TRENINGSBLOGG 2007

 

29. DES. - 8. JAN.
Leda gruppe på Kilimanjaro
Les dagbok

 

FREDAG 28. DESEMBER: SLETTAFJELL
Totaltid: 52 min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 630
Rask tur opp til toppen av Slettafjell. Fin carving ned att. Om få timar er eg i Afrikas tropevarme.

 

TORSDAG 27. DESEMBER: HANGURSTOPPEN
Totaltid: 1t 10min
Intensitet: Roleg (dagen derpå...)
Akk. høgdemeter: 535
Njål og eg tok oss ein roleg tur på joggesko opp til Hangurstoppen. Fortsatt skikkeleg ruskevær!

 

ONSDAG 26. DESEMBER: HANGURSTOPPEN
Totaltid: 1t 35min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 665
Deltakarar: Einar, Brynjulv, Jarle
Me gjekk frå Bavallen og fulgte koffertløypa til topps. Så rett ned heistraséen til Hanguren og opp att på toppen. Køyrte til slutt storslalomløypa ned att til Bavallen. Ruskevær, regn og vind.

 

TIRSDAG 25. DESEMBER: STAVASKARD
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Roleg (men ein del tung pudder-brøyting)
Akk. høgdemeter: 1020
Andreas og eg på romjulstur frå Liaset til Stavaskard. Nydelege pudderforhold, faktisk litt vel mykje over 1100 meter. Me kom oss inn i steinhytta på Stavaskard og fekk litt ly for den skarpe vinden som herja på toppane. Flott tur, og eg og Andreas har bestemt at dette skal bli tradisjon 1. juledag.

1225 2

1225 2

 

SUNDAG 23. DESEMBER: LØNAHORGI
Totaltid: 2t 55min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1245
Trudde eg var rusten i dag og, men det gjekk langt betre enn eg hadde frykta. Kroppen er nok på veg tilbake i god, gammal form. Flotte pudderforhold, ca. 15 cm.

 

LAURDAG 22. DESEMBER
Fire timar med løypekøyring i Bavallen/Slettafjellet. Har kjøpt meg årskort på fjellheisane, så i vinter blir det nok ein del dagar i anlegget også.

 

FREDAG 21. DESEMBER: SLETTAFJELLET
Totaltid: 1t 15min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 730
Endeleg i gang igjen etter forkjølelse! Roleg tur til toppen av Slettafjellet. Skikkeleg rusten i kroppen.

 

30. NOV - 14. DES.
Leda gruppe på Kilimanjaro - med etterfølgane opphald på Zanzibars kvite strender.
Les dagbok

 

ONSDAG 29. NOVEMBER: ANDRE KVILEHYTTA
Totaltid: 2t 15min
Intensitet: Middels
Akk.høgdemeter: 1065
Deltakarar: Njål, Jarle
I går veldig dårleg føre - i dag veldig bra!

 

TYSDAG 28. NOVEMBER: FØRSTE KVILEHYTTA
Totaltid: 1t 43min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 870
Klabbeføre, mørkt, regn, dårleg føre nedatt. Ikkje ein av mine finaste skiturar.

 

MANDAG 26. NOVEMBER: LØNAHORGI
Totaltid: 2t 46min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1305
Tung nysnø å gå i nesten opp til utforstarten, men frå der og vidare oppover var det avblåst. Rask tur med tanke på forholda. Fint vær men kraftig vind. Det blir mange turar til Lønahorgi for tida. Typisk på denne tida av året, for lite snø til å gå gjennom skogen andre stader, veldig greit å gå i løypene frå Bavallen.

 

LAURDAG 24. NOVEMBER: LØNAHORGI
Totaltid: 3t 43min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1280
Deltakarar: Øyvind, Jarle
Pudderalarm! I dag brukte me 1 time og 20 minuttar ned att frå Lønahorgi, det må vera rekord... Det var rett og slett brøyteføre og me stoppa opp i pudderet på alle stader der det ikkje var bratt. Det var sjølvsagt brøyteføre opp også, så dette var ein tung tur. På veg ned att hadde me også vinden rett i mot, og det var svært vanskeleg å sjå i lyset frå hovudlyktene. Etterpå var det rett på velfortjent afterski på Bavallstunet - det første denne sesongen

 

FREDAG 23. NOVEMBER: FINNBUNUTEN
Totaltid: 3t 03min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1210
Deltakarar: Øyvind, Jarle
Me starta nederst i skibakken i Myrkdalen og gjekk først opp den preparerte bakken. Det kom litt meir snø i går, men det har blåst litt så det er ikkje ideelle skiforhold lenger. Etter halvannan time stod me på Finnbunuten. Me bestemte oss for å sleppa oss ned i Sendedalen for å sjå om det var betre snøforhold der. Og det var det, fint pudder øverst, men litt meir variert lenger nede. Dette førte blant anna til at Øyvind foretok ein elegant salto til 18 i stil (akkurat som på sykkel i Zermatt i sommar). Nede i Sendedalen var det på med fellene att, og for andre gong i dag besteig me Finnbunuten. Ned att til Myrkdalen var det artig køyring sjølv om ikkje føret var topp. Det er det som er den store fordelen med randonée, det kan bli bra skikøyring sjølv om det ikkje er perfekt føre.

 

TORSDAG 22. NOVEMBER
Fin uværstur med joggesko til første kvilehytta på Lønahorgi. Over Slettafjellet vart det meir og meir nysnø. Ca. 20 cm ved kvilehytta. Fine skiforhold, og i morgo skal det bli strålande vær!
Deltakarar: Monica, Ole Patric, Jarle
Totaltid: 2t 28min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 870

 

ONSDAG 21. NOVEMBER
Lønahorgi har vore flittigt besøkt dei siste dagane. Middels rask tur opp til øverste Kvilehytta. Der gav me oss pga. voldsom klabbing under skifellene. Det var nemleg våt snø nederst i Bavallen, og tørr nysnø lenger oppe. Det snødde ein del mens me gjekk oppover, men det gav seg til me skulle ned igjen, slik at me hadde gode sikt-forhold.
Deltakarar: Øyvind, Jarle
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1015

 

TYSDAG 20. NOVEMBER
Forholdsvis rask tur til fortoppen til Horgje. Me gadd ikkje gå dei siste flatane inn til masta då føret har endra seg desverre. Det fine føret som har vore heilt sidan snøen kom, er no blitt til knallhard bølgande skare pga. mildværet dei siste dagane.
Deltakarar: Brynjulv, Jarle
Totaltid: 2t 05min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1115

 

SUNDAG 18. NOVEMBER
Forholdsvis rask kveldstur på Horgje. Det har forsvunne ein del snø nederst siste døgnet, så eg fekk steinslipt sålen skikkeleg nedatt. Oppe har det blitt skare, men den er fin å køyra på.
Totaltid: 2t 28min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1220

 

FREDAG 16. NOVEMBER:
Deltakarar: Njål, Martin, Brynjulv, Jarle
Skulle eigentleg gjenta suksessen frå onsdagens kanontur på Finnbunuten, men vegstenging gjorde at me måtte revurdera. Me køyrte derfor til Bavallen og luska av gårde i retning Lønahorgi. I dag var det dårligare sikt, men snøen var fortsatt veldig fin.
Totaltid: 3t 32min
Intensitet: Roleg
Akk. høgedmeter: 1215

 

TORSDAG 15. NOVEMBER
Njål, Einar, Brynjulv og eg på joggesko i snøkavet opp til Kvilehytta.
Totaltid: 2t
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 870

 

ONSDAG 14. NOVEMBER
Flott skitur frå skianlegget i Myrkdalen opp på Finnbunuten (1358m). Brynjulv og eg gjekk opp langs dei preparerte bakkane opp til Vetlebotnen og vidare langs Kari Traa-heisen opp i skaret før me gjekk rett opp mot toppen. Då me gjekk oppover fekk me eit håp om at det ville bli ein fin tur ned att, men det vart endå betre enn me hadde håpt på. Ikkje mykje snø sjølvsagt, men den var svært fin og jevn. Årets finaste skitur så langt!
Totaltid: 1t 45min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 970

 

MANDAG 12. NOVEMBER
Skitur på Lønahorgi. Første turen heilt opp på ski denne vinteren. Avblåst på toppen, men det var mogeleg å gå på ski heile vegen frå parkeringsplassen i Bavallen heilt til topps. Nydeleg vær. Såg både harepus og rev, med berre 200 meters avstand.
Totaltid: 2t 40min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1235

 

SØNDAG 11. NOVEMBER
I går starta skisesongen, og i dag sykla eg ein fin tur på terrengsykkelen på tørre og fine vegar. Allsidig trening for tida. Kort, roleg tur i nærområdet.
Totaltid: 1t
Intensitet: Roleg

 

LØRDAG 10. NOVEMBER: SKISESONGEN ER I GANG!!!
Gjekk på ski frå parkeringsplassen i Bavallen. Lite snø i starten men det gjekk akkurat. Rask tur opp til Kvilehytta. Forholdsvis fin køyring ned igjen, ikkje ofte det er det på den første skituren. Sjelden tidleg start på skisesongen Håpar dette betyr ein lang og flott ski-sesong.
Utstyr: Randonée-ski
Totaltid: 1t 45min
Intensitet: Høg
Akk høgdemeter: 870

 

FREDAG 9. NOVEMBER
Brynjulv og eg på uværstur mot Horgje. Snudde eit stykke før toppen. Hard vind og snødrev. Mykje snø etterkvart. Ski next?
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1130

1108 2

1108 2

 

ONSDAG 7. NOVEMBER: LØNAHORGI
Snøen dalar ned og Brynjulv, Njål og eg la i veg i joggesko i retning Lønahorgje. 15-20 cm. alt ved Slettafjell og det auka dess høgare me kom. Men etter kvart hadde vinden blåst reint mange stader, mens andre stader hadde det samla seg svært store mengder, minst 1 meter. Tungt å gå/springe i slike forhold og me brukte derfor mykje lenger tid enn vanleg. 
Totaltid: 3t 34min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1235

 

SUNDAG 4 NOVEMBER: LØNAHORGI
Fin kveldstur opp på Horgje frå Bavallen. Fint vær og fin snø å springa på over 1000 meter, men litt glatt nokre stader.
Totaltid: 2t 54 min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1230

 

LØRDAG 3. NOVEMBER: GRÅSIDETOPPEN
Stor overgang frå rekordvarme i Rio de Janeiro til seinhaust og snø i Vossafjella. Øyvind og eg starta på Hjelle. Snø frå ca. 900 meter, etter kvart så mykje at me nesten kunne ha gått på ski.
Totaltid: 2t 33min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1100

 

TORSDAG 1. NOVEMBER: RIO DE JANEIRO, BRASIL
Fin springetur på Copacabana og Ipanema - verdas mest berømte strender. Fin måte å starta dagen på.
Totaltid: 1t 25min
Intensitet: Roleg

Peru 2007 20

Ikkje den verste utsikta ein kan ha frå eit hotellrom. Copacabana, verdas mest berømte sandstrand.

 

24. OKTOBER - 2. NOVEMBER
Peru og Brasil. Forberedelsestur for arrangerte turar til Inka Trail / Amazonas / Titicacaøyene i framtida.

Peru 2007 19

Peru 2007 19

Peru 2007 19

Peru 2007 19

Peru 2007 19

Peru 2007 19

Peru 2007 19

Peru 2007 19

Peru 2007 19

Peru 2007 19

Peru 2007 19

Piraya

Peru 2007 19

 

TIRSDAG 30. OKTOBER: LIMA, PERU
Sprang opp på fjellet som ligg ytterst i havgapet mot Atlanterhavskysten. Det er berre 278 meter høgt, men sidan landet innanfor er forholdsvis flatt er det flott utsikt frå toppen. Flott sti oppover fjellsida. På toppen var det tre store laushundar som regjerte, og då eg kom springande vart dei mildt sagt forbanna. Eg tenkte først at eg berre skulle ignorere dei, men det var ingen lur taktikk. Brått hadde eg tre ekstremt aggressive bikkjer rundt meg. Eg var ei stund heilt sikker på at dei ville angripe, men ved å holde meg heilt roleg og gå sakte baklengs gjekk det bra. Ned att fann eg ei flott utfor-løype for sykkel som nokon entusiastar har laga. Hadde eg berre hatt stisykkelen min...
Totaltid: 1t 50min
Intensitet: Middels

 

ONSDAG 24. OKTOBER: LIMA, PERU
Sprang frå hotellet nedover mot Stillehaveskysten. Etter 10 minuttar stod eg plutseleg på kanten av ein voldsom klippe, ca. 100 meter over bølgene som braut på stranda under meg. Sprang så sørover og etterkvart fant eg ein sti som eg kunne springa heilt ned til stranda. Følgte så denne nordover igjen, forbi fiskarar og surfarar.
Totaltid: 1t 15min
Intensitet: Roleg

Peru 2007 21

Humbolt-straumen gjer at Stillehavs-strendene i Peru er litt for kalde til bading, vatnet held kun 12 grader. Men strendene er perfekt til å springa på.

 

MÅNDAG 22. OKTOBER
Kort men rask tur oppover vegen og stien frå Bavallen i retning mot Horgaletten.
Totaltid: 50min
Intensitet: Høg

 

LAURDAG 20. OKTOBER
Allsidig laurdag: Først møtte eg Øystein og gjengen i Aurland og fekk meg ein paraglider-tur over Aurlandsfjorden som eg seint vil gløyme. Deretter køyrde eg opp i Flåmsdalen for å testa min nye American Eagle karbon-terrengsykkel. Både ramme og gaffel er i karbon, ingen dempegaffel på denne. Må ha ein slik ein også i tillegg til den fulldempa stisykkelen. Dei bratte svingane opp til Myrdal gjekk som ein leik, og farten var stor oppover mot Hallingskeid. Sykkelen er veldig kontant i måten den dirigerer kreftene ned i bakken. Når eg syklar med Commencalen så forsvinn mykje av kreftene i dempesystem og ikkje minst i geometrien til sykkelen. Perfekt for nedoversykling, men ikkje ideelt når ein er ute etter fart og effektivitet. Då eg kom til Hallingskeid dekka snøen vegen, og det var ein naturleg plass å snu. Fint å sykla Rallarvegen så seint på sesongen - møtte ikkje ein einaste syklist.
Totaltid: 2t 28min
Intensitet: Høg

1020 3

1020 3

1020 3

  

FREDAG 19. OKTOBER
Kveldstur frå Vannjolo via Teigarapjane og Rapjahalsen til Ulvaskaret, som eg kryssa heilt øverst. Vidare på intens raudfarga skaresnø, som var resultatet av ein fantastisk solnedgang, til Gråsidetoppen. Så tok eg kursen nedover Sandfjellet ned til Hindertveit før eg igjen sprang mot Teigarapjane og ned att skogsvegen.
Totaltid: 3t 34min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1310

 

ONSDAG 17. OKTOBER
Njål og eg gjekk frå Vannjolo opp via Bulabreen til Gråsidetoppen. Ned igjen nesten samme vegen men me gjekk heilt over til Ulvaskaret og fulgte dalen ned att. Gjekk ein del lenger tid enn normalt pga. 10-15 cm. nysnø over ca. 1100 meter.
Totaltid: 3t 01min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1275

 

MANDAG 15. OKTOBER
Martin, Øyvind og eg på kveldstur til Gråsidetoppen. 
Totalttid: 2t 45min
Intensitet: Roleg opp (men raske intervallar nedover)

 

SUNDAG 14. OKTOBER
Roleg "dagen derpå"-tur på Lønahorgi.
Totaltid: 2t 30min

 

LAURDAG 13. OKTOBER
Øyvind og eg hivde syklane i bilen tidleg om morgonen og fresa av gårde i retning Osafjellet, til området som me har døypt Hardangersvaet. Eit fleire kvadratkilometer stort område som består av sva i alle fasongar og vanskelegheitsgrader. Mykje moro, og god trening er det og.
Totaltid: 5t 30min
Intensitet: Varierande

1013 4

Eg hadde med meg alle fire brødrene mine - dei fulgte meg tett heile dagen... Sjekk forresten dempesystemet mitt akkurat i det eg landar - voldsom belastning.

(Foto over: Øyvind Birkeland / Foto under: Jarle Trå)

1013 1

1013 3

1013 2

 

FREDAG 12. OKTOBER
Øyvind og eg på haustens fyrste hodelykt-tur. Det skulle i alle fall bli den fyrste, men batteriet mitt var fullstendig flatt til tross for lang lading, så eg måtte henge meg på Øyvind ned att.
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1060

 

ONSDAG 10. OKTOBER
I dag var det Aurlandsdalen som stod på programmet. Eg og Martin rekogniserte på vår dobbeltur tidlegare i sommar, og i no skulle den syklast. Det gjekk strålande - tørre fine stiar og ingen turgåarar så seint på hausten. Sjølvsagt var det litt trilling her og der, men mindre enn eg hadde rekna med. Då eg kom ned var det eit raskt bytte av klær og skotøy (lagt ut på forhånd) og så springa opp att til Østerbø. Beina var heldigvis fine tross lange turar mandag og tysdag.
Totaltid: 4t 50min (Sykkel: 2t 40min, Springing: 2t 10min)
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1485

Indre Sogn 2007 12

Indre Sogn 2007 12

 

TYSDAG 9. OKTOBER
Etter langturen på beina i går, var det terrengsykkel som stod på programmet i dag. Eg køyrte opp på Filefjell og målet var dei flotte stiane rundt Sulebu, sør for Filefjellsvegen. Først fulgte eg Kongevegen eit stykke før eg skar bratt oppover på fin sti. Ned hadde den vore perfekt, men opp vart det sjølvsagt ein del trilling. Men etter kvart flata det litt ut, og stiane var - som forventa - perfekt for stisykling. Har gått og sprunge i området før, og såg då at stiane måtte vera veldig bra for sykling. Lange parti der ein kan sykla fort, men også korte utfordrande tekniske parti. Akkurat slik ein vil ha det. Då eg etter mange kilometers flott sykling kom til Sulebu, var det så varmt og fint at eg satt lenge i solveggen på hytta og koste meg. Varmt og godt - utruleg at det er snart midten av oktober. Ned igjen var valget vanskeleg - attende samme stien eller rett ned mot Nystuen. Eg valgte det siste alternativet fordi eg ville testa denne stien også. Etter kvart kom eg fram på kanten, og stien bar bratt nedover lia. Adrenalinet pumpa vilt i årene nedover, og etter nokre minuttars fantastisk flott utfor var eg nede på flaten att. Nydeleg sti - dette området kan anbefalast på det varmaste til alle som er bitt av stisykkel-basillen. Etter å ha inntatt litt kaloriar fant eg ut at eg kunne ikkje gje meg no. Sykla derfor attende til stien som eg hadde sykla opp tidligare, og gav meg i kast med den for andre gong. Det er ikkje det at det er så moro å trilla sykkelen opp - men tanken på kva som venta meg ned att var verdt ein tur til opp. Og nedturen skuffa ikkje - kanskje endå finare enn den første. Så la eg i veg sørvest-over, oppover Kongevegen i retning Maristuen. Denne var imidlertid av så høg standard (nesten like fin som Rallarvegen) at eg snudde då eg kom på toppen og sykla ned att - det var tross alt stiar eg var på jakt etter. Eg såg meg ut eit lite sva-parti som såg ut til å kunne tilby flott sva-sykling, og etter litt leiking der trilla eg småsliten ned igjen mot bilen. Over 7 timar i går og nesten 5 i dag, kan bety at det blir småtunge bein i morgo.
Totaltid: 4t 48min
Intensitet: Middels (mange harde drag)
Akk. høgdemeter: 1070

Indre Sogn 2007 10

Indre Sogn 2007 10

Indre Sogn 2007 10

 

MANDAG 8. OKTOBER
Har lenge hatt planar om å ta ein haust-tur til Indre Sogn. Mange spennande prosjekt her, både med joggesko og terrengsykkel. Første dagen satsa eg på ein lang springetur som eg anslo ville ta mellom 7 og 8 timar. Starta i Stonndalen i Aurland (ved utløpet av Stonndalstunnellen). Først nordover bratt oppover lia mot Botolvsstølen, deretter dreiar stien sørover langs det lange og smale Fretheimsvatnet. Her kom eg heilt opp i over 1400 meter, men det var likevel berre såvidt eg tangerte snøgrensa. Flotte stiar, topp vær og nydelege haustfargar gjorde at det var maksimale forhold for lange springeturar. Eg kom ned til Seltuft og Rallarvegen, og skar så oppover lia i retning Vindedalen. Dårleg sti her, men flott å springe stort sett overalt. Dagens første reinsdyr såg eg her, ein einsleg mellomstor bukk - sannsynlegvis har han gått tapande ut av ein av kampane som no foregår overalt i fjella. Kom igjen opp i 1400 meter over Bendikshøgdene, her kom eg inn igjen på T-merka sti. Langsmed Hednedalsvatnet på nydelege sandstrender, og opp igjen i retning Flatnosi. Her kom eg over ein mellomstor flokk med reinsdyr (ca. 50 stk.), og eg fekk sjå ein dramatiske kamp. Det var to store bukkar som braka sammen, og det var heilt tydeleg at dette var alvor. Etter eit par kjempesmell måtte den eine innsjå at det vert lite dame på han i år, og han sprang vekk rett mot meg. Eg hadde gøymt meg bak ein stein mens kampen stod på, og tapar-bukken såg meg ikkje i det han passerte berre 20 meter unna. Reinsdyra har dårleg syn, det er derfor dei spring rundt deg for å få lukten av deg viss dei værer at det er nokon i nærheita - dei stolar meir på luktesansen enn synet. Men resten av flokken vart no klar over meg, og forsvann fort innover flyene. Eg sprang vidare nedover Rausmesdalen, som etter kvart ledar inn heilt øverst i Stonndalen. Etter den siste innspurten 6-7 kilometer på grus- og asfaltvegar, stod eg igjen ved bilen - fornøyd og svolten! Eg hadde heldigvis med meg hodelykt fordi eg hadde sett på karten at det var eit par tunnellar på den smale anleggsvegen øverst i Stonndalen. Dei var så lange at eg måtte ha tatt meg forbi på utsida dersom eg ikkje hadde lykt med. Akkurat no mens eg skriv dette, ligg eg og høyrer på brunstige hjortar som står og gryler i stupmørket langt oppe i dei bratte liene over Lærdal. Trolsk.
Totaltid: 7t 10min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 2045
(Pulsmålaren slutta å fungere så eg har ikkje "kroppslege data" for denne turen)

Indre Sogn 2007 7

Indre Sogn 2007 7

Indre Sogn 2007 7

Indre Sogn 2007 7

Indre Sogn 2007 7

Indre Sogn 2007 7

Indre Sogn 2007 7

 

LAURDAG 6. OKTOBER: TERRENGSYKKEL
Fin tur opp den bratte grusvegen til Kvilehytta. På sti ned att.
Totaltid: 2t 05min
Intensitet: Høg opp til Kvilehytta
Akk. høgdemeter: 1105

 

TORSDAG 4. OKTOBER: LØNAHORGI
Rask tur på Horgje. 1t 06min opp.
Totaltid opp og ned: 1t 48min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1090

 

ONSDAG 3. OKTOBER: VOLAFJELL
Starta i Vestbygdi over Bulken. Gjekk/sprang opp via stølen Listred, over Grønhaugen og Sledavarden opp til Volafjellet (1327m). Ned igjen gjennom vanskeleg terreng til Raudbergstjørni og ut Lauvdalen. Så fulgte eg stien rundt Horn attende til bilen. Nydeleg flotte haustfargar i år, syns dei er meir intense enn på mange år!
Totaltid: 3t 40min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1365

 

TYSDAG 2. OKTOBER: TERRENGSYKKEL
Sykla opp til Bavallen og vidare så langt vegen går, opp til kvilehytta. Etter den lange harde motbakken, stod no belønningen framfor meg. 1000 høgdemeter med sti og grusvegar. Tok nokre avstikkarar bort mot Slettafjellet også.
Totaltid: 2t 36min
Intensitet: Høg opp til Kvilehytta
Akk. høgdemeter: 1135

 

MANDAG 1. OKTOBER: GRÅSIDETOPPEN
Fin kveldstur på tørre og fine stiar. Flott solnedgang akkurat når eg stod på toppen.
Totaltid: 2t 23min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1060

 

LAURDAG 29. SEPTEMBER: STIGEN - STALHEIM
I dag var det endeleg på tide å ta min lenge planlagte springetur frå Stigen i Aurlandsfjorden til Stalheim på Voss. Øystein kom heim frå Oslo (nesten eins ærend...) for å vera med på denne storturen. Eg hadde ordna med båtskyss frå Undredal til Stigen. Me begynte altså på havnivå, og første del av turen var den lange motbakken på 1761 høgdemeter opp på Stiganosi (høgaste punktet på Syrdalsbreen), som er eit av dei høgaste fjella i området. Det vil faktisk sei at dette er ein av Norges aller lengste motbakkar. Av toppar som er "logisk" å ta med i ei slik samanlikning er det kun Skålatårnet (ca. 30 meter meir) og Lodalskåpa (viss du startar ved Loenvatnet) som er høgare, viss ein ikkje skal ta med toppane i Hurrungane i Jotunheimen der du reint teoretisk kan starta 10-20 meter over havet på Fortun. Me hadde nesten ingenting med oss og det gjekk fort oppover lia. Me gjekk først den spektakulære stien opp til garden Stigen. Denne garden er kanskje ein av dei flottaste og mest dramatiske fjellgarden i Noreg. Den fekk navnet sitt fordi du før måtte klatra opp ein stige på ein svært bratt del av stien for å komma til gards. Det seiest at bonden i gammal tid var snar å dra stigen opp når skattefuten kom roande utover fjorden. Vidare oppover fin sti og etterkvart som me nærma oss tregrensa var det ei heilt utruleg utsikt som åpenbarte seg på alle kantar - det stupte bokstaveleg talt i fjorden overalt rundt oss. Ein bratt rygg leda oss oppover mot 1600 meter, før det flata ut innover mot sjølve Stiganosi. Mange fine, fast snøfenner å springa på gjorde at me slapp å balansera frå stein til stein i dei mange steinrøysene på denne delen av turen. Etter halvannan time opp og ned bortover ryggen, runda me over Skammadalshøgde (1605 moh) og fekk sjå Grindaflethytta langt nede i dalen. Me sprang vidare oppover den langstrakte Fyresdalen og over skaret mot Øvsthusdalen. Her gjekk det unna nedover og før me visste ordet av det stod me med bilen ved Stalheim.
Totaltid: 6t 22min
Distanse: 35,4 kilometer
Intensitet: Middels
Gj. sn. puls: 140
Kcal: 3866
Akk. høgdemeter: 2355

0929 7

0929 7

0929 7

0929 7

0929 7

0929 7

 

FREDAG 28. SEPTEMBER: TERRENGSYKKEL PÅ VOSS
Øystein og eg skal på stortur i morgo. Derfor valgte me terrengsykkel i dag, slik at beina fekk kvila mest mogeleg (det var i alle fall planen...). På fine stiar gjekk turen gjennom Bømoen og over Storåsen. Avslutta med ein ny runde gjennom Bømoen.
Totaltid: 2.15
Intensitet: Roleg men mange harde drag
Akk. høgdemeter: 495

 

ONSDAG 26. SEPTEMBER: LØNAHORGI
Ein av årets flottaste turar på Horgje. Spektakulær solnedgang i vest, og fullmåne i aust. 
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1100

 

TYSDAG 25. SEPTEMBER: TERRENGSYKKEL I BÆRUMSMARKA
Øystein tok meg med på sine favorittstiar i nærområdet rundt Kolsåstoppen. Overraskande fine stiar, både raske og tekniske, men litt regn dei siste dagane hadde gjort det sleipt på steinane. Det resulterte i ein krasj der eg fekk styret inn i lysken og måtte ta telling. Er no øm og sår, men må vel likevel vera glad for at ikkje styret traff meir sentralt nokre centimeter lenger opp...
Totaltid: 2 timar
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 535

 

MÅNDAG 24. SEPTEMBER: TERRENGSYKKEL PÅ SKEIKAMPEN
Skeikampen har kanskje dei finaste stiane for terrengsykling i Norge. Martin, Øystein, Øyvind og eg var her ei langhelg i fjor og tok for oss av mil etter mil med flotte fjellstiar. Men den siste dagen måtte eg kasta inn håndkleet tidleg - eg klarte nemleg å knekka giret rett av etter nokre timar oppover fjellet. Den som måtte trilla/haika ned igjen til Skeikampen var meg. Og sjølvsagt - rett etter eg skilte lag med gjengen fann dei den finaste stien i heile området ifølge dei sjølv. Dette har sjølvsagt irritert meg GRENSELAUST i tida etterpå (spesielt fordi eg ofte blir minna på det). Derfor måtte eg ta meg ein tur når eg først var på desse kantar. Dei hadde rett... stien var perfekt! Men når eg først var her forsynte eg meg også av mange av dei andre favorittstiane frå i fjor. Ubeskriveleg moro.
Totaltid: 5t 10min
Intensitet: Middels (mange harde drag)
Akk. høgdemeter: 1055

 

SUNDAG 23. SEPTEMBER: TERRENGSYKKEL PÅ HAFJELL
Lang dag på nedover-sykkel i Hafjell-anlegget. Hafjell byr på nydelege stiar og artige doserte løyper gjennom skogen. Køyrte nesten 8000 høgdemeter i dag. Siste åpningsdagen for sesongen og tørre og perfekte forhold. Sleit litt med krampe i handa og bremsefingeren, heilt til Espen Johnsen (norgesmester i downhill) tipsa meg om korleis eg måtte justere bremsehåndtaket. Det var alfa og omega og etter det gjekk alt mykje betre. Kjempefin dag i Norges kanskje beste sykkel-anlegg. No er eg på Skeikampen og satsar på ein langtur på dei nydelege stiane her oppe i morgo.

  

LAURDAG 22. SEPTEMBER
Kort tur opp til utforstarten på Horgaletten.
Totaltid: 1 time
Intensitet: Middels

 

FREDAG 21. SEPTEMBER
Sola skein tidleg på dagen, og Martin, Njål og eg trudde faktisk at me skulle få oss ein solskinnstur til Gråsidetoppen. Men den gong ei. Meir ufyseleg vær er det heldigvis lenge mellom kvar gong me opplever. Regn, sludd og hard vind - og i tillegg sørpe og glatt snø over 1100 meter gjorde dette til ein liten utfordring. Me kom oss til topps, men det var berre såvidt me tok oss tid til å skriva navnet inn i topp-boka. Kkkkaldt...
Totaltid: 2t 18min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1060

 

SØNDAG 16. - ONSDAG 19. SEPTEMBER: RONDANE / UNDREDAL

Martin og eg køyrte frå Voss søndag ettermiddag med Rondane og ei koseleg hytte på Mysusæter i sikte. Hytta viste seg å ligga fantastisk flott til med storslagen utsikt mot 2000-meter toppane i Rondane. Haustfargane dekka både skog og fjell, og snøen låg langt nedover fjellsidene. Når me satt framfor peisen om kvelden og solnedgangen senka seg over fjellheimen, var det ein magisk stemning.

Mandag morgon sykla me frå Spranget inn til Rondvassbu. Denne vegen er stengt for bilar. Me gjekk så nordaustover med kurs mot Vinjeronden. Planen var både Vinjeronden, Rondslottet og Storronden denne dagen. Men det viste seg fort at vår største utfordring skulle bli vinden. Den kom i vodsomme kast frå nord, og i eit høve måtte me faktisk ned på alle fire for å ikkje bli feid over ende. I det me nådde toppen av Vinjeronden var det derfor opplagt at me kutta ut Rondeslottet. Me satsa i staden på å komma oss vidare opp på Storronden. Dette gjekk fint sjølv om det låg ein god del snø som gjorde det litt glatt. Så fulgte med ryggen ned att til Rondvassbu. Totalt brukte me 5,5 timar på denne turen inkl. syklinga. Akk. høgdemeter: 1490

Tysdag starta på samme måten med å sykla inn til Rondvassbu. No var det Veslesmeden som stod på programmet. Me hadde opprinneleg håpa å ta også Storsmeden og Trolltinden samme dagen, men med dei snø- og isforholda som var no, hadde me små håp om noko meir enn Veslesmeden. Traversen over til Storsmeden skal vera "grei for fjellvante under tørre og gode forhold" som det stod i boka. Men no var det alt anna enn greie forhold, og traversen over til Trolltinden er endå vanskelegare, sannsynlegvis den tøffaste traversen i Rondane. Totalt brukte me 5 timar inkl. syklinga.

Me hadde halvegs tenkt oss heimover tysdags kveld, men sidan me koste oss så til dei grader på hytta vart me ei natt til. Onsdag køyrte me til Undredal og knytta på oss våre nye terreng-joggesko (kjøpt på Beitostølen samme dag), og la i veg oppover stien som går rett til værs frå Undredal sentrum (sentrum og sentrum fru Blom...). Me snudde på 1390 meter, då låg tåka tett over oss. Men me hadde heldigvis flott utsikt nedover og utover fjorden. Nedatt gjekk det styggfort og me var begge svært fornøyd med dei nye skoene. Totaltid: 2t 52min. Intensitet: Middels. Akk høgdemeter: 1410

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Martin Hindenes)

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

Rondane 2007 Martin 3

 

LAURDAG 15. SEPTEMBER
Sprang opp frå Mølster, over Hanguren og opp på Slettafjellet. Stod på toppen og såg på den flotte utsikten sammen med ein liten harepus. Haustfargar og snø ned til tregrensa - det kan vel ikkje bli stort flottare. Ned att via Raugstad, og der møtte eg eit illsint ekorn midt på stien. Eg kom nok litt brått på, for det vart ein voldsom kjefting når det omsider kom seg opp i treet sitt.
Totaltid: 1t 33min
Intensitet: Middels

 

TORSDAG 13. SEPTEMBER
Martin, Njål og eg gjekk frå Grjotlandsbrua opp på Lønahorgi. Fin, alternativ rute på Horgje.
Totaltid: 2t 43min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1305

 

MANDAG 10. SEPTEMBER
Fin ettermiddagstur til Gråsidetoppen i kveldssol og haustfargar - vakkert!
Totaltid opp og ned: 2t 24min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1025

 

LAURDAG 8. SEPTEMBER
Måtte sjølvsagt ein tur på Horgje etter å ha vore lenge vekke frå Vossafjella.
Totaltid: 2t 03min (1 time og 12 minutt opp)
Intensitet: Forholdsvis høg
Akk. høgdemeter: 1180

 

16. AUGUST - 9. SEPTEMBER: DOLOMITTANE / ALPANE

(Sjå bilete frå turen under)

FREDAG 7. SEPTEMBER: HEIME ATT
Akkurat no sit me på Master Cat, verdas raskaste ferje, mellom Hanstholm og Kristiansand. Dei siste dagane i Zermatt brukte me på sykkelsetet. I påvente av nye bremsar måtte me låna sykkel hjå ein av sykkel-utleigarane i Zermatt. Me satsa på kvar sin Cannondale, ein mellomting mellom sti-sykkel og ufor-sykkel. Desse har større dempevandring (170 mm) og kraftigare bremseskiver. Men geometrien i sykkelen er nesten den samme som vår eigen, så den oppførte seg veldig mykje på samme måten. Utforsyklar har vanlegvis mykje slakkare vinkel på framdemparen, både for å tillate ekstrem lang vandring på demparen, men også for å gjera det enklare å forsera relativt store hindringar.

Me vurderte å prøva oss på Lagginhorn (4010 moh.) den siste dagen, men fortsatt store snømengder over 3500 meter gjorde at me slo det frå oss. Værmeldingane var blå himmel og strålande sol (som me har hatt nesten heile tida her nede) men kraftige nordlige vindar har den siste veka gjort det til ein kald fornøyelse å klatra dei aller høgaste. Lagginhorn er ikkje spesielt vanskeleg, men langvaring eksponert rygg-klatring på grad 2+ kan fort bli utfordrande 4000 meter over havet når snø og is skjuler alle tak og sikringsmogelegheiter. Dessuten hadde me meir lyst til å sykle... 

Det mest dramatiske som skjedde på heile turen (bortsett frå då Øyvind som den første av oss skulle prøva seg på ein framlengs salto på sykkelen, ufrivillig...) var då eg vart angrepen av ein rev den nest siste natta før me reiste heim igjen. Me har fleire netter hatt besøk av ein rev om natta. Den har rappa mat og gjennomsøkt bossposen vår fleire gonger. Ein morgon mangla skoen min. men etter litt fortvila leiting fann eg den 50 meter bortanfor teltet. Men i går natt var han nok sur fordi me hadde låst all mat og bos inne i bilen. Eg vakna av at eit eller anna hoppa på teltduken og opp på hovudet mitt. Etter nokre sekund fullstendig i ørska forsto eg at dette nok ikkje var Øyvind, og langa ut ein skikkeleg upper-cut rett mot teltduken. Den vesle tassen tok nok telling, og eg gjekk seirande ut av siste runde. Men det gjekk lang tid før eg fekk sova igjen. Adrenalinet flomma fritt rundt i kroppen lenge etterpå. 

MANDAG 3. SEPTEMBER
Å stå opp midt på natta for å klatre ein 4000-metring er noko av det verste eg veit. Det er då eg seriøst vurderer å få meg ein annan hobby, t.d. hekling. Men etter kvart som ein kjem høgare og høgare, og dagslyset kjem - og spesielt når ein kjem til klatringa - då er livet atter lyst og fint. Dagens bestigning av Nadelhorn (4327m) var akkurat ein slik opplevelse - dei første 1000 høgdemetrane var rein trass, mens dei siste 1500 var flotte. Me gjorde det altså i god gammaldags Øyvind & Jarle-stil, dvs. nede frå dalbotnen utan bruk av hyttene. Det betyr i Nadelhorn sitt tilfelle over 2500 høgdemeter frå parkeringsplassen til toppen (rekorden til no er Mt. Blanc med 3800 høgdemeter og Dom med 3150 høgdemeter).

SUNDAG 2. SEPTEMBER
Sykkel, sykkel og atter sykkel... Dei nye syklane våre har til no måtta tåla ca. 35 000 høgdemeter på både fine og tekniske stiar. Og det merkast. Må sikkert rusta opp sykkelen for veldig mange 1000-lappar når eg kjem heim att. Men det er det verdt. Sjeldan har me gitt oss før mørket senkar seg. Det er berre heilt utruleg flotte forhold for stisykling her nede.

LØRDAG 1. SEPTEMBER
Weisshorn vart for tøft for oss! Dei nordligaste av dei 29 fjella over 4000 meter i Zermatt-området fekk ein god del meir snø onsdag og torsdag enn det me rekna med og dermed var det full vinter der oppe. Me gjekk først 1500 høgdemeter opp til Tractuit-hytta på lørdag, og kl. 03 natt til søndag starta me mot toppen. Etter kvart som me nærma oss toppen av Bishorn (4153 moh) stod sola opp og kasta sitt raude ljos på fjella rundt oss. Men vinden kom til ein forandring frå nord, og dermed var det ikkje mykje varme å henta frå sola. Me starta traversen mot skaret mellom Bishorn og Weisshorn. Det gjekk fint, med mykje eksponert klyving rundt grad 2. Forholdsvis mykje snø og is gjorde det ein god del vanskelegare enn om det hadde vore snøfritt. Etter kvart nærma me oss crux-partiet, ca. 1 km med svært smal egg med mange pinnaklar. Vanskelegheitsgrad opp til grad 3+ som hadde vore ein fryd i snøfrie forhold og med varm sol. Men no var det full vinter her oppe, og ein bestigning under desse forholda hadde kravd vinterutstyr. Sjølv om me hadde med dunjakker så hadde det likevel vore svært kald for vedkommande som skulle sikre. Me snudde derfor med ein god følelse og med klare intensjonar om å komme tilbake under meir ideelle forhold. Nordryggen av Weisshorn var minst like spektakulær som me hadde forventa. Og me fekk uansett kryssa av ein 4000-metring på denne turen, nemleg Bishorn.

ONSDAG 27. AUG: WEISSHORN NESTE
Weisshorn er kanskje det fjellet blant alle 4000-metringane i Alpane som får nakkehåra til å reisa seg høgast på ein klatrar. Det er ikkje det første fjellet du klatrar i Alpane for å sei det slik. Me har i tillegg bestemt oss for å bestiga fjellet frå nordsida, kanskje den flottaste ruta på fjellet. Me brukar to dagar, og er sannsynlegvis nede igjen på laurdags kveld, men bilder blir nok ikkje lagt ut før på sundag.

MANDAG 27. - ONSDAG 29. AUGUST: ZERMATT
8 - 10 timar med heisbasert (og togbasert...) stisykling kvar dag i fjella rundt Zermatt.

SUNDAG 26. AUGUST: ZINAL ROTHORN (4221 moh.)
I går kveld gjekk me frå Zermatt 1500 høgdemeter opp til Rothorn-hytta (3100 moh.). Kl. 03 om natta stod me opp, hivde i oss ein spinkel frukost og labba i veg oppover steinura i retning Zinal Rothorn - ein av dei flottaste 4000-metringane rundt Zermatt. Først over bre, så klyving opp ei bratt renne og over ein del lugubert laust fjell, før me igjen kom opp på nokre snøfelt som leda opp til ein flott snørygg. Denne fulgte me (i fantastisk soloppgang) heilt inn til innsteget til sjølve klatringa. Zinal Rothorn er krevande fordi det er ekstremt mykje 2'er og 3'er klatring på laust og grumsete fjell. Men heldigvis er sjølve toppryggen ein nydeleg sak med fast og fint fjell. For å ikkje bruka altfor lang tid på klatringa så sikra me kun 2 taulengder opp mot toppen. Ned igjen vart det mange lange rapellar. Me opplevde vel også den skumlaste episoden som me har hatt i Alpane då me skulle ta oss ned igjen renna frå toppryggen. Varmen smelta laus steinar frå isen høgt oppe og desse kom som bowlingkuler nedover renna - og gjett kven som følte seg som bowlingkjegler... Heldigvis vart det ingen skikkeleg strike, sjølv om eg vart treft i foten av ein knyttneve-stor stein. Etterkvart kunne me rapellera oss ut av renna og inn på tryggare grunn. Kanskje eit av dei mest krevande fjella eg og Øyvind har klatra, ved sida av Matterhorn.

TORSDAG - LAURDAG 23 - 25 AUGUST: ZERMATT
Desse dagane kjem til å bli huska som nokon av dei finaste sykkeldagane me har hatt. Me kjøpte Peak Pass for 14 dagar i Zermatt, dvs. fri tilgang til alle heisane i området. Mange gondolar, jernbanar og underjordiske tunnellar fører opp til godt over 3000 meter på alle sider av Zermatt (1600 moh.). Flotte stiar fins overalt, både stupbratte teknisk krevande stiar, og fine flytstiar. Men det som pregar syklinga her nede er at det blir voldsomt med høgdemeter nedover. Bremseskivene mine var i går raudglødande når eg kom ned frå siste turen frå Gornergrat. Metallet er no blått og raudt og heile skiva har vridd seg. Fleire gonger har me opplevd å mista bremseeffekt pga. varmen, så me har no lært oss kvar me må stoppa og la bremsane kjøla seg ned.

ONDAG 22. AUGUST
I dag forflytta me oss frå Cortina til Zermatt. Forholdsvis kjedeleg dag på italienske motorvegar, i det me suste i stor fart forbi Venezia og Milano og over Domodossola-passet til Sveits.

TYSDAG 21. AUGUST: CORTINA D'AMPEZZO
Det høljar ned, men det hindrar ikkje oss frå å utfolda oss i dei fantastiske Dolomittane. Dobbeltur i dag. Først sprang/gjekk me oppover mot eit pass på nesten 3000 meter, men me måtte snu på ca. 2750 pga. snø (dette lovar ikkje bra for Zermatt - der er fjella 1500 meter høgare...)
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1285
Så hivde me oss på syklane og la i veg oppover lia rett opp frå campingplassen. 500 høgdemeter gjekk raskt unna og deretter var det først ein brei sti bortover fjellsida som måtte syklast fort for å vera morsom. Så fant me heldigvis ein flott teknisk sti ned att i dalen.
Totaltid: 1t 20min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 505

MANDAG 20. AUGUST: CORTINA D'AMPEZZO
Gråvær og regn gjorde at me tok ein kort springetur i dag. Me køyrte opp til sørsida av Drei Zinnen, kanskje ein av verdas mest kjente og flottaste fjell. Frå parkeringsplassen sprang me rundt heile fjellet på fine stiar. Innimellom måtte me stoppa og nyta synet av det spektaulære fjellet.
Totaltid: 1 time
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 240

SUNDAG 19. AUGUST: CORTINA D'AMPEZZO
Me starta ved campingplassen (1300 moh.) og sykla på vegar og stiar opp til eit pass på over 2300 moh. Nydelege stiar i hengbratte lier under voldsomme Dolomitt-fjell. Men stiane krevde topp-konsentrasjon, dei var svært smale og ein liten tabbe kunne sendt oss kast i kast nedover fjellsida. Me trudde me hadde opplevd flott sykling på veg opp til passet, men det som venta oss på andre sida var heilt fantastisk. Nedover ein aude dal snodde det seg ein av dei flottaste stiane som eg nokonsinne har sykla på. Stien innbaud til stor fart nesten heile vegen, men nokre stader var den meir teknisk - akkurat slik ein sykkelsti skal vera. Episk sykkeldag!
Totaltid: 5 timar
Intensitet: Middels (mange harde drag)
Akk. høgdemeter: 1150

 Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Zinal Rothorn (4221m), vårt høgaste fjell denne sommaren i Alpane

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

Alpane 2007 yvind 13

 

TORSDAG 15. AUGUST
Einar, Øyvind, Brynjulv og eg sprang frå Mølster via Raugstad, så runda me Slettafjell bort til vegen som me fulgte ned igjen til Bavallen. Så opp Hangurslia og ned igjen til Mølster. Fin tur på blaute stiar.
Totaltid: 1t 52min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 785

 

TYSDAG 14. AUGUST
Brynjulv, Martin og eg starta frå Hjelle og sprang over Gråsida til hytta til Brynjulv i Sveindalen. Lang tur i skiftande vær!
Totaltid: 3t 40min
Intensitet: Middels opp til Gråsidetoppen, så rolegare
Kcal: 2020
Akk. høgdemeter: 1340

 

SUNDAG 12. AUGUST
Lang, roleg springetur frå Hjelle. Først til Gråsidetoppen og så vidare innover til Timaglaset.
Totaltid: 3t 31min
Intensitet: Roleg
Kcal: 1831
Akk. høgdemeter: 1160

 

LAURDAG 11. AUGUST
Terrengsykkel opp via Bavallen til Hangurstoppen. Så leika eg meg litt på favorittstiane på vestsida av denne, før eg slapp meg ned stien mot Raugstad.
Totaltid: 2t 40min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 980

 

FREDAG 10. AUGUST
Brynjulv og eg, rask tur på Lønahorgi. Nydeleg vær.
Totaltid opp og ned: 2t 20min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1090

 

TYSDAG 7. AUGUST: KATHMANDU, NEPAL
Spektakulær springetur på ein fjellrygg med utsikt mot 8000-meters toppar i fleng. Starta grytidleg på morgonen for å unngå den verste varmen og forurensinga. Sprang først gjennom bydelen Thamel, som du berre må oppleve - det nyttar ikkje å prøve å beskrive! Her er det definitivt ikkje vanleg å sjå joggarar, så det var ingen overraskelse at eg etter kvart fekk følge av ein skokk guttungar som hoia og lo. Sikkert det dummaste dei nokonsinne har sett. Kathmandu by ligg på ca. 1300 meter over havet, og etter å ha lagt Thamel bak meg gjekk det sakte men sikkert oppover den "vesle" fjellkjeda Nagarjun som går opp til ca. 2100 meter. Men på denne høgda i Nepal er du berre såvidt over flatlandet som pregar dei sørlegaste delane ned mot India. Å prøva å beskriva følelsen det er å springa på ein skarp fjellrygg i skarp morgonluft, med utsikt opp mot verdas aller høgaste fjell er heller ikkje mogeleg. Det var ein springetur eg seint kjem til å gløyme.
Totaltid: 3 timar
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1045

Nepal 2007 2

Hensikta med denne Nepal-turen var å inngå samarbeid ang. import av dunjakker og soveposar til butikken min. Saman med Loben reiste eg rundt og sjekka ut eit par fabrikkar i Kathmandu, og gjorde avtalar.

Nepal 2007 2

 

TORSDAG 2. AUGUST: SPRINGETUR FRÅ SOGNEFJORDEN TIL VOSS
Alle forhold tilsa at eg burde avlysa min planlagte springetur frå Vik til Voss (Instefjorden - Bavallen) i dag. Låge temperaturar, regn, vind og tåke var det som prega værmeldingane. Men til tross for dette satte eg og sjåfør/support-team Martin av gårde i retning Sognefjorden tidleg om morgonen. Ruta var planlagt slik: Indrefjorden - Selhammar - Torvedalshytta - Volahytta - Voss. Dette er altså ein strekning som det er vanleg å bruka fire dagar på frå hytte til hytte. Sleipe stiar, kraftig motvind og kaldt regn prega turen. Men det var også solgløtt og varme. Svært vekslande vær med andre ord. Spesielt over Høgavarde hadde eg ei kraftig iskald regnbyge og sterk vind. Eg vart så kald at eg etter denne episoden ikkje klarte å halda tempoet som eg hadde hatt fram til då. Kroppen begynner å stenge ned store muskelgrupper for å bruka energien til å halda varmen når forholda blir såpass ille. Dermed ville ikkje lårmusklane væra med på notene lenger, og eg fekk ikkje varmen igjen før eg var i Bavallen. Kunne sikkert ha kutta ein time eller meir på totaltida om ikkje dette hadde skjedd.
Totaltid: 9t 21min
Strekning: 63 kilometer
Intensitet: Middels/Låg
Gj. sn. puls: 130
Kcal: 5015
Akk. høgdemeter: 2960

 

TIRSDAG 31. JULI
Brynjulv og eg starta på Vannjolo. Rask tur opp via Bulabreen og opp på Gråsidetoppen. Rett ned att Glimmesbotnen.
Totaltid opp og ned: 2t 20min
Intensitet: Middels
Gj. sn. puls opp: 148
Akk. høgdemeter: 1255

 

SUNDAG 29. JULI: AURLANDSDALEN TUR/RETUR
Martin og eg på årets finaste springetur så langt. Starta i Vassbygdi og sprang til Østerbø. Deretter retur samme veg, men denne gongen opp om Bjørnestigen og ned om Vetla Helvete. Fantastisk flott sti og været var 100% på vår side.
Totaltid: 5t 02min
Intensitet: Roleg
Gj. sn. puls: 125
Kcal: 2513
Akk. høgdemeter: 1475

0729 5

0729 5

0729 5

0729 5

0729 5

 

FREDAG 27. JULI
Sprang frå Bolstad og inn mot Brislingabotnen. Høljeregn og svært blaute myrar gjorde det til ei svært effektiv (og våt) økt. Og belønninga på toppen når alle intervallane var unnagjort - ei svær, bugnande moltemyr.
Totaltid: 1 time
Intensitet: Høg (naturlege intervallar)
Akk. høgdemeter: 465

 

TORSDAG 26. JULI
Njål, Martin og eg starta frå Arhelleren innerst i Dyrvedalen. Så sprang me inn i Dalsbotnen og rett opp det bratte gjelet som ledar opp til Vådalsbotnen på sørvest-sida av Lønahorgi. Vill og vakker vestlandsnatur. Så fulgte me ryggen opp på Tvarafjellet (1293 moh) og vidare over på Volafjellet sine to topp-punkt (1311 og 1327 moh). Fjellet her oppe er perfekt å springa på, mykje fine sva og mykje av terrenget er også dekka av fin mose. Så bratt ned til den idylliske stølen Hellu og på fin sti ned att til Arhelleren. Ein fantastisk tur i eit av dei nære fjellområda som ein sjeldan besøker.
Totaltid: 3t 13min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1160m

0726 3

0726 3

0726 3

(Foto : Martin Hindenes)

 

ONSDAG 25. JULI
Sykla frå Oppheim opp på Skorseteggi (dvs. dytta sykkelen opp). Fantastiske stiar bortover mot Kolingseggi. Stien ned igjen til Oppheim var prikken over i-en. Klassikar-potensiale! Så opp heile Oppheimsdalen og ut til stølane Kvanndalen og Reppane.
Totaltid: 2t 52min
Intensitet: Middels (mange harde drag)
Akk. høgdemeter: 1205

 

TYSDAG 24. JULI
Rask tur på Lønahorgi i perfekt springevær.
Totaltid opp og ned: 1t 55min
Intensitet: Middels

 

21. - 23. JULI
FISKETUR PÅ HARDANGERVIDDA
Kjell, Geir og eg rusla innover vidda frå Tinnhølen. Etter nokre timar kom me til det me etter kvart fant ut var ein genial teltplass. Oppe på ein liten kolle var det ein svær flate dekka av mjuk reinlav. Me trudde kanskje at den var litt vindutsatt, men det viste seg å vera perfekt i og med at myggen holdt seg langt vekke. Me hadde kjempefin utsikt mot mange vatn av forskjellig størrelse, og kort tid etter at teltet var slått opp var me på veg mot det nærmaste. Det starta imidlertid ikkje heilt optimalt, på tredje kastet sleit eg den første spinnaren og få minutta etter rauk den andre. Håplause botnforhold og ingen fisk. Etter eit par timar utan så mykje som ein napp snudde det brått. Nokre loner i ein bekk gav eit utruleg godt fiske i eit par timar. Fin, stor steikefisk av raudaste kvalitet. Dei neste to dagane rusla me rundt "halve Vidda" på jakt etter ruggane. Me hadde som mål å komma over kiloen (som eg gjorde på forrige fisketur i dette området), men dei var litt for lure for oss denne gongen. Me hadde derimot ingen problem med å fylla magen med fisk i størrelse opp mot 400 gram. Kjempeartig tur, sjølv om Geir presterte å kjøpa lett-øl... Men det satte ingen dempar på stemningen og det var veldig artig å vera på tur med gamle fiskekompisar att. Me gjekk mange timar totalt, men eg lovte å ikkje skriva noko om tempo og akkumulerte høgdemeter.

Hardangervidda 2007 6

Hardangervidda 2007 6

Hardangervidda 2007 6

Hardangervidda 2007 6

Hardangervidda 2007 6

 

FREDAG 20. JULI
Langtur på terrengsykkel i fantastisk vær. Starta med å sykla gjennom Bømoen, opp Raundalen til Urdland og Helgaset. Stien over til Oppheim var utfordrande og artig - har sykla her før men det er sikkert 10 år sidan minst. Så asfalten ned att og opp over favoritten Storåsen heim att. Når stien over Storåsen er tørr er det den finaste stien på Voss for terrengsykling.
Totaltid: 3t 55min
Intensitet: Middels (mange harde motbakke-drag)
Kcal: 2300
Akk. høgdemeter: 1120

 

TORSDAG 19. JULI
Starta frå skytebanen på Bjørke og sprang via Sollikamben og Vatnaknausen opp på Horndalsnuten. Ned att via Modalstjørni og Budalen. Nydeleg springevær - sol, men ikkje for varmt.
Totaltid: 3t 17min
Intensitet: Roleg
Kcal: 1808
Akk. høgdemeter: 1425

 

ONSDAG 18. JULI
Terrengsykkel på stiar i Bømoen og Prestegardsmoen. Tørt og fint.
Totaltid: 1t 30min
Intensitet: Roleg

 

TYSDAG 17. JULI
I dag sprang eg på 1 time 3 minutt og 21 sekund frå Bavallen til toppen av Lønahorgi. Har aldri sprunge så fort før. Har vel aldri prøvd skikkeleg heller. Den gamle personlege "rekorden" min var 1,09 men då var det ikkje før eg var godt oppe i lia at eg merka at det gjekk fort, og dermed la eg inn eit ekstra gir. I dag var giret inne heilt frå start og kroppen kjentes veldig lett og fin til tross for store treningsmengder i det siste. Men forholda var ikkje optimale, det regna litt og fjellet frå Øvste kvilehytta og inn til toppen var skummelt glatt. Det blåste, det var tett skodde over 1000 meter og det var lite snø som dekka den lange berg-og-dalbane-innspurten opp mot toppen. Her er det absolutt ein fordel med meir snø om ein skal springa fort. Ned att gjekk det også fort (rett i underkant av 39 minutt) men eg holda måtte holda litt igjen, det var farleg å verkeleg gje på med dei forholda som var. Dei nye Inov-8 Mudclaw skoa er heilt rå på sti og terreng, men gummien er for hard til at den kan måla seg med vanlege terreng-joggesko på glatt fjell.
Totaltid: 1t 42min
Intensitet: Høg
Max. puls opp: 174
Gj.sn. puls opp: 166 (kun 14 sekund var innanfor langtur-sonen min på 125-135)
Gj.sn. puls ned: 140
Kcal totalt: 1276
Akk. høgdemeter: 1090

 

MANDAG 16. JULI
Martin og eg gjekk/sprang frå Vannjolo opp Ulvaskaret og via BULA-breen opp på Gråsida og til Gråsidetoppen. Så vidare rett ned den fantastisk flotte Glimmesbotnen og til slutt enda me ved utgangspunktet. Dette var ein etterretningstur, der formålet var å finna ut korleis BULA-gutta eigentleg har gjort det. For uinvidde: Skigutane på Voss lagde ein gigantisk BULA-reklame på ei bratt snøfonn ca. 1100 moh. på Gråsida over Voss sentrum i forbindelse med Ekstremsportveko - dette har i ettertid skapt røre og debatt i ei ellers sommarsøvnig bygd... (agurktid!). Og det var som me frykta: Hans Engelsen Eide og gjengen har faktisk brukt radioaktivt avfall til å laga dei gigantiske bokstavane i snøen. Når dette smeltar ned kjem nok heile fjellet til å lysa blågrønt i 70 000 år framover (halveringstida til bulatonium). Fjellet må nok i framtida døypast om til Blåsida.
Totaltid: 2t 53min
Intensitet: Roleg
Kcal: 1321
Akk. høgdemeter: 1290

 

SUNDAG 15. JULI
Kviledag (etter ei lang natt oppe hjå Guttorm og Ida - vel overstått Ida!)

 

LAURDAG 14. JULI
Starta frå Bavallen med Tvinnestølen som mål (tur/retur), men fekk skikkeleg drittvær når eg kom til Vidvangane. Regn, vind og store snømengder (kunne gått på ski...) gjorde at eg la om planen. Sprang tilbake til Horgaletten og tok stien over Slettafjellet, deretter ned om Kiseldur og til Raugstad. Så til Mølster og opp igjen Hangurslia før eg enda opp i Bavallen att.
Totaltid: 3t 12 min
Kcal: 1584
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1280

 

FREDAG 13. JULI
Guttorm, Martin og eg tok sjansen på ein terrengsykkel-tur til tross for at det er fredag den 13. i dag. Me leikte oss på flotte stiar i Bømoen og Prestegardsmoen.
Totaltid: 2t 40min
Intensitet: Roleg (men med fleire harde drag)

 

TORSDAG 12. JULI
Kveldstur på terrengsykkel i Granvin, i området Velken, Tveitavatnet, Lindebrekke (Ulvik) og Vatnaset (måtte få litt frisk luft etter kake-maraton heime...). Nydelege stiar for terrengsykling i dette området.
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Middels

 

ONSDAG 11. JULI
Etter mykje finvær i det siste, var det i dag skikkeleg drittvær. Tok meg derfor ein rask tur på joggesko opp frå Mølster, via Raugstad og opp til Raude Kross-hytta. Roleg ned igjen.
Totaltid: 1 time
Intensitet: Full guffe

 

TYSDAG 10. JULI
Øyvind og eg bestemte oss for å dra på oppdagelsesferd rundt om i Vossebygda med terrengsykkel. Målet var å finna nye og å "gjenoppdaga" gode gamle stiar. Bømoen, Bjørke, opp Mønsberget, Budalen... massevis av artige stiar i dette området.
Totaltid: 3t 03min
Intensitet: Roleg (nokre harde drag)
Kcal: 1412
Akk. høgdemeter: 575

 

SUNDAG 8. JULI
Monika køyrte oss opp til Opheim. Oss var Martin, Øyvind og meg. Me sprang så tilbake til Tvilde, over Skorset- og Kolingseggi, via Lemme og deretter over Tvildesåsen. Nydelege stiar. Kanskje må denne ruta syklast også i nær framtid - stiane over Skorset- og Kolingseggi er av typen som berre skrik etter grovknasta gummi.
Totaltid: Nøyaktig 3 timar
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 845

 

LAURDAG 7. JULI
Øyvind og eg på terrengsykkel over Storåsen (rundtur) og deretter opp til Kvilehytta på Lønahorgi. Nydelege stiar ned att.
Totaltid: 3t 40min
Intensitet: Middels (mange harde drag)
Max. puls: 182
Kcal: 2168
Akk. høgdemter: 1555

 

2 - 6. JUNI: ROMSDALEN

Stortoppane Romsdalshorn, Store Vengetind, Vesle Vengetind og Store Trolltind var blant toppane Øyvind og eg hadde sett oss ut denne gongen. 

Me køyrte frå Voss tysdag kveld og slo opp teltet på "ei hylle" i fjellet ved bilvegen ca. 800 meter over Geiranger. Storslagen utsikt ut gjennom teltdøra, som tatt frå eit postkort. Neste dag køyrte me opp til toppen av Trollstigen. Store Trolltind (1788 moh.) var målet, og me visste at det skulle vera mogeleg å ta seg dit utan noko klatring, dersom me fann vegen. Me tok med oss klatreutstyret for sikkerheits skuld. Det viste seg å vera ein spektakulær sti som gjekk bortover eit galleri i fjellsida, på baksida av Trollveggen. Me nådde Bruraskaret, og sjeldan har me hatt eit slikt sug i magen som då me åla oss heilt fram på kanten. Til slutt førte litt klyving opp nokre bratte renner oss til toppen av Store Trolltind. 

Dagen etter var det Vengjetindstraversen som stod på programmet. Eg var på Store Vengjetind (1852 moh.) i 2001, og har sidan den tid alltid hatt lyst til å gå traversen over til Vesle Vengjetind og Søre Vengjetind. Store Vengjetind er eit av dei flottaste fjella i Noreg, og det er det høgaste i dette området av landet. Det er mogeleg å nå toppen utan direkte klatring, men det er mykje bratt klyving. Men me gjekk denne gongen opp nordryggen og me hadde nok eit par passasjar opp i grad 3 som var forholdsvis utsatte. Men sikringsutstyret låg fortsatt i sekken, me visste derimot at me ville få bruk for det seinare på traversen. Me hadde ikkje nokon beskrivelse av ruta vidare over til Vesle Vengjetind, og stor var vår forundring då me såg at uansett kor me prøvde å komma oss ned i skaret så var det ein fleire hundre meter loddrett vegg me måtte forsera. Me hadde eit 60 meters tau, så me tok ikkje sjansen på noko hengande rapellar der me ikkje visste om me fann nye rapellpunkt i veggen. Me gjekk derfor nedover austryggen, og brått såg me ein varde i eit lite skar. Derifrå såg det faktisk ut som det gjekk ein slags sti ut i... absolutt ingenting! Me lente oss utfor kanten og såg den mest sinnsjuke "stien" me nokonsinne har sett. I eit loddrett galleri med hundrevis av meter loddrett stup både over og under, går det faktisk ein smal sti bortover til skaret. Kanskje 200 meter lang, og heile tida bokstaveleg talt heilt på kanten. Mange stader var det berre centimeter ut til stupet. Me kom oss ned i skaret og der sikra me eit par taulengder vidare, pga. at det kom nokre dråpar regn og dermed vart det mykje glattare. Vidare var det utruleg morsom klyving og klatring bortover eggen mot toppen av Vesle Vengjetind. Men det var no blitt tørt igjen og me trengte derfor ikkje sikringsutstyret. Vidare nedover frå Vesle Vengjetind måtte me rapellera to fulle taulengder. Me fortsatte vidare nedover svært utsatt terreng, store hyller med mykje lausmasse og store lause steinar. Me vurderte heile tida å bruka utstyret, men det åpna seg alltid ein utveg etter kvart som me kom lågare og lågare. Til slutt kom me ut på brefallet, og ved å traversera ein bratt snøbakke kom me oss ned og ut på breen. Me hadde brukt lenger tid enn berekna, og me bestemte oss derfor for å prøva å traversera dei sørlegaste Vengjetindane fort og deretter gå ned framfor Romsdalshorn og vidare ned Vengjedalen. Dette tok også tid, men etter å ha tatt ein snarveg rett ned ei bratt og laus renne, kom me endeleg ned til stien. Me var litt spente på korles det var å komma ned stien framfor Romsdalshorn, fordi det såg ut som ei stor og bratt snøfonn delte stien i to i den hengbratte lia. Me hadde ikkje med stegjern så me håpte me slapp å klura oss nedover så bratt snø. Det gjekk heldigvis fint, og etter lett trav nedover asfalten i Vengjedalen nådde me såvidt butikken i Åndalsnes før stengetid kl. 23. 13 timar brukte me på denne turen, derfor tok me det forholdsvis roleg dagen etterpå. 

Me kvilte skikkeleg, men klarte sjølvsagt ikkje å halda oss heilt i ro. Me tok derfor på oss joggesko og utan ryggsekk nærmast flaug me oppover fjellsida rett over Åndalsnes. Nesaksla er ikkje så høg, me snudde vel på ca. 1000 meter, men det er ei voldsom utsikt mot stortoppane som ligg rundt på alle kantar. Og stien var også svært spektakulær oppover. Kviledagen var også med tanke på stortoppen Romsdalshorn som me skulle prøva oss på dagen etter.

Romsdalshorn er kanskje det mest kjente klatrefjellet i Norge ved sida av Storen (Store Skagastølstind) i Jotunheimen. Me hadde bestemt oss for å gå nordveggen, ei mykje meir spektakulær rute enn normalruta som går i austveggen på fjellet. Men den er også vanskelegare, eit par av taulengdene snusa nok på 4+. Me stod opp 04:30 for å komma først i veggen. Me rekna med at andre også ville prøva seg samme dagen, og då er det viktig og vera tidleg ute. Både pga. faren for steinsprang, men også fordi me ikkje var kjent i ruta, og dermed ville bruka meir tid enn dei som hadde med seg førar eller kjentfolk. Det blas godt når me åt frukost innerst i Vengjedalen, rett under hornet. Me hadde imidlertid svært gode værmeldingar i baklomma, så me starta med godt mot oppover. Etter kvart går det frå bratt, til svært bratt, til klyving og deretter til klatring. Me hadde 5 taulengder framfor oss, dei to første gradert til 4 og dei 3 siste til 3. På den eine taulengda leda Øyvind opp mot 4+, me var nok litt til høgre for der ruta går. Etter at den første nervøsiteten og usikkerheiten hadde lagt seg, cruisa me sjølvsikre oppover taulengde etter taulengde. Brått kjem Morten - ein kollega av meg frå Aak opp rett bak ein stein. Han har vore på toppen kanskje 50 gonger og kjenner fjellet som si eiga bukselomme. Dei har derfor klatra ein god del fortare enn oss. Me fullfører omtrent side om side opp til toppen, og det er ein god følelse då me endeleg står på toppen. Me rapellerer ned sammen for å spare tid og logistikk, det er mykje tauarbeid når ein skal rapellera ned ein så høg loddrett vegg. 5 lange rapellar seinare står me igjen ved foten av fjellet. 

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Øyvind Birkeland)

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

Romsdalen2 2007 yvind 8

 

LAURDAG 30. JUNI
HELI-BIKING FRÅ HORNDALSNUTEN
Åtte løft måtte til for å få 40 syklistar og ei sykkel-last på eit par millionar kroner (!!!) frå flyplassen i Bømoen og opp til 1461 moh. Mange av landets (og verdas...) beste terrengsyklistar køyrde nedover fjellsida på stader der mange hadde betakka seg for å gå. Spektakulære hopp og stor fart på dei beste. Me kom til slutt ned på Bjørke, og då var det rett på afterbike og Dagens Video i teltet.

0630 16

0630 16

0630 16

0630 16

0630 16

0630 16

0630 16

0630 16

0630 16

0630 16

0630 16

0630 16

0630 16

0630 16

0630 16

0630 16

(Foto: Sverre F. Hjørnevik)

 

FREDAG 29. JUNI
NISSAN CHALLENGE
I forbindelse med Ekstremsportveko arrangerte ein av sponsorane ein slags Multisport-konkurranse, men der det var hovedfokus på action og moro, og ikkje konkurransemomentet. Rafting, svømming i elv, terrengkøyring med bil og klatring stod på programmet. Kjempeartig, spesielt raftinga og bilkøyringa.

 

TORSDAG 28. JUNI
Heli-bike frå Horndalsnuten utsett til Laurdag pga. at skyene såvidt låg nedpå toppen, og då tar ikkje piloten sjansen. Det er heller ikkje heilt ideelt for filminga som skal skje oppe i fjellsida. Eg tok meg derfor ein tur på terrengsykkel over Storåsen, opp til Kyte og heilt opp på Kolingseggi. Kjempefin tur - flotte tørre stiar overalt.
Totaltid: 2t 50min
Intensitet: Hardt
Akk. høgdemeter: 1040

 

ONSDAG 27. JUNI
I morgo blir det heli-biking frå Horndalsnuten. Fleire av verdens beste terrengsyklistar blir flydd opp til toppen med helikopter. Ruta ned igjen blir sannsynlegvis ut den spektakulære ryggen til Vatnaknausen og så stupbratt ned til Budalen og deretter den fine stien via Mønsberget. Eg sjekka stien i dag på joggesko, for å velga ut den beste traséen. Sjå NRK i morgo kveld for fyldig dekning av stunta frå fotografar i helikopter. Dette blir rått! (Skremte forresten ut ein svær elg berre få meter frå meg - håpar den ikkje er der i morgo - då kjem den til å bli endå meir skremt...)
Totaltid: 2t 45min
Intensitet: Roleg

 

TYSDAG 26. JUNI
Øyvind og eg på dei nye fulldemparane våre opp Raugstad og på dei fine stiane på Hanguren. Eg henta nye sykkelen min i dag - den skal nok få gjennomgå framover. Øyvind klarte kunststykket først å få problem med giret, og deretter punktere to gonger på 100 meter. Det viste seg at dekket var skjært opp, sannsynlegvis pga. spikar på ei trebru me hadde passert. Han måtte bita i graset og trilla sykkelen ned att. Heldigvis for han gjekk gondolen så han slapp å trilla heile vegen.
Totaltid: 4t 01min
Intensitet: Høg (mange harde drag)
Kcal: 2235
Akk. høgdemeter: 1055

 

MANDAG 25. JUNI
Martin og eg på springetur frå Møn, opp Mønsberget og inn Budalen opp på Veten. Så traverserte me under Vatnaknausen og ut Sollikamben. Ned att Mønsberget. Nydeleg tur i varmt og fint vær, på knusktørre stiar. Ingenting slår springing i fjellet når forholda er slik som no!
Totaltid: 2t 32min
Intensitet: Forholdsvis roleg (harde drag)
Kcal: 1508
Akk. høgdemeter: 1010

 

SUNDAG 24. JUNI
Roleg fjelltur i forbindelse med at eg var "rundingsbøye" ved Kvilehytta for Multisport-konkurransen under Veko. Måtte korta ned løypa, pga. null sikt (skulle eigentleg til Lønahorgi).
Totaltid: ca. 1t 30min
Intensitet: Middels

 

FREDAG 22. JUNI
Brynjulv, Sigmund og eg på ein times joggetur på grusvegar nesten ut til flyplassen i Longyearbyen.

 
9. - 22. JUNI: SVALBARD
80 grader nord - til det nordlegaste punktet på Spitsbergen.
Les og sjå fleire bilete her

Svalbard 2007 20
 
Svalbard 2007 20
 
Svalbard 2007 20
 
 

8. JUNI
TERRENGLØPING: GRÅSIDETOPPEN - TIMAGLASET
Sprang frå Gjelle via Roset og Gråsidetoppen til Timaglaset. Flotte stiar og gode snøfohold høgt oppe. Kjøpte meg nye Inov-8 Mudclaw terrengsko i dag. Berre 270 gram og sit som ein hanske på foten. Ekstremt kraftig mønster gjorde at eg hadde friksjon som ein traktor - endeleg fann eg ein sko som har så grovt mønster som eg vil ha. Dei fleste etablerte merka lagar berre hybrid-utgåver av sine asfalt-sko - ikkje godt nok!
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Roleg
Akkumulerte høgdemeter: 1105

 

7. JUNI
TERRENGLØPING: LØNAHORGI
Første skikkelege fjell-springeturen i Norge i år. Rask tur: 1 time og 16 minutt opp.
Totaltid: 1t 57min
Intensitet: Høg
Akkumulerte høgdemeter: 1085

 

6. JUNI
TERRENGSYKKEL: BØMOEN OG STORÅSEN
Terrengsykkel-tur i Bømoen og Storåsen. Restitusjon etter mange og lange turar i det siste.
Totaltid: 1t 20min
Intensitet: Roleg

 

4. OG 5. JUNI: JOTUNHEIMEN
Åtte to-tusenmetringar på to dagar.
Det fantastiske sommarværet måtte utnyttast til sesongens siste stortur på ski. Planen var toppane rundt Olavsbu, men då bommen nederst i Leirdalen var stengt iverksatte eg umiddelbart plan B (det frista ikkje mykje å gå først 14 kilometer på veg inn til Leirvassbu). Eg starta derfor frå Krossbu, og gjekk først rett opp på Kalven (2034m) og fulgte eggen på denne heilt inn under veggen på Skeia. Her slapp eg meg ned på Smørstabbreen og så tok eg meg opp den bratte skåra til sadelen mellom Veslebjørn og Storebjørn. På toppen av sistnevnte (2222m) åt eg lunsj i bar overkropp i steikande sol. Så ned igjen på Smørstabbreen og over denne til Gravdalstindane. Her måtte eg sjølvsagt besøka alle sammen (fire store + to små sekundærtoppar) og den siste vart då Store Gravdalstind (2113m). Ned sørvestflanken på denne til eg kom heilt ned i Utladalen. Men elvane var store, faktisk så store at eg fekk problem med å komma over. Til slutt var det berre å vade over med vatn til magen - kaldt! Overnatta på Skogadalsbøen, og morgonen etter var det to stortoppar på programmet. Først Gjertvasstind (2351m), ein av Norges aller høgaste og flottaste toppar. Eg kunne ha skiene med meg nesten heilt til topps. Så ein lang flanke ned att før eg skar opp Gjertvassdalen i retning Fannaråken. Litt opp og ned før eg endeleg kunne ta til på den lange bratte flanken på sørsida av toppen. Eg visste ikkje at det gjekk an å gå opp her, men på avstand såg eg ei linje som viste seg å vera grei. På toppen (2068m) tok eg av meg fellene for siste av mange gonger dei siste to dagane, og gav meg i kast med den lange turen ned att til Krossbu.
Utstyr: Randonée
MANDAG: Totaltid: 8t / Akkumulerte høgdemeter: 1875
TIRSDAG: Totaltid: 8t 30min / Akkumulerte høgdemeter: 2790

Jotunheimen juni 2007 8

Jotunheimen juni 2007 8

Jotunheimen juni 2007 8

Jotunheimen juni 2007 8

Jotunheimen juni 2007 8

Jotunheimen juni 2007 8

Jotunheimen juni 2007 8

Jotunheimen juni 2007 8

 

SUNDAG 3. JUNI
TERRENGSYKKEL: BØMOEN
Roleg tur. Har hatt mange, lange og tøffe turar dei siste par vekene. Skulle eigentleg ha ein kviledag, men klarte jo sjølvsagt ikkje det...
Totaltid: 1t 15min
Intensitet: Roleg

 

LAURDAG 2. JUNI
TERRENGSYKKEL: HANGUREN
Nesten 4 timar - og 90 prosent av tida på sti! Raugstad og Hanguren er definitivt det beste terrengsykkel-området på Voss.
Totaltid: 3t 50min
Intensitet: Hard
Kcal: 2024
Akkumulerte høgdemeter: 1025

 

FREDAG 1. JUNI:
SKI: SKIPADALSNUTEN X 2
Feira at sommaren er her med å ta med meg soveposen og overnatte under open himmel i lia under Skipadalsnuten. Fredags morgon gjekk eg opp Fribotnen og køyrte først ned den nydelege Skipadalen. Så opp igjen på Skipadalsnuten og ned igjen den bratte flanken mellom Skipadalsnuten og Horndalsnuten.
Utstyr: Randonée
Totaltid: 4t 10min
Intensitet: Roleg
Akkumulerte høgdemeter: 1685
TERRENGSYKKEL: BØMOEN - STORÅSEN
Det var planen at resten av dagen og kvelden skulle eg slappa av, men det er faktisk ikkje så lett når sykkelen står nede i garasjen og lokkar. Til slutt klarte eg ikkje stå i mot lenger. Først tok eg ein times tid i Bømoen før eg drog meg opp frå Tvilde og over Storåsen til Gudleikstreet. Tilbake samme vegen.
Totaltid: 2t 10 min
Intensitet: Forholdsvis hardt
Akkumulerte høgdemeter: 605

 

TORSDAG 31. MAI:
TERRENGSYKKEL: HANGUREN
Langtur i Voss sitt beste og lengste sammanhengande sti-system for terrengsykkel. Opp til Mølster, vidare til Raugstad og opp stien mot Kiseldur og heilt opp til Raude Kross-hytta. Så rosinen i pølsa - stien frå hytta over til Hanguren (øvre stasjon) - og deretter ljosløypa heilt ut nesten til Kiseldur, og så ned att "utforløypa" til Raugstad. Dette er verkeleg ein av dei flottaste rundane du kan gjennomføra på Voss dersom du likar utfordrande terreng.
Totaltid: 3t 05min
Intensitet: Middels (harde drag)
Akkumulerte høgdemeter: 875

 

ONSDAG 30. MAI:
TERRENGSYKKEL: OTLEDALEN
Martin og eg på sykkeltur opp til Skutle og gjennom Herresåsen. Vidare over til Otledalen på fine men krevande stiar og til slutt inn på grusvegen opp til stølane. Ned att til Gjelland og vidare ned Bordalen. Artig tur på nye stiar som blir veldig bra når det blir tørrare ut på sommaren.
Totaltid: 2t 40min
Intensitet: Middels (ein del våte myrar som krevde høg innsats)
Kcal: 1470
Akkumulerte høgdemeter: 755

 

TYSDAG 29. MAI:
TERRENGSYKKEL: BØMOEN - STORÅSEN - KYTE
Er inne i ein periode der eg har store problem med å begrensa mine fysiske utskeielsar. Når både skiføret og terrengsykkel-forholda er optimale så er det vanskeleg å velga. Dei siste 4 dagane har eg logga nesten 18 timar totalt på ski og sykkel, må vel desverre snart ta ein kviledag. I dag var det sykkelen som trakk det lengste strået. Oppvarming i Bømoen før eg drog meg opp frå Tvilde over Storåsen til Kyte, og tilbake att samme vegen.
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Middels (ein del harde drag)
Kcal: 1908
Akkumulerte høgdemeter: 835

 

MÅNDAG 28. MAI:
TERRENGSYKKEL: BØMOEN - STORÅSEN - SLETTAFJELL
Eg hadde planlagt tur på Raundalsryggen i dag også, men pga. ei raud panne som absolutt ikkje hadde behov for meir sol, fekk eg heller med meg Martin på ein lang og fin terrengsykkel-tur. Ruta gjekk gjennom Bømoen, over Storåsen og vidare opp Bavallen og opp til Slettafjellet. Ned att diverse stiar og løyper til Mølster og derifrå rett ned på Vangen.
Totaltid: 3t 20min
Intensitet: Roleg (men ein del harde drag)
Kcal: 1886
Akkumulerte høgdemeter: 1110

 

SUNDAG 27. MAI:
RAUNDALSRYGGEN - 3000 HØGDEMETER
Ny megatur på nydeleg føre. Hadde ikkje tenkt å gå så langt i dag, men når vær og føre er så fantastisk så er det vanskeleg å slutte. Starta med å gå Fribotnen opp til Skipadalsnuten. Deretter susa eg ned dalen til Dyrbotnen. Så gjekk eg opp igjen på Seldalsnuten og deretter ned favorittflanken aust for Våareggi - episk! Så opp att på Seldalsnuten og deretter ned Skipadalen. Herifrå bratt rett opp "sørveggen" på Skipadalsnuten (her har det garantert aldri gått skiløparar før!). Deretter ned den fine Fribotnen. Utstyret står igjen oppe i lia - ingen tvil om kvar eg skal i morgo (berre synd eg vart litt solbrent i dag - kan nok ikkje bli like lang tur i morgo!)
Utstyr: Randonée
Totaltid: 6t 40min
Intensitet: Middels
Kcal: 3730
Akkumulerte høgdemeter: 2975

 

LØRDAG 26. MAI:
TERRENGSYKKEL: GRANVIN - VATNASET - ULVIK - SOLSÆ - ULVIK - GRANVIN
Kjempeartig sykkeltur frå Granvin, over gamlevegen (over Angerskleiv) til Børsheim i Ulvik. Vidare opp til Solsævatnet, rett ned sti til Ulvik og så opp igjen til Bergo og deretter retur samme vegen over Angerskleiv ned att til Granvin. Mange høgdemeter med moro! Høgdepunkt var då eg kom susande ut frå skogen på Vindal i stor fart, og ein hjort hoppa ut rett framfor meg og sprang i full fart ved sida av meg i nokre sekund før han skjønte kva som skjedde og skar i retning mot skogen og sikkerheita att. Ellers så fortsetter sykkelen å imponere, både i klatreparti og utforparti. Skivebremsane er eit kapittel for seg - utruleg presise. Det er verkeleg ein fryd å styra sykkelen i ein fullt kontrollert sladd med ein finger gjennom dei krappe svingane. Den nye riggen må berre forberede seg på ein tøff og hard sommar.
Totaltid: 4t 29min
Intensitet: Hard
Gj. sn. puls: 144
Max. puls: 180
Kcal: 2813
Akkumulerte høgdemeter: 1655

 

FREDAG 25. MAI:
TERRENGLØP: HANGUREN
Fin springetur frå Mølster over Hangurstoppen og litt att og fram på dei flotte stiane der oppe, før eg slapp meg ned via Raugstad tilbake til Mølster. Godt å vera i gang med barmarkssesongen.
Totaltid: 1t 45min
Intensitet: Roleg (men nokre korte harde drag innimellom)
Akkumulerte høgdemeter: 735

Etter dagens tur var det sesongstart for Park'n'Camp. Dårleg oppmøte denne gongen, kun Solfrid, Jan Olav og eg, men me håpar det betrar seg etter kvart. Øyaset ligg i Almenningane innerst i Bordalen. Flott plass + fint vær + måne = idyllisk kveld.

yaset 2007 4

yaset 2007 4

yaset 2007 4

yaset 2007 4

  

TORSDAG 24. MAI: TERRENGSYKKEL
Fin stisykling i Bømoen og på andre favorittstiar. Min nye Commencal Meta 5.5.1 er forseinka frå fabrikken, men eg har fått låna ein demo-sykkel (Meta 5.5.2). Denne har omtrent samme spesifikasjonane, men ikkje lock-out på demparane og den er også litt tyngre. Sykkelen lever opp til dei overveldande testresultata den har fått i det siste. Spesielt bakdemparen imponerer. Det har skjedd mykje på dei 10 åra sidan eg kjøpte min første fulldempar. Også bakhjulsopphenget imponerer, det skal verkeleg store hindringar til før du må løfte på rumpa.
Totaltid: 1t 45min
Intensitet: Hardt (fartsleik)

 

TYSDAG 22. MAI: SKI - STOREBOTN
Fortsetter med å tyna det siste ut av skisesongen. Denne vinteren/våren har vore den med det beste føret så lenge eg kan hugse. Pudder-dagane har vore mange, og raskt vårslush (som i går og i dag) er jo heller ikkje å forakta. I dag var det Storebotn i Myrkdalen, 2 turar opp og ned den lange perfekte flanken. Kunne gå på ski frå riksvegen, men det minkar raskt på snøen også her. 
Utstyr: Randonèe
Totaltid: 2t
Intensitet: Middels
Akkumulerte høgdemeter: 1120

 

MANDAG 21. MAI: SKI - RAUNDALSRYGGEN
Kveldstur på Horndalsnuten og Skipadalsnuten. Enormt fin snøkvalitet på flankane på nordsida, så eg måtte berre signera begge to med skispor. Frå toppen av Horndalsnuten køyrte eg heilt ned til stølen i Horndalen før eg gjekk opp på Skipadalsnuten.
Utstyr: Randonèe
Totaltid: 3t 20min
Intensitet: Middels
Akkumulerte høgdemeter: 1810

 

TORSDAG 17. - LØRDAG 19 MAI: JOTUNHEIMEN

Verken Øyvind eller underteikna føler ein spesiell trong til å feira 17-mai på tradisjonelt vis. Då er det mykje betre å gå i sitt eige vesle tog oppover breane i Jotunheimen. Me satte derfor kursen mot dei nordligaste delane av heimen til Jotnane. Me etablerte ein fin leir i Leirdalen, der me hadde stort telt og endå større bål. Mat grilla direkte på bålet smakar fortreffeleg etter ein lang dag i fjellet.

Sjølvaste 17. mai feira me med å bestiga Heimre Illåbretind (2170m) og ein utstikkar av Skardstind (2175m). Begge sto igjen i "samlinga" mi av 2000-meter toppar. Fantastisk pudderføre, 15-20 cm. Det rare var at til tross for at det var veldig varmt (me gjekk til dels med bar overkropp), så vart ikkje pudderet øydelagt.
Totaltid: nesten 7 timar
Intensitet: Låg
Akkumulerte høgdemeter: 1700

Dagen etter satte me kursen mot Visdalen. Glittertind og toppane rundt var målet, men planane måtte endrast fordi vegen var stengt. Me valgte difor ein tur opp på Bukkehøi (2314m), ein av Jotunheimens verkeleg stortoppar. Berre synd at både vær og føre etterkvart vart svært dårleg - suget under dei breie plankane våre var kraftigare enn eg nokonsinne har opplevd. Men det var fin køyring både høgt oppe og siste stykket ned mot dalen.
Totaltid: 3 timar
Intensitet: Middels
Akkumulerte høgdemeter: 1350

Me var tenkt å ta ein dag til, men då me vakna lørdagen hamra regnet på teltet. Til tross for at me låg i soveposane heilt til klokka var 11, så var det ingen teikn til forbetring. At me også hadde fått all maten vår oppeten av ravnar i løpet av natta gjorde ikkje humøret betre. Dei åt ei stor spekepølse, ei vossakorv, ein pakke grillpølser, to pakkar fårepølse, ein pakke skinke, ein stor pakke komler, ein pakke italiensk salat, ein stor pakke potetsalat + at dei i tillegg hakka hol på to boksar cola. Ein må jo begynna å lura om dei i det heile tatt var flygedyktige etter dette. Heldigvis hadde dei ikkje rørt ølet, dei hadde nok lært av eit tilfellet for nokre år sidan då eg opplevde akkurat det samme på samme staden, men då hadde dei også hakka hol på dei fleste ølboksane. Håpar dei fekk tidenes hangover. Då me i tillegg fekk nyss om at Guttorm skulle ha fest om kvelden, demonterte me leiren i ein fart og suste over fjellet i retning Voss.

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Ravn hadde robba "kjøleskapet" vårt i løpet av natta

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Øyvind Birkeland)

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

Jotunheimen mai 2007 yvind 4

 

ONSDAG 16. MAI
Terrengmorro på gamleriggen. Reknar med at det blir siste turen før eg får det nye vidunderet. Bømoen og over Storåsen + Prestegardsmoen. Stiar som ein aldri blir lei av. Stort sett tørt og fint, men litt vått der ikkje sola hadde komme til det siste døgnet.
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Middels (med fleire drag)

 

MANDAG 14. MAI: HORNDALSNUTEN
Øyvind og eg køyrte til Skiple og traska 10 minuttar oppover lia før me kunne ta på oss skia. Litt regn og dårlig sikt opp, men ned igjen var det optimal køyring i rask vårsnø.
Utstyr: Randonée
Totaltid opp og ned: 2t 10min
Intenitet: Middels
Akkumulerte høgdemeter: 1035
 

SUNDAG 13. MAI: LØNAHORGI X 2
Hadde ikkje før returnert til Voss før eg måtte til Fjells. Lønahorgi låg og lokka med flott vårsnø bada i vårsol. Måtte gå nokre minuttar før eg tok på meg skia. Kjempefine snøforhold. Frå toppen køyrte eg rett ned mot Dyrvedalen via nokre bratte renner. Nydeleg solnedgang farga heile sida raud. Der snøen tok slutt, tok eg på meg fellene igjen og traska opp att.
Utstyr: Randonée
Totaltid: 3t 10min
Akkumulerte høgdemeter: 1545
Intensitet: Roleg

 

ONSDAG 9. - LAURDAG 12. MAI
NORDENSKIÖLD LAND RUNDT PÅ 4 DAGAR 
Å ha ein god kompis på Svalbard er heilt ok. Brynjulv og hans kollega Petter (Sysselmannsbetjentar begge to) tok meg med på ein rundreise som eg aldri kjem til å gløyme. Over 500 kilometer på snøscooter rundt heile Nordenskiöld Land (sentrale Spitsbergen), toppturar til tindar som det nesten aldri er folk på, den kollossale Negri-breen på austkysten og ei binne med to nyfødte ungar var berre ein del av det me opplevde på denne turen. Me starta frå Longyearbyen og køyrte via Sassendalen heilt over til austkysten av Spitsbergen. Her overnatta me på Agardh-hytta, ei koseleg lita tjenestehytte som sysselmannen disponerer. Dagen etter køyrte me oppover Austkysten heilt opp til Negribreen, kanskje den største brefronten på heile Svalbard (over 20 kilometer brei der den kalvar ut i fjorden). Her oppdaga me ei binne med to nyfødte ungar. Eit fantastisk syn. Me stod lenge på god avstand og observerte desse fantastiske dyra. Mora var tydeleg litt bekymra for vårt nærvær, og me køyrte vidare sørover for å la dei væra i fred. Attende på hytta diska Petter opp med sjølvskoten reinsdyr-biff, eit verkeleg gourmet-måltid. Svalbard-rein smakar endå betre enn vanleg reinsdyr. Mykje meir feitt på dyra her oppe. Neste dag kryssa me det enorme Agardh-deltaet og satte kursen mot Vårsolbukta på vestkysten. Me køyrte via Svea og utover Van Mijenfjorden heilt til det brått vart veldig mykje overvatn på isen. Me nærma oss iskanten, og me drog oss derfor inn på land og fulgte Fridtjof-breen nordover og deretter sørover igjen til den idylliske hytta i Vårsolbukta. Å ankomma Vårsolbukta etter å ha opplevd den enorme og aude austkysten er ein heilt spesiell opplevelse. Då me slo av motoren og tok av oss hjelmen, høyrte me eit voldsomt leven oppe i fjellet over oss. Titusenvis av alkekongar og polarlomvi, samt store flokkar med gjess flaug rett over hovuda våre. Me såg også fleire eksemplar av den sjeldne ismåken. Massevis av reinsdyr stod rundt hytta, nokon berre 30 meter frå oss. I løpet av tida me var på hytta, såg me også to polarrevar som var ute på fuglejakt. Me la av gårde på ski oppover ein kjempefin dal til topps på Ingeborgfjell (714m). Ryggen opp mot toppunktet var spektakulær, og utsikta frå toppen kan ikkje beskrivast. Rett under oss låg den spesielle Akseløya som nesten stenger heile Van Mijen-fjorden og dermed innseglinga til Svea. Rundt oss fylte tindar og svære breer horisonten. Me køyrte ned igjen ei fin linje på vestsida av fjellet og rundt heile fjellet nede ved kysten. Dagen etter starta me litt lenger nord og ville opp på eit fjell som såg minst like flott ut som Ingeborgfjell. Men skyer la seg ned over ryggen før me kom oss til topps, så me la kursen mot ein rygg rett over hytta. Nydeleg nedkøyring også denne dagen. På den siste av fire fantastiske dagar på tur køyrte me tilbake til Longyearbyen og sivilisasjonen. Tusen takk Brynjulv og Petter for ein fantastisk tur!

Når eg skriv dette sit eg på morgonflyet frå Longyearbyen til Oslo, og det er akkurat bestemt at det ikkje blir mange vekene før eg sit på flyet i motsatt retning igjen. Då Geir Arne i Spitsbergen Travel spurte om eg ville ta ein spesiell jobb for dei var eg ikkje sein å be. Neste år skal Spitsbergen Travel og eg i samarbeid lansera ein heilt ny og spesiell ski-ekspedisjon på Svalbard. Eg skal gjennomføra ein rekogniseringstur for å sjå om denne turen er mogeleg å gjennomføra. Eg blir frakta med båt frå Longyearbyen over Isfjorden og inn Billefjorden til den mektige fronten av Nordenskiöldbreen. Deretter blir det å prøva å finna ein veg oppover gjennom morene, blåis og bresprekker til eg kjem meg opp på fast snø. Så kryssar eg Lomonosov-fonna og vidare nedover breen Veteranen til Trinity Hall-breen som er den einaste trygge inngangsporten opp på den enorme Åsgårdsfonna. Etter at eg har kryssa denne, setter eg kursen ned mot dei store flyene opp mot Verlegenhuken, Spitsbergens nordlegaste punkt. Her blir eg henta av Nordstjernen, eit av dei gamle hurtigruteskipa som Spitsbergen Travel brukar på Svalbard. Viss det fortsatt ligg drivis på nordkysten, så sender dei isbrytaren Polarstar for å henta meg ut. Turen passerer faktisk 80 grader nord rett før nordspissen og derfor har me valgt å kalle turen for "80 grader nord". Turen er over 200 kilometer lang og eg skal finna ut om det i det heile tatt lar seg gjera å arrangera ein slik tur kommersielt. Dette blir det ultimate polar-eventyret - åleine i to veker på veg mot eit av dei nordlegaste punkta i verda. Gledar meg!

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Bamsen hadde tatt seg inn i Agardh-hytta, og i mangel av noko anna etande hadde den tatt for seg av madrassa

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

Svalbard2 2007 23

 

TYSDAG 8. MAI
Også i dag starta turen på snøscooter, og Hjortfjellet på andre sida av Adventfjorden var målet. Me parkerte i eit dalføre ca. 100 meter over havet og trakka oss oppover mot vestryggen. Denne vart flottare og flottare dess høgare me kom og til slutt hadde me eit mektig panorama utover Isfjorden framfor oss. Deretter gjekk me over fjellplatået og sleppte oss ned igjen den bratte sørflanken. Over 800 meter ned igjen til scooteren på det som kanskje må beskrivast som den perfekte flanken - først 400 høgdemeter med heilt åpen og vid køyring, før den smalnar litt inn i ein brei elvedal som fortsatt var bratt nok til at ein kunne ha det verkeleg moro.
Utstyr: Randonée
Totaltid: 1t 45min
Intensitet: Middels

Svalbard3 2007 2

Svalbard3 2007 2

 

MANDAG 7. MAI
Me suste over elvedeltaet i Adventdalen på scooterar, og la i veg (frå omtrent havnivå) mot Champagneglasset på Operafjellet (ca. 850 moh). Fjellsida har fått navnet sitt fordi snøen her litt utpå våren/sommaren formar eit champagneglass, og når stetten "brotnar" (dvs. det ikkje er samanhengande snø) er det sommar i Longyearbyen. Ein heilt eventyrleg flott flanke ned igjen... Pudderet held seg sjølv om sola står på heile døgnet. Svært varmt nederst i elvedalen i dag, me sveitta skikkeleg i motbakkane.
Utstyr: Randonée
Intensitet: Middels
Totaltid: 1 time opp / 10 minutt ned

 

SUNDAG 6. MAI
Brynulv og eg på puddertur på Lars Hierta-fjellet og deretter opp på Trollsteinen. Heilt rått føre - 10 cm. silkepudder på rask skare... kan umogeleg bli betre! Etterpå var me på Hjortfjellet og snørekjørte med snøscooter. Langtidsværmeldinga er bra - og den neste veka blir det toppturar kvar dag over heile Svalbard. Me dreg sannsylegvis med snøscooterar først til austkysten og deretter til vestkysten. Brynjulv har som sysselmannsbetjent adgang til diverse hytter som me kan bruke.
Utstyr: Randonée
Intensitet: Forholdsvis høg (sjølvsagt, det var jo Brynjulv som var med...)
Totaltid: ca. 2t 30min

Svalbard2 2007 23

Svalbard 2007 1b

 

24. APRIL - 5. MAI
Leda gruppe til Newtontoppen på Svalbard
Les dagbok

 

TORSDAG 19. APRIL
Er i ferd med å kjøpe meg ny fulldempa sykkel, og i dag hadde eg lånt med meg ein Commencal 5.5.2 - ein av dei mest test-vinnande stisyklane i det siste. Tok seg fram som ein traktor på sleipe stiar i Bømoen. Utruleg artig i raske utforkøyringar og kanskje spesielt i tekniske motbakkar. Men sjølvsagt ingen aha-opplevelsar i motbakkar på grus og asfalt - det er absolutt ingen XC-kompromiss på denne riggen. Vurderer å gå opp til toppmodellen 5.5.1 for å få lock-out både på fram- og bakdempar samt lettare og stivare hjul. Totalvekta kjem då ned på 12,5 kilo.
Totaltid: 1t 30min
Intensitet: Hard (fartsleik)

 

ONSDAG 18. APRIL
Marthe og eg tok oss ein fin fjelltur i byfjella. Me gjekk opp Stoltzekleiven og vidare over Rundemannen, ned Isdalen og ut til Svartediket. Kald vind på toppen, men me rakk akkurat å komma oss ned igjen før regnet starta.
Totaltid: 2 timar

 

MÅNDAG 16. APRIL
Lønahorgi, roleg tur. Gjekk opp Bodegaen. Fint, raskt føre nedatt.
Totaltid opp og ned: 2t 30min
Intensitet: Roleg
Akkumulerte høgdemeter: 1140

 

SUNDAG 15. APRIL
Etter to dagar lenger Nordsjø-jobbing enn planlagt pga. tåke, var det godt å få seg ein fin, roleg tur på Horgje sammen med Brynjulv. Nydeleg vær, varmaste dagen så langt i år. Masse folk oppover.
Utstyr: Randonèe
Totaltid opp og ned: 2t 15min
Intensitet: Forholdsvis roleg
Akkumulerte høgdemeter: 1140

 

29. MARS - 12. APRIL: PÅ JOBB I NORDSJØEN

 

ONSDAG 28. MARS
5415 høgdemeter på ein dag. Seks av Granvin og Voss sine storfjell i løpet av 13 timar (jaudå, det hender at eg lurar litt på meg sjølv eg og...). Eg starta frå Liaset i Granvin (350moh) grytidleg om morgonen. Eg vart nøye holdt under oppsikt av to hjortar i det eg la feller under skia for første av utallige gonger i dag. Eg gjekk først opp på Olavstølsnuten (1129moh) og fekk soloppgangen på toppen. Deretter ned i Spildadalen der eg oppretta ein "base" for dagen (580moh). Mat, drikke og utstyr vart lagra her, slik at eg kunne gå lettast mogeleg. Først av dei "fire store" var Horndalsnuten (1462moh). Opp og ned samme vegen, via Hjalladalen. Så ned igjen til basen. Deretter kongen sjølv, Olskavlen (1561moh). Eg gjekk opp ei renne på vestsida og køyrte ned att ryggen mot Seldalsnuten og vidare ned det voldsommme juvet Rastiklov. På dette tidspunktet (3 fjell unnagjort) hadde eg brukt 5 timar og 53 minutt. Så var det delvis samme anmarsj som på Horndalsnuten, før eg skar rett opp sørsida på Skipadalsnuten (1492moh). Ned att køyrte eg den fantastisk flotte Skipadalen. Så var det Seldalsnuten (1547moh) som stod for tur. Her har eg lenge sett på eit par spennande linjer, eg valgte derfor å gå opp den bratte flanken på sørsida, og køyre ned att dalen aust for Våareggi - dagens flottaste nedkøyring. Så var det å pakke ned basen og traske oppover mot Olavstølsnuten (1129moh) att, for så å sleppa seg ned mot Reinsgrønuten på veg ned til bilen. Eg vil understreka at eg absolutt ikkje prøvde å gjera unna turen så fort som mogeleg. Eg la meg på ein puls på rundt 140 i motbakkane og den klarte eg å holda heile vegen. Eg hadde valgt lett BC-utstyr viss eg ville gått fortast mogeleg. Men eg valgte Randonèe-utstyr fordi mykje av "vitsen" med dagens tur, var dei 5415 høgdemetrane ned igjen fjellsidene. Randonèe-utstyr er altså eit system som består av det som best kan beskrivast som ein moderne telemark-binding der du kan låse hælen på veg ned (dermed fungerer den akkurat som ein slalombinding). Med høge plaststøvlar og breie ski kan du dermed oppleva mykje artigare køyring enn med lett fjellski-utstyr. Ulempen er sjølvsagt forholdsvis tung vekt oppover. Med slikt utstyr (og perfekt føre som i dag) kan du verkeleg køyre fort. Eg brukte f.eks. kun 8 minutt frå Seldalsnuten og ned att til basen (ca. 1000 høgdemeter).
Totaltid: 13t 05min
Gj. sn. puls totalt: 127
Gj. sn. puls motbakke: ca. 140
Max. puls: 166
Akkumulerte høgdemeter: 5415
Kcal: 6773
Energiforbruket (kaloriar) tilsvarar 753 gram reint fett - eller 1,23 kg. med Freia Melkesjokolade...

 

TYSDAG 27. MARS
Duathlon! Først ein time terrengsykkel på fine, tørre stiar i Bømoen og i Prestegardsmoen. Så ein time terrengløp i Bømoen. Det er viktig å ta det litt rolig dei første turane på sykkel etter vinteren, men i dag var det så flotte forhold at det var vanskeleg å beherske seg.
Totaltid: 2 timar
Intensitet: Middels

 

MÅNDAG 26. MARS
Rask tur til øverste hytta på Lønahorgi. Berekna det slik at eg fekk ein fantastisk tur ned att i solnedgangen. Raskt føre. Nydeleg preparert utforløype.
Utstyr: Randonèe
Totaltid opp: 1t 02min
Intensitet: Høg
Akkumulerte høgdemeter: 995

 

SUNDAG 25. MARS
I motsetning til gårsdagens gode oppmøte, var det i dag kun Øystein og eg som møtte opp (truleg har det  med gårsdagens sosiale eskapader å gjera). Været var strålande og me køyrte til Skiple for å gå opp på nordsida av Horndalsnuten (1461m). Me koste oss oppover lia på perfekt felleføre - og føret ned att var av type fin og rask skare. Me kunne tegna fine store svingar nedover den store flanken mot Raundalen.
Totaltid: 3t 20min
Intensitet: Roleg
Akkumulerte høgdemeter: 1225

 

LAURDAG 24. MARS
Over 20 entusiastar møtte opp, for å vera med på Vinterveko sin fellestur til Mykkeltveitsveten. Nydeleg føre, som brått vart avløyst av skikkeleg sugande snø, som mange altfor seint oppdaga... Etter turen var det rett på afterski på Raftingen. Boblebad og sauna til langt på natt.
Totaltid: 3t 30min
Intensitet: Restitusjonstempo
Akkumulerte høgdemeter: 780 meter

 

FREDAG 23. MARS 
Kveldstur til Storebottseggi (1032m). Linn, Guttorm, Martin, Øyvind og meg. Flott solnedgang då me stod på toppen. Alle hadde kraftige hodelykter, så det var ein magisk stemning ned gjennom skogen - i perfekt pudder.
Totaltid: 2 timar
Intensitet: Restitusjonstempo
Akkumulerte høgdemeter: 600 meter 

 

TYSDAG 20. - TORSDAG 22. MARS: SUNNMØRSALPANE 

TORSDAG 
I dag var det storfjellet Skorasalen (1542m) som stod på programmet, det høgaste fjellet i Sunnmørsalpane (vest for Hjørundfjorden). Skyene låg nedpå toppane, men værmeldingane var lovande. Oppover vart lyset forholdsvis flatt, men då me stod på toppen starta det å lysne skikkeleg. Då me slepte oss utfor, køyrte me rett inn i strålande vær - værskillet var så dramatisk at me berre måtte stoppa og nyta dei perfekte forholda som me fekk. Me kunne dra på skikkeleg ned att - og det var salige glis og sjå når me stod nede ved bilen att. 
Totaltid: Nesten 5 timar
Intensitet: Roleg
Akkumulerte høgdemeter: 1455 meter

ONSDAG 
Me stod opp til strålande blå himmel, og frukost og forberedelsar vart gjort i ein fei. Me køyrde oppover Standalen, målet var Sylvkallen og Storhornet, på rundt 1300 meter. Men ein bratt passasje oppe i lia, gjorde at me endra planane før me i det heile tatt forlot bilen. Snøskredfaren var forholdsvis stor etter mange dagar med snøfall. Passasjen var over 30 grader og ikkje mogeleg å unngå. Me la derfor kursen mot Kalvedalstind (1234m). Føret var optimalt, og etter å ha måtta snu 100 meter under toppen på grunn av rasfaren på ryggen, sette me skituppane i retning nedover. Nedturen er vanskeleg å beskriva utan klisjear og overdreven adjektiv-bruk.
Totaltid: Nesten 5 timar
Intensitet: Roleg
Akkumulerte høgdemeter: 1065 meter

TIRSDAG 
Trugelaget i Sunnmørsalpane. Første dagen hadde me ikkje heilt optimalt vær, så me la kursen mot Sandhornet på 909 meter. Føret var derimot heilt fantastisk. Eit lite forvarsel om kva som venta dei neste dagane.
Totaltid: 3 timar
Intensitet: Roleg
Akkumulerte høgdemeter: 810 meter

Sunnmrsalpane mars 2007 yvind 4

Sunnmrsalpane mars 2007 yvind 4

Sunnmrsalpane mars 2007 yvind 4

Sunnmrsalpane mars 2007 yvind 4

Sunnmrsalpane mars 2007 yvind 4

Sunnmrsalpane mars 2007 yvind 4

Sunnmrsalpane mars 2007 yvind 4

Sunnmrsalpane mars 2007 yvind 4

Sunnmrsalpane mars 2007 yvind 4

Sunnmrsalpane mars 2007 yvind 4

Sunnmrsalpane mars 2007 yvind 4

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Øyvind Birkeland)

Sunnmrsalpane mars 2007 yvind 4

Sunnmrsalpane mars 2007 yvind 4

Sunnmrsalpane mars 2007 yvind 4

Sunnmrsalpane mars 2007 yvind 4

 

MÅNDAG 19. MARS
Intervall-trening i Hjelle-bakkane. 5 drag på 2 min. kvar.
Totaltid: 1 time

 

LAURDAG 17. MARS
Øyvind og eg på kveldstur til øverste kvilehytta på Lønahorgi. Ikkje heilt optimalt verken vær eller føre - dette førte blant anna til at me klarte å kollidere i skikkeleg Donald Duck-stil, men heldigvis utan skadar verken på kropp eller utstyr.
Totaltid: 2t 40min
Gj.sn. puls opp: 139
Max-puls: 160
Akkumulerte hoegdemeter: 1010 meter

 

FREDAG 2. - TORSDAG 15. MARS: SØR-AFRIKA

(Sjå bilete under)

ONSDAG 14. MARS
Cato og eg tok oss i dag ein roleg tur opp på Lions Head for å få tatt nokre bilete av dei flotte fjella rundt Cape Town (eg tar aldri med kamera når eg spring). Nydeleg vær - som vanlig! Gjekk ned igjen via Signal Hill. Såg ein liten kobra-slange på stien, den var hissig og aggressiv så me holdt litt avstand. Dette var siste dagen her i Cape Town, i morgo reiser me til Johannesburg for også å oppleva hovedstaden i Sør-Afrika. Så vidare heim til kulde og snø - og til forhåpentlegvis ein suveren tur til Sunnmørsalpane sammen med resten av Trugelaget... yahooo!
Totaltid: 2t 30min
Intensitet: Restitusjon
Akkumulerte høgdemeter: ca. 350

TYSDAG 13. MARS
Langtur igjen! I dag sprang eg heile Twelve Apostles-kjeda tur/retur. Fantastisk utsikt ned mot strendene og Atlanterhavet heile vegen. Over Table Mountain og ned Plattenklip Gorge for 4. gong. Ekstremt varmt også i dag, sjølv 1000 meter over havet - men i dag var det heldigvis ein fin avkjølande vind på sjølve ryggen.
Totaltid: 3t 40min
Intensitet: Roleg
Akkumulerte høgdemeter: 1345 

MÅNDAG 12. MARS
Me køyrte "heim" til Cape Town igjen for å ta dei siste dagane her. Eg måtte til fjells sjølvsagt og sprang utover Atlanterhavskysten langs Pipe Track og deretter rett opp på Twelve Apostles. Deretter tilbake til Table Mountain og ned Plattenklip Gorge.
Totaltid: 3t 03min
Intensitet: Høg
Akkumulerte høgdemeter: 1150 

SUNDAG 11. MARS
Eg køyrte på dårlige grusvegar heilt opp til Nasjonalparken Groot Winterhøk. Flotte fjellvidder på ca. 1000 moh, med fjelltoppar heilt opp i 2077m. Eg sprang ein roleg tur på flott sti. Slengte meg ut i elva med jevne mellomrom for å kjøla meg ned. Låg og slappa av på ein liten topp etterpå. Brått kom det ein antilope (kanskje ein Eland, eg har ikkje sjekka i Lonely Planet endå...) berre 30 meter frå meg. Då eg halvvegs reiste meg opp (fordi eg faktisk hadde sovna og våkna av merkelege lydar), vart han plutseleg klar over meg, og i 20 sekund stod me og såg kvarandre i augene. Han skjønna sjølvsagt etterkvart at han stod ovanfor ein ekte norsk storbukk, og stakk dermed avgårde i eit imponerande tempo. Kvelden kom og det vart igjen kos rundt bålet. Det einaste spennande som skjedde var då ein svær frosk hoppa inn i teltet mitt i det eg skulle legga meg - det vart litt styr for å få den ut igjen...
Utstyr: Joggesko og solkrem
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Roleg 

LAURDAG 10. MARS
Me hadde lest om ein fantastisk flott campingplass langt inne i Cederberg-fjella, og satte kursen mot den. Me gjekk ein tur oppover Leopard Trail, ein berømt sti langs ei elv med massevis av store kulpar. Me bada og koste oss, hoppa frå klippar som vart høgare og høgare etterkvart. Om kvelden grilla me og smaka på det lokale ølet. Det vart faktisk svært mykje smaking etterkvart. 

FREDAG 9. MARS
Me køyrte heilt ut på Kapp Det Gode Håp. Derfrå gjekk me ein roleg tur heilt ut til den ytterste fyrlykta. Spektakulære klippar som stuper i Atlanterhavet. Langt der nede, rett under oss) såg me selar som leika seg i bølgene når dei braut mot land. Dette er Afrikas aller mest sørvestlige punkt (!!!), noko dei lokale turistmyndigheitene har gjort eit stort nummer av. Så koyrte me til Piketberg - ein liten tettstad med eit stort lysande kors på fjellet rett ovanfor. Eigentlig ingenting anna å skriva om Piketberg... 

TORSDAG 8. MARS
Tilbake i Cape Town. I dag stod det igjen langtur på programmet. Sprang/gjekk først opp på Devils Peak (1001m), kanskje det mest karakteristiske (sjølvsagt unntatt Table Mountain) av fjella som står over Cape Town. Deretter ned på austsida av Table Mountain og opp Skeleton Gorge til Maclears Beacon, som er det høgaste punktet på "Bordfjellet" (1087m). Deretter raskt rett ned igjen Plattenklip Gorge (samme renna som 2. mars) - det gjekk nesten like fort i dag. Så koyrte me på spektakulære vegar til Simons Town. Der såg me pingvinar!!! Afrikas einaste pingvin-koloni sjarmerte oss, og var heilt upåvirka av menneska - me var berre halvmeteren frå dei på det nærmaste. Me fekk også avkrefta ein gong for alle at pingvinar ikkje steppar...
Utstyr: Joggesko og shorts
Totaltid: 3t 50min
Intensitet: Middels
Akkumulerte høgdemeter: 1520 

ONSDAG 7. MARS
Beach-running! Sprang nordover på dei fantastiske strendene i området. Kom etterkvart til forholdsvis urørte strender langt frå vegar og folk. Nydelege klippeparti mellom kvar strand - skoa satt som limt til svaberga og eg hoppa over små kløfter og klatra opp små loddrette klipper... fantastisk moro! Trur eg med rette kan kalla dagens tur for terrengløpingens svar på off-pist.
Utstyr: Joggesko
Totaltid: 1t 20min
Intensitet: Roleg 

TYSDAG 6. MARS
Eg er no offisielt ein vann-kitar :-) Vingla mine første meter bortover havflata under kiten, med wakeboardet på føttene. Men å sei at eg hadde full kontroll og at det var ein estetisk nytelse å sjå på, er vel kanskje å overdriva litt. Men til tross for kraftig og ustabil vind følte eg at det gjekk bra. I motsetning til snø-kiting som eg har drive med i mange år, så har du ikkje samme "tabbe"-kvoten på sjøen. Dersom du misser trykket i kiten, synker du uungåelig ned i det våte element. Staden me kita på heiter forresten Shark Bay... eg turte ikkje spørra kvifor! 

MÅNDAG 5. MARS
Sjøen var elementet i dag... Først på kitekurs heile dagen, deretter surfing med boogie-board til sola foretok ein spektakulær nedgang i havet bak meg. Kjempeflotte forhold både til kiting og surfing her. Anna-Marie såg 2 meter lang Gul Cobra rett ved bungalowen vår... ekstremt farleg - og ho var kun ein meter frå den på det nærmaste!!! 

SUNDAG 4. MARS
Terrengsykling ved kite-paradiset Langebaan nord for Cape Town. Fann etterkvart nokre flotte stiar som gav litt utfordring. Ein ekstra dimensjon var at bremsane her er montert motsatt. Når ein hiv seg inn i skarpe svingar på raske singletrack-stiar så er det ikkje nokon god følese når ein i det avgjerande sekundet oppdagar at alt er motsatt... Hadde heller ikkje click-pedalar så det vart ikkje akkurat noko lettare av det. Men alt blir ein vane til slutt!
Utstyr: Terrengsykkel (Raleigh)
Totaltid: 1t 40min
Intensitet: Middels 

LAURDAG 3. MARS: TWELVE APOSTLES
Starta med ein Rikkis-tur (mellomting mellom taxi og tuc-tuc...) nesten opp til nedre stasjon på Table Mountain gondol-banen. Stien oppover mot den kjente fjell-formasjonen Twelve Apostles er dobbelt så bratt som Stoltzekleiven - dvs. nesten loddrett. Det var ingen klatring, men absolutt ikkje for dei som ikkje likar høgde. Etter kvart la skodda seg nedpå og vinden vart sterkare og sterkare. Når det også starta å regne så vart det klart at dette vart ein kortare tur enn gårsdagens. Sprang ned igjen ein alternativ sti, som var litt mindre bratt.
Utstyr: Joggesko og regnjakke
Total tid: 2 timar
Intensitet: Middels
Akkumulerte høgdemeter: 725 

FREDAG 2. MARS: TABLE MOUNTAIN (1086m) OG LIONS HEAD (690m)
Cato, Anna-Marie og eg kom i går kveld til Cape Town. I dag starta eg med å springa gjennom byen, opp mot Signal Hill. Eg vart faktisk sterkt advart mot å springa gjennom strøket under Signal Hill, men eg satsa på at eg ville klara å springa frå evt. kjeltringar... Nydelege stiar over Signal Hill og vidare mot Lions Head. Denne utruleg skarpe klippen som står som ein bauta ved inseglinga til Cape Town. Stien vart brattare og brattare og til slutt var det klyving og klatring ved hjelp av kjettingar og stigar opp mot topp-punktet. Utsikta mot Robben Island (der Nelson Mandela satt i fengsel) og rett over byen mot Table Mountain, var utruleg flott. Deretter var det ned igjen samme delvis loddrette rute, og det bar vidare i retning Table Mountain. Eg hadde drukke meg godt opp på forhånd, og hadde ei halvlitersflaske med energidrikke i handa. Men det viste seg fort at dette ikkje var nok, i den ekstreme varmen oppover den bratte lia. Eg valgte den brattaste og vanskelegaste vegen opp. På skiltet stod det: "Warning. This track is dangerous and includes sections of vertical climbing and difficult routefinding" - kven kan vel stå imot noko slikt... Ruta var faktisk tøffare enn eg hadde rekna med, og på eit par stader var det faktisk heilt loddrett klatring 5-6 meter sammenhengande utan sikring, men med gode tak. Ein skulle absolutt ikkje gjera noko feil. Når eg etterpå stod nede i byen og såg oppover fjellsida, så er det vanskeleg å fatte at det går an å ta seg opp der. Dehydrert og nesten på kokepunktet nådde eg toppen - og kven var dei første eg møtte der... Carl I Hagen med kona Eli... heilt sant... rekna med dei tok heisen opp!!! Etter ein kort cola og vaffel-pause bar det utfor ei bratt renne ned igjen. Dette var den brattaste av dei "normale" rutene på fjellet, men her var det godt oppmurt sti og gode trappetrinn nedover. Ny energi frå colaen og vafflene gjorde at det gjekk unna nedover, eg var faktisk oppe i 55 meter i minuttet på det meste, nesten ein meter i sekundet.
Utstyr: Joggesko, shorts og ei flaske Powerade...
Total tid: 4 timar
Intensitet: Middels til hard
Akkumulerte høgdemeter: 1520

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

Sr Afrika 2007 20

  

19. FEBRUAR - 1. MARS
Leda gruppe på Kilimanjaro
Les dagbok

 

SUNDAG 18. FEBRUAR
Roleg tur opp til kvilehytta.
Utstyr: Randonée-ski og hodelykt
Totaltid opp og ned: 1t 30min

 

LAURDAG 17. FEBRUAR
Joggetur i området rundt Svartediket, Isdalen og stien oppover mot Ulriken i Bergen. Vårleg i lufta - fint å springe i lette treningsklær og joggesko.
Totaltid: 1t 10min

 

FREDAG 16. FEBRUAR
Rask tur opp - og rask tur ned igjen utforløypa.
Utstyr: Randonée-ski og hodelykt
Total tid opp og ned: 56 min
Max puls: 177
Akkumulerte høgdemeter: 680

 

TORSDAG 15. FEBRUAR: LØNAHORGI (1401m)
Roleg tur på Horgje. Rask skare med nokre få centimer med nysnø høgt oppe, og nydeleg fløyels-preparerte løyper frå Horgaletten og ned. Brukte ikkje mange minuttar ned att.
Utstyr: Randonée-ski og hodelykt
Total tid opp og ned: 2t 38min
Gj. sn. puls opp: 138
Akkumulerte høgdemeter: 1175

 

ONSDAG 14. FEBRUAR
Rask tur opp utforløypa.
Utstyr: Randonée-ski
Max puls: 181
Totaltid opp og ned: 54 min
Akkumulerte høgdemeter: 680

 

MÅNDAG 12. FEBRUAR: SÆTERTINDANE, NORDRE (1365m) OG SØRE (1358m)
Åsmund har lenge sikla på ei rå renne ned frå Nordre Sætertind, og i dag var dagen den skulle til pers. Me rekna med at snøforholda var perfekte, og skredfaren er no minimal. Men me klatra først opp på Søre Sætertind, ein topp som krevde bruk av både stegjern og isøkser. Åsmund meinte at det sannsynlegvis ikkje hadde vore folk på toppen sidan sist sommar. Me klatra nokre utsatte flankar og ryggar for å nå toppen. Etter at me var trygt nede igjen i skaret, traverserte me over til foten av Søre og denne var mykje enklare å komma seg opp på. Og så var det renna som stod for tur. Synet som møtte oss då me kom opp på ryggen og kunne sjå ned i renna var svært lovande. Det såg ut til å ligga jevnt med fin stabil laussnø nedover i ei helling på max 45 grader. Me såg kun den øverste delen av renna og var derfor litt spent på kva som venta oss lenger nede. Kanskje måtte me på med klatreutstyr att for å komma oss ned. Men alt gjekk bra og det var ei spektakulær nedkøyring mellom pinnaklar og skarpe ryggar. Dette var ei perfekt avslutning på nokre fantastiske pudderdagar i Sunnmørsalpane og Romsdalen.
Utstyr: Randonée-ski, stegjern og isøkser
Total-tid: 5t 30m
Akkumulerte høgdemeter: ca. 1300

Romsdalen 2007 25

Romsdalen 2007 25

Romsdalen 2007 25

Romsdalen 2007 25

Romsdalen 2007 25

Romsdalen 2007 25

Romsdalen 2007 25

Romsdalen 2007 25

Romsdalen 2007 25

Romsdalen 2007 25

Romsdalen 2007 25

 

 SUNDAG 11. FEBRUAR: MIDDAGSTINDEN (1569m)
Dagens tur gjekk til den høgreiste og majestetiske Middagstinden. Fine spor og gå i oppover lia, men ned igjen var det lett å finna totalt urørte kjempeflankar. Følelsen er umogeleg å beskrive når ein legg dei første svingane nedover ein 1000 meters høg nesten sammenhengande flanke.
Utstyr: Randonée-ski
Totaltid: 3t 15 min
Max puls: 138
Kcal: 2010
Akkumulerte høgdemeter: 1310

Romsdalen 2007 14

Romsdalen 2007 14

Romsdalen 2007 14

 

LAURDAG 10. FEBRUAR: SKJERVAN (1545m)
Sandra, Åsmund og eg starta seint, og for å nå toppen måtte eg "gje på" litt mot slutten. Svært bratt opp det siste stykket. Eg nådde skuldra akkurat i det sola gjekk ned på andre sida - trur det er den flottaste solnedgangen eg har sett nokon gong. Denne turen starta to meter over havet, og pudderet låg frå topp til fjæresteinar. Begynnar å bli bortskjemt no, det har vore ekstremt mykje pudder på turane denne sesongen.
Utstyr: Randonée-ski
Totaltid: 5t 28 min
Max puls: 172
Kcal: 2325
Akkumulerte høgdemeter: 1543

Romsdalen 2007 8

Romsdalen 2007 8

Romsdalen 2007 8

Romsdalen 2007 8

 

TORSDAG 8. FEBRUAR: KOLÅSTIND (1432m) OG FINGEREN (ca. 1130m)
Overnatta i bilen i Ørsta. I dag var det eigentleg "berre" Kolåstind som var målet, men det fantastiske pudderføret gjorde at eg måtte ha litt meir. Dermed var det berre å legga fellene på igjen og gi seg i kast med topptur nr. 2 opp til Fingeren, eit svært karakteristisk fjell vest for Kolåstind.
Utstyr: Randonée-ski
Totaltid: 4t 30 min
Gj. sn. puls i motbakkane: 160
Akkumulerte høgdemeter: 1975

Romsdalen 2007 7

Romsdalen 2007 7

Romsdalen 2007 7

Romsdalen 2007 7

 

ONSDAG 7. FEBRUAR: MYKLEBUSTBREEN
"Pudder-tour 2007" starta med ein maksimal tur frå Byrkjelo og opp på Myklebustbreen. 30 cm pudder frå start til topp! Tungt opp, men optimalt ned att. Skyfri himmel i februar = kaldt. Målte 26 kalde grader i lia før sola kom fram. Roleg tempo.
Utstyr: Randonée-ski
Totaltid: 5t 35min
Gj. sn. puls opp: 133
Kcal: 2520
Akkumulerte høgdemeter: 1565

Romsdalen 2007 3

Romsdalen 2007 3

Romsdalen 2007 3

 

TYSDAG 6. FEBRUAR: FINNBUNUTEN
Ein kan sei kva ein vil om været som har vore i vinter, men pudder blir det i alle fall av det. I dag var det derimot nydeleg vær. Strålande pudderføre ned att. 
Utstyr: Randonée-ski
Totaltid: 2t 03 min
Gj. sn. puls opp: 134
Akkumulerte høgdemeter: 1030
Eg stikk no i retning Åndalsnes. Kurs og møter i Aak skal kombinerast med forhåpentlegvis store mengder høgdemeter.

 

MÅNDAG 5. FEBRUAR: LØNAHORGI
Rask tur på Horgje. Gode forhold for ein rask tur. Trakkemaskinspor heilt opp. Flott vær - spesielt øverst. Eg kom faktisk over det tynne skylaget og fekk stjerneklare forhold. Blanding av fin skare og flott pudder ned att.
Utstyr: Randonée-ski og hodelykt
Totaltid: 2 t 05 min
Max. puls: 174
Akkumulerte høgdemeter: 1135

 

SUNDAG 4. FEBRUAR
"Søndagstur" i Bergen. 30 minutt på gangvegar i rusletempo.

 

LAURDAG 3. FEBRUAR
Rask og hard, men kort, treningstur rett opp frå Bolstad (på sørsida). Skulle eigentleg lenger, men både føre og terreng var litt kranglete...
Utstyr: Randonnée-ski
Totaltid: 45 min
Max. puls: minst 180...

 

FREDAG 2. FEBRUAR
Trugelagets harde kjerne på kveldstur frå Dalsleitet nesten opp på Grønahorgi. Me måtte gje oss rett under toppen på grunn av snødrev og null sikt. Kjempeflott føre ned att - spesielt partiet ned gjennom skogen fekk fram primalskrik av aller mest primitive sort.
Deltakarar: Guttorm, Martin, Egil og meg
Utstyr: Randonnée-ski og hodelykt
Totaltid: 2t 12 min
Gj.sn. puls: 137
Max. puls: 166
Kcal: 1309
Akkumulerte høgdemeter: 805

 

ONSDAG 31. JANUAR: LØNAHORGI
Eg og Arnstein gjekk i snøkavet opp til Lønahorgi. Fantastisk lysforhold (låg sol over snøen som dreiv i vinden) og nydeleg føre nedatt. Sesongens til no flottaste skitur!!!
Utstyr: Randonée
Totaltid: 3t 10min
Akkumulerte høgdemeter: 1135

 

TYSDAG 30. JANUAR
Øyvind og eg tok ein middels hard tur oppover mot Hanskeskaret. Me var vel i utgangspunktet pessimistisk både når det gjaldt vær og føre - men det letta faktisk etter kvart og månen kasta sitt trolske ljos over fjellet. Flott føre vart det også ned igjen, i alle fall den øverste halvparten.
Utstyr: Randonée og hodelykt
Totaltid: 1t 20min

 

MÅNDAG 29. JANUAR: LØNAHORGI
Forholdsvis roleg tur til Lønahorgi. Dårlig vær og sikt opp, men nedatt vart sikta betrakteleg betre og føret var perfekt for rask køyring - skare med 5 cm nysnø.
Utstyr: Randonée og hodelykt
Totaltid: 2t 50min
Akkumulerte høgdemeter: 1135

 

LAURDAG 27. JANUAR
Tilbake frå over 30 varmegrader til gnistrande vinterføre på Byfjella i Bergen. Sprang ein fin runde frå Svartediket, over Fløyen og utover Sandviksfjellet og attende. 10 cm nysnø og eg møtte mange på ski. Forholdsvis roleg tur men ein del drag i motbakkane.
Totaltid: 1t 15min

 

13. - 26. JANUAR: KILIMANJARO
Leda to grupper på Kilimanjaro
Les dagbøker gruppe 1 og gruppe 2

 

12. JANUAR
Pressetur! Avisa Hordaland hadde sendt ut sin representant Torunn for å fotfølga oss (bokstaveleg talt) på trugetur oppover mot Hanskeskaret på Sandfjellet. Tidligare i dag var det fantastisk pudder, men no hadde mildværet og regnet fått snøen til å bli av ein type konsistens som passar ypperleg for truger. Fin tur i skikkeleg drittvær! (Sjølv om det heiter Trugelaget så driv me stort sett med alt anna enn truger, dette var vel ein av ytterst få gonger me har valgt truger framfor ski).

 

11. JANUAR
Foredrag på Latter i Oslo. Spitsbergen Travel arrangerte "Ekspedisjonsaften". Eg og Børge Ousland holdt foredrag.

 

10. JANUAR
Roleg tur opp til Kvilehytta. 15 cm pudder og heilt nydelege forhold, og når det til og med var god sikt så kan det ikkje bli betre. Første skituren i år der ein verkeleg kunne gje på og få den gode storsving-følelsen.
Utstyr: Randonné-ski
Totaltid: 2t 15m

 

9. JANUAR
Kjernen i Trugelaget + ein debutant, på tur i Myrkdalen. Me gjekk opp frå hoppbakken og opp forbi Vetlebotnen opp på ryggen til ca. 1100 meter. Forholdsvis rolig tempo. Forferdeleg vær med vannrett regn og sludd, og føret var endå verre - sugande og slapsete. Men stemningen var høg likevel, det skal meir til enn litt uvær for å legga ein dempar på stemninga.
Deltakarar: Guttorm, Martin, Njål og eg
Utstyr: Randonné-ski og hodelykt
Totaltid: 1t 25m
Gj.sn. puls: 134
Max. puls: 163
Kcal: 709
Akkumulerte høgdemeter: 505

 

8. JANUAR
Endeleg pudder! Gjekk ein forholdsvis rolig tur opp til kvilehytta (Horgje). Skikkeleg uvær - men for eit føre... Perfekt pudder ned att. I alle fall ned til Slettafjell, derifrå vart det dårlig. Men heldigvis hadde prepareringsmaskinene vore der.
Utstyr: Randonné-ski
Totaltid: 2 timar

 

6. JANUAR
Endelig "vanleg" trening i norske fjell att - i Nordsjøen blir det kun spinningsykkel og tredemølle. I dag sprang eg over Vidden i Bergen. Opp frå Svartediket, over Rundemannen og over Vidden til Ulriken og deretter ned att til Svartediket. Nydeleg tur under forhold som minna sterkt om tidleg haust. Grøne lier og ingen snø i det heile tatt . Perfekt for joggesko og lett treningstøy. Men i morgon blir det ski - pudderalarmen går no i Vossafjella!
Utstyr: Joggesko
Totaltid: 2t 55m
Gj.sn. puls: 150
Max. puls: 173
Kcal: 2021
Akkumulerte høgdemeter: 935

 

21. DES. - 4. JAN:  NORDSJØ-JUL PÅ EKOFISK