TRENINGSBLOGG 2006

 

21/12 - 4/1 NORDSJØ-JUL PÅ EKOFISK

 

20/11 - 18/12 EKSPEDISJON TIL ACONCAGUA
Les om ekspedisjonen her.
Sjå bilder her.

 

Sjå bilder frå turen til Paris her.

 

LØRDAG 18. NOVEMBER
SKIPREMIÈRE!!! No står premièrane i kø, i dag var det ski for alle penga. Med nytt utstyr var det ekstra spennande. Randonèe-pakke nr. 2 vart innviga, og både gå- eigenskaper og køyre-eigenskaper var i ein ny klasse. Til tross for at føre var forholdsvis bra, så fekk me ikkje testa skikkeleg pga. ekstremt flatt lys. Me var opp til øvste kvilehytta på veg mot Horgje. Roleg tempo (ja... Brynjulv klarar faktisk å gå roleg av og til...)
No er det Kiteklubb-julebord :-)
Utstyr: Randonné-ski
Totaltid: ca. 3 timar
Gj.sn. puls: ca. 135

 

FREDAG 17. NOVEMBER
TRUGEPRÈMIERE!!! 11 forventningsfulle trugarar (inkl. vår kvinnelege maskot) stilte opp i Bavallen for å vera med på den annonserte sesongstarten. Mange har no investert i truger, og det var og utdeling av dei nye kraftige Silva-lyktene. Turen starta i max-tempo og auka gradvis oppover... Me må nok legga skylda på Arnstein for at farten vart så høg. Arnstein beviste nok ein gong at ein ikkje treng å trena resten av livet dersom ein har vore toppidrettsutøvar i ungdommen - han er alltid lika sprek til tross for at han påstår han ikkje trenar! Einar måtte snu godt over halvvegs fordi Victor (hunden) fekk gnagsår ein viss plass!!! Stakkaren (hunden altså...) gjekk gjennom den harde og skarpe skaren for kvart steg og daska bjellestellet nedi... for ein skjebne!!! Arnstein påsto at han ofte opplever det samme???
Utstyr: Truger
Totaltid: nesten 2 timar
Gj.sn. puls: ca. 164
Max. puls: ca. 174

 

TORSDAG 16. NOVEMBER
Treningsfri. 2 foredrag i Jondal.

 

ONSDAG 15. NOVEMBER
Fin terrengsykkeltur i Bergens fantastiske sykkel-bakgård; Sandviksfjellet, Fløyfjellet og Rundemannen. Masse fine stiar og grusvegar, men bratt og tøft. 2 timar fartsleik med høg puls (over 175 i lange periodar).

 

TIRSDAG 14. NOVEMBER
Øyvind er i Bergen på kurs, så me tok ein fin springetur frå Svartediket over Rundemannen og ned igjen Isdalen. Middels tempo.
Totaltid: 1t 26min
Gj.sn. puls: 139
Max. puls: 169
Kcal: 854
Akkumulerte høgdemeter: 540

 

MANDAG 13. NOVEMBER
Treningsfri. Eg hadde planlagt ei økt på terrengsykkel, men så vakna eg med grugg i halsen og då var det nok lurast å stå over ein dag.

 

SØNDAG 12. NOVEMBER
Vel attende i heimlandet måtte eg ha meg ein lang og kald joggetur. Sprang nesten 3 timar i området Svartediket, Isdalen, Rundemannen, Fløyen, Sandviksfjellet. Snødde tett på toppen av Rundemannen (10 cm i vegen), men ellers fint og klart vær.
Totaltid: 2t 53min
Gj.sn. puls: 130
Max. puls: 152
Kcal: 1554
Akkumulerte høgdemeter: 845

 

9. - 12. NOVEMBER: PARIS
For kanskje fyrste gong reiste eg til ein stad der det ikkje var fjell... og for fyrste gong hadde eg INGEN problem med å klara meg innanfor flyselskapet sin maksimums bagasjevekt-grense...
(Eg legg ut nokre bilete frå turen om 2-3 dagar - gløymte kamera-kabelen på Voss :-).

 

ONSDAG 8. NOVEMBER
Naturleg fartsleik på terrengsykkel. Sykla opp til Vikehovden (Skutle) og i Bømøn. Lange, seige drag (opp til 180 i puls). Veldig bra økt. Været var bra, men grusvegane var svært sugande etter all nedbøren dei siste dagane.
Totaltid: 1t 10min

 

TIRSDAG 7. NOVEMBER
Lang, rolig tur opp frå Grjotlandsbrua, oppover mot Lønahorgi. Gjekk med hodelykt, oppholdsvær når eg starta (til ein forandring...), men det tetta seg til etter kvart og begynte å snø tett over ca. 800 meter. Vanskelege forhold, glasert skare, gjorde det farleg og utsatt på dei bratte partia opp mot toppen, så eg var ikkje heilt til topps. Noko av det skumlaste eg har vore ute for når det gjeld snøforhold. Låg gjennomsnitts-puls fordi eg måtte ta det så rolig ned igjen dei første 300 høgdemetrane.
Totaltid: 3t 02min
Gj.sn. puls: 125
Max. puls: 144
Kcal: 1505
Akkumulerte høgdemeter: 1125

 

MANDAG 6. NOVEMBER
Kort, hard, bratt tur! Starta i Vannjolo og gjekk/sprang den svært bratte vegen opp til Teigarapjane og vidare oppover mot Ulvaskardet. Roleg jogging ned igjen. Hodelykt.
Totaltid: 1t 5min
Tid opp: 40min
Gj.sn. puls opp: 163
Max. puls opp: 178
Akkumulerte høgdemeter: 720

 

SUNDAG 5. NOVMEBER
Været var om mogeleg endå verre enn i går, og me nytta dagen til å fullføra den utruleg spennande Monopol-omgangen som me starta natta før. Eg skal ikkje avsløra kven som vant (men eg syns det var svært fortjent og forventa...). Guttorm har planlagt å klaga Monopol inn for forbrukarrådet fordi Lykke-korta slett ikkje førte til lykke for hans del. Guttorm skal også ha ros for at han er ein dyktig forretningsmann, kven andre kunne ha solgt ei brannforsikring (Deres hus og hotell brenner...) for kr. 40 000,- (til Jarle som då hadde ein hotell-park som hadde gjort sjølvaste Thon misunneleg...)

 

LØRDAG 4. NOVEMBER
Trugelaget si store Gourmethelg og Treningssamling på hytta til Martin på Kvamsskogen. Pinnakjøt med alt tilbehør stod på menyen. Kurong og Monopol vart til ut i dei små nattetimar. Men me fekk no trent og... Me sprang nordover frå hytta og kom ned igjen Eikedalen. Ein flott tur i eit forrykande uvær, regn og vind men forholdsvis mildt. Me vassa/vada/symde over flaumstore elvar og bekkar. Turen gjekk forholdsvis roleg men med mange overraskande spurt-intervallar over dei våtaste og lengste myrane. Kanontrening!!!
Totaltid: 2t 50min
Gj.sn. puls: 124
Max. puls: 172
Kcal: 1373
Akkumulerte høgdemeter: 840

 

FREDAG 3. NOVEMBER
Treningsfri. Foredrag i Nordhordaland Turlag.

 

TORSDAG 2. NOVEMBER
Fin joggetur over Storåsen tur/retur. Sprang med hodelykt, men eg måtte stoppa av og til og slå av lykta for å nyta stemninga i skogen - som låg bada i nesten fullmåne-ljos... Roleg tempo men 4-5 drag i motbakkene. Under ein av desse stoppa, kom det ein svær elg brasande over stien berre 30 meter bak meg. Det var antakelegvis då eg hadde max-pulsen på turen!!!
Totaltid: 1 time
Gj.sn. puls: 136
Max. puls: 179

 

ONSDAG 1. NOVEMBER
Eg og Marthe gjekk tur på Algrøy på Sotra, heilt ut til klippane som stuper i havet. Me ville ut å sjå brenningane frå stormen dagen før som hamra mot land.
Gjekk i halvannan time, rolig tempo - restitusjon...

 

TIRSDAG 2. NOVEMBER
Treningsfri (treng litt kvile etter turen med Brynjulv i går... hehe)

 

MANDAG 30. OKTOBER
Eg og Brynjulv på tøff og rask tur til Horgje. Store snømengder gjorde turen nesten like tøff som i går, men det var berre å setta Brynjulv Brøytebil i tet, så gjekk det heilt fint for meg... Eg kjente dei tre siste dagane godt i beina den første timen, eg hadde ein max. puls på 175(!!!) opp utforløypa. Men etterkvart gjekk det lettare og ned igjen kjente eg meg igjen sterk (tungt å springe ned igjen også i den tunge snøen).
Legg merke til at kcal er omtrent nøyaktig det samme som på gårsdagens identiske rute, sjølv om farten i dag var langt høgare.
Totaltid: 3t 18min
Gj.sn. puls: 143
Max. puls: 175
Kcal: 2085
Akkumulerte høgdemeter: 1240

 

SØNDAG 29. OKTOBER
Lang, rolig fjelltur til Lønahorgi. Eg og Øyvind. Snø heilt frå Bavallen, så mykje som halvmeteren på toppen... det er ikkje lenge til sesongens første TOPPTUR PÅ SKI!!!!!!! Me gjekk med fjellsko og skikkeleg utstyr, været var verkeleg hardt på toppen - vind og snø piska i ansiktet. Me sleit og brøyta oss gjennom skavlar på opp mot meteren. Is under snøen mange stader gjorde at eg hadde eit par Hallingkast som hadde brakt meg langt opp på resultatlista på Landskappleiken.
Totaltid: 4t 25min (trur aldri eg har brukt så lang tid på Horgje...)
Gj.sn. puls: 123
Max. puls: 149
Kcal: 2111
Akkumulerte høgdemeter: 1245

 

LØRDAG 28. OKTOBER
Eg, Øyvind, Guttorm, Martin og Egil på lang og rolig terrengsykkel-tur i Granvin og Ulvik. Me starta på Holven og derifrå gjekk det rett til værs, via Velken over Angerskleiv og ned igjen på kjempeartige stiar til Ulvik. Litt is her og der krydra berre opplevelsen. Deretter over Espelandsdalen igjen, etter at me også hadde sykla Solsævegen til endes. Til slutt over Heiane og attende til bilane. Øyvind skremte oss alle så me nesten skvatt i elva, då bakhjulet hans punkterte med eit smell som sannsynlegvis fekk hjortane i området til å tru at det var jegrar i området... (egentleg veldig merkelig at det skjedde akkurat no... dekket hadde jo klart seg fint i 7 år!!!!).
Totaltid: 4t 14min
Gj.sn. puls: 122 (låg fordi me hadde eit par pausar og Øyvinds punktering...)
Max. puls: 176 (høg fordi me prøvde å sykla OPP Angerskleiv...)
Kcal: 2000 (nøyaktig...)
Akkumulerte høgdemeter: 1150

 

FREDAG 27. OKTOBER
Lang, roleg springetur i fantastisk flott haust-vær! Eg, Øvyind, Brynjulv og Einar sprang frå Hodnaberg (595m) innover Hardingaskardet. Deretter opp på Løkjedalsnuten (ca. 920m). Herifrå fortsatte eg og Øyvind ned Løkjedalen ned til Flatabøstølen (ca. 170m) og opp igjen den voldsomme Trangedalen. Nydeleg tur!!!
Totaltid: 3t 14min
Gj.sn. puls: 136
Max. puls: 162
Kcal: 1872
Akkumulerte høgdemeter: 1145

 

ONSDAG 25. OKTOBER
Middels rask tur på Lønahorgi (1412m) med Brynjulv og Einar. Nokre cm. snø gjorde det litt småglatt frå 900 meter, men frå 1100 meter var det tørr og fin snø som var artig å springe på.
Totaltid: 2t 40min
Akkumulerte høgdemeter: 1135

 

TIRSDAG 24. OKTOBER
Treningsfri.

 

MANDAG 23. OKTOBER
Eg, Martin og Egil tok oss ein rolig (det var me i alle fall einige om før me starta...) terrengsykkel-tur opp Hjelle, inn Bordalen og tilbake over Herresåsen og ned til Skutle. Ned gjennom Bjørke og Bømøn heimatt. Våte vegar gjorde at det var berre å trilla sykkel (og ryttar...) rett inn på vaskeanlegget til Esso etterpå.
Totaltid: 1t 45min
Gj.sn. puls: 132
Max. puls: 173
Kcal: 1003
Akkumulerte høgdemeter: 705

 

SØNDAG 22. OKTOBER
Rolig tur til Lønahorgi (1412m). Spektakulær solnedgang frå toppen.
Totaltid: 2t 50min
Gj.sn. puls: 131
Kcal: 1574
Akkumulerte høgdemeter: 1135

 

LØRDAG 21. OKTOBER
Endeleg heime igjen! Måtte høgt opp sidan det er så lenge sidan sist... Starta i det det mørkna og sprang/gjekk ein rolig tur på Gråsidetoppen (1305m). Tørt og greitt føre. Brukte hodelykt, men skodda over 1100 meter var så tett at eg burde hatt tåkelys!!!
Totaltid: 3 timar
Akkumulerte høgdemeter: 1050

 

PÅ JOBB I NORDSJØEN FRÅ 5. TIL 19. OKTOBER

 

ONSDAG 4. OKTOBER
Rolig springetur frå Mølster, over Hanguren og opp på Slettafjell og Horgaletten. Ned igjen via Raugstad. Nydeleg solnedgang over fantastiske haustfargar. Kjempefine stiar i dette området!
Totaltid: 2 timar
Gj.sn. puls: 129

 

TIRSDAG 3. OKTOBER
Forholdsvis rask tur til Lønahorgi (1412m). Perfekte forhold, fint og tørt. 
Totaltid opp og ned: 2t 20m
Gj.sn. puls opp: 158
Max. puls: 177
Kaloriar opp: 1048
Høgdemeter: 1110

 

MANDAG 2. OKTOBER
Natt-tur til Gråsidetoppen (1305m)... Eg og Martin starta kl. 21.15 frå saga og gjekk/sprang med kraftige hodelykter opp på Gråsidetoppen. Mildt og heilt stille. Fekk melding av fleire som hadde sett lysa frå Voss sentrum... dei vart ikkje overraska over at det var oss! (2 gonger før har eg fått telefon av politiet etter liknande turar på Voss og i Odda, fordi folk som såg lys på merkelege stader til merkelege tider på døgnet trudde det var noko gale...)
Totaltid opp og ned: 2m 44m
Gj.sn. puls totalt: 133
Max. puls: 166
Kaloriar: 1511 kcal
Høgdemeter: 920

 

LAURDAG 30. SEPTEMBER: OSLO
2 timars joggetur i Nordmarka. Styrtregn. Fin avveksling frå bratte fjell på Vestlandet.

 

TORSDAG 28. SEPTEMBER
På grunn av informasjonsmøter både på Voss og i Bergen vart det dårlig med treninga både på tirsdag og onsdag, men i dag vart det ein skikkelig uværstur på Lønahorgje. Eg og Martin starta litt over kl. 17 frå Bavallen, og før me kom ned igjen så vart det såpass mørtkt at me brukte hodelykter for første gong i år. Det gjekk forholdsvis raskt unna til tross for uvær og glatte steinar - me brukte 2t 45m totalt.

 

MANDAG 25. SEPTEMBER
Heime i gamlelandet igjen. Eg og Martin sprang frå Palmafossen over Storåsen opp til Kyte og ned igjen Graue og gjennom Bømøn. 1t 40m. Fin tur, sjølv om det for meg gjekk tyngre enn vanlig - nesten 2 veker sidan siste kvalitets-trening.

 

FREDAG 22. SEPTEMBER: QUIRANG - ISLE OF SKYE
Me køyrde ut til øya Skye heilt nordvest i Skottland, som for øvrig fekk navnet frå Vikingane fordi det var mykje skyer der. Men når me ankom var det strålande vær og ein natur som totalt tok pusten frå oss. Me gjekk opp i fjellområdet Quirang - det er eigengleg ikkje mogeleg å forklara kor flott det var - det må berre opplevast. Ein voldsom labyrint av høge spir (opptil 50 meter) og ein sti som bukta seg bratt oppover gjennom skar og over ryggar som var heilt utrulege flotte. Me gjekk i over 3 timar før me var tilbake ved bilen. Og natta tilbrakte me på eit slott... (Sjå bilder frå Skottlandsturen her).

 

ONSDAG 20. SEPTEMBER: WEST HIGHLAND TRAIL
Me starta i ausande regnvær, som snart gjekk over til... eh... styrtregn!!! Gjekk først rolig i ein time sammen med Marthe. Så sprang eg vidare i 2,5 timar før eg igjen var tilbake ved bilen. Flott tur, fine stiar - men altså først og fremst VÅTT...

 

MANDAG 18. SEPTEMBER: FORT WILLIAMS, SKOTTLAND
I dag var me på Ben Nevis (1343m), det høgaste fjellet i Storbritania. Området her på vestkysten av Nord-Skottland er faktisk mykje meir "alpint" enn det eg hadde trudd, og Ben Nevis er absolutt eit fjell - ikkje berre ein haug som me har ein tendens til å tru i Norge. I gjennomsnitt 8 personar blir drept på dette fjellet kvart år pga. uvær og snøskred - fleire enn på Mt. Everest!!!

 

LØRDAG 16. SEPTEMBER: PEEBLES, SKOTTLAND
2 timars sykkeltur i det flottaste sykkelterrenget som eg nokonsinne har trent i. Fantastiske stiar, velholdte downhill-løyper, freeride-område... alt er berre heilt perfekt. Ingen tvil - her skal Trugelaget på ekskursjon til neste sommar!!!

 

TORSDAG/FREDAG 14./15. SEPTEMBER
Englandsbåten. Foredrag ombord. Kom til Newcastle seint på fredagskveld.

 

ONSDAG 13. SEPTEMBER
Treningsfri. Siste innspurt før Skottland.

 

TIRSDAG 12. SEPTEMBER
2 timars terreng-moro i Bømøn og over Storåsen. Tørt og fint. Ein ting er sikkert: Den gamle riggen begynnar å bli utslitt og eg vurderer å kjøpe ny fulldempa sti-versting. Kanskje eg slår til på haustsalget til Sykkelcenteret eller Sykkelbutikken i Bergen. Me får sjå...

 

MANDAG 11. SEPTEMBER
Eg, Martin, Terje og Øystein (på krykker!!!) starta frå Afdal i retning Tvinnestølen. Eg og Martin skulle lengst så me gjekk fort oppover lia og etter nesten halvannan time var me på idylliske Tvinnestølen. Sprang så vidare over Vidvangane, runda Slettafjellet og Hangurstoppen og ned Hangurslia. 3 t 45 m totalt. Rolig langtur. Perfekt vær - varmt og tørt. Underlaget over Vidvangane er perfekt til å springa fort på - og til å sykla på... Trugelaget bør absolutt på sykkel-ekspedisjon der.

 

SØNDAG 10. SEPTEMBER
Rask tur på Lønahorgje. Flott vær, varmt og godt endå - sommaren nektar å sleppa taket. Har aldri sett så lite snø på Horgje før, no er det nesten heilt bart også i søkket rett før siste kneika opp mot toppen.

 

LØRDAG 9. SEPTEMBER
Rolig langtur (3 timar) i området Afdal/Preststølen. Haustfargane er i startgropa!!!

 

FREDAG 8. SEPTEMBER
Treningsfri. Ufrivillig - av og til går berre ikkje ting etter planen!

 

TORSDAG 7. SEPTEMBER
Endeleg på landjorda igjen. Gjekk opp til Ulriken frå Svartediket og sprang deretter over Vidden via Rundemannen og Fløyen ned att til bilen. Flott langtur, fine stiar, kraftig vind

 

23. AUGUST - 6. SEPTEMBER: PÅ JOBB I NORDSJØEN

 

TIRSDAG 22. AUGUST
Rask tur opp til Horgaletten.

 

MANDAG 21. AUGUST
Eg og Øyvind - halvannan time på terrengsykkel i Bømøn og over Storåsen - fortsatt restitueringstempo. Massevis av fin sti - glatte røtter er berre litt ekstra krydder...

 

SØNDAG 20. AUGUST
3-fjellsgjengen klarte faktisk å lirka seg opp på syklane for å trilla rundt i Vossebygda i halvannan time. Tempøt var lågt nok til at fleire av oss stadig kikka oss over skuldra om det skulle komma ei gammal dame med rullator som ville forbi.

 

LØRDAG 19. AUGUST
DEN STORE 3-FJELLSTUREN
Kl. 0600 la 8 optimistiske sjeler ut med sykkel frå Tvildemøn. Målet var dei "tre store" på Voss i løpet av ein dag: Horndalsnuten, Lønahorgi og Gråsidetoppen. Det skulle syklast mellom toppane - Tvildemøn var basen som alle var innom mellom kvar topp. Været var det berre ein ting å sei om: Perfekt! Feltet var samla til toppen av Horndalsnuten. Der gjorde Øyvind (som tidligare hadde imponert alle ved å ta igjen feltet etter ein alvorlig skade på sykkelen) ein taktisk genistrek og utnytta at alle var opptatt av andre ting. Han rykka NEDOVER i eit tempo som berre kan overgås på ski - eg kasta meg etter - og dermed var rotteracet i gang... Einar og Bjarte tok oss etterkvart igjen og deretter var det meg, Einar og Bjarte som bytta på å dra feltet. Bjarte hadde sjølvsagt sin store fordel på sykkel, der eg og Einar faktisk opplevde å få sand på tunga når den slepte nedi vegen oppover mot kvilehytta. Eg og Einar hadde fordelen på springinga, og stilen til Bjarte utvikla seg etter kvart til meir "John Wayne"-lookalike. Eg og Einar kom til slutt i mål på 10 timar og 20 minutt, med Bjarte rett bak (imponerande av Bjarte å i det heile tatt fullføre med sitt grunnlag på beina). Asbjørn, Egil og Øyvind kom litt etter det igjen, Martin måtte bryta pga. ryggproblem. Terje kom heller aldri til mål, han vart seinare lokalisert haikande langt nedi Skaftedalen - på spørsmål kva han gjorde der (feil dal i forhold til der han skulle...), mumla han noko om at nokre sauer hadde blokkert stien framfor han og fysisk og verbalt trua han med bank dersom han ikkje betalte såkalte "beskyttelsespengar". Terje såg inga anna råd enn å flykta i motsatt retning. Til slutt fekk han haik med ein lokal hytte-eigar attende til startstaden. Men bortsett frå dette, var alle strålande fornøyd med dagens vesle utflukt, og no i kveld skal gjengen samlast hjå Martin og Terje til evaluering og gjennomgang av arrangementet (dvs. fest).
Fysiske data: Kaloriar: 6651, Maxpuls: 180, Snittpuls: 144, Høgdemeter: 4265

PS: Etter intens etteretningsarbeid er det no brakt på det reine at sauane som opptrådte truande og valdeleg mot Terje er medlemar av den berykta Bæ-gjengen. Terje er no tatt inn under politiets vitnebeskyttelsesprogram og vurderer plastiske operasjonar for å endra utsjånaden sin (det kan jo vera ein god ide uansett). Terje opplever for tida kraftige etterverknader av episoden, han får til dømes spasmiske anfall kvar gong han ser eit smalahove.

 

FREDAG 18. AUGUST
Treningsfri. Oppladning til den store 3-Fjellsturen som startar kl. 06:00 i morgo. Horndalsnuten, Lønahorgi og Gråsidetoppen på ein dag - med sykkel mellom kvar topp - totalt 4300 høgdemeter opp og det samme ned!!!

 

TORSDAG 17. AUGUST
Treningsfri. Foredrag på Heimdal-plattformen i Nordsjøen.

 

ONSDAG 16. AUGUST
Eg og Martin sprang frå Mølstertunet over Hanguren, og via Raude Kross-hytta og ned Raugstad.

 

TIRSDAG 15. AUGUST
Treningsfri. Me besøkte Tshering Sherpa i Jostedalen (for å lesa meir om turen til Jotunheimen og Jostedalen, og sjå bilder frå turen - klikk deg inn på "Kortare turar" under "Mine Eventyr".

 

MANDAG 14. AUGUST
THE DOUBLE!
Etter den fine turen på Piggen i går, fekk eg den geniale(???) ideen. Så med minimal oppladning og maksimal optimisme starta eg frå Spiterstulen tidleg på morgonen. Målet: Både Galdhøpiggen og Glittertind på ein dag! Turen gjekk glimrande, bortsett frå at eg hadde gløymt bilnøkkelen igjen inni bilen, så eg trudde at eg ikkje hadde tilgang til mat og utstyr når eg kom ned igjen til bilen mellom dei to toppane. Men heldigvis kom mitt eminente "support-crew" (Marthe) meg til unsetning med sin nøkkel. Motoren fungerte optimalt og eg klokka inn på totaltida 5:34. Godt fornøyd med det.

 

SØNDAG 13. AUGUST
Galdhøpiggen - rolig tur - flott utsikt!

 

LØRDAG 12. AUGUST
Treningsfri.

 

FREDAG 11. AUGUST
Terrengsykkel over Storåsen, i Bømøn og Prestegardsmøn. 3 timar på sti og terreng med lågt dekktrykk... Max forhold når det er så tørt og fint som det er no.

 

TORSDAG 10. AUGUST
Eg og Øyvind sprang frå Vangen opp på Lønahorgi (1412m) og ned igjen. Sprang opp via Hanguren og ned via Raugstad. Hadde ikkje med drikke - tørr som ei rosin når eg kom ned igjen...