TRENINGSBLOGG JANUAR 2015

 

LAURDAG 31. JANUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1385
På flyfoto har eg sett ei linje på nesten 500 høgdemeter i lia på sørsida av Espelandsdalen i Granvin som må vera bra. I kveld fekk eg sjekka den ut. Bortsett frå eit svare strev med å komma seg over brøytekanten, viste det seg at dette vart full klaff. Ei bratt li beståande av både åpne glenner der ein kan køyra fort, og bratte parti med "puter" der ein må småhoppa seg nedover i pudderet. Skileik på sitt aller beste. Tre nedkøyringar.

 

FREDAG 30. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1865
Fire nedkøyringar i Tverrlia (Hjortalia) i Jordalen. Ein god del vind over tregrensa så det var ingen grunn til å halda seg i høgda i kveld. I skogen var det nemleg høgtid.

 

TORSDAG 29. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1105
Tre nedkøyringar i Pudderlia. Botnalaust!

 

ONSDAG 28. DESEMBER
Aktivitet: Sykkel (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 240
Kveldstur med fatbiken i fine løyper i Herresåsen.

 

SUNDAG 25. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 5t 20min
Akk. høgdemeter: 2585
Ein ny flott kveld tilbrakt i Hjortalia i Jordalen. Fire nedkøyringar vart det i kveld, dei tre første nesten frå fortoppen på Vardanosi (1294m), den siste frå rett over skogsgrensa. 30 cm. pudder og optimale forhold.

 

LAURDAG 24. JANUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: ca. 1t 40min
Akk. høgdemeter: 520
Njål, Frode og eg tok ein tur opp Lamalia frå Tesdal. Men null sikt og vind gjorde at me snudde rett over tregrensa. Nydeleg pudderføre ned att. 20-30 cm. sidan i går.

 

FREDAG 23. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 665
Deltakarar: Frode, Njål, Martin, Brynjulv, Arnstein, Jarle
Rask tur opp på Horgaletten. 3 cm. pudder i utforløypa ned att, perfekt for store svingar og stor fart.

 

TORSDAG 22. JANUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 845
Jan Olav og eg køyrte ned halvmeterskogen to gonger. Kjempeflotte forhold. Har aldri sett så mykje snø her som det er no.

 

ONSDAG 21. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1595
I går vandra me i fjellet på ekvator, i dag fekk eg to flotte nedkøyringar i Hjortalia i Jordalen. Bra kontrast!

 

17. - 20. JANUAR
Dixon, David, Mads, Johny og eg brukte fire dagar på ein fantastisk vandretur gjennom Mount Kenya-massivet i Kenya.
Les og sjå fleire bilete frå denne turen her
Turen gjennom Mount Kenya-massivet står no også på turprogrammet mitt. Anbefales!

0117 29

0117 29

0117 38

 

FREDAG 16. JANUAR
Også i dag vart det ein runde med kajakk i bølgene.

0115 1

  

TORSDAG 15. JANUAR
I dag var bølgene tidvis store nok til at me fekk surf, ein intens og adrenalinfylt opplevelse i det du merkar at du "tar" bølga.

0115 2

 

ONSDAG 14. JANUAR
Artig padling i brenningane i Zanzibars azurblå hav. Fekk meg også ein sykkeltur på ein god time. På ein av Zanzibars mest moderne syklar...

0114 5

0114 5

0114 5

0114 5

0114 5

 

SUNDAG 11. JANUAR
Aktivitet: Fottur
Fjell: Ol Doinyo Lengai (ca. 2980m), Tanzania
Akk. høgdemeter: 1800
Les og sjå fleire bilete frå denne turen her 

0105 2

0111 24

 

TORSDAG 8. JANUAR
Aktivitet: Fottur
Totaltid: ca. 2 timar
Akk. høgdemeter: ca. 250
Etter å ha sett gruppa vel av gårde ved Machame Gate, tok Mads, Johny, Oscar, David og Roger oss ein tur opp til ein imponerande foss ved foten av Kilimanjaro. Den skal i følge Oscar vera 87 meter høg. Oscar arbeider for min gode venn og samarbeidspartner Michael, og forklarte innlevande om blant anna kaffi- og bananproduksjonen i området.

0108 6

0108 6

0108 6

0108 4

0108 6

0108 6

 

MÅNDAG 5. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 665
Martin og eg tok oss ein tur opp til Horgaletten frå Bavallen. Duskregn og sugeføre, det ser ut som pudderet tar seg ein pause no.

Men det passar bra, for no drar me til Afrika...

Ol Doinyo Lengai (ca. 2960 moh.) og Mount Kenya (Point Lenana, 4985 moh.) skal utforskast dei neste vekene. Ol Doinyo Lengai er ein av dei raraste vulkanane i verda. Lavaen som sprutar ut er heilt svart, er mindre viskøs (meir flytande) enn vatn og kan i nokre tilfelle storkne i lufta og deretter knuse som glas når det treff bakken. Ikkje rart den blir omtalt som den mest spesielle vulkanen i verda... I tillegg er det litt av ein reise berre å komme seg fram til den, der den står og ragar 2200 meter over steppelandet langt nord for Lake Manyara, langt inne i kjernen av masaii-land.

0105 2

Ol Doinyo Lengai

 

SUNDAG 4. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1560
Først ein tur i Myrkdalen, frå Bygd nesten opp på Svolefjellet. Men ikkje optimale forhold, pudderdekket varierte mellom 3 og 25 cm. Ikkje heilt bra når du skal til å setta ein sving i det du trur er botnalaust pudder, og så er det berre eit par cm. ned til skaren. Kan fort gå skikkeleg ille, i alle fall med Kuro ski som absolutt ikkje er konstruert for å sladda på skaren... Ein kjapp telefon til Føremeldinga (Øyvind) fortalde meg at det i dag fortsatt var flotte forhold i Hjortalia i Jordalen, så eg hivde meg i bilen att. Også her hadde vinden herja litt, men heldigvis var skogspartiet fortsatt veldig bra. To turar ned Hjortalia.

 

LAURDAG 3. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 55min
Akk. høgdemeter: 2570
Fire nedkøyringar i Hjortalia i Jordalen. Den første frå fortoppen på Vardanosi (1294m), men avblåst og vindpåvirka øverst så dei neste tre starta eit stykke under toppen. Fantastiske forhold frå ca. 1100 moh. og ned. Fullmånen (nesten i alle fall - heilt full i morgon) sto som ein lyskastar over fjellet og gjorde at eg kunne gå opp utan hodelykt. Dei tre siste laurdagsettermiddagane har eg tilbrakt i denne perfekte fjellsida - eller leikegrinda. Nesten 800 høgdemeter frå topp til botn, omtrent dobbelt så høg som dei andre pudderliene våre. Først dei store og bratte flankane oppe på høgfjellet, så rett inn i den åpne skogen som er akkurat passe glissen og bratt til at du kan køyre fort heilt ned til du skrensar opp framfor bilen.