TRENINGSBLOGG SEPTEMBER 2015

 

ONSDAG 30. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1070
Stad: Livigno (Italia)
Frå Ponte del Rez inn dalen La Vallaccia over passet Passo della Vallaccia (2614m) og ned i Val Viola. Passo della Vallaccia er det høgaste punktet til no på denne turen, og eg fekk faktisk litt nysnø under jula på nordsida av passet. Asfalten over Passo di Foscagno attende til bilen.

0930 2

0930 2

 

TYSDAG 29. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1085
Stad: St. Moritz (Sveits)
Har forflytta meg lenger aust i Alpane. Stiane i dalen frå St. Moritz opp til Passo del Bernina kjenner eg godt frå før, men i dag fann eg fleire stiar som eg ikkje har prøvd før. Spesielt to lange strekningar nede i skogen fekk stemninga til å gå i taket. Kuperte flytstiar som ein kunne halde forholdsvis høg fart på. Moro!

0929 2

0929 2

 

MÅNDAG 28. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1725
Stad: La Salle/Col Fetita (Italia)
Stisykling betyr som regel mange lange motbakkar før en kan sleppa seg laus ned igjen. Først som oftast på asfalt gjennom idylliske små landsbyar, høgare og høgare oppover i fjellsida. Så på grusveg sikk sakk vidare oppover gjennom skogslandskap som stadig forandrar seg etter som ein kjem høgare og høgare. Så er ein over skoggrensa (som her går på rundt 2000 moh.) og her er det stølane som dominerer med storslagen utsikt over Alpelandskapet. Til slutt er det som regel sti det siste stykket oppover før ein startar nedover igjen. I dag var det 1725 høgdemeter rett opp til Col Fetita (2557 moh.). I det eg bikka over kanten på fjellet åpenbarte det seg (som forventa) ein nydeleg sti som tok meg heilt ned igjen til bilen, inkludert ein del flatare avstikkarar att og fram i lia.

 

SUNDAG 27. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 05min
Akk. høgdemeter: 1445
Stad: Courmayeur/Val Veny (Italia)
Ein ny strålande sti-dag, denne gongen i dalen Val Veny som går vestover frå Courmayeur.

0927 2

 

LAURDAG 26. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 635
Stad: Courmayeur/Val Ferret (Italia)
Dagens første økt var ein flott tur på praktfulle stiar over Val Ferret. Blir aldri lei utsikta mot Mont Blanc. Skal ikkje sei noko negativt om stispringing heime på Vestlandet, men i år har eg ikkje sprunge ein einaste tur utan at skoa må med i dusjen etterpå for å få av gjørma. Her er det knapt nok støv på skoa etterpå...
Aktivitet: Landevegssykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 1105
Stad: Colle San Carlo (Italia)
Dagens andre økt gjekk på asfalt frå Morgex opp til Colle San Carlo og ned igjen på andre sida via Thovex og La Thuile. 1049 høgdemeter med hårnålsvingar. Dette passet er berykta for sin jevnt bratte stigning. Mellom 10 og 13% stigning heile vegen, det er relativt bratt! Og absolutt ingen flatare parti undervegs der du kan få igjen pusten. Følte meg heldigvis lett i beina. Har du ein dårleg dag her blir det langt til topps.

 

TORSDAG 24. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 50min
Akk. høgdemeter: 1580
Stad: Courmayeur/Val Ferret (Italia)
Ein av mine beste dagar på stisykkel. Stien var heilt perfekt og utsikta rett over dalen til Mont Blanc, Dent du Geant, Grande Jorasses og Mont Dolent var det heller ingenting å sei på.

0924

 

ONSDAG 23. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1325
Stad: Aosta/Cogne/Valnontey (Italia)
Forflytta meg over fjellet til Aostadalen. Når det regnar ellers i Alpane (som det skulle gjera i dag) skin sola nesten alltid i Aostadalen. Starta i Aosta by og sykla sørover dalen opp til Cogne. I Cogne går dalen Valnontey vestover til du er nesten rett under 4000-metringen Gran Paradiso. Majestetisk utsikt og flott stisykling.

 

TYSDAG 22. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 6t 05min
Akk. høgdemeter: 2080
Stad: Martigny/Verbier (Sveits)
I slutten av september pakkar eg som regel alt av utstyr i bilen og susar sørover til Alpane. Her er det fortsatt tørt og varmt sjølv langt til fjells, i motsetning til heime. Her blir eg nokre veker framover, kanskje heilt til skisesongen er i gang heime (dersom den startar tidleg). Starta i Verbier i Sveits, kjent som ein av stadane i Alpane som har den finaste stisyklinga. Eg varma opp med ein solid motbakke. 1700 høgdemeter rett opp frå Riddes (rett aust for Martigny) til Croix de Coeur, der du har ei fantastisk utsikt ned til Verbier med fjella rundt Chamonix som bakgrunnskulisse. Herifrå var det berre å ta for seg av stiar att og fram i fjellsidene ned til Verbier og vidare heilt ned igjen til Martigny.

 

FREDAG 18. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 210
Stad: Bømoen

 

TORSDAG 17. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 600
Brynjulv, Taro og eg starta på Møn og gjekk/sprang opp til Opelandstølen, over Mønsberget, nesten ned til Bjørke og attende til Møn.

 

ONSDAG 16. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 570
Øyvind og eg utforska stiar vest for Kvilesteinsvatnet på Vikafjellet. Me fann ein kjempefin runde som stort sett ga flytsykling det meste av tida, men med litt tekniske utfordringar her og der. Nøyaktig 15 kilometer på sti og 6 på grusveg vart runden til slutt.

 

SUNDAG 13. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 1185
Bjarte og eg tolka værmeldingane slik at det skulle bli opphaldsvær til midt på dagen. Men på tross av tidleg start bøtta det ned i strie straumar innover Bordalen, og slik fortsatte det stort sett heile turen. Men me hadde likevel ein flott tur frå Almenningane over fjellet til Folkedal. Stien er syklbar det meste av strekningen, sjølv om den var ekstra glatt og utfordrande i dag.

 

LØRDAG 12. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 265
I går var det festleg lag (og bilkøyring på storskjerm) til langt på natt, så i dag følte eg og Brynjulv for å ta ein svært roleg restitusjonstur på stiar i Bømoen. Godt med litt frisk luft dagen derpå...

 

FREDAG 11. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1705
Rallarvegen frå Flåm til Grjotrust tur/retur i tindrande klar haustluft med begynnande haustfargar i høgfjellet. Praktfullt! Som vanleg når eg startar i Flåm så blir det til at eg held eit høgt tempo oppover. Rallarvegen er ein av dei finaste traseane eg veit om for lange, harde kvalitetsøkter.

 

TORSDAG 10. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: ca. 280
Martin og eg tok ei økt på favorittstiar i Bømoen. Men denne gongen etter det var blitt mørkt, med hodelyktene festa til hjelmen. Kanonmoro!

0910

 

ONSDAG 9. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1060
Horndalsnuten (1461m) frå Budalen.

 

TYSDAG 8. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1750
Starta i Teigdalen. Først over Nesheimsfjellet til Eksingedalen og så på anleggsvegen nordover opp til Holskardvatnet. Måtte ta meg forbi 3-4 store snøfenner som dekka vegen sjølv om den berre nokre få stader er over 1000 moh. Turen til Holskardvatnet er ein fantastisk flott tur i villt terreng. God grusveg det meste av vegen.

 

LAURDAG 5. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 835
Bjarte, Brynjulv og eg. Først på sørsida av Vangsvatnet. Opp ved Nesthus og på skogsvegen som kjem ut nesten ved Skjeldal. Så ned att asfalten og på nordsida av Vangsvatnet. Til slutt ein tur opp i Skulestadmoen og ein runde i Bømoen.

 

FREDAG 4. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1130 opp / 925 ned
Brynjulv, Taro og eg starta på Evanger og sprang opp Vossedalen og over Lonane til Hamlagrøvatnet (Alexander Grieghytta). Fin tur sjølv om stien var nesten fråværande mange stader og me fekk regn siste del av turen også i dag. (No er eg lei av å vaske gjørme av skoa etter kvar tur...)

 

ONSDAG 2. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 500
Martin og eg tok haustens første hodelykt-tur i kveld. Det er ein heilt spesiell stemning å springa med hodelykt i fjellet, så dette har me sett fram til lenge. Me starta på Skutle og sprang stien til Løkjane, vidare opp til Håset og over til Otledalen. Så litt "offpist" nedover til me traff på stien som leda oss attende til Skutle. Flott rundtur!

 

TYSDAG 1. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 635
Litt att og fram i nærområdet rundt Vangen, så inn Bordalen via Gjelle og opp i Herresåsen.