TRENINGSBLOGG MAI 2015

 

SUNDAG 31. MAI
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: ca. 1400
I slutten av mai vert skiføret som regel så dårleg i Norge at eg tar med meg stisykkelen og dreg sørover. I fjor var eg i Sierra Nevada i Spania. I dag flaug eg til Roma og sidan eg var så tidleg av gårde rakk eg ein skikkeleg tur sjølv første dagen. Vulkanen Vesuv (1281m) ligg rett ved kysten av Middelhavet, søraust for Napoli. Starta heilt nede i fjæresteinane vest for Pompeii (som vart totalt øydelagt av utbrot i år 79) og fulgte den spennande historiske vegen/stien på sørsida som går heilt til topps. Faktisk var det mogeleg å komme seg berre 50 meter under toppen med sykkel før eg gjekk det siste stykket på beina. Artig terreng ned att også, og etter kvart kom eg inn på "turistvegen", asfaltvegen som slynger seg opp på vestsida av vulkanen.

0531 3

0531 3

0531 3

På toppen av Vesuv (1281m)

 

FREDAG 29. MAI
Aktivitet: Sykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 740
Njål, Brynjulv og eg tok ein tur opp Gjelle, inn Bordalen og over Herresåsen til Dalsleitet. Ned att gjennom Bømoen.

 

TYSDAG 26. MAI
Aktivitet: Sykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 635
Rask runde opp Gjelle, innover Bordalen og over Herresåsen.

 

MÅNDAG 25. MAI
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 55 min
Akk. høgdemeter: 425
Kort tur opp på Solhorgi (1015m) frå Nesheimsfjellet. Sikkert min kortaste skitur i år. Inspirasjonen til å ta fleire nedkøyringar var liksom ikkje der, sidan føret var under gjennomsnittet både opp og ned. Men det er ein flott flanke som skal utforskast meir neste vinter.

 

LAURDAG 23. MAI
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 795
Bakkedrag i motbakkane opp mot Gjelle. Første kvalitetstreninga på 7 månader... Heile topptur-sesongen ligg eg stort sett på ein intensitet som ikkje er heilt etter moderne treningsprinsipp. "Lapskaus-trening" vert det ofte kalla. Med tunge ski vert ein ofte liggande med ein puls på rundt 140 i motbakkane og det er ikkje verken fugl eller fisk. Dersom eg trente for å bli raskare eller sterkare burde eg halvert antal timar og trent meir variert. Men på vinteren er det kun fokus på ein ting - flotte nedkøyringar i store fjellsider. Og då blir det som det blir. Tyngre skiutstyr gir som regel betre køyreeigenskapar. I sykkelsesongen derimot, er det enklare - og ikkje minst artigare - å variere. Rekna med ein tung tur i dag, men det gjekk overraskande lett.

 

TORSDAG 21. MAI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 8 timar
Akk. høgdemeter: 2290
To tunge bører med telt, kokeutstyr og mat skulle frå Fåbergsstølen opp på Jostedalsbreen. På den første turen hadde eg bra vær, men på den andre vart det så dårleg sikt at eg måtte gå med nasa i GPS'en for å finna igjen depotet. No ligg alt nedgravd oppe på breplatået og ventar på deltakarane på våre to Josten på langs-turar.

 

MÅNDAG 18. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1 time
Akk. høgdemeter: 315
Tvildesåsen og Storåsen.

 

SUNDAG 17. MAI
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 910
Bilen stod att i Ulvik etter fredagens langtur og eg tok derfor sykkelen fatt for å henta den. Var ein tur inn til Osa også. Rjomagraut-pause i Trå etterpå sørga for at energilagra vart meir enn fylt opp att.

 

FREDAG 15. MAI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 11t 35min
Akk. høgdemeter: 4600
Hardanger/Voss har sin eigen variant av 7 Summits. Frå aust mot vest kneisar Vassfjøro (1633m), Skorafjellet (1583m), Nordbotnnuten (1471m), Olsskavlen (1576m), Seldalsnuten (1548m), Skipadalsnuten (1496m) og Horndalsnuten (1461m) på ei lang rekkje. Heilt sidan eg sprang denne turen på ca. 12 timar for mange år sidan, har eg hatt planar om å gå den på ski. I dag gjennomførte Marius, Frode, Brynjulv og eg den 47 kilometer lange turen. Me starta på Lekve i Ulvik og enda i Skaftedalen i Granvin. Som for to veker sidan på Meneseggi fekk me 100% forhold - strålande vær og perfekt føre. Me opplevde til og med 5 cm. pudder på dei første nedkøyringane. Det er dei tre første fjella som utgjer det meste av distansen og høgdemetrane på denne turen. Då me stod på Olsskavlen hadde me alt gått 3800 høgdemeter, og det var "kun" innspurten over Raundalsryggen igjen. Ein ubeskriveleg flott dag vart avslutta med eit par velfortjente (syns me sjølv...) halvliterar og treretters servert av Elisabeth på Vetleflaten.

0515 7

0515 7

0515 7

0515 7

0515 7 

0515 8

0515 23

0515 23

0515 23

0515 23

0515 23

0515 23

0515 23

0515 23

0515 23

0515 23

0515 23

0515 23

0515 23

 

TORSDAG 14. MAI
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1300
Sykla opp Flåmsdalen. Kom meg heilt til svingane under Myrdal før snøen dekka vegen. Skremmande å sjå dei store skadane etter flaumen i haust oppover Flåmsdalen. Mange hus er vekke og veg og jarnbane vart fullstendig øydelagtt mange stader. Avslutta med ein "klatreetappe" opp til Ryali under Ramnanosi på austsida av dalen.

 

ONSDAG 13. MAI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1955
Starta ved Espelandsfossen og gjekk først på Nordbotnnuten (1471m). Køyrde så ned Trollarenna til Trollabotnen i flott slush. Akkurat samme starten som eg og Øyvind hadde på sundag altså (sjå bileta frå sundag). Men i staden for å gå opp på Olsskavlen køyrde eg vidare ned den dramatiske Nordrebotnen til Botnen og fulgte spora mine opp att på fortoppen på Hestastodnuten (1401m). Køyrde Hestastodene ned att.

 

SUNDAG 10. MAI
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 5t 25min
Akk. høgdemeter: 2580
Øyvind og eg starta ved Espelandsfossen og tok i rask rekkefølge Nordbotnnuten (1471m), Olsskavlen (1576m) og fortoppen til Nordbotnnuten (1401m). Den fyrste nedkøyringa, ned Trollarenna til Trollabotnen, var dagens desiderte høgdepunkt. Pudder og blå himmel. Ellers var føret flott slush, men litt varierande sikt på dei andre nedkøyringane då det etter kvart la seg litt skyer over fjella.

0510 3

0510 3

0510 3

Bilete over: Jarle Trå
Bilete under: Øyvind Birkeland

0510 yvind 6

0510 yvind 6

0510 yvind 6

0510 yvind 7

 

LAURDAG 9. MAI
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 540
Voss - Granvin - Voss.

0509 2

0509 2

 

TYSDAG 5. MAI
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 560
Værmeldingane lova regn utover dagen, så fekk meg halvannan time på sykkelsetet tidleg mens sola fortsatt skein. Blant anna rundt Vangsvatnet og opp Dyrvedalen.

 

SUNDAG 3. MAI
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1670
Starta på Tjoflot. To nedkøyringar frå Oksen (1241m). Perfekt slush.

0503 2

0503 2

 

LAURDAG 2. MAI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 12 timar
Akk. høgdemeter: 3915
For 12 år sidan gjekk me Meneseggi vest for Fjærlandsfjorden i Sogn for fyrste gong. Meneseggi kan kanskje kallast Noregs flottaste skitur i alpint fjordlandskap! Turen er svært lang og over 2000 høgdemeter. I dag hadde Martin, Frode, Marius og eg mål om å gå den doble distansen - over 4 mil og nesten 4000 høgdemeter (nokre av høgdemålarane våre viste over 4100 høgdemeter etter turen). Etter at Meneseggi var tilbakelagt fortsatte me nordover og endte til slutt på turens aller høgaste punkt, Sunnfjordbjørnen (1615m). Turen enda ved botnen av vegen opp til Gaularfjell, der me hadde satt ut ein sykkel om morgonen slik at me kunne henta bilen som stod att på Meneseggi. Me hadde eit føre som ein berre kan drøyme om, sjølv på alle toppryggane som me fulgte lå det 5 cm. pudder. Her kunne det fort ha vore avblåst og skarete, og vanskeleg å ferdast. Nesten alle nedkøyringane på denne turen er nordsider, og der låg det 20 cm. pudder av aller beste sort. Sjølv med lette ski var det berre å gi full gass. Det er alltid vanskeleg å beskrive slike turar i etterkant, fordi det er umogeleg å formidle den følelsen me hadde då me stod nede ved bilvegen igjen etter eit 12 timar langt eventyr. Men me var einige om at når me om forhåpentlegvis veldig lang tid endar på gamleheimen og sit der og mimrar og overdriv om flotte skiturar me har gjort i "ungdommen", då er denne turen ein av dei me kjem til å snakka om.

0502 12

0502 12

0502 12

0502 4

0502 12

0502 12

0502 12

0502 12

0502 12

0502 12

0502 12

0502 12