TRENINGSBLOGG MARS 2016

 

TORSDAG 31. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 725
Fjell: Kleivdalsfjellet (1154m)
Natt til i dag kom det 10 cm. pudder. Fin nedkøyring på sørsida av Kleivdalsfjellet, men dessverre litt flatt lys.

 

ONSDAG 30. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 1800
Fjell: Ytstevasshornet (1330m)
Tre nedkøyringar frå Ytstevasshornet. To gonger ned renner på sørsida. Bratt, men optimalt føre. Fantastisk dag!

0330 8

0330 8

0330 8

0330 8

0330 8

0330 8

0330 8

0330 8

  

TYSDAG 29. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 840
Fjell: Roaldshornet (1230m), Strandafjellet
I kveld fekk eg oppleva Sunnmørsalpane på sitt beste. Då eg starta frå hytta var det tett snødrev og klabbeføre, men på ca. 800 moh. gjekk eg plutseleg ut av skyhavet og fekk ein uverkeleg flott solnedgang i det eg nærma meg toppen av Roaldshornet. Kontrasten var enorm og føret vart også mykje betre, 5 cm. tørt pudder. Utsikta mot resten av Sunnmørsalpane var ubeskriveleg flott. Sjølvsagt låg kameraet igjen på hytta sidan det var så dårleg vær...

I kveld var det nesten like spesielle lysforhold på Roaldshornet som 23. februar 2013. Då var solnedgangen så spesiell over heile Sunnmøre at den vart nevnt på NRK Kveldsnytt samme kveld. Og akkurat i det sola dukka under horisonten stod me på toppen av Roaldhornet.

0329 Historisk 130223 1

0329 Historisk 130223 2

 

LAURDAG 26. MARS
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1 time
Akk. høgdemeter: 605
Fjell: Harahorn (1581m)
I dag tok me klassikaren Harahorn som ligg rett opp frå den flotte teltplassen vår.

0326

  

FREDAG 25. MARS
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 5t 40min
Akk. høgdemeter: 2195
Fjell: Harahorn (1581m)/Leinenøse (1675m)/Trøymsfjellet (1778m)/Harahorn (1581m)
Me satsa i dag på nesten samme turen som på onsdag sidan den var så fantastisk flott. Perfekt tur med lette ski sidan det blir ein del kilometer også, ikkje berre høgdemeter.

0325 10

0325 10

0325 10

0325 10

0325 10

0325 10

0325 10

0325 10 

 

TORSDAG 24. MARS
Aktivitet: Snøsykling (Surly Moonlander)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 540
Frode kjem i ettermiddag og eg tok derfor ei økt på snøsykkelen i formiddag. Starta på Bosstøstølen og tok meg først opp på Kjølen. Her er det "milevis" med perfekt fatbike-terreng, både nordvestover "bak" Skogshorn til Øyneberget, og søraustover til Lykkja.
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 855m
Fjell: Skogshorn (1728m)
Frode kom og me la i veg mot "gromtoppen" i Hemsedal, Skogshorn. I staden for å gå opp flanken gjekk me denne gongen den store renna mellom Skogshorn og Skarvanfjellet.

0324 5

0324 5

0324 5

0324 5

0324 5

 

ONSDAG 23. MARS
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 6t 10min
Akk. høgdemeter: 2235
Fjell: Harahorn (1581m)/Leinenøse (1675m)/Kyrkjebønøse (1671m)/Bjørnbakknøse (1705m)/
Trøymsfjellet (1778m)
Fantastisk dag, tok fem av Hemsedals markante fjell i ein fin runde frå Klanten. Perfekt vær og optimalt føre, 2 cm. pudder i nordsidene og solpåvirka i sørsidene.

0323 2

0323 5

0323 2 

 

TYSDAG 22. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1460
Fjell: Nibbi (1741m)/Skurvefjellet (1741m)
Nibbi frå Løkjestølane er ein av klassikarane i Hemsedal. Tok med meg Skurvefjellet i same slengen.

 

MÅNDAG 21. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1420m
Fjell: Skogshorn (1728m) og Skarvanfjellet (1735m)
Flott tur i Hemsedalsfjella. Først frå Bosstøstølen opp på Skogshorn. Så vestover ryggen og eit stykke nedover i den store renna mot Løkjestølane. Så rett opp på Skarvanfjellet og ned att den flotte flanken på nordsida slik at eg runda nord for Skogshorn. Føret er relativt hardt her i Hemsedal også, men det er heldigvis veldig jevnt og fint. Lite vindskavlar og ujevnheiter.

0321 3

0321 3 

 

SUNDAG 20. MARS
Aktivitet: Snøsykling (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 420m
Lang tur med fatbiken søraust for Skogshorn (1728m) i Hemsedal. Fantastisk flott å sykle gjennom småskogen her når solnedgangen fargar Skogshorn og heile området raudt, og like etter var det så kraftig månelys at eg kunne slå av hodelykta i lange periodar. Fjellskogen på austlandet er utruleg flott i månelys, ein eventyrleg stemning bokstaveleg talt.

 

FREDAG 18. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 1095m
Fjell: Vatnaknausen (1303m)
Den store "bollen" nordvest for Vatnaknausen har eg studert på kartet mange gonger. Flyfoto har tyda på at det sannsynlegvis er litt knotete å komma seg opp dit frå Nedrestølen. Men det gjekk betre enn forventa og eg trur eg skal finna ein endå betre rute opp gjennom den bratte lia neste gong. Flankane opp mot toppen var som forventa av aller beste merke, sjølv om det akkurat i dag var for hardt føre til å ha det skikkeleg moro. Det er minst tre naturlege linjer ned att, av varierande brattleik.

 

TORSDAG 17. MARS
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 385
Kort tur i Tvildesåsen.

 

ONSDAG 16. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 2675m
Fjell: Stavaskarsnuten (1349m)/Olsskavlen (1576m)/Seldalsnuten (1548m)
Langtur på Raundalsryggen. Starta på Liaset på Espelandsdalen. Frå Olsskavlen slepte eg meg ut heile Mysedalen og gjekk opp att Skorafjellet til Seldalsnuten. Nedkøyringa frå Seldalsnuten ned superflanken til Fagnastøl var strålande som alltid. Gjekk med t-skjorte i heile dag, unntatt på nedkøyringane sjølvsagt. Utruleg vær for tida.

 

TYSDAG 15. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 2290m
Fjell: Brekkenipa (1194m)/Larsfonnberget (1318m)/Valafjellet (1162m)
Starta frå Stalheim i skodde så tjukk at eg nesten gjekk meg vill oppover i lia. Men eg visste det berre var eit lokk og på 600 moh. vart det plutseleg blå himmel. Frå Brekkenipa køyrte eg den fine flanken ned i Brekkedalen, så nordover og opp på Larsfonnberget frå nordaust. Så ned Hornadalen og opp på dagen siste fjell Valafjellet. Fantastisk vær, og føret var stort sett topp på heile runden bortsett frå dei siste svingane ned att mot Stalheim der det var ein utfordrande kombinasjon av sugeføre og knekkebrødskare.

0315 4

0315 4

0315 4

0315 9 

 

MÅNDAG 14. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1705m
Fjell: Eggjane (1268m)
Kveldstur på Eggjane via Kulset. Flott føre, litt tendensar til sugeføre i dei første svingane, men lenger ned var det veldig bra. To nedkøyringar. Nydeleg vær og temperatur, dette var den første turen der eg verkeleg fekk vårfølelsen.

 

LAURDAG 12. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 2295m
Stad: Tverrlia, Jordalen
Igjen vart ein laurdagskveld tilbrakt i Jordalen med heilt maksimale forhold. Tre nedkøyringar.

 

FREDAG 11. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 2220m
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Gjekk frå Nedrestølen i Raundalen. To nedkøyringar ned vestflanken før eg køyrte ned att nordsida til slutt. Vestflanken er fortsatt heilt perfekt frå toppen og heilt ned til vatnet.

 

ONSDAG 9. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1075m
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Knut, Martin og eg gjekk frå Skaftedalen. Opp sydryggen og ned vestflanken. Ein rå opplevelse å køyre ned denne store flanken med hodelykt.

0309 3

0309 3

(Foto: Knut Horvei)

 

TYSDAG 8. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 4t 18min
Akk. høgdemeter: 2070m
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Starta frå Fennastølane. Over Byrseteggi (1025m) begge vegar. Vestflanken på Horndalsnuten var på sitt aller beste, så eg måtte ta den to gonger. Gårsdagens og dagens tur er blant dei desiderte høgdepunkta i vinter når det gjeld føre. Og Pinnacle-skia imponerer veldig.

0308 2

0308 2

Når eg er på tur åleine må det nødvendigvis bli bilete kun av spora mine...

  

MÅNDAG 7. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 2275m
Stad: Tverrlia, Jordalen
Tre nedkøyringar i perfekt snø. Eit fantastisk nordlys farga heile fjellsida grønn, og spesielt på den siste turen opp og ned var det intenst. Har ikkje opplevd så kraftig nordlys på mange år, eg trengte ikkje bruke hodelykt opp på den siste turen. Og turen ned att med nordlyset midt i mot og Metallica på øyra kjem eg aldri til å gløyma.

 

SUNDAG 6. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 18min
Akk. høgdemeter: 1130m
Stad: Tverrlia, Jordalen
Martin, Even og eg tok turen til Jordalen. Ein og ein halv nedkøyring i maksimale forhold. Stor kontrast i forhold til gårsdagens sykkeltur i 30 varmegrader i Lake Manyara i Tanzania.

 

ONSDAG 24. FEBRUAR - SUNDAG 6. MARS
På Kilimanjaro. Følg med her

Kilimanjaro 24 feb 2016 248

Kilimanjaro 24 feb 2016 248

Kilimanjaro 24 feb 2016 248

Bryson – den kulaste guiden på Kilimanjaro – tar ansvar og sørger for at ikkje bærarane må bæra Champagne ned att