TRENINGSBLOGG OKTOBER 2015

 

LAURDAG 31. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1325
Start: Riva del Garda, Gardasjøen (Italia)
Tok turen over Bocca dei Fortini og ned igjen sti via Pregasina. Målte 28% helling ned ein veg rett over Pregasina. Det er så bratt at det sannsynlegvis ikkje hadde vore mogeleg å sykla opp, sjølv om vegen var av betong.


FREDAG 30. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 2070
Start: Malcesine, Gardasjøen (Italia)
Stort sett all stisykling foregår på vest- og nordsida av Gardasjøen. På austsida strekker fjellkjeden Monte Baldo seg 40 kilometer langs innsjøen, med sine åtte "sagtenner" som reiser seg nesten 2200 meter over innsjøen. I dag starta eg ved stranda rett sør for Malcesine og fulgte asfalt, kjerreveg og til slutt sti opp til Rifugio Fiori del Baldo rett sør for den sørlegaste "sagtanna". Dei første 1000 høgdemetrane var noko av det brattaste eg har sykla nokonsinne, heldigvis var det asfalt. Dei første 6 kilometrane er det 15,3% stigning i snitt og fleire stader er det 20% (eg målte 22% på sykkelcomputeren min). Fleire skilt med advarsel til syklistar stod nede, og oppe var det forbudsskilt mot å køyra bil med automatgir ned.

Dei åtte "sagtennene" på Monte Baldo-massivet sett frå Monte Caplone. Gardasjøen som du ser så vidt framfor fjellet ligg kun 65 moh. Cima Valdritta er det høgaste punktet på Monte Baldo, 2218 moh. Eg var på sagtanna lengst til høgre i dag.

Dei siste to vekene har det vore stort sett strålande sol kvar dag. Men i forgårs og i går regna det. Langtidsmeldinga ser derimot ikkje så hakkandes galen ut...

 

TYSDAG 27. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 1765
Fjell: Monte Caplone (1976m)
Start: Tremosine, Gardasjøen (Italia)
Lang tur gjennom urskog, elvegjel, bratte fjellsider og skarpe ryggar. Svært variert tur med andre ord. Det gjekk ein god del lenger tid enn planlagt pga. utfordrande terreng langs den siste lange ryggen opp mot toppen. Denne turen gløymer eg ikkje så lett. Og i tillegg fekk eg gode idear til lange og spennande turar med stisykkelen.

 

MÅNDAG 26. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1135
Start: Tignale, Gardasjøen (Italia)
Det er "indian summer" langt til fjells for tida. Dei siste dagane har eg sveitta ekstra mykje i motbakkane. Det har bikka godt over 20 grader nede ved Gardasjøen, og sjølv på høgfjellet 1800 høgdemeter lenger oppe er det varmt og godt. Og langtidsmeldingane er kun ei strålande sol og 20 grader. Hadde vel eigentleg tenkt å vera heime igjen på denne tida, men no blir eg nok ei veke eller to til.

 

SUNDAG 25. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1345
Start: Tignale, Gardasjøen (Italia)
Vart tipsa om rundturen i fjella over Tignale av ein tysk stisyklist eg møtte for eit par dagar sidan. Det er så mange mogelegheiter og alternativ rundt den nordlege delen av Gardasjøen at ein kunne ha budd her i fleire år og likevel utforska nye stiar og fjell kvar dag.



LAURDAG 24. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1820
Start: Limone sul Garda, Gardasjøen (Italia)
Fjell: Monte Carone (1621m)
Lang rundtur i dei mildt sagt dramatiske fjellsidene mellom Riva og Limone. Stispringing blir ikkje betre enn dette.


FREDAG 23. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1685
Start: Tremosine, Gardasjøen (Italia)

1023 2

1023 2

 

TORSDAG 22. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1745
Start: Riva del Garda, Gardasjøen (Italia)
Lang motbakke via Lago di Ledro opp til fjellpasset Bocca di Trat. Så på tidvis eksponert sti sørover ryggen og deretter nesten 1700 høgdemeter rett ned til Riva.

1022 3

1022 3

1022 3

Slik ser ei sykkelflaske ut etter 1700 høgdemeter rett ned

 

ONSDAG 21. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing/Via Ferrata
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: ca. 1400
Stad: Riva del Garda, Gardasjøen (Italia)
"Via-ferrata-springing" har blitt ein ny favoritt. Ny rute i dag, men i samme område som på laurdag. Svært mange variasjonsmoglegheiter i den store fjellsida rett opp frå Garda sentrum.

1021

 

TYSDAG 20. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1565
Stad: Campione, Gardasjøen (Italia)
Bocca di Fobia / Monte Zenone-traversen er kjent blant stisyklistar over heile Alpane. Ein fantastisk tur som eg i dag tok for tredje gong. Og det blir ikkje den siste. Starta i Campione som er den mest spesielle av alle landsbyane langs Gardasjøens bredd, med sine 300 meter høge klippar som tårnar bokstaveleg talt rett over husa i landsbyen.

1020

 

MÅNDAG 19. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1605
Stad: Val Daone (Italia)

1019

 

SUNDAG 18. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 500
Start: Riva del Garda, Gardasjøen (Italia)
Kort runde i Riva, samt den flotte "klatreetappen" opp til Pregasina. Obligatorisk når ein er i Riva!

 

LAURDAG 17. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing/Via Ferrata
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: ca. 1250
Stad: Riva del Garda, Gardasjøen (Italia)
Har forflytta meg frå Comosjøen til Gardasjøen. Kombinasjonen stispringing og via ferrata med superlett sikringsutstyr er noko av det som er aller artigast med Riva del Garda-området. Dagens tur var ein kombinasjon av fjelltur, stispringing, via ferrata og klatring. Ein tur som kjem langt opp på lista over mine mest spektakulære turar gjennom tidene. Omgivelsane kan ikkje beskrivast - dei må berre opplevast. Og på slutten av ein fantastisk tur ringte Hedda og Knut Ådne. Dei hadde akkurat tilfeldigvis oppdaga bilen min på campingplassen og satte no opp teltet sitt ved sida av mitt. Ingen av oss visste noko om at dei andre var på desse kantar av verda. Verda er ikkje stor...

"Stien" kan så vidt skimtast over eggen som kjem inn heilt ute frå høgre

1017

 

FREDAG 16. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1285
Start: Argegno, Comosjøen (Italia)
Fjell: Cima delle Duaria (1447m)

1016

 

TORSDAG 15. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 1055
Stad: Como, Comosjøen (Italia)
Etter oppvarminga med sykkelsightseeing i idylliske Como, og påfølgande lange stigning, stod eg på toppen av Monte Boletto (1236m) med imponerande utsikt over Comosjøen. Adam og Nicola, som fiksa sykkelen min i Livigno, ga meg gode tips om fin stisykling her ved Comosjøen. Så planen var eigentleg å ta ein sti som dei tegna inn på kartet mitt rett ned att til Como. Men regnet i natt og i formiddag gjorde at det ikkje frista å setta utfor på våte og sleipe stiar, så eg tok kjerrevegen ned att.

 

ONSDAG 14. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 1865
Stad: Gravedona, Comosjøen (Italia)
I natt låg eg i bilen på Julierpasset (2284m) i Sveits. Værmeldingane var litt så som så, så for sikkerheits skuld satte eg vekkerklokka på kl. 02:00 for å sjekka om det kom snø. Og gjett om det gjorde! Då eg vakna var det fullstendig kvitt i alle vindauga då eg slo på lyset inne. 15 cm. snø dekka bilen fullstendig, og sjølvsagt vegen og terrenget utenfor og det lava fortsatt ned. Etter å ha vurdert fram og attende kva eg skulle gjera, kosta eg bilen fri for snø og la i veg. Eg testa først litt på parkeringsplassen eg sto på, og det var så mykje snø at bilen stoppa med ein gong eg gjekk av gassen. Eg visste at det ikkje var spesielt bratt ned til St. Moritz, og det er heller ingen spesielt krappe og farlege svingar. Eg vurderte det som at eg ikkje hadde noko alternativ, det kunne fortsetta å lava ned i mange timar, og eg visste ingenting om kva brøyterutinar dei hadde på dette mindre viktige passet. Kanskje dei berre stengte det? Turen ned vart minneverdig, trur ikkje tidlegare eg har vore avhengig av firehjulstrekk for å komme meg ned frå eit fjellpass... det var så mykje snø at eg trur det hadde vore umogeleg å ta seg ned utan. Snøen berre bygde seg opp framfor bilen og det var berre rå motorkraft som fekk meg ned, spesielt på dei litt flatare partia. Eg turte ikkje stoppa, då var eg redd eg ikkje hadde komme meg i gang igjen. Det var ingen spor etter andre bilar, og det blas så mykje at det var berre såvidt eg såg kor vegen var i snøkavet framfor meg. Slik var det heilt ned til Silvaplana 500 høgdemeter lågare, og først når eg kom eit godt stykke ned i Italia ga det seg. Eg hadde uansett planlagt å køyre ned til Comosjøen i dag, men ikkje midt på natta og i slike forhold. Må innrømma at eg pusta letta ut då eg til slutt var på bar asfalt.
Vel nede ved Comosjøen la eg meg for å sova igjen eit par timar, og då eg vakna var det strålande sol og 15 varmegrader utanfor... begynte nesten å lure om alt berre hadde vore ein draum?
Dagens tur gjekk frå Gravedona gjennom mindre og mindre landsbyar på vestsida av Comosjøen, og etterkvart på ein svært spesiell kjerreveg heilt opp til Passo San Jorio (2014m) på grensa til Sveits. 1865 meter rett opp. Utruleg godt å ha dei store innsjøane i Italia rett sør for Alpane som alternativ når vinteren kjem i sjølve Alpane. Desse innsjøane ligg veldig lågt og det er dermed eit heilt anna klima her.

1014 4

1014 4

1014 4

1014 4

 

MÅNDAG 12. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 1925
Stad: Ischgl (Austerrike)
Flott langtur i fjella sør for Ischgl. Var heilt opp i 2750 moh. fleire gonger i dag.

1012 3

1012 3

1012 3

 

SUNDAG 11. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1520
Stad: Ischgl (Austerrike)
Gjekk frå Ischgl sentrum rett opp lia på nordsida til Madleinsee og vidare opp i passet vest for Seeköpfe (3061m), men snudde eit par hundre meter under toppen sidan det vart tjukk skodde, ingen sti og til dels klyving for å komma vidare. Det er ein dårleg kombinasjon.

 

LAURDAG 10. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1420
Stad: Ischgl (Austerrike)
Frå Galtür over Jöchligrat og Muttenjoch (2620m). Kjempeflott høgfjellsrunde! Flotte flyt-stiar oppe på fjellet, meir tekniske i motbakkane og nedkøyringane. Varmt i sola men det begynner å bli kjølig i skuggen no, så på den lange nedkøyringa på slutten av turen måtte eg ta på det eg hadde av klær.

1010 6

1010 6

1010 6

1010 6

1010 6

1010 6

 

FREDAG 9. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 955
Stad: Ischgl (Austerrike)
Køyrte i dag tidleg til Austerrike og til staden som ikkje er så enkel å uttale utan promille. Ischgl er kjent for å ha fantastisk stisykling, og området skal uforskast grundig dei nærmaste dagane. Starta litt forsiktig med ein roleg tur opp til Silvrettasee, ein kunstig innsjø som ligg under den imponerande "Silvrettagruppe" med Piz Buin (3312m) som den dominerande toppen. Nydeleg tur på asfalt, grusveg og sti. Men dagen starta dårleg då eg overnatta i bilen i natt og vart vekt av lydar utanfor kl. 03:00. Ein rev hadde stukka av med nesten alle flaskene med vatn, cola og juice som stod utanfor til kjøling. Til og med sykkelflaska mi full med energidrikke hadde han tatt. Til sammen stjal han 7-8 flasker. Det stod att nokre få flasker, men dei hadde han bite hol i. Til alt overmål satt han roleg 15 meter unna og såg på då eg halvnaken og med hodelykt prøvde å rydda opp i rotet. Heldigvis for han var det ikkje stein eller andre harde gjenstandar i umiddelbar nærheit.

 

TORSDAG 8. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 40min
Akk. høgdemeter: 1730
Stad: Livigno (Italia)

 

ONSDAG 7. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1180
Stad: Livigno (Italia)
Cima del Fopel (2928m) kjem til å bli ein fast tur kvar gong eg er på desse trakter. Makan til spektakulær springetur skal ein leita lenge etter. Og så fekk eg nærkontakt med ein gigantisk rovfugl som på det nærmaste berre segla 4-5 meter framfor meg. Den eine gongen stirra me kvarandre rett i augene. Eg har aldri opplevd at ein så stor rovfugl har komme så nære før. Ein majestetisk opplevelse eg seint kjem til å gløyme. (Eg har ikkje så bra internett her eg er no, men såvidt eg kan finna ut var dette ein Bearded Vulture, altså ein gribb. Den kan ha eit vingespenn på nesten tre meter, noko som kan stemma bra med inntrykket eg fekk då den segla rett framfor meg.)

1007 3

1007 3

1007 3

 

TYSDAG 6. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 25min
Akk. høgdemeter: 1560
Stad: Livigno (Italia)
Strålande langtur i fjella nordaust for Livigno. Var på sti og kjerreveg 100% av tida.

1006 2

 

MÅNDAG 5. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 10min
Akk. høgdemeter: 1035
Stad: St. Moritz (Sveits)
Regnet i går varte berre nokre timar, og i dag var stiane like tørre igjen. Snøgrensa var heller ikkje komme lenger ned, så eg bestemte meg for å bli her nokre dagar til. St. Moritz-området har endå mange dalar, fjell og stiar å utforska, og når haustfargane er slik dei er no er det berre heilt ubeskriveleg vakkert.

1005 4

1005 4

1005 4

1005 4

 

LAURDAG 3. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 920
Stad: St. Moritz (Sveits)
I dag kom "endeleg" regnet. Det blir ofte slik at det må drittvær til før ein tar ein tiltrengt kviledag her nede. Det er komplett umogeleg å ta ein roleg dag når det er blå himmel og strålande sol. Men då eg såg at det skulle bli nokre timar opphaldsvær rett før det mørkna, og det er meldt store nedbørsmengder i morgon, vart det likevel til at eg tok ein lang springetur i fjella over Silvaplana. Så får det heller bli kviledag i morgon. Kanskje setter eg no kursen mot Como-sjøen, evt. Riva del Garda eller Cortina. Vestover mot Zermatt er også eit alternativ dersom ikkje snøgrensa blir for låg. Eller kanskje blir eg her... tar avgjerda i morgon kveld kva eg gjer.

Det vart eit heilt spesielt lys oppe i fjellsida rett før det mørkna, med dei tunge skyene rundt 4000-metringen Piz Bernina i bakgrunnen. Sjølv om det hadde regna det meste av dagen, kom det ikkje ein dråpe dei tre timane eg var oppe i fjellet. Den sveitsiske værmeldinga er like presis som toget...

 

FREDAG 2. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 660
Stad: St. Moritz (Sveits)
Diamanten har fått seg ein fullstendig makeover, med oppgradering av blant anna bremsar og dekk. Så no går det an å bruke den også på sti. I dag tok eg ein roleg tur på favorittstiane i St. Moritz.

 

TORSDAG 1. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1080
Stad: Livigno (Italia)
I dag heldt eg meg i liene rundt sjølve Livigno. Berre i dette begrensa området er det stiar nok til å driva på i fleire dagar. Og ikkje for å snakka om fjella rundt, og i retning Bormio og St. Moritz. Livigno har satsa knallhardt på å tiltrekka seg stisyklistar frå heile verda, og mange reknar no dette området som den aller beste stisyklingsdestinasjonen i Europa.

1001 5

1001 5

1001 5

1001 5

1001 5

Denne svoltne sti-pusen hadde spesialisert seg på å stoppe syklistar som suste gjennom tunet sitt langt oppe i lia. Lunsjen min beståande blant anna av spekepølse og ost falt i smak. Og han var ikkje beskjeden, sjølvbetjening var han tydelegvis godt vant med...