TRENINGSBLOGG AUGUST 2015

 

MÅNDAG 31. AUGUST
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1310
Fjell: Lønahorgi (1410m) frå Nordrekvål via Klondyke
Brynjulv, Njål, Taro og eg. Kjempefin tur i sol, vindstille og tørre forhold - i alle fall oppe på høgfjellet. Litt sleipt ned den bratte lia etter alt regnet dei siste dagane.

 

LAURDAG 29. AUGUST
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 980 opp / 1285 ned
Vebjørn, Bjarte, Brynjulv, Taro og eg reiste på hytta på Hamlagrø fredag kveld. Etter å ha lada opp med sjølvfiska fjellaure, rømme og det som høyrer til i går kveld, sprang Brynjulv, Taro og eg over Gråsida og Gråsidetoppen i dag. Kjempefin tur, på tross av at det striregna stort sett heile tida.

 

ONSDAG 26. AUGUST
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1030
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) frå Gjelle

 

MÅNDAG 24. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 945
Roleg tur frå Oppheim inn Oppheimsdalen. Reppane, Kvanndalen og Stølshaugen.

 

SUNDAG 23. AUGUST
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1530
Fjell: Slogen (1564m) frå Øye
Morgontur på Slogen, giganten som står midt i indrefileten av Sunnmørsalpane.

0823 2

0823 2 

 

LAURDAG 22. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 790
Starta ved Kalvatn. Først inn Skjåstaddalen til Viddal innerst i Hjørundfjorden, vidare opp til Viddalssætra.

 

FREDAG 21. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1150
Det beste av Sunnmørsalpane frå sykkelsetet. Nesten fire timar der nakken fekk like mykje trening som beina... Spektakulært! Starta i Hellesylt og snudde på ferjekaien i Leknes. Var opp diverse småvegar/fjellvegar undevegs.

0821 6

0821 6

0821 6

0821 6

0821 6

0821 6

 

TORSDAG 20. AUGUST
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1000
Prøvde meg på Store Smørskredtind (1630m), men måtte snu då eg kun hadde med isøks og ikkje stegjern. Store snømengder fyller fortsatt renna frå sør.

0820 2

0820 2 

 

ONSDAG 19. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 6 timar
Akk. høgdemeter: 2120
Starta med å ta ferja frå Hellesylt til Geiranger. Har tatt denne ferja fleire gonger før, men ein må berre vera einig med alle turistane i at det er "breathtaking"... Frå ferjekaien i Geiranger er det langt attende til Hellesylt med sykkel. Og eg tok ikkje den kortaste vegen, eg ville ha mest mogeleg grusveg og helst litt sti. 13 mil vart det til slutt. Først opp dei godt 1000 høgdemetrane på asfalt til Djupvatnet. Så ned til krysset med Strynefjellsvegen. Men ned til Stryn på nyevegen er ikkje interessant då det er mange lange og smale tunnelar. Meir spennande er det å ta grusvegen som går parallelt med Strynefjellsvegen heilt aust til Grotli. Denne minnar om Rallarvegen så det går an å halda stor fart. Så vestover på Gamle Strynefjellsvegen på fin grusveg heilt opp til sommarskisenteret og deretter ei lang nedkøyring til Stryn. Så rundt Oppstrynsvatnet og opp til Flo. Til slutt venta rosina i pølsa. Frå Flo går det først ein kjerreveg bratt opp til Flosætra. Så på nydeleg sti mange kilometer til Vollsætra. Då er ein innerst i dalen som ledar ned til Hellesylt att, og etter ein rask nedkøyring på asfalt var ringen slutta - bokstaveleg talt. Fantastisk flott tur! Var litt tung i beina opp mot sommarskisenteret, men etter litt proviantering på butikken i Oppstryn vakna kroppen så til dei grader til liv igjen og dei siste par timane var det berre å pøsa på. Det er ein utruleg god følelse når ein merkar at kreftene er der i overflod sjølv etter 5-6 timar med forholdsvis hard intensitet. Det er adrenalin og endorfin og eg veit ikkje kva... Det er vel den følelsen som gjer at eg og mange av kompisane mine betraktar oss som treningsnarkomane.

0819 6

0819 6

0819 6

0819 6

0819 6

0819 6 

 

MÅNDAG 17. AUGUST
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1030
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) frå Gjelle
Njål, Frode og eg på fin kveldstur. Endeleg fekk ein sommarfølelsen sjølv langt til fjells.

 

SUNDAG 16. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 605
Oppvarming rundt Vangen og så eit langt drag opp til nedre stasjon på Slettafjellet.

 

LAURDAG 15. AUGUST
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1320
Fjell: Lønahorgi (1410m) frå Nordrekvål via Klondyke
Når det er tørt er dette ei kjempefin rute opp på Horgje. Den "nye" stien har gjort Horgje til eit mykje meir aktuelt fjell for springeturar for min del. Den "gamle" stien frå Bavallen var ikkje spesielt spennande sidan du måtte gjennom både hyttefelt og skianlegg før du var på høgfjellet.

 

FREDAG 14. AUGUST
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 225
Planen var å sykla frå Osafjellet over til Hallingskeid og attende. Ein tur eg har hatt planar om lenge, men i dag var tydelegvis ikkje dagen for dette store prosjektet... Kl. 6 starta eg frå dammen, men då temperaturmålaren viste 13 grader alt så tidleg på morgonen var det grunn til bekymring. Ideen var nemleg å dra nytte av dei dei enorme dekka til Surly'en på dei store snøfennene som fortsatt dekkar det meste av terrenget. Det var derfor eg starta så tidleg, for at snøen skulle vera så fast som mogeleg. Men den varme austavinden gjennom natta gjorde at det var slush-tendensar alt kl. 6 om morgonen. Då hjelper det ikkje uansett kor store monsterdekk du har. Eg var glad ingen såg meg der eg forsøkte å halda meg på sykkelen. Eg minna nok meir om ein full fyr på veg heim frå fest der eg til tider låg like mykje på ryggen på snøen som eg satt på setet. Eg såg heller ikkje heilt gleda i å gå på beina med ein sykkel ved sida av seg heilt til Hallingskeid og attende, så eg snudde og kava meg attende til bilen før evt. skigåarar kom og fekk seg ein god latter.

0814 1

Det er verkeleg ingen overdrivelse alt snakket om dei store snømengdene som fortsatt ligg i fjellet på Vestlandet. Slik ser det ut 14. august på Osafjellet, og dette bilete er tatt kun 990 moh...

0814 3

0814 3

 

TORSDAG 13. AUGUST
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1340
Olsskavlen (1576m) frå Olavstøl i Granvin. Køyrte også ned ein flanke mot sørvest frå toppen, så langt ned eg kom før stupet ned mot Seldalen. Ein spennande stad som eg aldri har vore før. Dette vart sesongens siste skitur, eller?

0813

 

ONSDAG 12. AUGUST
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 22min
Akk. høgdemeter: 255
Martin og eg surra rundt på diverse stiar i Bømoen.

 

TYSDAG 11. AUGUST
Aktivitet: Fisketur
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 100
Er vel litt drøyt å kalle ein fisketur for trening. Restitusjonstrening kanskje til nød... Men godt for sjela er det i alle fall. Og matauk vart det også, fisken var svært bitevillig i kveld.

 

MÅNDAG 10. AUGUST
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 640
Even, Martin og eg tok ein runde i Bømoen og over Storåsen. Fine forhold. Sjølv om det har vore fuktig i det siste så var det stort sett tørka opp på røtter og steinar i alle fall.

 

LAURDAG 8. AUGUST
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 1085
Fjell: Oksen (1241m) frå Tjoflot

 

FREDAG 7. AUGUST
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 920
I fjella nord for Geilo opp mot Hallingskarvet er det mykje å velga i for stisyklistar. Martin tipsa meg om ein fin sti på Havsdalshovda som eg ikkje hadde tatt før. Tok også klassikaren frå Geilohovda til Prestholt.

0807 

 

TORSDAG 6. AUGUST
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 25min
Akk. høgdemeter: 1060
Drøymedag på Norges beste høgfjells-stiar på Golsfjellet. 

Øystein Bjørke lagde denne videoen frå Golsfjellet i perfekte forhold i september fjor.

 

ONSDAG 5. AUGUST
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 720
Rett nord for Beitostølen er det fine forhold for stisykling. Nokre parti er forholdsvis tekniske med skarpe steinar, her er det ein fordel med fulldempar og skikkeleg feite dekk. Starta i sentrum og kom til slutt ut på asfalten igjen i Båtskaret ved Bitihorn.

0805 2

0805 2 

 

TYSDAG 4. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 1290
Frå Vågåmo (365m) går det ein grusveg heilt opp til toppen av Blåhøi (1617m). Blåhøi minnar nesten litt om Gaustatoppen der den ragar over dei store dalane mellom Jotunheimen og Rondane. Dette er den tredje høgaste køyrbare vegen i Norge. Det var berre 12 grader då eg starta frå Vågåmo så eg ga bra gass oppover for å halda varmen i kroppen når eg nærma meg toppen. Der oppe var det kun 3-4 plussgrader, skodde og ein vind som nesten blåste meg av vegen i skaret før toppen. Har aldri før hatt med meg dunvest på treningstur med sykkel, men den var god å ha på den lange turen ned att.

 

MÅNDAG 3. AUGUST
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1530
Kanskje var dette sesongens siste skidag? Nydeleg tur i Jotunheimen på Fannaråken (2068m), Steindalsnosi (2025m) og "sørtoppen" på Steindalsnosi (1936m). Det minkar på snøen generelt, men på denne turen - som eg ofte tar som den siste skituren kvar sommar - var det som vanleg samanhengande snø heilt frå bilen til toppen. Nysnø over 1700m ga kanonføre, spesielt siste nedkøyringa frå Steindalnosi mot bilen var uforgløymeleg. Store svingar nedover fjellsida rett mot solnedgangen i nordvest... Dersom det var dei siste svingane denne sesongen var det tidenes avslutning av skisesongen!

0803 5

0803 5

0803 5

0803 5

0803 5

 

SUNDAG 2. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 625
Inn Bordalen via Gjelle og over Herresåsen.

 

LAURDAG 1. AUGUST
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 7t 35min
Akk. høgdemeter: 2760
Fullmånetur på Raundalsryggen på ski - i august!
Slik sommarværet er for tida må ein nytta dei få timane med finvær som dukkar opp mellom regnbygene. Natt til i dag lova værmeldinga nydeleg vær og vindstille i fjellet, og det var også fullmåne. Starta derfor på Olavstøl i Granvin i 20-tida i går kveld, med planar om å gå Raundalsryggen til Horndalsnuten og attende samme veg. Første toppen var Stavaskarsnuten og været slo verkeleg til. Det var eit nydeleg panorama mot Hardanger i det sola begynte å farge fjella raude. Då eg var nesten på toppen av Olsskavlen kom fullmånen opp og sola gjekk ned ein halvtime seinare i det eg nærma meg toppen av Seldalsnuten. Vidare til Skipadalsnuten og rett ned Superflanken i nordvest til Horndalsbotnen. Å køyra ned denne på ski med hodelykt i august var spesielt, og eg trur vel aldri eg kjem til å få oppleva det igjen. Så opp på siste toppen, Hordnalsnuten. Attende samme veg, men no gjekk eg ryggen opp att på Skipadalsnuten. Dette var einaste staden eg gjekk utan ski på turen, bortsett frå dei første 15 minuttane frå bilen. Ein fantastisk tur som vart prega av fullmånen og eit kjempeflott sommarføre.