dette vil det bli trent på undervegs på turen.

NB! Denne turen kan du altså vera med på også om du ikkje vil opp på Mera Peak.

 

  • Dag 1

    Me flyr frå Norge. På veg mot eventyret i Himalaya!
  • Dag 2

    Me landar i Kathmandu og blir tatt i mot av Loben og Buddhi, mine gode vennar og samarbeidspartnarar gjennom alle år. Så blir me transportert til hotellet vårt. Resten av dagen kan du enten slappa av eller du kan gå ut og oppleva den veldig spesielle atmosfæren i Thamel, den mest fargerike bydelen i Kathmandu.
  • Dag 3

    Forberedelsesdag i Kathmandu. Det er som regel ein del ting som må ordnast før fotturen startar. Du kan også handle souvernirar i ein av dei mange små butikkane eller du kan berre sitta på ein av dei små restaurantane og sjå på livet nedanfor. Det er umogeleg å kjeda seg i denne byen. Men vær oppmerksom når du går i gatene - sykkeldrosjene som kjem susande i full fart nedover dei trange gatene har som regel dårlige bremsar...
  • Dag 4

    Kathmandu (1530m) - Lukla (2800m) - Paya (2730m)

    I dag får du sannsynligvis oppleva den mest spektakulære flyturen i ditt liv. Viss det ikkje er skyer så ser me Mt. Everest, Cho Oyu, Lhotse og hundrevis av andre fjell i Himalaya. Landingsstripa på flyplassen i Lukla er spesiell, den ligg på ei hylle i fjellet og er faktisk ca. 10 grader bratt. I Lukla møter me sirdaren vår (sjefsguiden), kokken og bærarane våre, som kjem til å gjera sitt ytterste for at me skal få ein behageleg og fin tur. Etter å ha ete lunsj og snust litt på stemningen i den spesielle landsbyen startar me vandreturen med å gå til Paya der me overnattar.

    Gangtid: 5 timar
  • Dag 5

    Paya (2730m) - Pangoma (2850m)

    Ein fantastisk flott dag der me går gjennom store skogar av rhododendron, eviggrønne eiketrær og bittesmå landsbyer i bratte skråninger. Stien går litt opp og ned til Khare Khola, og så stig det jevnt opp til Pangoma.

    Gangtid: 5-6 timar
  • Dag 6

    Pangoma (2850m) - Ngyungsa (2745m)

    I dag kryssar me over Panggom La-passet (3174m) og deretter krysser me nokre elver på høge hengebruer før me kjem fram til Ngyungsa. Stien i dag er ein fin blanding av oppover, nedover og flat, og me har ei fantastisk utsikt over fjella rundt, inkludert Mera Peak.

    Gangtid: 5-6 timar
  • Dag 7

    Ngyungsa (2745m) - Chetrakhola (3150m)

    Lang dag! Først går det bratt oppover til ein lodge på 3280m med panoramautsikt. Det går vidare oppover, før det går bratt ned til der me skal ha lunsjen vår i dag. Etter lunsj når me snart fram til Makalu Barun nasjonalpark gjennom den fantastiske "jomfruskogen". Til slutt klatrar me over tregrensa, og endeleg når me Chetrakhola på 3150m.

    Gangtid: 7-8 timar
  • Dag 8

    Chetrakhola (3150m) - Khote (3700m)

    Som dei andre dagane går stien litt opp og ned til me kjem til krysset mellom Zatra la og Khote. Vidare fortsetter vandringa med ein bratt nedoverbakke og deretter gjennom ein skog av rhododendron ned til dalbotnen.

    Gangtid: 6-7 timar
  • Dag 9

    Khote (3700m) - Tagnag (4400m)

    Relativt kort dag i dag. Me følger elvedalen innover den store u-forma dalen.

    Gangtid: 4 timar
  • Dag 10

    Akklimatiseringstur til Kusum Kaunguru (ca. 4800m)

    Me tilbringer to netter i Tagnag for å oppnå maksimal akklimatisering - og for å restituere kroppen. Men me slappar ikkje berre av av den grunn... Me går ein akklimatiseringstur oppover mot Kusum Kanguru (6367m) Base Camp, og kanskje bikkar me for første gong på denne turen over 5000 meter. Utsikta over fjella rundt, og innsjøen Tagnag, er fantastisk frå dette punktet.

    Gangtid: 3-4 timar
  • Dag 11

    Tagnag (4400m) - Khare (5000m)

    Me går over en liten isbre til Dig Kharka, der me kan sjå den nordlige flanken av Mera Peak for første gong. Me stig vidare oppover langs ein morenerygg til me når Khare.
    Gangtid: 4-5 timar
  • Dag 12

    Akklimatiseringsdag i Khare (5000m)

    Å kvile er viktig for å oppnå god akklimatisering. Me slappar derfor mest av i dag, men kanskje blir det ein roleg tur for å sjå på dei fantastiske omgivelsane. Me sjekkar også utstyret i dag, og begynner for alvor forberedelsane til sjølve bestigninga av Mera Peak.
  • Dag 13

    Akklimatiseringstur opp til Mera La (5300m)

    Me tilbringer altså tre netter i Khare. I dag går me opp til Mera La, og undervegs øver me på bruk av stegjern og breøks. Me øver også på å gå i tau.

    Gangtid: 5-6 timar
  • Dag 14

    Khare (5000m) - Mera High Camp (5500m)

    Me tar oss gjennom bratt og litt ulendt terreng opp til Mera Base Camp. Me fortsetter i enklare terreng på store snøfelt opp til Mera La (5415m) og deretter endå høgare heilt opp til Mera High Camp. Frå denne leiren skal toppstøtet starte frå grytidleg neste morgon. Frå High Camp har me ei fantastisk utsikt over Lhotse (8414m), Lhotse Shar (8393m) og Chamlang og Hinku Valley.

    Gangtid: 7 timar
  • Dag 15

    Toppstøt Mera Peak (6476 m)

    Me startar midt på natta (sannsynlegvis i 2-3 tida), lenge før sola kastar sine første stråler på dei gigantiske fjella rundt oss. Me bruker hodelyktene oppover breen. Toppstøtet går på snø og bre. Sherpaene gjer ein kjempejobb og sikrar oss med faste tau der det er behov for det, spesielt det siste stykket opp mot toppen som er bratt. Morgonsola fargar etter kvart heile fjellet i eit utruleg lys - ingen stader i verda er soloppgangen så flott som i Himalaya. På toppen får du verkeleg følelsen av å ha besteget eit stort Himalaya-fjell. Utsikta frå toppen er ubeskriveleg - Everest (8848m), Cho Oyu (8188m), Lhotse (8414m), Makalu (8463m) og Ama Dablam (6856m) er blant fjella som tronar over oss. Me bruker 7-8 timer opp, og 2-3 timer ned att. Mektig slitne, men også mektig fornøyde, traskar me til slutt ned att til Khare (5000m)

    Gangtid: 9-10 timar
  • Dag 16

    Ekstra dag

    Sjølv om været stort sett er fint og stabilt i dette området på denne tida av året, er det godt å ha ein reservedag å gå på for toppstøtet.
  • Dag 17

    Khare (5000m) - Khote (3700m)

    Det går sjølvsagt mykje raskare nedover dalen enn det gjorde oppover, og før me veit ordet av det er me nede i Khote att.

    Gangtid: 6 timar
  • Dag 18

    Khote (3700m) - Chetrabu (4300)

    Me går ikkje den samme stien attende til Lukla - variasjon er alltid fint! I dag går me først ein lang motbakke oppover mot Zatrwa La, men me er no perfekt akklimatisert så det er "lett" å gå motbakkar no. Me går så vidare nedover til Chetrabu.

    Gangtid: 7-8 timar
  • Dag 19

    Chetrabu (4300) - Lukla (2800m)

    Me går over passet Zatrwa La og bruker tau ned den bratte skråninga på andre sida mot Khumbudalen. Me går stort sett berre nedover resten av dagen, forbi Kharkitang og Chutanga til Lukla. Når me kjem til Lukla, føles staden større enn den gjorde for to veker sidan. Me har blitt vant med dei små, enkle tehusa i dei små landsbyane innover dalen.

    Gangtid: 7-8 timar
  • Dag 20

    Lukla - Kathmandu

    Me satsar på å komma oss med eit fly tidleg om morgonen, slik at me kan nyta ettermiddagen i Kathmandu og ikkje minst forbereda oss til feiringa om kvelden.
  • Dag 21

    Sightseeing i Kathmandu er noko anna enn i dei fleste andre byar. Likbrenning og apekattar i kloster er ikkje akkurat daglegdagse opplevelsar for dei fleste av oss. Me besøker Pashupatinath, der Nepalesarane brenner sine døde for deretter å kaste aska på elva for at den skal flyta ut i havet med den hellige elva Ganges. Me besøker også Swayambunath Stupa, også kalla Monkey Temple. Inntrykka du får denne dagen kjem til å vare lenge.
  • Dag 22

    Me får tid til å gjera dei siste innkjøpa, eller me kan slappa av på hotellet. Om ettermiddagen drar me til flyplassen. I det flyet tar av får me kanskje eit siste glimt av Nepals mange 8000-metringar: Everest, Cho Oyu, Lhotse, Makalu, Kanchenjunga, Dhaulagiri, Annapurna og Manaslu. Rart å tenka på at først i det me nærmar oss marsjhøgde er me høgare enn desse gigantane.
  • Dag 23

    Heime igjen i gamlelandet, fulle av inntrykk av flotte naturopplevelsar, eksotisk kultur og ikkje minst minner om eit fantastisk og hyggeleg folkeslag.

    Me tek atterhald om endringar i dagsprogrammet som ein følge av vêrforhold og liknande.