TRENINGSBLOGG AUGUST 2020 

 

FREDAG 14. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Horndalsnuten (1461m) frå Budalen
Totaltid: 2t 43min
Akk. høgdemeter: 865

 

TORSDAG 13. AUGUST
Aktivitet: Fisketur
Stad: Espelandsvatnet
Andreas og eg. Å fiske frå robåt kan vel ikkje ein gong kategoriserast som restitusjon, men ein fin tur var det, sjølv om me ikkje var heilt fornøygde med kveldens fangst.

 

ONSDAG 12. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1309
Bjarte og eg. Frå Vangen via Eideshagen over til Bjørgås og ned mot Evanger. Så rett opp anleggsvegen som går opp under toppen av Styveshorgi, der du verkeleg får panoramautsikt. Samme veg heim att.

0812 3

0812 3

 

TYSDAG 11. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) frå Gjelle
Totaltid: 2t 37min
Akk. høgdemeter: 1061
Vebjørn, Bjarte, Brynjulv, Taro og eg.

0811

 

MÅNDAG 10. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1502
Rallarvegen frå Flåm. Dei første 5-6 snøfennene er no brøyta, så eg kom meg opp til innslaget på Finsetunnelen før eg snudde.

0810 2

0810 2

 

SUNDAG 9. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Folarskardnuten (1933m)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1127
Eg foretrekker alltid ein rundtur dersom det er mogeleg, framfor samme veg opp og ned. Folarskardnuten er det høgaste punktet på Hallingskarvet, og frå Raggsteindalen på nordsida tok eg ein gammal sti (ikkje lenger merka) via Veslebotn opp, og via Folarskardet og Lordehytta ned att. Spesielt turen opp den dramatiske Veslebotn var flott. Frå toppen har du kanskje ein av Noregs vidaste utsikter. Du ser blant  anna Gaustatoppen, Hårteigen, Folgefonna, Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen, Jotunheimen og Rondane - og Lønahorgi heime på Voss!

0809 8

Omtrent 100 km mot sør ragar Gaustatoppen majestetisk over Hardangervidda.

0809 8

Ikkje ofte ein ser ned på Hardangerjøkulen. Frå høgre: Hårteigen, Folgefonni og Hardangerjøkulen

0809 8

0809 8

Lordehytta i Folarskardet

0809 8

 

LAURDAG 8. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 601
Rundtur frå Sønstevatn nordover i retning Solheimstulen.

0808 3

0808 3

 

FREDAG 7. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 55min
Akk. høgdemeter: 978
På traktorsleper og sti frå Sønstevatn i Imingdalen inn til Mårbu på Hardangervidda.

0807 4

0807 4

0807 4

 

TORSDAG 6. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1445
Starta frå Atrå og sykla først asfalt til Rjukan. Deretter opp Ryes vei, som slynger seg i mange hårnålssvingar oppover lia under Krossobanen, opp til Gvepseborg. Eigentleg meir sti enn veg. Den heiter også Retretten sidan det var denne stien motstandsfolka tok den natta dei sprengte tungtvannsanlegget på Vemork. Forbi Gvepseborg fortsetter motbakkane til det plutseleg flatar ut og du er oppe på sjølve Hardangervidda. Vidare på fine anleggsvegar nordover til Kalhovd og til slutt Gausetdalen ned att til Atrå. Flott runde på 95 kilometer.

0806 4

0806 4

0806 4

0806 1 

Om vinteren sørger dei store speglane i fjellsida nord for Rjukan for at dei får eit glimt av sola i sentrum

 

ONSDAG 5. AUGUST
Aktivitet: Stispringing/fisketur
Rute: Hodnaberg - Kvålsdalen - Torfinnsvatnet (Blindtarmen)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 586

 

TYSDAG 4. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute: Vangen - Rong - Almenningane - Grønlivatnet - Bulko - Skutle - Djupåsen - Bordalen - Vangen
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1299
Bjarte og eg.

0804

 

MÅNDAG 3. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute: Vangen - Nesthus - Skjeldal - Geitle - Evanger - Bjørgås - Eideshagen - Vangen
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1368
Bjarte og eg. Fin rundtur, for det meste på grusveg.

 

LAURDAG 1. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) frå Gjelle
Totaltid: 2t 27min
Akk. høgdemeter: 1066