TRENINGSBLOGG NOVEMBER 2012

 

Oktober og november tilbringer eg i Alpane og på Sicilia. Sjå bilete.

 

TYSDAG 27. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: ca. 2 timar
Akk. høgdemeter: ca. 600
Njål og eg på årets fyrste hodelykt-tur, men desverre uten ski... Men i kveld var det fint på sko også. Fin skare å gå på og nydeleg nesten-fullmåne. Gjekk frå Øvrestølen i Bordalen opp på Hermannsnuten (1219m).

 

TORSDAG 22. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: ca. 1t 20min
Akk. høgdemeter: ca. 300
Kort fjelltur i fjella bak Neuschwanstein slott på grensa mellom Tyskland og Østerrike. No er det straka vegen heim...

 

ONSDAG 21. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: ca. 2t 20min
Akk. høgdemeter: 490
Den siste treningsturen på sykkelsetet på denne turen. Litt artig at dette var den einaste turen i løpet av nesten to månader at det var litt kjølig i lufta. Holdt meg derfor stort sett i låglandet rundt Torbole.

 

TIRSDAG 20. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 6t 15min
Akk. høgdemeter: 1320
Frå Riva del Garda går det ein bratt sti rett opp fjellsida til Cima Sat. Terrenget er så bratt at det ein plass er satt opp ein 15 meter nesten loddrett stige. Dersom du ser denne fjellsida frå Riva vil du garantert ikkje tru at det går ein sti til topps.

 

SUNDAG 18. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: ca. 2t 45min
Akk. høgdemeter: ca. 650
Rakk akkurat ein fantastisk solnedgang frå toppen av Monte Baldo (2200m).

 

LAURDAG 17. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: ca. 650
Ved Gardasjøen igjen. Hard tur opp den flotte kjerrevegen til fjellbygda Pregasina. Beina føles råsterke for tida og det er ein fryd å tråkke tunge gir opp dei smale serpentinarsvingane.

 

ONSDAG 14. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: ca. 700
Hard avslutningstur i dei sugande motbakkane på Lipari. I morgon set me kursen nordover igjen, og eg reknar med at dette var siste turen i sommarvarmen. No har me utforska Sicilia og dei eoliske øyane i ein månad, men sjølv om Mads flyr heim igjen på fredag, er det fortsatt halvanna veke til eg er attende i Norge. Satsar på å treffe like perfekt som i fjor - å vera heime akkurat i det pudderet dekkar fjellsidene heime på Voss.

 

TYSDAG 13. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 730
Eg og Mads lånte båt og køyrte rundt Lipari og over til Salina. Imponerande klipper og grotter på Liparis vestkyst - og fullstendig øde sandstrender. Eg hadde med sykkelen og då me var i land på Salina sykla eg det som er av hovudvegar på øya, over sadelen mellom dei to nesten 1000 meter høge vulkanane til Rinella, og ut på vestsida til Pollara. Hadde følge av ein liten sprek hund i over ein time. Han var raskare enn meg i motbakkane, men i nedoverbakkane vart han langt etter. Eg hadde imidlertid ikkje samvittigheit til å sykla frå den ivrige vesle treningskompisen, sidan han ga høglydt uttrykk for sin misnøye kvar gong eg sykla frå han.

 

MANDAG 12. NOVEMBER
Etter ein fin båttur over til naboøya Salina, gjekk me ein kilometer bratt rett til værs til toppen av vulkanen Monte Fossa delle Felci (968m). Dette er det høgaste punktet på dei åtte eoliske øyane og utsikta var derfor upåklageleg. Langt i sør såg me den imponerande profilen til Etna. Det er 13000 år sidan det var vulkanske utbrot på Salina så me følte oss relativt trygge.

 

SUNDAG 11. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1155
Utforska Lipari endå grundigare i dag. Når ein kjem litt utanfor hovedvegen som går rundt øya er det artige berg- og dalbane-tendensar. Stupbratte nedoverbakkar som går rett over i 25 graders motbakkar. Med nytt kjede på gammal kasett bak og tannhjul framme, turde eg rett og slett ikkje sykla opp dei brattaste bakkane. Var opp på Liparis høgaste punkt i følge kartet, eit gammalt krater på 594 meter. Men til min store overraskelse var det eit anna krater nokre kilometer unna som såg ut til å vera minst like høgt. Kartet viste at det skulle vera kun 502 meter, altså nesten 100 meter lågare, men det kunne umogeleg stemma. Ein kontrolltelling av kotane viste at fjellet er 602 meter. Dette bekreftar det me har erfart mange gonger før her i Sør-Italia. Cirka nesten omtrent er stort sett godt nok... Enorm forskjell på Nord-Italia og Sør-Italia i så måte. Eg og Mads har fleire gonger snakka om at på mange måtar føler me meir at me er i Afrika enn i Europa.

 

LAURDAG 10. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelltur/Terrengsykkel
Totaltid: ca. 4t
Akk. høgdemeter: ca. 1200
I dag tok me hurtigbåten til naboøya Vulcano. Vulcano, som har gitt navn til ordet vulkan, er fortsatt aktiv men det har ikkje vore store utbrot sidan 3. august 1888 (slutt i 1890). Etter ein bratt sykkeltur opp på ein dårlegare og dårlegare kjerreveg/sti kom me opp på kraterkanten der me satte frå oss syklane. Me gjekk faktisk ned i sjølve vulkanen, som pumpar ut store mengder gass og vanndamp. Du skal vera svært forsiktig når du tar hånda bort til ein av dei mange små og store "ventilane" der dampen kjem ut. Dampen er så varm at du lett skoldar deg før du klarar å dra hånda til deg igjen. Så gjekk me opp på det høgaste punktet (vulkanen er kun 319 meter høg) og gjekk rundt heile kraterkanten. Utsikta var verkeleg flott sjølv om ikkje vulkanen er spesielt høg. Etter ein artig tur ned sida på vulkanen sykla eg vidare sørover over eit "fjellpass" på nesten 500 moh. Måtte oppgi å gå på beina opp på det høgaste punktet ca. 20 meter under "toppen" då kaktusar og tornebuskar stoppa meg. Språket mitt på det tidspunktet eignar seg ikkje på trykk. Så fortsatte eg sørover nesten 500 høgdemeter bratte hårnålsvingar rett ned fjellsida til Gelsko, som kun består av ein kai og to hus. Opp att samme vegen, med ein fantastisk utsikt mot Etna i solnedgang.

 

FREDAG 9. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 715
Me har forflytta oss nordover med ferje halvannan time til mini-øya Lipari, ei av dei mange små vulkanske øyane som utgjer dei eoliske øyer langt ute i Middelhavet. Desse øyane reiser seg bratt opp frå havet, nokon opp til nesten 1000 meter, så det er eit mektig og imponerande skue når du nærmar deg med den gamle ferja. Øya Lipari er ikkje stor, eg brukte under to timar på å sykle rundt den på den smale vegen som til dels går langt oppe i fjellsida. Akkurat i det eg nådde det høgaste punktet, (600m), rauk kjeden. Men dermed kunne eg enkelt trilla ned igjen til leiligheita i Lipari by. Flaks at det ikkje skjedde ein time før, då måtte eg nok ha tatt ein taxi. Hadde kjedekuttar med men den er sannsynlegvis kjøpt på Mekka Bazar, for den klarte eg å øydelegga under reparasjonsforsøket.

 

TORSDAG 8. NOVEMBER
På andre forsøk, og i eit nydeleg vær, vart toppen på Etna (3323m) nådd. Giambattista var heldigvis på jobb på Torre del Filosofico (2900m) og sørga for at me fekk passera dette punktet utan noko problem. Det er nemleg eigentleg forbudt å gå til toppen av Etna no pga. stor aktivitet dei siste åra. Etter kvart som me nærma oss toppen av det høgaste krateret åpna det seg ei eventyrverd som er vanskeleg å beskriva. Ein aktiv vulkan er noko av det mest fascinerande ein kan oppleva på planeten vår. Absolutt alle sansane er i bruk når du står der. Du ser røyken, du luktar gassen, du smakar gassen (intenst til tider), du føler varmen frå bakken (skosålane kan smelte dersom du står for lenge på feil plass) - men det som gjorde størst inntrykk var likevel lyden. Dei voldsomme eksplosjonane i krateret under oss skapte lydinntrykk som eg aldri kjem til å gløyme. Skremmande og utruleg mektig. Trur no at eg har blitt vulkan-frelst for alvor. Har ein avtale med Giambattista om at så fort Etna fyrer opp att for alvor, så sender han meg ein sms, og eg sit på første fly til Catania.

 

ONSDAG 7. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1115
I dag holdt eg meg langs kysten sidan fjella innanfor var skjult av svarte illevarslande skyer. Ein liten avstikkar opp til Mandanici og Forza d'Agro vart det likevel, uten at eg fekk meir enn tre regndråpar på hjelmen. Sistnevnte by er nesten like spektakulært plassert på ein fjellrygg som Castemola.

 

TYSDAG 6. NOVEMBER
I dag gjorde eg og Mads eit tappert forsøk på å nå toppen av Etna, men etter at me fleire gonger var feid rett i bakken av knallharde vindkast på ein rygg på 2900 meter, fant me ut at det sikkert var ein eller annan fjellvettsregel som sa noko om at dette ikkje var heilt bra... Små lavaklumpar kom flygande gjennom lufta med vinden og me vart både sandblåst og sandslipt. Men kanskje blir det eit nytt forsøk på torsdag, værmeldingane er i alle fall lovande.

 

SUNDAG 4. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1175
Fin tur i fjella bak Malvagne og Randazzo. Flott utsikt mot nordaustsida av Etna, som i dag hadde åpna spjeldet skikkeleg. Ein voldsom røksøyle sto opp frå toppen når me vakna i dag. I morgon prøver me å komma oss opp på toppen, eller i alle fall så langt som det er forsvarleg. Det kan bli spennande! Dersom det er strombolske eksplosjonar, som Etna er kjent for, må ein halda god avstand. Magma og såkalla bomber kan slengast mange hundre høgdemeter opp i lufta, og lande langt frå sjølve krateråpninga.

 

FREDAG 2. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 1670
Rundtur i det store fjellområdet bak Taormina. Frå Granite 800 høgdemeter bratt rett opp og vidare langs ein skarp fjellrygg med flott utsikt begge vegar. Vidare opp på Monte Kafka (970m) der det står eit lite kapell. Så rett ned til landsbyen Roccafiorita som heng i fjellsida under Monte Kafka, og vidare på asfalt ned i dalen. Så opp att på andre sida og utover fjellryggen mot kysten via fjellbyen Savoca, før det igjen stupte rett ned, denne gongen mot havet. Langs kysten attende til den siste bratte bakken opp til Taormina.

 

TORSDAG 1. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 5t 40min
Akk. høgdemeter: 1630
Me har forflytta oss til ein uvanleg flott leiligheit i det som kanskje er Sicilias mest spesielle by, Taormina. Utsikta frå terassen mot Etna langt der oppe, og sjøen langt der nede, er ubeskriveleg! Taormina har også verden smalaste og mest kaotiske gater (min objektive meining så klart), spesielt når ein kjem med ein stor Passat. Men Taormina er også, ved sida av å vera ein veldig triveleg liten fjelltopp-by, ein fin base for lange terrengsykkelturar. I dag vart det riktignok mest asfalt, men det kan jo vera greit av og til som avveksling - i alle fall når omgivelsane er som her. Sykla via Castiglione og Linguaglossa til Randazzo, og via Fiumefreddo heim att. Sør-Italiensk biltrafikk vert no etterkvart håndtert med den største sjølvtillit (faktisk er det veldig moro...), i motsetning til skrekkopplevelsane dei første dagane på Sicilianske vegar. Sicilianarar har den samme innstillinga til trafikkskilt og trafikkreglar som dei har til mafiaen når turistar spør - ingen har sett dei og ingen trur at dei eksisterer.