TRENINGSBLOGG JUNI 2015

 

SUNDAG 28. JUNI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 6t 20min
Akk. høgdemeter: 2320
Starta på Krossbu også i dag. Her kan ein gå med ski heilt frå bilen fortsatt – utruleg i slutten av juni. Tok først Hurrbreatinden (2064m), slapp meg så langt ned Hurrbreen (dagens flottaste nedkøyring!). Så opp på Loftet (2170m), ned att i skaret og opp eggen til Veslfjelltinden (2157m). Denne nordvendte eggen var til dels dekka av is, så sidan eg ikkje tok med stegjern og isøks i dag var det berre så vidt eg kom meg opp. Så rett ned den bratte sørflanken på Veslfjelltinden, ei nedkøyring som eg gjorde for 15 år sidan og som eg lenge har ønska å køyra igjen. Utruleg flott linje! Så opp på Veslbreatinden (2092m) og deretter Storbreatinden (2018m). Til slutt opp att på Veslbreatinden (2092m) sidan den lange nedkøyringa attende til Krossbu er finast om ein startar der. Alle nedkøyringane var i topp føre også i dag, unntatt siste halvdel ned att mot Krossbu der det vart bremseføre av verste slag. Måtte staka ned henget mot hytta…

0628 2

0628 2

  

LAURDAG 27. JUNI
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 660
Overdose sol i går, så eg drog ned i låglandet for å komme unna den intense strålinga. Fjelltur frå Fortun opp til Bruhaugstølen.

 

FREDAG 26. JUNI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 7t 50min
Akk. høgdemeter: 2540
Ein av vinterens (?) flottaste skiturar. Starta på Krossbu. Var på Skeie (2118m), Veslebjørn (2150m), Storebjørn (2222m), Kniven (2133m), Store Smørstabbtinden (2208m) og Veslbreatinden (2092m). Smørslush i slutten av juni er unikt, men kuldegrader om nettene gjer susen. Slapp meg langt ned på austsida av Storebjørn mot Leirdalen sidan føret var så bra. Forsøkte meg også på Sokse (2189m) men fallande is i solsteiken gjorde at det definitivt ikkje var dagen for å gå bratte og soleksponerte renner. (Sjå alle bileta frå turen her)

0626 15

0626 15

0626 15

0626 15

0626 15

0626 15

0626 15

0626 15

0626 15

0626 15

0626 15

0626 15

0626 15

0626 15

0626 15

 

TORSDAG 25. JUNI
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 800
På veg til sommarski i Jotunheimen, men kom meg litt for seint av gårde til at det vart skitur i dag Gjekk derfor frå Lærdal rett opp den fine stien rett nord for sentrum til stølen Åsen. Flott utsikt!

 

TYSDAG 23. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 635
Tok ein runde inn Bordalen via Gjelle og over Herresåsen.

 

SUNDAG 14. - SUNDAG 21. JUNI
Ei veke med toppturar frå seglbåt på nordvestkysten av Svalbard. Ein tur eg aldri kjem til å gløyme med fantastisk skikøyring, enorm natur og eit rikt dyreliv som me verkeleg fekk oppleva på svært nært hald. Når det i tillegg var eit svært hyggeleg og kunnskapsrikt selskap (tidlegare både fangstmann og feltinspektør var med på turen) og fantastisk mat kan ein ikkje få det betre. Stor takk til Erlend og gjengen som inviterte meg med på denne turen.

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 38

0614 39

 

MÅNDAG 8. JUNI
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 1050
Den siste dagen i Italia i denne omgang vart nytta til ein flott fjelltur opp på Monte Camicia (2564m), eit av dei høgaste fjella i Gran Sasso-massivet.

0605 5

Monte Camicia (2564m) i bakgrunnen med sol på toppen

0608 2

Monte Camicia (2564m)

0608 2

 

SUNDAG 7. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 20min
Akk. høgdemeter: 1660
Sykla frå Assergi oppover mot dei austlege delane av Gran Sasso-masivet. Opp i skaret aust for Pizzo di Camarda og deretter på sti ned i Valle del Chiarino på austsida av fjella. Verkeleg ein spennande tur der eg ikkje hadde mykje peiling på kva som venta meg. Eg fulgte stien i kilometer etter kilometer i den tette skogen utan eigentleg å vita kvar eg ville havne. Hadde ikkje kart over dette området. Men eg havna til slutt der eg håpte, og den lange runden rundt fjella igjen kunne starte.

0607

 

LAURDAG 6. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1140
Brukte dagen til å utforske stiar og grusvegar på Campo Imperatore og ned til Castel del Monte og Calascio.

0606 5

0606 5

0606 1

0606 5

0606 5

 

FREDAG 5. JUNI
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: ca. 1000
Hadde tenkt å førsøka meg på kongen av Gran Sasso i dag, Corno Grande (2912m). Men då eg nærma meg foten av fjellet og såg opp normalruta vart det klart at det var for mykje snø igjen til at det var trygt. Såg heller ikkje spor etter nokon andre oppover dei bratte flankane. Eg satte derfor kursen mot ein av naboane, Pizzo Cefalone (2533m). Bratt og flott topp med nydeleg utsikt mot Corno Grande.

0605 5

Pizzo Cefalone (2533m)

0605 5

0605 5

0605 5

 

TORSDAG 4. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 1Omin
Akk. høgdemeter: 1210
Nydeleg dag på Campo Imperatore, eller "piccolo Tibet". På dei store flyene er det massevis av fine stiar, og terrenget er i seg sjølv så jevnt og fint at ein kan sykle over alt. Og heile tida har ein dei store fjella i aust som ruvar over terrenget. Fantastisk stad - Italia er utruleg variert!

0604 14

0604 14

0604 14

0604 14

0604 14

0604 14

0604 14

0604 14

0604 14

0604 14

0604 14

 

ONSDAG 3. JUNI
Aktivitet: Sykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 2Omin
Akk. høgdemeter: 830
Har forflytta meg eit par hundre kilometer til Gran Sasso Nasjonalpark nær austkysten. Denne nasjonalparken har eg hatt lyst til å besøke lenge, her er det både fin stisykling og høge fjell, blant anna Corno Grande som er det aller høgaste med sine nesten 3000 moh. Nasjonalparken har også ei stor høgfjellslette på ca. 20 x 10 kilometer, ei av dei få høgfjellslettene i Europa (sett bort frå Norge og Sverige sjølvsagt). Den vert faktisk kalla "piccolo Tibet" (vesle Tibet). Sidan turen i går var så lang og hard vart det ein roleg og relativt kort tur i dag. Starta i Assergi, landsbyen ved foten av fjellmassivet, og sykla opp til "Tibet". Spesiell natur!

0604 12

0604 12

0604 12

 

TYSDAG 2. JUNI
Aktivitet: Sykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 7t 4Omin
Akk. høgdemeter: 2230
Langtur på Amalfikysten. Var blant anna ut på klippane heilt i vest, der du ser ned på øya Capri som ligg rett utanfor kysten. Vidare austover kysten og opp via Ravallo over fjellet igjen. Å sykle langs Amalfikysten er forholdsvis farleg - og då tenker eg ikkje først og fremst på alle italienararan på sine kraftige prosjektil av nokre scooterar som køyrer som om det var VM i roadracing. Problemet er at det er nesten umogeleg å halda blikket på vegen, omgivelsane er så spesielle at dersom ein skal køyra bil langs denne kysten er det obligatorisk med cabriolet. Men du skal vita kva du gjer dersom du legg ut med bil i dette området, vegen er så smal og svingete at det oppstår trafikkorkar heile tida. Med sykkel kjem ein seg faktisk stort sett raskare fram enn med bil. Og eg tør ikkje tenka på korleis det er her når turistseongen begynner seinare i sommar.

0602 5

0602 5

0602 5

0602 5

0602 5

 

MÅNDAG 1. JUNI
Aktivitet: Sykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 1855
Amalfi-kysten sør for Napoli er ein draum for syklistar. I dag har eg vore på asfaltveg heile dagen, men for ein veg – og for eit landskap. Dei små landsbyane klorar seg fast i fjellsida og mange stader er det vanskeleg å forstå korleis nokon fekk ideen å legga vegen der dei har gjort. Flåklypa er motorveg i forhold til nokre av dei stadene eg har vore i dag. Starta på nordsida med dagens første fjellpass (ca. 650 moh.) over til Maiori. Så vestover Amalfi-kysten til Castiglione der dagens andre bakke starta. Over passet (ca. 710 moh.) og ned att på nordsida. 28 grader og steikande sol i dag også. Heldigvis gjer den friske havbrisen at det ikkje føles fullt så varmt.

0601 5

0601 5

0601 5

0601 5

0601 5