TRENINGSBLOGG DESEMBER 2015

 

TYSDAG 29. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 850
I dag tidleg var det kraftig vind frå sør, så me bestemte oss for at det fekk halda å gå samme vegen i retur som den første turen i går. Me var ikkje bort på sjølve toppunktet på Skarsnosi sidan vinden tok godt då me kom opp frå skaret. Dårleg sikt og dårleg føre ned dalen, men me var uansett fornøyd med to fine dagar på tur og ei koseleg overnatting på ein støl perfekt plassert i storslagen natur.

 

MÅNDAG 28. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: ca. 5 timar
Akk. høgdemeter: 1860
Fjell: Skarsnosi (1470m) og Smørbotnnuten (1524m)
Frode og eg tok oss ein overnatting på hytta til Øystein i Breidalen. På veg til hytta var me opp på Skarsnosi, og etter lunsj fekk me med oss Smørbotnnuten i eit utruleg flott kveldsljos. Varierande føre, bra i sørvendte heng men litt vindpåvirka andre stader.

1228 10

1228 10

1228 10

1228 10

1228 10

1228 10

 

LAURDAG 26. DESEMBER
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1585
Fjell: Horndalsnuten (1461m) frå Fennastølane
Endeleg finvær og kremføre att! Nydeleg tur på Horndalsnuten frå Fennastølane, over Byrseteggi (1025m) begge vegar. 10-15 cm. pudder over alt, unntatt på toppane der det var litt avblåst.

1226 3

1226 3

1226 3

 

LAURDAG 19. DESEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 340
Stad: Tvildesåsen

 

ONSDAG 16. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 720
Me hadde planar om pudderkveld på Hatlekinni, men dei vart forkasta då rapportane kom frå Knut om regn og elendig føre på 1100 moh. Det ser heller ikkje lovande ut for føret framover, mildvær og regn den neste veka. Eg tok meg ein tur frå Bavallen oppover mot Horgje, men snudde litt over Horgaletten då tåka var så tett at eg nesten ikkje såg skituppane framfor meg, og regnet fraus til eit tjukt ispanser både på bekledning og ryggsekk.

 

TYSDAG 15. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 6t 10min
Akk. høgdemeter: 2845
Stad: Tverrlia, Jordalen
Deltakarar: Arne, Knut, Pål, Even, Jarle
Flott dag i Jordalen. Ikkje ofte eg køyrer denne lia i dagsljos. Fire nedkøyringar, tre frå toppen og ein eit stykke over tregrensa.

1215 3

1215 3

 

MÅNDAG 14. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1555
Stad: Tverrlia, Jordalen
Brynjulv vart med for å teste den etterkvart sagnomsuste pudderlia. Og igjen vart det ein minneverdig kveld. To nedkøyringar i perfekt pudder, 5 cm. til sidan i går hadde nesten viska ut alle spor nedover fjellsida. Dette er tredje kvelden på rad at det har vore fullstendig vindstille sjølv på toppen.

 

SUNDAG 13. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 1150
Stad: Tverrlia, Jordalen
Martin og eg fekk to fine nedkøyringar i kveld, den siste frå rett over tregrensa. Samme perfekte føret og stjerneklare himmelen som i går kveld. Stjerneklar himmel er viktig med tanke på sikta. Når ein køyrer med kraftig hodelykt vil snøfnugg eller tåke fort gå ut over sikta. For å køyre fort på dei store flankane øverst på dette fjellet må ein ha perfekt sikt.

 

LAURDAG 12. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro/G3 Synapse 101)
Totaltid: 6t 10min
Akk. høgdemeter: 3020
Stad: Tverrlia, Jordalen
Hans Inge og eg tilbrakte ein uforgløymeleg laurdagskveld i pudderparadiset Jordalen. Føret er no heilt ubeskriveleg frå toppvarden heilt ned til parkeringsplassen. Føret er alltid bra i denne lia, men i kveld var det heilt spesielt. Fire nedkøyringar, tre vertikale kilometer.

 

FREDAG 11. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1830
Stad: Storebotnen, Myrkdalen
Igjen ligg pudderet jevnt og fint heilt til topps. 20 cm. nede ved vegen, endå meir lenger oppe. Tre nedkøyringar.

 

TORSDAG 10. DESEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 345
Stad: Tvildesåsen

 

ONSDAG 9. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1210
Brynjulv og tok turen opp på Horgje (1410m). Me traff fint mellom to av lågtrykka som har komme som perler på ei snor dei siste dagane, og dermed var det relativt lite vind og nedbør. Føret var så bra som det kan bli på dette værutsatte fjellet, 5 cm. pudder låg jevnt over alt.

Når regnbygene og vindkasta herjar i fjella dag etter dag er det fort gjort å drøyma seg vekk med spektakulære GoPro-snuttar. Han her tar ikkje akkurat enklaste linja ned (bør sjåast i fullskjerm):

 

Og denne fyren tar ingen hensyn til andre, men fascinerande å sjå på likevel (spol til 55 sekund, skjer ikkje mykje før det):

 

Dette er ein av dei finaste skifilmane eg har sett. Ein forstår kanskje litt meir kva som dreg oss opp i pudderet med hodelykt kveld etter kveld når ein ser denne filmen:

 

Det skjer mykje spennande innan skifilmar for tida. Ein ny generasjon uredde og dyktige ekstremkøyrar er på veg og kombinert med stadig betre skiutstyr, GoPro og dronefilming blir det svært spektakulært. Dette er traileren til ein film som kjem i 2016. Dei fleste tenkelege og utenkelege linjene på 4000-metringane i Alpane har blitt køyrt på ski før. Over 50 grader bratt har det til no betydd hoppsvingar og isøks i handa. Den nye generasjonen lar skia peke rett ned. Dette er ekstremkøyring så ekstremt som det blir. Dei fleste av fjella i denne traileren har Øyvind og eg klatra på ein av våre mange, lange alpeturar. Hadde nokon då fortalt meg at ein i framtida kjem til å legga store, skjerande svingar ned desse flankane ville eg nekta å tru det:

 

SUNDAG 6. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 515
Martin og eg labba oppover frå Bavallen til tross for at me visste me kom til å møta røffe forhold der oppe. Finlandshette og stormbriller kom på ved Nyestølen og me satte kursen mot nedre stasjon på Horgaletten. Men rett før me kom dit vart vinden så hard at me valgte å snu. Vindmålaren på Bavallstoppen viste 21,1 m/sek i kasta på det tidspunktet.

 

LAURDAG 5. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 670
Uværstur opp på Horgaletten. Ausande regn heile vegen og elendig føre. Men når det er så stor skredfare som det er no er dette i alle fall ein trygg tur. Og ikkje minst er det fint å komma innomhus i uværet i den gamle utforstarten på toppen.

 

FREDAG 4. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1230
Stad: Storebotnen, Myrkdalen
Det vart to turar i kveld også. 25 cm. sidan i går gjorde at det igjen framsto som botnalaust.

 

TORSDAG 3. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 1230
Stad: Storebotnen, Myrkdalen
Brynjulv vart med opp for å inspisera ruta som eg fant på måndag. Me var litt usikre på forholda sidan det var fleire plussgrader og regn i går. Men 10-15 cm. pudder hadde lagt seg etter mildværet så det var fortsatt kjempefine forhold. Og det neste halve døgnet kan det komma 20 cm. til. To nedkøyringar i kveld.

 

TYSDAG 1. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 2320
Stad: Storebotnen, Myrkdalen
Pudderbonanza i Myrkdalen i kveld. Fire førsteklasses nedkøyringar. Starta litt lenger inne enn hoppbakken og fann ei ny rute opp gjennom skogen. Lars slo følge og viste meg ein av sine favorittlinjer ned att. Vanskeleg å måle kor mykje pudder det er no. Ein kan ikkje gå av skia når ein tar på fellene mellom turane opp, då sig ein så langt ned at det er vanskeleg å komme opp på skia igjen. Har knapt nok opplevd så luftig snø før. Denne lia blir heilt klart ein klassikar framover. Den ligg også fint til i forhold til dominerande vindretningar, slik at skrefaren sjeldan blir stor her.