TRENINGSBLOGG MAI 2016
15. - 30. MAI
Stisykling i Himalaya, rundt Annapurna (Annapurna Circuit) og gjennom deler av Mustang Valley. Lobens venn Ramez vart med meg på dette lange eventyret i Himalayas råaste stisykkel-terreng.
Ramez vart i 2001 Nepalsk mester i terrengsykling
Me starta i trykkande varme heilt nede på 790 moh. Turens høgaste punkt var Thorung La på 5416 moh.
Dei første to dagane sykla me på ein dårleg kjerreveg i eit fantastisk landskap
Ein av dei villaste vegane eg har sykla på.
Denne imponerande "sva-veggen" er 1700 meter frå botn til topp
Det meste av turen gjekk på flotte flyt-stiar
Me møtte ikkje ein syklist på heile turen, knapt nok ein einaste trekking-turist. Ikkje rart dei lokale såg litt rart på oss
Dei fleste fjella du ser på desse bileta er over 7000 meter høge - nokon er over 8000 meter
Klatringa mot Thorung La startar for alvor - men det aller meste er mogeleg å sykle. Me trilla sykkelen berre nokre få prosent av heile turen
"After-bike" med fantastisk utsikt
Ramez er ein akrobat, både med og utan sykkel
Det som pregar denne turen er at det går opp og ned heile tida, så det totale antalet høgdemeter er skyhøgt. Mange dagar var me nok i nærheiten av 2500 totale høgdemeter når sykkelen vart parkert. Og 2500 høgdemeter i stor høgde er noko anna enn i låglandet. Heldigvis var Ramez ekstremt sterk og sa aldri nei til ein ny motbakke sjølv om dagane vart lange.
"Toppstøtet" over Thorung La er i gang. Her måtte me dytta sykkelen ein del opp det brattaste partiet og her møtte me også for første gong ein del andre turistar
Thorung La, 5614 moh. Nesten på høgd med Kilimanjaro. Viktig å sleppe ut litt luft av dekket etter kvart som me kom opp i ekstrem høgde, slik at ikkje det relative indre trykket vart for høgt
Frå Thorung La er det nesten 3000 høgdemeter rett ned
Men moroa var ikkje over når me kom til Muktinah. Me var no i Mustang Valley, og her viste Ramez meg nokon av dei artigaste flyt-stiane eg har sykla. Hadde ikkje hatt sjanse til å finna desse utan hans lokalkunnskap
Noko av det som er så artig med sti-sykling i Himalaya er dei små landsbyane som ein passerer gjennom med jevne mellomrom
Jomsom, ein frodig oase nederst i Mustang-dalen
Dhaulagiri (til venstre) er 8167 meter høgt og verdas sjuande høgaste fjell. Det ragar 5630 meter over den vesle landsbyen Kalopani. Dette biletet er tatt ut gjennom vindauga på rommet mitt i det sola sto opp. Ut det andre vindauga såg eg rett opp på Annapurna I, 8091 meter høgt. Dalen vidare nedover mot Tatopani og Beni er kjent for å vera verdas djupaste dal, og ein kan på eit punkt (med litt velvilje...) sei at det går nesten 7000 meter opp på begge sider
Takk til Ramez for eit fantastisk eventyr. Det blir ikkje siste gongen me reiser på langtur saman i Himalaya
TORSDAG 12. MAI
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: ca. 800
Bjarte og eg. Dyrvedalen, Dale og Geithaugane.
ONSDAG 11. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 15 min
Akk. høgdemeter: ca. 450
Rute: Møn - Opelandsstølen - Mønsberget - Møn
TYSDAG 10. MAI
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: ca. 900
Bjarte, Njål og eg tok ein tur over Skutlesåsen og opp på Sonvesåsen. Via Istad og under Mønsberget før me avslutta i Bømoen.
MÅNDAG 9. MAI
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1520
Rute: Liaset (335m) - Stavaskarsnuten (1349m) - Olsskavlen (1576m) - Vestrebotnen (990m) - Stavaskarsnuten (1349m) - Liaset (335m)
Ein svært varm skitur! Trykkande varmt sjølv på toppen av det høgaste fjellet på Voss. Men bra føre over 1100 moh, under var det mildt sagt utfordrande sugeføre.
SUNDAG 8. MAI
Aktivitet: Stispringing (og litt snøspringing...)
Totaltid: 1t 45 min
Akk. høgdemeter: 650
Rute: Mølster - Hanguren - Kiseldur - Raugstad - Mølster
LAURDAG 7. MAI
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: ca. 230
Stad: Bømoen
ONSDAG 4. MAI
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 765
Fjell: Tuvegga (1181m)
TYSDAG 3. MAI
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 805
Fjell: Roaldshornet (1230m)
Roaldshornet er nær det perfekte skifjellet. Høgt, med utsikt mot både hav og skarpe tindar. Flotte åpne og bratte flankar som går rett over i kjempeartig skogskøyring der den siste svingen vert satt ein meter frå hytta. Og når ein bereknar det slik at ein får solnedgangen på toppen finns det knapt nok ein finare stad å vera.
SUNDAG 1. MAI
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 765
Fjell: Tuvegga (1181m)
I dag kom skyene inn over Sunnmørsalpane etter mange fine dagar. Flatt lys og vind på toppen.