TRENINGSBLOGG 2009

 

4. APRIL - CA. 4. JUNI: ELBRUS / MT. EVEREST
Les oppdateringar og sjå bilete frå ekspedisjonen.

 

FREDAG 3. APRIL: LØNAHORGI (1410m)
Den siste skituren før eg drar til Elbrus og Everest vart heilt spesiell, og det i positiv forstand. Føret var dårleg, utstyret var dårleg (brukte gamle ski og sko sidan utstyret er pakka før Elbrus-turen), men det var været som gjorde turen så spesiell. Skikkeleg påskevær, eg gjekk faktisk i bar overkropp det siste stykket opp til masta. Gjekk/køyrde Bodegaen både opp og ned. Dei fine flankane på framsida av Horgje (som startar på toppen av Bodegaen) er utruleg flotte på denne tida, sjølv om ikkje føret er så bra.
Totaltid: 2t 15min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1115

 

TORSDAG 2. APRIL: SYKKEL
Fint med litt avveksling mellom alle skiturane. Det har vore ekstremt mykje ski i dei siste månadane, og meir skal det bli dei neste 2-3 veken i Kaukasus i Russland. Derfor var det skikkeleg bra med ein lang sykkeltur i dag. Hadde tenkt meg til Granvin, men var så artig at eg snudde ikkje før eg nesten såg ned til Ulvik (sykla over Espelandsdalen).
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 855

 

TYSDAG 31. MARS: LØNAHORGI (1410m)
Rask tur på Horgje. Brukte Trab-skiene. Dårleg føre, men flott vær - kom over skyene og der var det måneskin og flott stjernehimmel.
Totaltid: 2t 06min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1135

 

SUNDAG 29. MARS: SELDALSNUTEN (1548m) og SKIPADALSNUTEN (1496m)
Dobbeltur i dag også. Starta for første gong på Reimegrend, og gjekk over brua der. Artig med nye vinklar på fjell som ein har utforska nesten alle sider av tidligare. Kom opp i Dyrebotnen og fulgte deretter Skorafjellet opp på Seldalsnuten. Så for første gong i år ned superflanken på sørsida av Seldalsnuten. Priceless! Opp igjen Skipadalen til Skipadalsnuten. Om superflanken er den flottaste nedkøyringa på Raundalsryggen, så er Skipadalen ein av dei flottaste rutene opp... Skipadalen er dramatisk, trong og utruleg flott. Til slutt køyrde eg nedatt Fribottseggi og Dyrebotnen. Litt meir variabelt føre på denne sida, og no hadde også sola forsvunne bak ei sky og dermed vart det flatt lys.
Totaltid: 5t 36min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemelter: 2165

 

LØRDAG 28. MARS: OLSKAVLEN (1576m) X 2
Dobbeltur på Raundalsryggen. Brynjulv, Olav og eg gjekk frå Voll. Frå toppen styrte me skituppane i retning rett ned Vestrebotn, ei linje som nesten aldri ser skispor. Ei nydeleg nedkøyring vart feira med ein skikkeleg påskepause i solsteiken nederst i Nordrebotnen. Føret nedatt på nordsia var også bra, men ikkje så flott som på sørsida.
Totaltid: 4t 58min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1935


Foto: Brynjulv Eide

 

FREDAG 27. MARS: HALVMETERSKOGEN
Lenge sidan Halvmeterskogen har hatt besøk, og me rekna med at føret var optimalt i dag. Midtpartiet var kjempeflott, men øverst var det mykje vindskavlar, og nederst var det skare.
Deltakarar: Guttorm, Martin, Even, Bjarne, Håvard, Jarle
Totaltid: 1t 35min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 515

 

TORSDAG 26. MARS
Sprang heimanfrå, over Storåsen og via Tundal gjennom Bømoen heimatt. Flotte springeforhold. Fin avveksling frå mange og lange toppturar på ski.
Totaltid: 1t 50min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 460

 

TYSDAG 24. MARS: LØNAHORGI (1410m)
Rask tur på Horgje. Dårleg føre. Vindskavlar og skare. Men været var strålande. Varmt og godt i sola.
Totaltid: 2t 01min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1150

 

MANDAG 23. MARS: STORE FLÅTTEN (1616m)
Stortur frå Bu i Hardanger til eit av dei største fjella i området, faktisk eit av dei største på Hardangervidda. Store Flåtten ligg som ein voldsom vegg i aust uansett kva fjell du er på i Vossa-området. Skal ikkje sei så mykje meir - dette var rett og slett ein av årets lengste og flottaste turar: nydeleg pudderføre, flotte linjer, dramatisk natur... Eg lar bileta våre fortelja resten. Må forresten fortelja at me døypte fjellet som ligg rett over Bu (som me måtte over på veg til Store Flåtten) for Flotte Storen pga. det fantastiske føret.
Totaltid: 7t 57min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1990

Foto over: Jarle Trå / Foto under: Øyvind Birkeland


Siste foto: Asle Øydvin

 

LAURDAG 21. MARS: HORNDALSNUTEN (1461m)
Vinterveko sin offisielle topptur gjekk av stabelen under det ein vel må kalla drøymeforhold. Flott vær og nydeleg føre. 10-12 toppturistar var med på turen som starta frå Skiple. Når forholda er så fine, er det ikkje nok med kun ei nedkøyring, så me valgte først flanken rett ned til Modalstjørn. Her var det 30 cm. pudder og dermed vart det ei nedkøyring som få kjem til å gløyme. Etter ein fin matpause i sola, gjekk me oppatt på ryggen og køyrte så ned den store, fine flanken mot Horndalsbotn. Her var også føret bra, men kanskje ikkje så flott som på sørsida.
Totaltid: 6 timar
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1460

 

FREDAG 20. MARS: STOREBOTNEGGI
I dag var det første "uoffisielle" tur under Vinterveko, og det var ein stor gjeng med kjente og ukjente som hadde møtt opp for å vera med på Storebotneggi. Flott føre øverst, men i sjølve skogen var det mindre pudder enn vanleg.
Totaltid: ca. 2 timar
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 560

 

TORSDAG 19. MARS: ONEN (1628m)
På veg heim etter nokre dagar i Oslo møtte eg Asle i Eidfjord. Me køyrte opp til Kjeåsen der me starta turen mot Hardangers stortopp, Onen. Sola steikte skikkeleg oppover lia, og solkrem kom på for første gong i år. Vekslande føre nedatt, stort sett svært bra.
Totaltid: 3t 15min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1230

 

FORKJØLA: Tar nokre dagar treningsfri...

 

TORSDAG 12. MARS: HALVMETERSKOGEN
Øyvind var tidleg ute og trakka ferdig spor til eg kom opp. Han fekk dermed førstenedkøyringa i fantastisk snø. Så gjekk me ein tur i lag før han måtte heim igjen. Tok ein tur til åleine på slutten. Løypemannskapet i Halvmeterskogen har igjen gjort ein kjempejobb og det er heilt utruleg kor mykje pudder dei har lagt ut, og kor jevnt og fint dei har fått det. Kanonforhold!
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 915

 

ONSDAG 11. MARS: SYKKEL
Årets første sykkeltur. Hadde slick-dekk på terrengsykkelen, så det passa fint å bli med på fellestreninga til sykkelklubben. 2 rundar rundt Vangsvatnet.
Totaltid: 1t 45min
Intensitet: Roleg

 

MÅNDAG 9. MARS: KVITINGKJØLEN (2063m / 2060m)
Desse to stortoppane ligg heilt nord i Jotunheimen. Dei er heilt perfekt å ta på ski, då det er mykje stein oppover fjellsida sommarstid. Gjekk frå Soleggen over Lom. Gjekk med vanleg fjellski i dag, sidan det ikkje var så mykje snø. Tanken på å hekte i ein stein i stor fart på veg nedatt er ikkje spesielt fristande. Då er det like greit å bruka vanleg fjellski, så blir uansett ikkje farten så stor.
Totaltid: 4t 25min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1615

 

SUNDAG 8. MARS: GRJOTHØ (1943m)
Overnatta i bilen på Strynafjellet og våkna av at kolonnane dundra forbi. Etter å ha gnidd søvnen ut av augene så skjønte eg at det altså betydde uvær. Då eg kom ned til bommen måtte eg venta der til kolonnen kom over igjen slik at bommen åpna for meg. Heldigvis løya vinden i løpet av formiddagen. Grjothø er eit av mange fjell i Noreg som ikkje klarte å komma med i 2000-klubben. Men dei kan vera flotte likevel! Turen starta med ei skogsli som lova mykje moro nedatt. 30 cm. pudder og spredt furuskog... optimalt. Vidare oppover svære flankar, så breie og jevne som dei kun kan verta på Austlandet. Mykje vind på toppen. Flott utsikt sørover Jotunheimen. Store svingar ned flankane mot skogen. Skogslia var akkurat så bra som eg hadde håpa på. Austlandets svar på Halvmeterskogen!
Totaltid: 4 timer
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1550

 

LØRDAG 7. MARS: BLÅSKAVLEN (1809m)
På veg til Oslo tar eg omvegen om Nordvestlandet for å plukka med meg nokre storfjell. Værmeldingane er mykje betre for dette området enn lenger sør. I dag starta eg på Skjerdal ved Aurlandsfjorden. Her er det ikkje snø under 300 moh, så det var over ein halvtime å bæra skiene. På grunn av at eg ikkje er 100% sikker på stabiliteten i snøen endå, valgte ein av ryggane opp mot toppen. Flott utsikt ned i Aurlandsfjorden. Fint vær, men ein skydott låg rundt toppen og vinden auka voldsomt på ryggen i det eg nærma meg toppen. Til slutt var det vanskeleg å stå oppreist så eg snudde rett før toppen. Tok denne toppen frå sørsida i fjor vår, men nordsida er klart meir dramatisk. Nydelege flankar ned igjen med 10 cm. pudder. Kjempetur!
Totaltid: 4t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1520

 

FREDAG 6. MARS: STOREBOTNEGGI
Me hadde ikkje noko særleg tru på Pudderlia i dag, men igjen vart me overraska. Det er alltid bra pudder der. Rett og slett.
Deltakarar: Håvard, Guttorm, Jarle
Totaltid: 1t 33min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 555

 

TORSDAG 5. MARS: GRØNAHORGI (1207m)
Kveldstur frå Vannjolo opp Ulvaskaret. Vestover og opp på Grønahorgi. Greit føre oppe, men forferdeleg dårleg under 700 meter. Knekkebrød-skare med slush under...
Totaltid: 3 timar
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1210

 

ONSDAG 4. MARS: LANGRENN I HERRESÅSEN
Ja, du las rett: Langrenn... Kva skjer når du setter dei aller tynnaste langrenns-pinnane på ein som aldri har gått med noko anna enn tungt utstyr på store fjell. Vanskeleg å sei, men det ser i alle fall ikkje fint ut... (godt det var mørkt). Og når premieren på slikt utstyr i tillegg skjer med ryggen til Arnstein, Brynjulv og Einar framfor meg, då er det ikkje rart at eg var litt skeptisk. Arnstein har NM-gull i stafett (1997) og dei to andre var ikkje langt bak i sine glansdagar. Dei som såg oss smilte nok stort, først kom tre langrennsløparar dansande over dei flotte løypene - men kva er det der som kjem halsande bak? Men det gjekk faktisk brukbart. Hadde ingen problem med å halda følge dei par timane me dreiv på, men eg brukte sikkert 20% meir krefter pga. total mangel på teknikk. Og eit par skikkelege fall i stor fart i isete unnabakkar vart det også. Men moro var det, så langrenn blir det heilt sikkert meir av framover når kraftig vind og skredfare gjer fjella utilgjengelege.
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Middels

 

TYSDAG 3. MARS: ULVASKARET
I dag var det lett å sjå at det var kraftig vind i fjellet, og i tillegg er det stor skredfare. Derfor var det viktig å finna ein trygg trasé. Starta i Vannjolo (70 moh.) og gjekk opp lia mot Ulvaskaret. Kom meg heilt opp, men då var vinden så kraftig at eg valgte å ikkje gå vidare til Gråsidetoppen. Pudder nedatt, men altfor kompakt til å gi bra køyring.
Totaltid: 2t 35min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1075

 

MANDAG 2. MARS: LØNAHORGI (1410m)
Brynjulv og eg på whiteout-tur til Lønahorgi. Spesielt over 1000 meter var det null sikt. Me gjekk i spora til snøscooterar og trakkemaskin, som prøvde å ta seg fram i djup nysnø for å leita etter dei to som er sakna i området inn mot Volahytta. Akkurat mens eg skriv dette så melder avisa Hordaland at dei er funne i god behald.
Totaltid: 2t 30min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdmeter: 1155

 

LØRDAG 28. FEBRUAR: LØNAHORGI (1410m)
Dårleg vær = Lønahorgi! Totalt whiteout over tregrensa.
Totaltid: 2t 50min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1205

 

FREDAG 27. FEBRUAR: VOLAFJELLET (1327m)
Gjekk frå Dyrvedalen. Sola gjekk ned i det eg nærma meg toppen av Volafjellet. Flott tur nedatt med hodelykt, men føret var betrakteleg dårlegare enn i går pga. vinden i dag.
Totaltid: 2t 40min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1055

 

TORSDAG 26. FEBRUAR: LØNAHORG (1410m)
Rask kveldstur på Horgje under stjerneklar himmel. Nydeleg føre, 5 cm. pudder på skare.
Totaltid: 2t 01min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1195

 

MANDAG 23. FEBRUAR: LØNAHORGI (1410m)
Inspirert av det gode oppmøtet på informasjonsmøtet mitt på Bavallstunet i kveld, bar det rett til fjells etterpå. Raskt føre så eg gjekk fort, det har no blitt skare heilt til topps etter regnet i går. Brukte 12 minuttar frå toppen nedatt til parkeringsplassen. Avslutninga ned ei perfekt preparert utforløype var høgdepunktet. Har aldri køyrt så fort ned utforløypa med hovudlykt før.
Totaltid: 1t 48min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1230

 

LØRDAG 21. FEBRUAR: LØNAHORGI (1410m)
For tredje kveld på rad var eg på Lønahorgi. Det er eit sikkert tegn på at vær og føre er dårleg for tida! I kveld var det verkeleg ille... 30 cm. tung nysnø å brøyte seg fram i og hard vind og dermed snøfokk. Kjempeartig - få ting er like moro som ein skikkeleg uværstur med hodelykt på Horgje midtvinters :-)
Totaltid: 3t 40min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1230

 

FREDAG 20. FEBRUAR: LØNAHORGI (1410m)
Når vær, føre og sikt er så dårleg som i dag, er det like greit å knyta på seg joggeskoene når ein skal til fjells - sjølv midt på vinteren. Fine trakkemaskin-spor heilt til topps.
Deltakarar: Martin, Njål, Jarle
Totaltid: 2t 58min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1195

 

TORSDAG 19. FEBRUAR: LØNAHORGI (1410m)
Lenge sidan eg har vore på Horgje, og i kveld var det perfekte forhold til ein tur på dette fjellet - dvs. drittvær! Horgje er perfekt når vær og føre er dårleg. Det er aldri rasfare (dersom ein går "normalruta"), det er nesten umogeleg å gå seg vill og i tillegg er det eit krypinn på toppen der ein kan komma seg unna naturkreftene når ein tar av feller og gjer seg klar for turen nedatt. Men været var ikkje så gale som eg trudde i dag. Det var whiteout, men med ei kraftig hodelykt er det ein stor fordel å ta turen i mørket under slike forhold.
Totaltid: 2t 13min
Intenstiet: Høg
Akk. høgdemeter: 1180

 

MANDAG 16. FEBRUAR: PUDDERLIA X 2
Massivt angrep på Halvmeterskogen dei siste dagane, har ført til at dei fleste linjene der har vorte køyrt. Dermed valgte me i dag ein gammal favoritt, nemleg Pudderlia. Denne er nesten like flott. Mildværet i dag hadde heldigvis ikkje hatt noko særleg påverknad på snøen. Ei fin stund i naturens eigen leikegrind.
Deltakarar: Njål, Martin, Olav, Jan Olav, Jarle
Totaltid: 2t 02min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 680

 

SUNDAG 15. FEBRUAR: HALVMETERSKOGEN X 5
Ein puddergal gjeng brukte dagen i Halvmeterskogen. Status: 5 gonger opp og ned lia, 1925 høgdemeter med pudder, 3 sjokoladebollar og 1 liter cola. Me skremte opp ei orrhøne på veg opp første gongen. Flaks for ho... for ho låg begravd i pudderet nøyaktig der som me dundra ned igjen ei lita stund seinare.
Deltakarar: Even, Øyvind, Martin, Øystein, Jarle
Totaltid: 6t 27min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1925

 

LØRDAG 14. FEBRUAR: GRÅSIDETOPPEN (1307m)
Nydeleg tur frå Vannjolo (80 moh.) til Gråsidetoppen. Så rett ned renna til Glimmesbotnen. Oppatt til toppvarden, og så rett ned den åpne gryta under toppvarden, i flott skog og nydeleg pudder til Teigarapjane. Sjølv skogsvegen nedatt til Vannjolo var flott i sånt føre.
Deltakarar: Øystein, Njål, Jarle
Totaltid: 5t 43min
Intensitet: Roleg
Akk. høgemeter: ca. 1750

 

FREDAG 13. FEBRUAR: HALVMETERSKOGEN
Til tross for at det er fredag den 13. i dag la me i veg oppover vårt nye favorittfjell. Det skuffa oss ikkje i kveld heller. To gonger måtte det til pers. Den neste veka er det meldt endå ein halvmeter med pudder, korleis skal dette ende...
Deltakarar: Njål, Martin, Jarle
Totaltid: 2t 20min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 810

 

TORSDAG 12. FEBRUAR: HALVMETERSKOGEN
Dagens to run ned to av Halvmeterskogens geniale og bratte linjer kjem til å bli huska resten av livet. Enkelt og greit!
Deltakarar: Njål, Martin, Jarle
Totaltid: 2t 12min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 880

 

ONSDAG 11. FEBRUAR: LØNAHORGI (1410m)
Ny flott tur i månelys. Det var riktignok litt meir skyer då eg starta, men når eg passerte 1200 meter kom eg over skyene og det vart verkeleg månelyst der oppe... Kaldt i dag også, men ikkje så kaldt som i går på Horndalsnuten (i går var det nok godt over 20 minusgrader på toppen).
Totaltid: 1t 56min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1170

 

TIRSDAG 10. FEBRUAR: HORNDALSNUTEN (1461m)
Natt-tur i fullmåne og pudder. Magisk!
Totaltid: 2t 40min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1090

 

SØNDAG 8. FEBRUAR
Lite å skriva i dag: 4 fjell, 2210 puddermeter, perfekt føre og vær - jaja, sånn går no dagan...
(Kan legga til at eg først tok renna som går ned i Holo, til skaregjengen Guttorm, Øyvind og Egil sin store fortviling - dei sit akkurat no på ein McDonalds i Chamonix. Vidare tok eg Bjørndalskamben som var dagens høgaste med 1402 moh. Nydeleg ned til Reppane. Opp igjen på toppen av lia på motsatt side av Halvmeterskogen. Denne lia er nesten like bra som Halvmeterskogen. Ingen pudderdag er perfekt uten Halvmeterskogen, derfor avslutta eg med denne).
Totaltid: 5 timar 30 minutt
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 2210

 

LØRDAG 7. FEBRUAR
Dobbelt-tur. På dei aller beste dagane så held det ikkje med ein tur. Første toppen var Skardsnosi (1470m) frå Jordalen. Så måtte me berre til Halvmeterskogen for å køyra denne også i dag. Me går fortsatt rundt i pudder-rus...
Deltakarar: Martin, Olav, Jarle
Totaltid: 4t 15min
Intensitet: Roleg (litt høgare ved puddertrakking opp lia)
Akk. høgdemeter: 1440

 

FREDAG 6. FEBRUAR
Sesongens finaste pudder ligg der ute akkurat no! I dag var me først ein halv dag i skianlegget i Myrkdalen. Så fann me ei ny side, heretter kalla Halvmeterskogen (håpar du kan din Ole Brum!). Denne er endå meir superhemmeleg enn Pudderlia. Bratt åpen skog og botnalaust med pudder. Ingen superlativ strekk til for å beskriva denne dagen så eg skal rett og slett slutta her...
Deltakarar: Asle, Even, Øyvind, Jarle
Totaltid topptur: 1t 40min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 520

Sjekk nettsida til Arild Tvilde

 

TORSDAG 5. FEBRUAR
Pudderdag! Først var Øyvind og eg i heisane og pumpa pudder, så køyrte me opp i Pudderlia og fekk oss nokre høgdemeter i motbakkar også. Pudderlia er ubeskriveleg bra no, dette lovar bra for dagane framover.
Totaltid: 1t 40min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 560

 

MANDAG 2. FEBRUAR: SYKKEL I SKIANLEGGET
Øyvind og eg får av og til nokre skrullete idéar, men som regel endar det med utrulig artige opplevelsar. Utforsykling på snø er nok ein sånn ide. Mens alle andre stod på ski og snowboard, hadde me sykkelen med oss opp i heisane i dag. Underlaget var perfekt for rask utforsykling. Til og med skogsløypene var artige. Me slo gjennom med framhjulet av og til, så det vart eit par saltoar på oss begge. Totaltid: 2 timar

 

SUNDAG 1. FEBRUAR: LØNAHORGI X 2
Dobbeltur på Horgje. Nydeleg vær også i dag. Frå toppen slapp me oss ned til Preststølen ovanfor Afdal. Turen frå toppen og ned til me skrensa opp framfor stølen, er årets desiderte høgdepunkt når deg gjeld føre! Som Olav sa: "Hadde det ikkje vore for hjelmen så hadde smilet gått heilt rundt". Ubeskriveleg bra! Langt oppatt, men det gjer ingenting etter ein sånn opplevelse.
Deltakarar: Martin, Egil, Asbjørn, Olav, Terje, Jarle
Totaltid: 5t 24min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1965

 

LØRDAG 31. JANUAR: HORNDALSNUTEN (1461m)
Inspirert av den fine turen i går, la me i veg frå Skaftedalen med samme fjellet som mål. Men mens me i går gjekk nordsida, var det sørsida som var planen i dag. Nydeleg føre og endå flottare vær - rett og slett årets til no flottaste skitur!
Deltakarar: Martin, Njål, Olav, Brynjulv, Jarle
Totaltid: 3t 15min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1040

 

FREDAG 30. JANUAR: HORNDALSNUTEN (1461m)
Øyvind og eg gjekk frå Skiple. Me gjekk ryggen opp og der var det skare heile vegen over tregrensa, men heldigvis låg det relativt bra med pudder nedover renna mot Horndalen. Kjempefint føre og vær!
Totaltid: 3t 30min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1280

 

TIRSDAG 27. JANUAR: KILIMANJARO PÅ EIN DAG Les meir

 

17. - 27. JANUAR: KILIMANJARO, HAUKELAND SJUKEHUS - ADELING MIO. Les meir

 

FREDAG 16. JANUAR: STOREBOTNEGGI
Njål, Øyvind og eg hadde pudder i tankane, og Pudderlia var til å stola på også i kveld. 10-15 cm. flott silkepudder. Me gjekk først heilt opp til toppen, og etter den første nedkøyringa gjekk me opp igjen til over tregrensa ein gong til for å få mest mogeleg pudder.
Totaltid: 2t 03min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: ca. 900

 

TORSDAG 15. JANUAR: GRÅSIDETOPPEN (1307m)
Kveldstur. Skare over tregrensa, fint pudder nedanfor. Såg ein god del spor etter reinsdyra.
Totaltid: 2t 47min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1165

 

ONSDAG 14. JANUAR: LØNAHORGI (1410m)
Som ein kontrast til gårsdagens uværstur, var dagens tur opp samme ruta ein idyll. Flott vær og bra føre (i alle fall under 900 meter). Flott solskinn over tåkegryta langt der nede. Nydeleg pudder nedover utforløypa, ca. 15 cm.
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1180

 

TIRSDAG 13. JANUAR: NESTEN PÅ LØNAHORGI (1410m)
Njål, Jan-Olav, Martin og eg. Me merka i det me kom over tregrensa at dette kom til å bli ein uværstur. Men det var ikkje før me kom over 1200 meter at det verkeleg vart ille. Me hadde ikkje noko anna valg enn å snu, det var for små marginar i snøføyka. Frå Horgaletten og ned igjen var det tendensar til artig køyring. Det låg faktisk litt pudder her og der.
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1145

 

MANDAG 12. JANUAR
Rask springetur i asfalt-motbakkar i området Lid - Skutle.
Totaltid: 1 time
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 255

 

SUNDAG 11. JANUAR: LØNAHORGI (1410m)
Uværstur til Horgje i joggesko! Når været er på det aller verste, kan det vera like greit å knyta på seg joggeskoene som å ta på skiene - sjølv når ein skal høgt til fjells. I alle fall så lenge ikkje det er store mengder nysnø. Det striregna då eg gjekk frå Bavallen, og først då eg passerte 1000 meter gjekk det over til sludd og snø. Kraftige vindkast gjorde det verkeleg ufyseleg. Men snøen var heilt grei å springa på. Været var så gale at eg måtte på med alt eg hadde av ekstra klær, ansiktsmaske og stormbriller. Måtte faktisk bruke GPS'en for å sjekke at eg var på rett kurs nedatt. Då eg kom heim igjen fekk eg meldinga om at Jon Tvedt døde i dag på ein treningstur på "sitt" fjell, Gullfjellet. Ufattelig tragisk - ein stor idrettsmann har gått bort.
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1325

 

LØRDAG 10. JANUAR: LØNAHORGI (1410m)
Martin, Egil, Øyvind og eg starta om ettermiddagen frå Bavallen. Det mørkna i det me nærma oss toppen, og ein stor fullmåne rett bak masta lyste opp så godt den kunne. Fantastisk flott! Motvind og dårleg føre nedatt.
Totaltid: 2t 45min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1275

 

FREDAG 9. JANUAR
Kort springetur i Storåsen. Mykje sørpe og dårlege forhold.
Totaltid: 40 min.
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: ca. 250

 

28. DESEMBER - 8. JANUAR: KILIMANJARO Les oppdateringar