TRENINGSBLOGG APRIL 2015

 

ONSDAG 29. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 725
Guttorm, Martin og eg på sein kveldstur på Mykkeltveitveten (1131m). Me var spente på om pudderet i den store og bratte dalen ned mot Vetabotnen i nordaust hadde overlevd dei siste daganes temperatur, men det vart full klaff. Fantastisk pudder og stjerner i augene på oss alle tre.

0429 6

0429 6

0429 6

"Great balls of fire!"

0429 6

0429 6

0429 6

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Martin Hindenes)



 

TYSDAG 28. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1 t 30min
Akk. høgdemeter: 240
Bømoen og ein kort tur ned i Prestegardsmoen. Skulle eigentleg opp i Gjernesmoen ein tur også, hugsa ikkje at Tintrabrua var vekke før eg stod på "kanten"...

 

MANDAG 27. APRIL
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 2840
Fire nedkøyringar frå fortoppen på Vardanosi (1294m) i Jordalen. Topp forhold med 10-15 cm. jevnt pudder frå toppen og langt ned i skogen. Vindstille på toppen og ein fantastisk solnedgang.

 

FREDAG 24. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1 time
Akk. høgdemeter: 270
Tvildesåsen og Storåsen. Så lenge eg unngjekk platået på toppen var det stort sett snøfritt.

 

ONSDAG 22. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 2t 35m
Akk. høgdemeter: 1245
Starta i Brandsetdalen. To nedkøyringar frå Eggjane (1162m), den første ned mot Oppheimsvatnet, den andre ned att i Brandsetdalen. Den siste nedkøyringa er ikkje spesielt bratt, men med det fantastiske føret som er no er den flott uansett.

 

TYSDAG 21. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 3t 20m
Akk. høgdemeter: 1655
Deltakarar: Hans Inge, Bjarte, Arnstein, Brynjulv, Jarle
Som på fredag var målet i dag eit par nedkøyringar av den store vestflanken på Oksen (1241m). Då me starta på Tjoflot var heile Oksen ned til ca. 500 moh. dekka av skyer og me såg ikkje noko til verken himmel eller sol. Men innan me nådde toppen var det strålande sol frå skyfri himmel. Dette var for så vidt akkurat som værmeldinga tilsa, men det er likevel eit av dei raskaste værskifta eg har opplevd. Og nedkøyringane var som på fredag, smørslush av ypperste kvalitet heile vegen.

0421 6

0421 6

0421 6

0421 6

0421 6

0421 6 

 

MÅNDAG 20. APRIL
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 760
Planen var å ta treningsfri i dag, men då Even, Martin og Øyvind skulle på Horn (1103m) seint i kveld slengte eg meg med likevel. Flott solnedgang på toppen og ein kjempefin nedkøyring av den bratte sørflanken.

(Foto: Martin Hindenes)

 

SUNDAG 19. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 6t 25m
Akk. høgdemeter: 2360
I dag var det Brynjulvs heimefjell i Jondal som stod på programmet. Storefjellet (1133m), Steinafjell (1404m) og Grytingsfjellet (1092m) fekk besøk av oss i dag. Det vart nedkøyringar både på nord- og sørsider. Det er dei kalde nettene som gjer at føret blir så ufatteleg bra for tida. Pudderet held seg i nordsidene, og der sola slepp til på dagtid blir det rask slush som ikkje sug. Når det er varmegrader om natta blir strukturen i snøkorna ofte slik at det blir eit voldsomt sug i snøen, spesielt med breie ski. Prikken over i'en i dag var at me tilfeldigvis møtte på Lars i den koselege hytta si i Osadalen, så dei av oss som har blitt vaksne fekk seg ein kaffikopp.

0419 3

0419 3

0419 3 

 

LAURDAG 18. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 5t 50m
Akk. høgdemeter: 1965
Eg og Brynjulv reiste vidare til Jondal der me vart tatt vel i mot av foreldra til Brynjulv. Dette vart basen for eit par topptur-dagar i Rosendal og Jondal som me kjem til å hugse lenge. Då Brynjulv foreslo ein tur til Gygrastolen (1339m) for nokre dagar sidan, visste eg knapt nok kvar dette fjellet var. No veit eg at det er eit av dei aller beste topptur-fjella i Norge og at nordflanken er ein av dei flottaste flankane eg nokonsinne har køyrt. Og når me i tillegg fekk to nedkøyringar i perfekt 20 cm. pudderføre dei øverste 400 høgdemetrane og perfekt slush dei nederste 400 vart dette ein uforgløymeleg dag. Alle som var på Gygrastolen 18. april 2015 kjem til å ha stjerner i augene i lang, lang tid framover. Føret i dag kjem til å bli målestokken for perfekt føre i overskueleg framtid. Me avslutta dagen med båttur og eit par kalde pils i Brynjulvs flotte daycruiser, mens me plukka ut framtidige linjer i solnedgangen på Hardangerfjella.

0418 5

0418 5

0418 5

0418 5

0418 5

 

FREDAG 17. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1725
Deltakarar: Bjarne, Olav, Frode, Brynjulv, Jarle
Me starta på Tjoflot og dermed måtte me for første gong i år bæra skiene for å komma opp i snøen. Me gjekk opp den ruvande vestflanken på Oksen (1241m). Så køyrte me ned austsida ned til under skogsgrensa før me traska opp att til toppen for å køyra ned Hardangers kanskje flottaste fjellside. Etter eit par litt nølande svingar for å testa om slushen var så flott som den såg ut til, var det berre å gi full gass ned heile vestflanken. Vanvittig bra, ikkje så mykje meir å sei...

0417 3

0417 3

0417 3

 

TORSDAG 16. APRIL
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 965
Asfalt-tur inn Raundalen til Mjølfjell. Vegen gjennom Raundalen er Vossavarianten av berg- og dalbane.

 

MÅNDAG 13. APRIL
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 5t 45 min
Akk. høgdemeter: 3140
Dei siste dagane har det blitt klart at dagen i dag ville bli ein Vardanosi-dag. Værmeldinga varsla nedbør og låge temperaturar i går og i natt. Og i dag tidleg meldte Myrkdalen om 25 cm. pudder. Så det var ingen tvil – ettermiddagen og kvelden måtte tilbringast i Jordalen. Då eg satte foten ut av bilen på parkeringsplassen var det minst 20 cm. tørr snø sjølv så langt nede, det er uvanleg i midten av april. Det fins ikkje ein betre måte å tilbringa ein lang kveld på – med Radioresepsjonen på iPod’en opp, og Metallica på høgt volum ned. Fire perfekte nedkøyringar.

 

LAURDAG 11. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1 t 45min
Akk. høgdemeter: 320
Stisykling i Bømoen. Dei fleste stiane er no tørre og fine.

 

FREDAG 10. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1890
Starta ved Espelandsfossen. To nedkøyringar frå Hestastodnuten (1401m). Nydeleg slush oppe, litt vel blaut under 800 moh. men heldigvis ikkje sugeføre.

0410 2

0410 2 

 

TORSDAG 9. APRIL
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 1 t 40min
Akk. høgdemeter: 450
Sykla opp Raugstadløypa, og eit par rundar i løypene rundt Raud Kross-hytta. Kjempefin snøsykling med vid utsikt.

 

ONSDAG 8. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 5t 55min
Akk. høgdemeter: 3075
Tidleg start i dag sidan dette var den einaste dagen med skikkeleg finvær på langtidsmeldinga. Og Horndalsnuten (1461m) slo til med smørslush av beste merke. Dvs. på nordsida (starta frå Nedrestølen) var det panserskare dei siste 500 høgdemetrane til toppen. Godt at eg tok med skarejern. Men sørsida var heilt fantastisk. To nedkøyringar rett ned elvedalen til Skytjeset, og ei ned flanken i vest til Modalen.

 

MÅNDAG 6. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 960
Den siste dagen av ein av dei flottaste påskane nokonsinne vart det gråvær. Eg og Frode tok ein tur på Horndalsnuten frå Skaftedal, men snudde rett under toppen sidan me var i ferd med å miste skispora me fulgte i total whiteout. Føret var heilt ok ned att til Latebakken, men ut den lange og flate Skaftedalen var det sugeføre av verste sort.

 

SUNDAG 5. APRIL
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1560
I dag var det overskya og flatt lys, så me tok to nedkøyringar frå fortoppen på Vardanosi (1294m), sidan det var mange spor og dermed bra kontrastar der.

0403 3 

ilete frå fredag. Nesten alle spora ned fjellsida i bakgrunnen er våre. På under fire døgn har eg køyrt ned dei nesten 800 høgdemetrane frå Vardanosi ti og ein halv gong, ca 8350 høgdemeter. Totalt desse fire døgna har eg køyrt 11455 høgdemeter. Pudder-galskap :)

 

LAURDAG 4. APRIL
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 8t 30min
Akk. høgdemeter: 2835
Tour de Jordalen (nesten reprise av min og Øyvinds tur 12. mars). Dette er verkeleg ein av favoritt-rundane mine på Vestlandet. Starta på Nosi. Først opp på Fyresnipa (1461m), så ned att i Berdalen og over skaret sør for Kjøroldnuten til Fresvikjordalen. Så opp på Smørbotnnuten (1524m) og heilt ned att i dalen, deretter opp på Vardafjellet (1470m). Som 12. mars var føret perfekt frå topp til dalbotn.

0404 6

0404 6

0404 6

0404 6

0404 6

0404 6 

 

FREDAG 3. APRIL
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 6t 45min
Akk. høgdemeter: 3100
Frode og eg snudde på femøringen og havna på ei campinghytte i Gudvangen i staden for i eit telt under Skogshorn i Hemsedal… Ingen vits i å reise over bekken etter vatn – føret blir ikkje betre enn det er i Vossafjella no. Me starta tredagars-turneen i Jordalen med tre og ein halv nedkøyringar frå fortoppen på Vardanosi (1294m), samt ein tur bort på Solbjørganipa (1464m). Ubeskriveleg påskeføre, pudderet ligg fullstendig urørt i absolutt alle himmelretningar og høgder over havet. No er også Frode hekta på Vardanosi…

0403 3

0403 3

  

ONSDAG 1. APRIL
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 6t 50min
Akk. høgdemeter: 3960
Nesten fire vertikale kilometer med tunge Kuro-ski var absolutt ikkje planen då eg reiste til Jordalen i kveld. Men når forholda er slik dei er no er det ikkje lett å stoppe. Kvar einaste sving på dei fem nedkøyringane var i perfekt snø. Ikkje eit vindpust har påvirka pudderet som har komme dei siste dagane.

No dreg eg og Frode til Hemsedal. Eg legg ut bilete og opdateringar når me kjem heim att på sundag kveld.