MOUNT KENYA - FOTTUR PÅ EKVATOR


Visste du at litt over 30 mil nord for Kilimanjaro ligg det eit fjellmassiv som er nesten like høgt? Mount Kenya-massivet kan beskrivast som ein krysning av Kilimanjaro og Alpane. Fjellet er ein eldgammal gigantisk vulkan, men det er det ikkje så lett å sjå lenger. Sylskarpe pinnaklar som strekker seg mot himmelen minnar meir om alpine fjell i heilt andre strøk av verda. Men likevel har du det typiske Afrikanske landskapet med alle sine spesielle plantar og vekstar i liene under dei høge fjella.

Små fjellvatn med flott ørret ligg nede i dei mange dalane som deler fjellet opp på ein dramatisk måte. Men det er ikkje berre fjellet som vil gjera inntrykk på deg på denne turen. Afrika kan skilta med så utruleg mykje meir. Venlege menneske, fascinerande kultur og variert natur. Våre afrikanske vennar med hovedguiden David i spissen, sørger for at me slepp å bæra meir enn ein lett dagstursekk undervegs, og at me får førsteklasses mat langt oppe i fjellet.

Mount Kenya er Afrikas nest høgaste fjell. Dei tre høgaste toppane er Batian (5199m), Nelion (5188m) og Lenana (4985m). Me skal gå ein lang trekkingtur gjennom fjellmassivet og på vegen bestiger me Lenana, som er den høgaste toppen du kan gå på utan omfattande klatring. Mount Kenya ligg så å sei på ekvator, men likevel vil du sjå både nysnø og breer. Me går ikkje den kortaste ruta, men den mest spennande og varierte. I tillegg traverserer denne ruta rundt mykje av fjellet - så du får sjå fjellet frå fleire sider. Me brukar tilstrekkeleg med tid på turen slik at me blir skikkeleg akklimatisert og dermed aukar sjansane for å nå toppen betrakteleg. Me får også ein langt meir behageleg tur med mykje mindre risiko for hovudverk, kvalme og dei andre typiske utslaga av mild høgdesjuke.

På denne turen vil du også få oppleva ein safari ved foten av Mount Kenya der du får sjå mange av dei spesielle dyra som kun lever i Afrika. Og dersom du ønsker det kan du avslutte Afrika-turen med nokre avslappande dagar på dei krittkvite strendene på Zanzibar for verkeleg å la inntrykka frå fjellturen og safarien synka inn (sjå nederst for meir informasjon om den valgfrie Zanzibar-pakken min).

NB!  Viktig å melde seg på tidleg - f.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir

 

Reisemål Mount Kenya
Land Kenya
Max. høgde Lenana, 4985 moh.
Antall dagar 10 (6 på fjellturen)
Datoar

Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus  NB! Denne turen vert i utgangspunktet arrangert annakvart år (partalsår)

Min. antal 7
Max antal 16

Påmeldingsfrist

Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler tidleg påmelding. Ved sein påmelding kan det bli eit tillegg for flybilletten. F.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir

Pris 2024 49 900
  NB! 1000 i rabatt ved tidleg påmelding

Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

Prisen inkluderer

  • Fly tur/retur frå Gardermoen (tilslutningsavgift frå andre flyplassar f.o.m. 2025)
  • 6 dagars trekking på Mount Kenya med lokale guidar, kokkar og bærarar
  • 1 dag safari
  • 1 opplevelsesrik dag i Nairobi
  • All transport i Afrika
  • Alle hotellovernattingar i delt dobbeltrom
  • Alle tillatelsar og parkavgifter
  • Alle måltid
  • Norsk turleiar

 

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • F.o.m. 2025: Evt. tilslutning til Gardermoen
  • Visum til Kenya (50 dollar, ordnast på flyplassen i Nairobi)
  • Drikkevarer
  • Evt. enkeltrom
  • Tips til lokale guidar, kokkar, bærarar osv. (100 - 120 dollar, avhengig av gruppestørrelse)
  • Flyplass-skatt for dei som skal til Zanzibar

 

TRANSPORT

Fly frå Norge til Nairobi. Me nyttar privatbuss til transport til og frå hotell, og til og frå Mount Kenya.

 

OVERNATTING

I Nairobi bur me på hotell av forholdsvis høg standard. På fjellturen bur me i moderne tre-mannstelt, to personar i kvart telt. På fjellet har me også med eigne toalett. På safarien bur me på ein safarilodge av høg standard.

 

Mat

Maten på hotella er omtrent som du er vant med her heime. Frukosten er typisk litt enklare enn kva me nordmenn er vant med. Når me er på sjølve fjellturen har me med eigen kokk og kokkeassistentar. Dei gjer sitt beste og me blir stadig overraska og imponert over kva dei klarer å få til langt oppe på fjellet. Me vil stort sett ha tilgang på kjøtt til middag gjennom heile ekspedisjonen. Havregraut er ein av fleire rettar du kan velga til frukost, andre valg er egg, pølser, toast, frukt osv.

 

FYSISK FORUTSETNING

Mount Kenya er eit stort fjell og må ikkje undervurderast. Det er bratt sti det siste stykket mot toppen, du må derfor ha god generell kroppskontroll i bratt terreng. Du må vera i bra fysisk form, dvs. at du ikkje har problem med å gå ein roleg tur på mange timar i norske fjell. Toppdagen er lang og fysisk krevande, men me går veldig sakte mot toppen. Toppen er 900 meter lågare enn Kilimanjaro så turen kan beskrivast som litt enklare med tanke på høgde-utfordringane. Også dagsetappane er litt kortare enn på Kilimanjaro, som regel 4 - 6 timar. Bærarane tar seg av all bagasjen din, du sjølv bærer kun det du treng under sjølve marsjen. Det er vanskeleg å setta opp noko konkret øvre aldersgrense for denne turen, då det ofte ikkje er noko sammenheng med kor god form ein er i og korleis ein fungerer på fjellet. 75-åringar kan vera sprekare enn 30-åringar i mange høve. Det kan bli forholdsvis kaldt på toppstøtet, kanskje ned i nokre få minusgrader. Ellers vil temperaturen stort sett vera behageleg. Mine turar til Mount Kenya er i dei tørre periodane, dvs. at det er mindre sjansar for nedbør.

 

AVSLUTT MED BADEFERIE PÅ ZANZIBAR?

Har du lyst til å avslutta Afrika-turen med ein avslappande badeferie på ei kvit sandstrand på Zanzibar? Dumt spørsmål kanskje... men eg kan i alle fall tilby ein Zanzibar-pakke som består av 4 netter i Nungwe på nordspissen av øya. Zanzibar er også eit paradis viss du er interessert i dykking og snorkling. Pakken kostar kr. 8900,- pr. pers. i dobbeltrom og består av:

  • 1 natt ekstra på hotell i Nairobi
  • Fly til og frå Stonetown, "hovedstaden" på Zanzibar
  • 4 netter på ein resort som ligg rett på stranda
  • Transport mellom hotell og flyplass (t/r)
  • Frukost

Standarden på romma er heilt ok, men ingen luksus. Dersom du vil ha høgare standard kan du velge suite med havutsikt til kr. 500,- ekstra pr. pers. pr. natt. i dobbeltrom.

Ta kontakt for enkeltromstillegg. Opphaldet kan sjølvsagt gjerast lenger eller kortare. Den norske turledaren drar heim etter safarien og er ikkje med til Zanzibar.

  • Dag 1

    Dag 1

    Me flyr til Nairobi der me overnattar på eit fint hotell i utkanten av sentrum.
  • Dag 2

    Dag 2

    Etter frukost køyrer me i privatbuss nordover gjennom fruktbart landbrukslandskap. Etter kvart dukkar det opp eit stort fjellmassiv i horisonten mot nord, og det vert fort klart at dette ikkje er noko lite fjell! Etter 5-6 timar i buss startar me fjellturen med ein forholdsvis kort etappe på grusveg gjennom skogen opp til Bandas Camp (2900 moh.).

    Gangtid: 2 timar
  • Dag 3

    Dag 3

    Dagens etappe går på ein dårleg kjerreveg opp til Lake Ellis (3600m). I Lake Ellis kan ein få fjellaure på over kiloen... Kokken vår er klar med steikepanna dersom me skulle få fisk.

    Gangtid: 3-4 timar
  • Dag 4

    Dag 4

    I går vandra me frå regnskogen gjennom eit belte med svært spesielle plantar og buskar og i dag kjem me opp i høgfjellsnatur som verkeleg tar pusten frå deg. Det er vanskeleg å bestemme seg for om ein skal sjå opp for å nyte synet av dei høge tindane som kjem nærmare og nærmare, eller å sjå ned for å beundra det spesielle plantelivet. Me slår oss til i spektakulære Mintos Camp (4200m) der me skal tilbringa to netter for å få best mogeleg akklimatisering og for å sjå nærmare på den utrulege naturen på austsida av Mount Kenya-massivet.

    Gangtid: 4-5 timar
  • Dag 5

    Dag 5

    I dag skal me utforska området, men me returnerer til Mintos Camp (4200m) om ettermiddagen. Me går først bratt ned til Lake Michaelson (3900m) - som må vera ein av dei mest spesielle stadene i Afrika! Her fiskar me etter fjellaure og kosar oss, før me vandrar bratt opp ei anna rute attende til Mintos Camp. Seinare går me ein kort tur fram på kanten mot Gorges Valley og Lake Michaelson og ser på den imponerande utsikta.

    Gangtid: 4-5 timar
  • Dag 6

    Dag 6

    Me startar toppstøtet grytidleg på morgonen før sola har stått opp. Stien slynger seg først fint oppover lia, og etter kvart ser me sola kasta sine første stråler på dei tre høgaste toppane - Batian, Nelion og Lenana. Når me nærmar oss toppen vert det brattare, og det siste stykket er det svært bratt. Men me går heile tida på sti. Etter at den lange motbakken er tilbakelagt vert me til slutt krona med ein fantastisk utsikt frå toppen av Lenana (4985 moh.). Dei skarpe tvillingtoppane Batian (5199m) og Nelion (5188m) ragar endå litt høgare over oss, og dersom det er heilt klart kan du sjå toppen av Kilimanjaro (5895 moh.) i sør, sjølv om det er 320 kilometer i luftlinje mellom toppunkta. Det vert sagt at dette er dei to punkta du kan sjå mellom på planeten vår som er lengst frå kvarandre. Me startar etter kvart turen ned att, men no skal me ikkje ned igjen samme vegen som me kom opp. Me går ned igjen Sirimon-ruta og du får dermed oppleva nesten alle sider av fjellet. Me overnattar i Shipton Camp (4200m) som ligg rett nord for dei høgaste toppane.

    Gangtid: 5 timar opp, 2 timar ned
  • Dag 7

    Dag 7

    Det bærer sakte men sikkert nedover den spektakulære dalen mot nordvest. Me er no godt akklimatisert, men likevel merkar me at lufta blir tjukkare dess lenger ned me kjem. Til slutt er me nede i Old Moses Camp der me blir henta av buss og køyrt ned til den fantastiske safari-lodgen me skal bu på. Dette er ein såkalla "luxury tented lodge" like ved eit vannhol der dei ville dyra kjem for å drikke. Du kan risikere at du ser både nashorn, impala, sebra og giraff når du sit og slappar av på terassen framfor hytta di...

    Gangtid: 5-6 timar
  • Dag 8

    Dag 8

    Me brukar dagen til safari i området rundt lodgen vår. Me får sjå dei fleste av dei ville dyra i Afrika og dersom me er heldige får me til og med sjå løve og kanskje "the big five".
  • Dag 9

    Dag 9

    Etter frukost køyrer me tilbake til Nairobi. Her blir det ein del overraskelsar på programmet, men det blir garantert ein dag du ikkje vil gløyme så fort. Om kvelden et me avskjedsmiddag på ein svært spesiell restaurant, der du (viss du vil) får smaka mange typar kjøtt som du garantert aldri har smakt før. Seint på kvelden set me oss på nattflyet i retning Europa.
  • Dag 10

    Dag 10

    Heime igjen i Norge etter ein opplevelsesrik tur.

    Me tek atterhald om endringar på grunn av vêrforhald og liknande.
  • Avslutt med badeferie på Zanzibar

    Avslutt med badeferie på Zanzibar

    Har du lyst til å avslutta Afrika-turen med ein avslappande badeferie på ei av dei mest fantastiske strendene i verda? Sjå lenger opp på sida for meir informasjon.

rgf logo


Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.