TRENINGSBLOGG JUNI 2012

 

LAURDAG 30. JUNI
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 45min
Kort fjelltur frå Høyland via stølen på Breiming og opp i Årdalen under Lønahorgi. Måtte få meg litt frisk luft etter Njål sin 40-årsfeiring i går. Eit kollossalt snø-/sørpe-/jordskred har i vinter starta høgt oppe under Lønahorgi og ført til store ødeleggelsar heilt ned til stølen på Breiming. Faktisk har det vore kun få meter unna å feia med seg stølshuset.

 

TORSDAG 28. JUNI
Aktivitet: Terreng-/stisykling
Akk. høgdemeter: 1125
Totaltid: 2t 55min
Var med Cykleklubben på ein runde over Grauaåsen, Storåsen, opp att til Kyte, gjennom Bømoen og over Herresåsen. Tørre og fine stiar - uvant til å vera på Vestlandet.

 

ONSDAG 27. JUNI
Aktivitet: Stisykling
Akk. høgdemeter: 595
Totaltid: 2t 25min
Starta i Granvin sentrum. Først bratt opp til Tveito og vidare på skogsveg og etterkvart sti innover forbi Måvatnet, eller Maovatnet som eg kjenner det som. Har fiska mykje med stang i dette vatnet i "gamle dagar". Nydeleg terreng for stisykling, men eg var glad for at eg valgte fulldemparen. Etterkvart kom eg meg over til skianlegget i Haugsåsen. Ned igjen via Velken.

 

TIRSDAG 26. JUNI
Aktivitet: Fjelltur
Fjell: Horn (1103m)
Akk. høgdemeter: 745
Totaltid: 2 timar
Fin kveldstur på Horn frå Vestbygdi.

 

MANDAG 25. JUNI
Aktivitet: Terrengykkel
Akk. høgdemeter: 1105
Totaltid: 2t 30min
Njål og eg starta på Vangen og sykla først ut via Hindertveit til stølen på Smågiljane. Så attende til Gjelle og inn Bordalen til Tesdal. Vidare på grov skogsveg til Kvitno. Så over Herresåsen til Skutle og ned til Mala. Litt stiar vart det innover mot Opeland før me sykla ned i Bømoen og ljosløypa der. Artig tur. Merkar at eg gradvis kjem i sykkelform igjen etter ein svært lang skisesong i år.

 

SUNDAG 24. JUNI
Aktivitet: Sykkel
Totaltid: 3t 25min
Brynjulv og eg på søndags-langtur til Ulvik. Fine forhold, stort sett opphaldsvær og ikkje for varmt.

 

FREDAG 22. JUNI
Aktivitet: Ski
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Akk. høgdemeter: 1125
Totaltid: 1t 15min
Ingenting er som å forsova seg på ein fjelltopp, og vakna av at sola varmar på teltduken - for så å forstå at det er ingenting som hastar. Berre nyta ein enkel frukost med storslagen utsikt, mens du gledar deg til den flotte nedkøyring du har framfor deg.

Enkelt lite telt uten teltstenger. På få sekund blåser du opp ei luftpølse som fungerer som teltstang. Sjekk teltet her. I bakgrunnen Storeflåtten (1616m) som ligg nordvest på Hardangervidda.

Dette biletet er tatt ut teltåpningen rundt kl. 01:30 og det ser ut som sola står der endå (sola gjekk ned kl. 23:09 og stod opp igjen kl. 04:02). Sikkert ein eller annan form for refleksjon i atmosfæren.

Luftspegling?

 

TORSDAG 21. JUNI
Aktivitet: Ski
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Akk. høgdemeter: 1125
Totaltid: 2t 15min
Kombitur igjen. Sykkel frå Skiple nesten opp til stølen i Horndalsbotn. Så med fjellsko opp til steinen som ski-utstyret mitt låg lagra under. Deretter på ski opp på Horndalsnuten der eg slo opp mitt vesle telt. Nydeleg solnedgang og oppgang.

 

ONSDAG 20. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel
Akk. høgdemeter: 1075
Totaltid: 2t 40min
Bjarte, Njål og eg gjennomførte årets første tur Vangen - Rong - Almenningane - Bulko - Vangen. Det blir heilt sikkert ikkje den siste - dette er ein klassikar med mykje grusveg, sti og myrterreng. Over Skutle på veg heim igjen.

 

TIRSDAG 19. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel
Akk. høgdemeter: 665
Totaltid: 2t 15min
Njål og eg sykla gjennom Bømoen, vidare opp forbi Nedre Fenno og så ned den grove skogsvegen til Flatlandsmo Camping. Asfaltveg til Skor, den høgaste fjellgarden i Granvin. Så slapp me oss rett ned på sti/dårleg grusveg til skogsvegen i Spildadalen og tok denne ned til Spildo. Opp igjen Skjervet. Alltid kjekt å finna nye rundtturar, ikkje berre samme veg fram og tilbake.

 

MANDAG 18. JUNI
Aktivitet: Fjelltur
Akk. høgdemeter: 700
Totaltid: 1t 50min
Gjekk frå Gjelle opp på Sandfjellet. Større og større snøfenner gjorde at eg snudde der. Regn og skodde. Friskt!

 

FREDAG 15. JUNI
Aktivitet: Ski
Fjell: Skipadalsnuten (1496m)
Akk. høgdemeter: 1200
Totaltid: 4t 10min
Kombitur. Sykkel frå Skiple opp så langt den grove skogsvegen går mot Horndalsbotn. Så på beina opp til snøgrensa og deretter på ski opp på Skipadalsnuten. Alt dette kun for å køyra superflanken ned på nordvestsida for kanskje siste gong i år. Men det var definitivt verdt det… Det vert vel ikkje siste tur forresten, no ligg skiutstyret ved snøgrensa slik at det blir litt enklare å komma opp til snøen neste gong.

 

TORSDAG 13. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel
Akk. høgdemeter: 985
Totaltid: 2t 10min
Først opp forbi Kyte og deretter vidare oppover på – for meg – ny skogsveg heilt opp til Singeset (731m). Flott utsikt! På veg heim tok eg eit par raske rundar i ljosløypa i Bømoen.

 

TIRSDAG 11. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel
Akk. høgdemeter: 675
Totaltid: 1t 45min
Hard treningstur på fine, tørre skogsvegar innerst i Dyrvedalen.

 

SUNDAG 10. JUNI
Aktivitet: Ski
Fjell: Blåskavlen (1809m) x 3
Akk. høgdemeter: 2155
Totaltid: 5t 55min
Snøen ligg fortsatt heilt ned til vegen aust for stølane på Kvammadal, der me vanlegvis startar når me skal på Blåskavlen. Dette til tross for at det ligg sørvendt. Ekstremt mykje snø til å vera så seint i juni. Opp Storebotnen til Blåskavlen. Så rett ned den flotte brearmen nordvest for toppen. Hovedgrunnen til at eg gjekk opp igjen nordryggen i går, var for å få perfekt innsyn til starten på denne bratte linja. Snømengdene gjorde det heldigvis uproblematisk, og det var ei utruleg flott nedkøyring på nordvent rask skare. Opp att Tungenosi, også dette med tanke på at eg skulle få ein fin vinkel til å sjå inn i det øverste partiet på neste nedkøyring, Skjersdalen. Svært bratt dei første 50 høgdemetrane. Fortsatt god snøkvalitet, det var lite tendensar til sugeføre sjølv om sola etter kvart steikte skikkeleg. Køyrte heilt ned til 800m før terrenget tvinga meg til å stoppe. Det bratte gjuvet vart meir og meir dramatisk, og her er det nok umogeleg å komme vidare uansett kor gode snøforhold ein har. Opp att ryggen på sørsida av Skjersdalen. Dagens siste nedkøyring gjekk ned Blåskavlabotn. Kjempefin nedkøyring, men eg frykta at det no ville bli trått føre, og det vart det… Angra på at eg ikkje tok snarvegen ned Vetlabotn eller Storebotn då eg staka og skøyta meg utover flatane nederst i dalen. Då eg forlot toppen for siste gong denne helga gjekk spora mine på kryss og tvers inn til toppunktet frå alle himmelretningar. Dei to siste åra har eg dermed køyrt alle opplagte linjer ned frå dette fjellet, totalt 9. Og fortsatt er det fleire igjen dersom ein brukar fantasien litt kreativt.


Dagens finaste nedkøyring

Undredal langt ute i fjorden

Det trongar seg til nedover Skjersdalen, men endå fortsatte eg 100 høgdemeter nedover

Kunstverk laga av naturen sjølv

 

LAURDAG 9. JUNI
Aktivitet: Ski
Fjell: Blåskavlen (1809m) x 2
Akk. høgdemeter: 1065
Totaltid: 3t 35min
Etter eit foredrag i Høyanger køyrte eg opp til Blåskavlen i Aurlandsfjellet. Dette store fjellet har enormt mange potensielle linjer på alle sider, og eg har tidligare køyrt fleire av dei. Desse to dagane ville eg prøve å ta resten… (av dei opplagte linjene i alle fall). Fjellet ser på kartet nesten ut som ei gigantisk sjøstjerne med til dels skarpe ryggar som skyt ut i alle retningar. Og mellom alle desse ryggane skjuler det seg mykje moro. Starta denne gongen høgt oppe, ved Vetle Andisvatnet. Gjekk opp den slakke breen til punkt 1728 rett nordaust for Blåskavlen. Så bratt ned i Flatebotnen. Opp att nordryggen til hovudtoppen på Blåskavlen. Så store svingar ned att den same slakke breen som eg gjekk opp. Flott alternativ rute til Blåskavlen, perfekt også med tradisjonelle fjellski.

 

ONSDAG 6. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 2t 40min
Ein varm og fin kveld gjorde at eg sterkt mistenkte sugeføre i fjellet. Sykkelen vart derfor henta fram igjen etter at Bjarte hadde fiksa litt på den etter forrige vekes ufrivillige grøftesamling i Skjervet… Først over Kyte og innover Raundalen. På Skiple tok eg av på skogsvegen som går opp i Horndalen. Vegen var tørr og fin slik at eg kunne sykla vegen heilt til endes.

 

MÅNDAG 4. JUNI
Aktivitet: Ski
Fjell: Skorafjellet (1583m) og Mjølfjellet (1470m)
Akk. høgdemeter: 1895
Totaltid: 5t 40min
Har ikkje vore på Skorafjellet på mange år, så i dag var det på tide. Starta på Kårdal i Raundalen. Gjekk berre få minutt på beina før eg kunne ta på skia. Opp Skredteigselvi til Mjølfjellet (nordtoppen, 1374m). Var litt usikker om været var bra nok til å fortsetta mot Skorafjellet, så eg slapp med derfor rett ned i Mjølbotnen først. Men etter ei lita snøbyge skein det skikkeleg opp, og eg gjekk derfor opp i Fagerbotnen og ned i Tryglabotnen, før eg starta på den lange motbakken opp til toppen av Skorafjellet. På dette tidspunktet var været strålande og utsikta var formidabel. Flott nedkøyring ned Såtaskavlen til Tryglabotnen. Nordvestover opp i skaret mot Slondalen og rett opp på Mjølfjellet (sørtoppen, 1470m). På den siste nedkøyringa ned att til Kårdal var det begynt å bli litt sugeføre.